Nærmare katastrofen

Av Mathias Cederholm

Nr 1 2015

Etter to år med borgarkrig i Syria er stoda i Midtausten radikalt endra.

Stormaktene står mot kvarandre, sekterismen herjar, og mange spår katastrofe.

Venstresida er like delt som dei politiske elitane – kva skjedde, korfor, kva bør gjørast?

Mathias Cederholm er historikar, tilsett ved Universitetet i Lund. Artikkelen er omsett av Gunnar Danielsen.

Ein kan sjå borgarkrigen som ei rekke parallelle motseiingar som rører ved mange interesser utanfor Syria, og som i sin tur har fått avgjørande innverknad på konflikten og karakteren av han. For å gjøre det forståeleg skal me ein for ein ta for oss dei grunnleggande motseiingane i landet og regionen i dag.

Indre opposisjon

For det første har det i lang tid vore ein indre opposisjon til Assad-regimet og det ofte undertrykkande tryggingsapparatet. Den opposisjonen vart meir aktivistisk under den arabiske våren. Dei økonomiske forholda i landet har vore vanskelege med fallande oljeproduksjon, høg arbeidsløyse og auka matvareprisar. Dette har blitt forverra av korrupsjon og privatiseringar, og sparetiltak som har stansa subsidiar til fattige. Utanrikshandelen er opna, og varer frå Tyrkia og andre har slått ut store industrisektorar.

Opprøret fekk raskt sunni-preg. Årsakene er fleire. Det finst ein sunni-religiøs opprørs-tradisjon frå tidlegare (sist 1982), der den syriske muslimske brorskapen er leiande organisasjon. Dei opplever den sekulære innrettinga på regimet som provoserande, og minoritetsgrupper (først og fremst alawittane) har ein uproporsjonal styrke i regjering og tryggingstjeneste (men mindre over hæren), utan at ein skal overdrive det. Massiv pengestøtte utanfrå og jihadistiske krigarar har forsterka sekterismen. Mange opprørsmilitsar har gått over til radikale islamistiske grupper, først og fremst Nusra, ettersom det er der pengar og våpen finst. Fleire andre opposisjonsgrupper finst i landet. Ein del samarbeider meir eller mindre med regimet (sosialistar, nasjonalistar), og har unngått å bli dradd inn i opprøret. Dei er tydeleg mot ytre innblanding. Til dømes har kommunistpartiet blitt straffa for dette gjennom mordkampanjar frå opprørssida.

Innblanding

For det andre har me vestmakter som USA, Storbritannia og Frankrike – Israel er nært knytt til dei. Dei mislikar frå gammalt av Assad-regimet som tidlegare førte ein sosialistisk politikk, og enno i dag i stor grad er uavhengige. Det syriske regimet har ført ein etter måten sjølvstendig økonomisk politikk, og har eit spent forhold til Israel på grunn av støtta til Hizbollah. Sjølv om tendensar til privatiseringar og avreguleringar har kjenneteikna politikken dei siste åra, er landet så godt som stengt for vestleg kapital. Forholdet til Israel er tvitydig, men mange oppfattar det som at Assad-regimet har betydd ein viss stabilitet. Eit ekstra irritasjonsmoment for vestmaktene er at Russland frå gammalt av har vore alliert med Syria, med marinebase, våpeneksport med meire. Endå verre ser dei på Syrias band til Iran. Mange i Vesten vil svekke Irans posisjon i Midtausten. Eit viktig steg ville vere å underminere den (sjia – om ein vil) alliansen som har vokse fram mellom Iran, Irak, Syria og Libanon (Hizbollah). Generelt vil ein sikre seg størst mauleg innverknad i regionen, ein innverknad som risikerte å bli svekka av den arabiske våren. Ein viktig del er den langvarige alliansen med golfstatane, ikkje minst Saudi-Arabia som dei siste åra har fått enorme våpen-leveransar frå USA, Storbritannia og jamvel Sverige. Vestens tilhøve til Midtausten dei siste åra kan illustrerast med den nye økonomiske samarbeidsavtalen etter G8-møtet i mai 2011. Den omfattar heile Midtausten utanom Syria, Irak og Iran. Avtalen peika ut uroa i Syria som eit anna avgjørande punkt å handtere.

