NYARE MARX-FORSKING

Av Terje Valen

2018-03

Det går føre seg ei omfattande forsking på Marx. Her skal eg berre konsentrere meg om nokre relativt få arbeid som ikkje er særleg godt kjend i Noreg, og som er viktig for vidareutvikling av den marxistiske tenkemåten og utforminga av radikal politikk her og no. Eg har omsett ein god del av dei tekstane eg kommenterer. Det finn du i notane, saman med biografiske opplysningar. Vil du forstå meir om det eg skriv, så er det nyttig lesing. Den nyare forskinga held seg nøye til Marx sine opphavlege tekstar og situasjonen dei blei laga i. Ein er ikkje lenger så prega av all den kritikken som sprang ut av forvekslinga mellom Marx sine analyser, teoriar og tankar og den omforminga og ideologiske bruken av dei som fann stad under Stalin og kritikken av han. Resultatet av denne forskinga er ei rehabilitering av Marx som leiande teoretikar i arbeidet for å oppheve kapitalismen.

Terje Valen er medlem av Raudt Bergen. Han bloggar på www.tvalen.no.
Foto: John Jabez Edwin Mayal/International Institute of Social History

INDRE SAMANHENG OG PROFITTRATEN SIN FALLANDE TENDENS

Påstanden om at Marx sine teoriar manglar indre konsistens, har gjort at mange som har bruk for Marx sin økonomiske teori i den politiske og økonomisk kampen sin, ikkje har hatt tiltru til han.

Andrew Kliman er av dei som har vist at denne påstanden er feil. Etter det har det vore ein lang debatt om dette der dei som forsvarer den gamle påstanden har lansert angrep på angrep mot Kliman utan å kunne motprove det han har vist.

I 2013 gav han så ut boka Reclaiming Marx’s Capital der han samanfatta heile debatten frå han starta på 1800-talet og fram til i dag og der han han la fram sitt eige standpunkt. Då kunne han vise at påstandane om manglande indre samanheng hos Marx byggjer på lesemåtar der utgangspunktet har vore å prove manglande konsistens. Men om ein tar utgangspunkt i vanleg vitskapeleg praksis, så må ein først undersøke nøye om det finnast haldbare tolkingar av teksten som kan gi indre konsistens, før ein slår fast at slik konsistens ikkje finnast. Det har ikkje Marx sine kritikarar gjort. Dernest gir Kliman ei tolking som godt samsvarer med Marx sine tekstar og som gir indre konsistens og dermed at Kapitalen, sett frå eit vitskapeleg synspunkt, ikkje kan skuldast for manglande konsistens. Med det er boka rehabilitert som eit sentralt vitskapeleg verk om økonomi og det må vere utgangspunktet for kritikk av ho. Eg skal ikkje gjennomgå dette i detalj, men viser til ei melding av boka frå økonomen Michael Roberts.1

Kliman gav så i 2015 ut ei bok, The Failure of Capitalist Production – Underlying Causes of the Great Recession, der han går inn på den empiriske utviklinga av kapitalismen ut frå ei marxistisk analyse. Den aukande organiske samansetninga av kapitalen tvingar fram lågare profittrate og når denne når ei grense kjem stans i investeringar og følgjande krise.

Han legg vekt på at arbeidarklassen må vere verkeleg leiande i utviklinga også etter ein revolusjon. Og viss vi ikkje klarer å oppheve kapitalismen, så går vi inn i ein periode med kriser som må løysast gjennom stadig større øydeleggingar av produktivkrefter – konstant kapital – og at dette krev djupe økonomiske kriser, men og nye verdskrigar.

AVSPEGLING OG FØRESTILLING

Isabelle Garo er viktig i den nye internasjonale marxistiske renessansen. Ho er utdanna filosof og underviser ved franske vidaregåande skoler og har gjeve ut fleire bøker2. I 1996 tok ho doktorgraden på Reflet et représentation dans la pensée de Marx ved universitetet Paris-1. Ho er med i ei gruppe som arbeider med å gi ut Marx sine samla verk på fransk.

I 2000 gav ho ut Marx, une critique de la philosophie, 2000 der ho la fram resultata frå doktoravhandlinga. Der tar ho utgangspunkt i omgrepet førestilling (Vorstellung) hos Marx. Dermed kan ho gå inn i Marx sin kunnskapsteori som ho seier har vore definert som «hjartet» i den materialistiske dialektikken. Altså: korleis utvikla Marx, gjennom alt han skreiv, synet sitt på måten menneska dannar seg førestillingar om verkelegheita. Eit av dei viktigaste tekstene som ho viser til, er frå Den tyske ideologien, Feuerbach3.

Det sentrale her, som Garo framhevar, er at menneska produserer førestillingane sine ut frå heile livssituasjonen sin, ikkje gjennom ei passiv spegling av verkelegheita i medvitet sitt, men ein aktivt produksjon, innan si samfunnsmessig ramme, for å skape førestillinga i medvitet ut frå den verkelegheita som eksisterer utanfor medvitet i formidla samband med dette. Den forenklinga som Engels gjorde då han snakka om spegling eller attspegling, og som Lenin følgde opp i det filosofiske verket sitt om empiriokritisismen4, og som har prega delar av «marxismen» etter dette, er altså ikkje i samsvar med Marx sine tankar om det same. Eg har laga eit notat etter lesing av boka som går inn på dette i større detalj.5

For forståinga av Marx sin erkjenningsteori er dette et like viktig arbeid som Andrew Kliman si rehabilitering av Kapitalen.

