NOTAT OM SVARTE STØVLAR (Dikt)

Av

Nr 3 2012

marsjerer på ny
Svarte støvlar. Hellas i krise.

Kvelartak takast. Økonomisk ruin.
Arbeidsløysa. Nye høgder.
økonomisk politisk økonomisk

Hatpolitikken. Kan fascistane
gi folk eit liv. Trakasseringane, dei
svarte t-skjortene uniformer uniformitet

Propagandaen. Ytringsfridommen.
Kven er det som trampar marsjerer

Demokratisk stemmegiing på udemokratisk
parti. Framgang for
fascistane. Demokratisk ruin.

Aggresjonen. Fascistane. Vald.
Hatobjekt. Minoritetane. Dei
greske arbeidsfolka. Folk flest.
Yter motstand mot

Mogeleg skrekkscenario:
Vald. Fascistane. Skrekkvelde.
Europa, ruin.

Men venstresida mobiliserer
Våg å kjempe, våg
å vinne

Øyvind Bremer Karlsen