Regionale makter

For det tredje finst regionale makter på frammarsj. Tyrkia, Qatar og Saudi-Arabia er alle på offensiven i regionen, har gode band til vestmaktene, og vil utnytte den såkalla arabiske våren til å styrke eigne posisjonar. På eit plan handlar det om politiske interessar. Golfstatane vil ugjerne ha sekulære og/eller demokratiske styre altfor nær, som kan inspirere opposisjonen i det eigne landet. Utan særleg kritikk frå Vesten har ein slått hardt mot opposisjonen i Bahrain. Dei tri vil gjerne ha religiøst nærståande styre i regionen, men drar dermed i ulik retning. Qatar og Tyrkia har gode tilhøve til Den muslimske brorskapen, mens Saudi-Arabia misliker ideane til brorskapen, som har ein viss demokratisk tendens. Dei ønskar seg meir hardføre salafistiske grannar. På andre sida vil ikkje kongehuset støtte al-qaida-grupper som kritiserer den saudiske monarkistiske strukturen. Men slike grupper får pengar frå rike privatpersonar i landet, koplingar som alle medrekna USA avstår å ha synspunkt på. For å halde nede den indre opposisjonen der sjia-minoritetar står fremst, driv golfstatane anti-sjia og anti-iransk agitasjon. At regimet i Irak i dag har sjia-farge er sterkt mislikt, og ein vel å framstille Iran og Iraks samarbeid med Syria og i Libanon som ein truande sjia-akse i heile regionen. Desse motseiingane har ein kunna følgje i Irak i fleire år, der USA under okkupasjonen såg seg nøydde til å sette inn eit Iran-vennleg styre i Bagdad. Den sekteriske valden som utvikla seg, var delvis eit resultat av innblanding frå Saudi-Arabia og Iran.

Tyrkia har omfattande økonomiske investeringar i sør og aust. Krefter i regjeringspartiet med Erdogan i spissen har løfta fram visjonar om eit ny-osmansk imperium med påverknad over heile Midtausten. Med konflikten i Syria har dei freista samordne dei vestlegstøtta opprørsleiarane med den syriske muslimske brorskapen, og dermed samtidig styrke rolla si i Nato. Det har fått ei rekke politiske konsekvensar. Når kurdiske grupper i Syria med nære band til PKK stod mot opprørsgrupper, aktualiserte det kurdarspørsmålet inne i Tyrkia. Dei måtte innleie forhandlingar med PKK. Men det vaks au tidleg fram ein opposisjon blant andre grupper mot den tyrkiske innblandinga i Syria. Protestbølgja som skylte over landet forsommaren 2013, var førebudd gjennom ein lang periode med antikrigs-protestar. Krigen har byrja komme over den tyrkiske grensa med ei rekke terrorhandlingar. Årsaka kan vere den tyrkiske innblandinga i Syria, og at store grupper med band til opprørarane no har flytta til den tyrkiske sida. Al Nusra har bygd opp eit nettverk som den tyrkiske tryggings-tjenesta har byrja slå ned på, og det er funne sarin, det kjemiske våpenet, i leiren til gruppa. Mykje tyder på at den tyrkiske regjeringa byrjar få kalde føtter, innblandinga har kosta mykje.