Som poet er ho òg interessert i tilhøvet mellom kunst og kapital og har skrive ei viktig og interessant bok om dette som eg har omsett delar av.6

DEN NYE DIALEKTISKE LOGIKKEN

Lucien Sève er ein sentral forskar på Marx. Han skriv no eit fire binds verk der han, ut frå ei nøye nylesing av Marx sine tekstar, kan kritisere ei rekke tolkingar som eigentleg byggjer på overflatisk lesing og lesing av mindre utval av tekstane. Han bruker alle Marx sine tekstar i framstillinga si. Det han skriv er innhaldsrikt og grundig dokumentert. Er du usamd, er det lett å sjå.

I Frankrike fall Marx ut av filosofistudiet på universiteta etter angrepa frå dei nye filosofane på 1970-talet. Gjennom Sève sine arbeid har han komme inn att.

Sève sitt viktigaste arbeid er samanfatta i eit planlagd fire binds verk med samletittel Penser avec Marx aujourd’hui. Dei tre første binda er ute. Det er Marx et nous frå 2004, L’homme frå 2008 og La philosophie frå 2014. Han jobbar no med bind fire som har undertittel Le Communisme.

Det tredje bindet omhandlar korleis Marx utvikla materialismen og dialektikken gjennom arbeidet med Kapitalen.

Konklusjonen er at Marx er den store fornyaren av logikken etter Aristoteles sine syllogismar med Carnap si vidareutvikling av desse, og han avdekker korleis Marx oppheva heile den gamle filosofiske logikken sine idealistisk lineært, stilleståande logiske kategoriar og erstattar dei med endringsprega, dialektiske og materialistiske logiske kategoriar som gjer det mogleg å forstå kompliserte system i endring. Det er ikkje mogleg ut frå den gamle logikken.

Det finnast ein kortversjon som han skreiv i 2012, Karl Marx – écrits philosophiques. Eg har omsett han. 7 Vil du verkeleg vite kva det dreier seg om, kan du sjå på den.

KLASSEKAMPANE

Domenico Losurdo er ein kjend italiensk Marx-forskar og eg skal ta for meg boka Der Klassenkampf – die Rückkehr des Verdrängten (Italiensk utgåve 2013, tysk 2016). Med utgangspunkt i Det kommunistiske partis manifest viser han at Marx alt i denne teksten har ei allsidig forståing av klassekampen. Her skriv nemleg Marx at klassekampen er kampar mellom klassane, kampar for å oppheve kvinnene sitt slaveri i den borgarlege familien, kampar for at arbeidarane må erobre statsmakta i sine nasjonalstatar og kampar om ideologiar. Så viser han at Marx også såg på kamp for nasjonalt sjølvstende som klassekamp, og at det òg gjeldte slavane sine kampar mot slaveeigarane i USA. Dette gjer at mange klassar og lag i folket deltar i sine kampar, ut frå sine særeigne tilhøve i samfunnet.

Desse kampane går ikkje parallelt, dei følgjer sine eigne banar. Det er naudsynt å sameine dei forskjellige typane klassekamp i retning felles mål. Dette er svært vanskeleg fordi den herskande klassen er flink til splitte klassekampane og få folk til å kjempe mot kvarandre i staden for å finne saman. Berre når kapitalismen er oppheva vil dei forskjellige kampane kunne førast fram til avgjerande sigrar.

Han seier at vi lever i den kolombianske epoken, dvs. tida etter at Columbus kom fram til Amerika og dei vestlege maktene tok til å dominere, røve og undertrykke alle andre statar, og fram til i dag, då han går mot slutten, på grunn av framveksten av dei store økonomiane i aust – Japan, Sør-Korea og først og fremst Kina.

For at dei avhengige landa skal kunne utvikle seg på sjølvstendig vis, må dei erobre nasjonalt sjølvstende, kaste ut imperialistane, ta makta over sin eigen økonomiske utvikling, og klare å få til ei rask utvikling av produktivkreftene gjennom storstilt industrialisering. Utan dette vil dei utan tvil falle tilbake i hendene på imperialistmaktene.

Ut frå dette tar han opp situasjonen til land som Kina, Russland, Nord-Korea, Russland, Iran, Syria og Venezuela som er utpeika til hovudfiendane til Vesten, fordi dei columbiske statane med USA i spissen ikkje har kontroll der.

Han ser Kina som ein stor inspirasjon for alle statar og nasjonar som vil ut av den columbiske imperialismen sitt grep. Det er ikkje mogleg å komme seg ut av dei columbiske statane sin makt utan politisk sjølvstende og industrialisering. I Kina har dei klart å få nasjonalt sjølvstende og rask industrialisering. Under Mao blei grunnlaget skapt, og det Deng gjorde var òg heilt naudsynt. Utan det ville Kina med usvikeleg sikkerheit bli underlagt under columbiarane att. Utviklinga i Russland frå revolusjonen, gjennom Stalin-tida og fram til no vert analysert på same måten.