Hos golfstatane finst det også sterke økonomiske motiv bak den aggressive politikken. Overskylte med oljepengar med stigande oljepris leitar dei etter investeringar og medfølgjande politisk makt i regionen. Qatar har dessutan stor påverknad gjennom tv-kanalen al-Jazeera ved sida saudiske al-Arabiya. Dei har hatt pengar til overs til investeringar hos gode politiske kontaktar i Europa, for eksempel Tony Blair og Nicolas Sarkozy. Energitilgang speler ikkje uventa ei rolle. Qatar har minkande oljeproduksjon men enorme gassressursar, og vil gjerne kople seg til røyrleidningar til Europa, mellom anna gjennom Syria. At Iran planla eit liknande gassnett over Irak og Syria, opent for russiske investeringar, var eit lite mareritt for golfstatane og vestmaktene som er mot russisk og iransk makt på energiområdet.

USA og Russland

For det fjerde – som nemnt ovanfor – er USA og Russland innblanda, noko på avstand. Dei amerikanske interessene i regionen er nok godt kjente, men blir tatt opp nedanfor. Om Russland kan det seiast at landet ut over sine direkte band til Syria ønskar styrke posisjonen sin i Midtausten. Det finst alt eit visst samarbeid mellom Russland og Iran. Russland håper på ulike typar energiinvesteringar i regionen slik dei tidlegare hadde i Libya – men det møtte motstand frå den vestlege invasjonen i 2011. Eit delmål er å auke russisk påverknad over gassutvinninga i regionen, og seinare eksport, særleg til EU. Dei misliker tendensen til muslimsk religiøs mobilisering, ettersom det truar med å smitte til eigne område med muslimsk befolkning. Mykje tyder på at Putin med tida har komme til at det er på tide å markere seg mot USAs og Natos ekspansjon mot det russiske nærområdet. I regionen samanfell dermed igjen russiske og iranske interesser. Til ein viss grad dreier konflikten seg om den aukande polariseringa mellom Nato-blokka og i første rekke BRIKS-landa (Brasil, Russland, India, Kina, Sør-Afrika). Mange andre land i sør har også vist skepsis til vestmaktene sine eventyr i Midtausten siste åra, men regelrett konflikt er ikkje truleg på dette nivået.

Om dei grunnleggande posisjonane har vore ganske like gjennom dei meir enn to åra med uro og borgarkrig i Syria, så har det skjedd ei rekke forskyvingar i det politiske spelet. Dei kan for ein stor del forklarast med to grunnleggande faktorar: kynismen til partane, og «utilsikta konsekvensar». Den innleiande uroa i 2011 vart snart militarisert, og støtte utanfrå var avgjørande alt då. USAs ambassadør Robert Ford hadde inngåande forhandlingar med ulike protestgrupper, og gamle militante nettverk frå opprøret i 1982 med band til Saudi-Arabia og Libanon vart aktiverte. Motsetningane vart snart prega av sekterisme. Alt hausten 2011 skjedde sekteriske terroraksjonar som forsterka skillet mellom sunniane og ulike minoritetar.

Resultatet var stadig tydelegare polarisering: fattige sunniar på landsbygda og i forstadane saman med økonomiske elitar med band til Saudi-Arabia stod mot dei andre gruppene og mot regimet med sine mange klientar. Ein allianse mellom Den muslimske brorskapen, golfstatane, Tyrkia og vestmaktene vaks fram, og dei snikra saman eit eksilråd for opprøret. Dette rådet hadde ingen innverknad på hendingane inne i Syria, og vart svekka av den politiske kjøpslåinga mellom maktene som stod bak dei. Qatar og Saudi-Arabia har i fleire steg kuppa mot kvarandre, og vestmaktene har jobba for å få lojale krefter på plass. Fleire i rådet har hatt koplingar til dei vanlege amerikanske institusjonane, tryggingstjenesta og ikkje overraskande oljeselskapet Shell, men Den muslimske brorskapen har vore hovudkrafta. Omfattande korrupsjon er knytta til mange rådsmedlemmer. Innimellom har alle partar ført inn våpen, pengar og stridande i Syria, men delvis til ulike grupper. Store pengar vart tidleg bydd avhopparar frå regimet; golfstatane samla raskt inn 300 millionar dollar, men uventa få valte ta mot slike tilbod.