Columbiarane er rovgriske, omsynslause, utruleg gruelege og løgnaktige. Dei driv folkemord utan å blinke, dei slepp atombomber over menneske og innfører restriksjonar på handel som til dømes drep 500 000 born (som i Irak for ikkje lenge sidan). Og dei prøver å stå fram som forsvararar av menneskerettar og demokrati.

Og han konkluderer med at den columbiske epoken er på hell no og at det økonomiske og politiske tyngdepunktet trekk mot aust, med Kina i spissen. Berre ein stor krig kan hindre at dette skjer.

UTVIKLING AV OMGREP OG KATEGORIAR GJENNOM ARBEIDET MED KAPITALEN

Enrique Dussel er relativt ukjent i det radikale miljøet i Noreg og den anglo-saksiske verda. Men han er den som kanskje har levert verdas mest inngåande analyse av heile tekstmengda som høyrer til Marx’ Kapitalen ved at han, ut frå originaltekstane, har gjennomgått i detalj og analysert alle dei fire utkasta til Kapitalen som Marx skreiv.

Dussel vil finne ut kva Marx eigentleg skreiv og meinte, for å sjå om dei grunnleggande resultata av arbeida hans og tenkemåten kan vere til hjelp i frigjeringskampen i Latin-Amerika. Han tar oss med på ei fascinerande reise gjennom Marx sitt arbeid med å skape nye kategoriar som gjer det mogleg å forstå korleis kapitalismen fungerer. Han finn at Marx’ verk har svært mykje å gi i arbeidet for menneska si frigjering frå utbytting og undertrykking, og ikkje berre for folk i dei kapitalistiske kjernelanda, men også for perifere kapitalistiske land. Det handlar til dømes om dei mekanismane som gjer at verdiar blir overført frå dei perifere, avhengige landa til dei sentrale leiande landa. Dette er noko som vil bestemme hovudliner for korleis folk i det perifere landa kan organisere seg på best vis for å frigjere seg frå den tilstanden av underutvikla økonomi som dei blir haldne i.

Eit av dei viktige poenga hans er at arbeidarane ikkje er kapital. På grunn av dette er ikkje arbeidarane innelukka i det kapitalistiske systemet på ein slik måte at dei ikkje kan sjå det utanfrå. Det gjer at teoriar som går ut frå dette og dermed hevdar at arbeidarklassen ikkje kan vere ei kraft for å oppheve kapitalsystemet, tar feil (som André Gorz og andre pessimistar). Eit anna poeng er at det kapitalistiske systemet er umoralsk fordi det er grunnlagd på tjuveri av arbeidskraft kamuflert under eit skinn av likskap som kjem fram i at arbeidaren og kapitalisten er formelt likeverdige partar når arbeidaren sel arbeidskrafta si. Eg har skrive ein

tekst som går inn på dette i meir detalj.8

REHABILITERINGA AV MARX OG VARIG ENTUSIASME

Den nyare Marx-forskinga viser at Marx, gjennom det grundige arbeidet sitt med å finne logikken i kapitalen si utvikling og korleis denne trer fram på ymse nivå i samfunnet, både er den store fornyaren av den økonomiske vitskapen og den filosofiske logikken. Han er også ein fornyar av historievitskapen, av korleis statar og sivilsamfunn utviklar seg og korleis vi kan gripe inn i dette. Dermed er han ein fornyar av politikken og ein inspirator i det daglege politiske arbeidet i alle kapitalkritiske parti og rørsler. Det gir mykje energi å studere han, og utan det vil vi nok ikkje kunne oppheve kapitalismen.

Sluttnoter:

1 http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/ Tilbakevisningen%20av%20at%20Marx.htm
2
-Marx, une critique de la philosophie, Seuil (Points Essais), Paris, 2000
-L’Île – légendes définitives, Le Bruit Des Autres, Limoges, 2001 (Poésie)*
-L’Idéologie ou la pensée embarquée, La Fabrique, Paris, 2009
-Foucault, Deleuze, Althusser & Marx – La politique dans la philosophie, Démopolis, Paris, 2011
-Consignes pour un communisme du XXIe siècle, La Ville Brûle, Montreuil, 2011 (Poésie et livre-objet)
-Marx et l’invention historique, Syllepse, Paris, 2012 , La Ville Brûle, Montreuil, 2013 dir. avec J.-N. Duca- nge, Marx politique, La Dispute, Paris, 2015
3 http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/ Den%20tyske%20ideologien%20v2.pdf
4 V.I. Lenin, Materialismen og empiriokritisismen, Falken forlag, 1982.
5 http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/ Isabelle%20Garo,%20en%20kritikk%20av%20filo- sofien%202000.htm
6 http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/ Isabelle%20Garo%20Bildenes%20gull.htm
7 http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/ Marx%20dialektikk%20og%20materialisme.htm
8 http://marxisme.no/den-umoralske-kapitalismen/