Innleiingsvis trudde vestmaktene dei kunne få lojale «liberale» krefter på plass etter at Assad var styrta. Dei hindra alle kompromiss i FN ved å vise til kapittel 7 (å opne for militær intervensjon), som Russland og fleire andre absolutt ikkje kunne godta, særleg etter Libya-katastrofen. Høglytte løfter om meir støtte til rebellane hadde same verknad. Det gjorde forhandlingar uråd for Assad-regimet. Men snart måtte ein innsjå at opprøret hadde fått ein sekterisk og militant islamistisk karakter. USA valte då etter alt å dømme å halde tilbake på direkte støtte til opprøret. Dei lot først og fremst Saudi-Arabia halde fram med å pumpe inn våpen, men freista til ein viss grad kontrollere kva for grupper som skulle få ulikt utstyr. Til dømes vil ikkje USA at altfor kraftige våpen skal hamne i antiisraelske hender. Assad-regimet gjekk med på ei rekke punkt. Folkerøysting førte til ny grunnlov i februar 2012. Det var faktisk store steg mot demokratisering, og den ikkje-militante opposisjonen fekk ein viss innverknad. Den sterkt sekulære innramminga av politikken stod fast, religiøse parti var framleis forbodne. Ettersom rebellar og ytre makter ikkje lengre kunne vise til demokratisering med same styrke, valte dei i staden samle seg om å krevje Assads avgang.

Ikkje massakrar

At Syria formelt sett no er langt meir demokratisk enn fleire av dei vestallierte golfstatane speler inga rolle. Sommaren 2012 byrja omfattande terroråtak, bombingar i Damaskus og masseavretting av sivile i ulike byar. Dei fleste slike åtak ser ut til å vore utført av opprørsgrupper som skulda på regimet, men hendingane er ofte vanskeleg å finne ut av. Regimets vald var likevel utvetydig med dei omfattande flyåtaka på opprørsgruppene, og regjeringsvennleg milits har kopiert rebellgruppenes sekteriske vald. Oppgaver frå seinvinteren 2013 viser at mesteparten av valden har vore av militær art. Ifølgje det syriske observatoriet for menneskerettar, ein heller rebellvennleg kjelde, har rundt 100 000 døydd, der over 40 prosent høyrer til regjeringsstyrkane og tilslutta militsar. Det dreier seg ikkje om eit regime som massakrerer sitt eige folk slik mange i vest har hevda.

Støtta til Assad i Syria viste seg uventa stor. Ikkje bare frå minoritetsgrupper og politisk-økonomisk elite, men au frå sunniar som mislikte den ekstreme valden, innblanding utanfrå og den religiøse iveren hos rebellane. Etter ein periode med motgang kunne regjeringa med ny militærstrategi, regjeringsvennlege militsar og stadig meir involvert Hizbollah vende det til ein offensiv mot strategiske punkt både ved den libanesiske grensa og nordpå. Hizbollah er ganske enkelt tvinga med om dei skal forsvare sine livsviktige fortsyningslinjer frå Iran. Samtidig har støtta frå Russland blitt stadig meir tydeleg, med våpenleveransar og den russiske flåta som patruljerer i Middelhavet. Og det blir stilt tydelege krav om at forhandlingar må inkludere Assad og Iran. Mot krav frå britar og franskmenn om EU-organisert væpning av rebellane trua Putin med å eksportere den avanserte luftvernroboten S-300 til Syria.

USA har blitt tydeleg usikre. Det har vore heilt ulike oppfatningar om støtte til opprørarane i Det kvite huset, Pentagon, CIA og utanriksdepartementet. Desse spenningane vart påtakelege då våpentransport frå Libya til Syria vart stansa midlertidig etter at militsar angreip CIA-basen i Benghazi i Libya 11. september 2012 og drap USAs ambassadør. CIA-sjefen Petraeus blei straks etter nærmast kuppa bort frå jobben, og haukane iallfall for ei tid svekka. Britisk etterretning ser ut til å ha tatt over ansvaret for større delar av distribusjonen av våpen til opprørarane. At Russland blir trekt stadig sterkare inn, kompliserer saka, og Obama-administrasjonen har i stigande grad opna for kompromiss. Ein har (etter «moden overveiing») terror-stempla al-Nusra, den dominerande jihadistiske opprørsorganisasjonen, eit steg som FN følgte ut over våren. USA held au tilbake pengar som tidlegare er lova eksilrådet SNC. Men samtidig snakkar utanriksminister Kerry om å satse på væpning av grasrota inne i Syria. Eit merkverdig aggressivt Frankrike held på si side fram med forsøk på å presse inn «liberale» krefter i eksilrådet, med enkelte mindre resultat. Haukane i det politiske apparatet i USA vil at konflikten skal halde fram, med svekking av Iran som hovudmål. Dei fekk vatn på mølla då Hizbollah gjekk inn i krigen i Syria våren 2013, og no har dei i tillegg sjansen til å slå direkte mot Israels hatobjekt.

Det er lett å velje USA-imperialismen som utgangspunkt om ein vil forstå hendingane i Midtausten. USA er og har vore den dominerande imperialistiske makta. Men det er viktig å forstå dei ulike logikkane bak USAs handlingar, og det faktum at USAs utfordrande innverknad i Midtausten faktisk er avtakande. I tillegg til direkte dominans som ofte er vanskeleg å oppnå, har dei lenge hatt som mål å drive inn kilar mellom statar eller alliansar i regionen. Israel har lenge vore sett som ein slik kile. Ein annan faktor er korleis Washington heilt sidan andre verdskrigen har vore opptatt av at (Vest-)Europa ikkje må bli for avhengig av sovjetisk olje, med svekka knytting til USA som resultat. Kontroll over Midtausten med olje til europearane blei eit viktig verktøy for å halde vedlike ein energimaktbalanse og stabil blokkdeling mellom aust og vest. Mønsteret finst au i dag, sjølv om det er snakk om Russland og ikkje Sovjet, og sjølv om ein del av energihandelen dreier seg om naturgass. Med Putin er den politiske kontrollen over russisk energieksport styrka. Washington vil på same vis som London, Paris og krefter i EU-systemet spreie europeisk energiimport så den i større grad kjem sørfrå (Nord-Afrika), frå Midtausten gjennom «pålitelege land», eller frå Sentral-Asia, transportert utanfor russisk kontroll. Samtidig vil ein ikkje at offensive russiske energiinvesteringar skal bli for sterke (jamfør Gazproms investeringar i Libya og samarbeid med Iran-Syria osv). Kinas enorme energihunger blir halden på armlengds avstand. Då Sovjet fall, fekk politikken med å drive inn kilar ny bruk. Tryggingsrådgivarar som Brzezinski la vekt på at USA måtte få fotfeste ein stad i Sentral-Asia for å kunne dominere regionen (det blei til slutt Afghanistan), og hindre at Europa og Aust-Asia vart knytt saman på sikt. På same vis vil ein for alt i verda ikkje at landa i Midtausten skal bli altfor gode venner; dei må gjerne krangle og i visse situasjonar gå i strupen på kvarandre. Derfor støtta USA vekselvis Iran og Irak i krigen på 1980-tallet, og derfor ser ein sunni-religiøs mobilsering frå golfstatane mot sjiatrusselen frå Iran som eit utmerka verktøy for det klassiske målet: splitt og hersk. Same tankegang finn me hos ein del sterke pressgrupper i Vesten når dei diskuterer støtte til opprørarane i Syria. Ein vil ikkje at dei skal vinne – det sentrale er at landet blir svekka. Det er til og med sagt at om opprørarane blir for sterke, så bør USA bytte side og støtte Assad.

At dei regionale motsetningane stadig sterkare følger sekteriske linjer, har fått fleire til å advare mot opptrapping. Palestinaspørsmålet er dradd inn i spelet, Hamas har fått pengar og bytta side til å støtte Qatar og golfstatane, mens Hizbollah deltar i kampane på Assads side. Risikoen er stor for at den sekulære delen av dei palestinske organisasjonane blir svekka. Jamvel Egypt har tatt ei meklande rolle, og veljer ut frå enorme økonomiske problem å ta mot store pengar frå Qatar, og støttar utrykkeleg golfstatane. I verste fall har me med ei slags konfesjonalisering å gjøre, og blokkdanning av statsstrukturane i Midtausten som ender i ein regional utmattingskrig, som trettiårskrigen i Europa. Eller kanskje ein heller skal jamføre med alliansebygginga i Europa før 1914?

Ytre innblanding

Ein avgjørande lærdom frå hendingane i Syria er korleis innblanding frå ytre makter har ein tendens til å slå samfunn i stykker. Ei sosial protestrørsle var på god veg til politiske vinstar, men vart i staden forvandla til eit blodbad med intens sekterisme som truar ein heil region. Det som skjer no, er ikkje minst resultatet av ei lang rekke feilgrep frå vestmaktene. Okkupasjonen av Irak har ført til øydeleggande spenningar i regionen, på same vis som den fatale alliansen mellom vestmaktene og golfstatane. Jamvel Iran og Russland har skuld i opptrappinga, men kynismen og arrogansen er desto større på vestleg side.

Å spå om utviklinga er ikkje lett. Fleire posisjoneringar frå vestmaktene våren 2013 var truleg mest meint som påtrykk før dei planlagte forhandlingane med Russland: fornya krav om at Assads avgang, at Iran ikkje skal med i forhandlingane, og truslar om meir våpen. Kanskje har dei kynisk tenkt å vente på at Syria og Hizbollah er slitne sønder og reelt svekka. Noko slikt er utan tvil lengre borte etter regjeringsoffensiven våren 2013, som svekka opprørarane og logistikken deira kraftig. På forsommaren vart tonen skjerpa då Obama-administrasjonen valte å reagere på den nye situasjonen med løfte om direkte væpning av opprørarane, med å vise til sine tidlegare omstridde påstandar om bruk av kjemiske våpen frå regjeringssida. Samtidig snakka haukar som John McCain og krefter i Saudi-Arabia om å sende regulære styrkar frå Jemen for å gjenopprette maktbalansen i borgarkrigen. Frå Iran vart det leke svar rett etter presidentvalet om at dei hadde ferdige planar for å sende 4000 revolusjonsgardistar til Syria. Me får håpe den eskalerande retorikken ikkje blir meir enn det.

Fleire farlege steg står igjen sjølv om dei ikkje legg vekk planane om å styre utviklinga. Ein del tenker seg ei de facto deling av Syria mellom opprørarane og regjeringa, med flyforbodssonar, noko som ville innebere eit militært åtak på det sterke syriske fly- og luftforsvaret. Det ville sikkert føre til ytterlegare katastrofe. Dynamikken mellom Libanon, Syria og Irak, der det au nærmast er krigstilstand, er uføreseieleg. Meir ustabile tilhøve kan ein vente i Egypt, Libanon, Irak, Tyrkia, og kanskje til og med i Iran og somme av golfstatane. Og kva vil vestvennlege Saudi-Arabia og Qatar gjøre om vesten drar i avtrekkaren?

Det viktige steget er å la alle partar delta i internasjonale forhandlingar, sjølv Assad-regimet og Iran. Ein må slutte å følgje Saudi-Arabia og Qatar, og vårt politiske etablissement må slutte å følgje haukane. Fokus må tilbake til den syriske befolkninga. Lytt på alle opposisjonsgrupper, ikkje bare dei som er støtta utanfrå, og på regimet. På same vis som den farlege situasjonen er oppstått i Syria, så må løysinga starte i Syria.