Klimaendringar, grenser for vekst og den nødvendige sosialismen

Av Minqi Li

Nr 2 2009

Tilstandsrapporten frå Intergovernmental Panel on Climate Change (IPCC) for 2007 stadfestar at det er tilnærma sikkert at menneskeleg aktivitet (i hovudsak bruk av fossilt brensel og landskapsendringar) er ansvarleg for den globale oppvarminga som har gått føre seg sidan den industrielle revolusjonen.

 

Med dei noverande økonomiske og sosiale vilkåra er verda på veg rett inn i økologiske katastrofar utan like i historia.(1)

 

 

Minqi Li er assisterende professor ved University of Utah og underviser i økonomi.

 


 

 

Då IPCC-rapporten kom ut, kom det nye prov på at klimaendringane skjer mykje fortare og med potensielt meir grusomme konsekvensar enn IPCC-rapporten tyder på.

 

Dei siste målingane tyder på at Polhavet kan bli isfritt sommarstid så tidleg som 2013, om lag eitt hundre år før det IPCCmodellen spådde. Smeltar sommarisen i Polhavet fullstendig, kan nedbrytinga av isbreane på Grønland bli uunngåeleg og heve havnivået med fem meter eller meir i detta hundreåret. Om lag halvparten av dei femti største byane i verda er trua, og hundrevis millionar menneske vil bli miljøflyktningar.( 2)

 

Verda er no om lag 0,8 ˚C varmare enn i førindustriell tid, og har den høgaste middeltemperaturen den siste millionen år, innanfor ein grad. Verda blir 0,2 ˚C varmare per tiår, og ut frå drivhusgassane som alt er i atmosfæren, vil temperaturen stige ytterlegare 0,6 ˚C i framtida. Dessutan vil Polhavet med det sannsynlege tapet av sommarisen absorbere framfor å reflektere solstrålinga, noko som kan føre til ei tilleggsoppvarming på 0,3 °C. Tar ein med ei slik utvikling kan verda alt vere mest sikker på ei oppvarming 2 °C over førindustriell tid, som dei fleste reknar for ein kritisk terskel for klimaendringar.(3)

 

Ei oppvarming på 2 °C vil sannsynlegvis resultere i omfattande tørke og ørkendanning i Afrika, Australia, Sør-Europa og det vestlege av USA; store tap av isbrear i Asia og Sør-Amerika; storskala utskilling av isdekke i polare strøk; og utrydding av 15–40 prosent av plante- og dyreartane. Og enno verre – med 2 ˚C oppvarming vil det skje vesentlege klimatiske tilbakekoplingar, som farleg forsuring av hava, markant tap av tundra med metanutslepp, og brot i karbonsyklusen i jordsmonn og hav blir sett i gong, og set klimaendringane utanfor menneskeleg kontroll.

 

Ifølge James Lovelock, ein av dei leiande forskarane på klima, vil ein global auke i middeltemperaturen nær 3 ˚C (over førindustriell tid) og ein konsentrasjon over 500 ppm karbondioksid i atmosfæren føre til at både verdshava og regnskogane blir nettoleverandørar av drivhusgassar. Om det skjer, kan snittemperaturen auke vidare med opp til 6 ˚C, noko som vil heve havnivået med minst 25 meter, og føre til utrydding av 90 prosent av artane og ein mauleg reduksjon av folketallet i verda med 80 prosent.(4)

 

James Hansen, direktør for NASAs Godard Institute for Space Studies, og ein av dei leiande klimatologane i verda, hevda at ein måtte stanse vidare oppvarming til 1 ˚C over 2000-nivået om ein ville unngå øydeleggande auke i havnivået på grunn av irreversible tap av isdekke på Grønland og i Antarktis, så vel som massiv utrydding av artar. Ifølge den eksisterande IPCC-modellen, betyr det ein konsentrasjon av CO2 på ikkje meir enn 450 ppm. Men i ein ny studie hevdar Hansen at IPCC-modellen ikkje tok med ulike potensielle klimatilbakekoplingar. Fortidsklimatiske prov tyder på at «om menneska ønskar å bevare ein planet lik den sivilisasjonen har utvikla seg på, og som livet på jorda er tilpassa», då må CO2- konsentrasjonen i atmosfæren reduserast til om lag 350 ppm. I dag er konsentrasjonen 387 ppm, og stig med 2 ppm per år.(5)

 

Det er ganske openbart at sjølve eksistensen til menneska og menneskeleg sivilisasjon står på spel. Ut frå alvoret i stoda set mange menneske (medrekna mange som hevdar seg ha eit sosialistisk syn) sitt håp til økologiske reformer i det kapitalistiske verdssystemet, og insisterer på at ei slik reform er innanfor det som er teknologisk og institusjonelt gjennomførbart i det eksisterande systemet. Det presserande og uunngåelege politiske spørsmålet er: Er det i det heile tatt mauleg for det eksisterande samfunnssystemet – verdskapitalismen, i alle tenkelege former – å ta effektivt fatt i den globale klimakrisa og unngå dei mest katastrofale konsekvensane? Om ikkje, kva måtte minimumskrava vere til eit alternativt samfunnssystem som hadde institusjonell kapasitet til å forhindre krisa, eller viss krisa er uunngåeleg, sørge for at siviliasjonen overlevde krisa? Det er spørsmåla alle som er seriøst opptatt av den globale økologiske krisa på ein eller annan måte, må ta inn over seg.

 

Klimastabilisering: Tekniske val

 

For å hindre eller mildne vidare global oppvarming må menneskeskapte utslepp av drivhusgassar (særleg CO2-utslepp frå brenning av fossilt drivstoff ) reduserast kraftig. Utsleppa av CO2 er i sin tur avhengig av intensiteten i energiforbruket («emissions per unit of energy consumption»), energiintensiteten i det økonomiske resultatet («energy consumption per unit of output»), og nivået på det økonomiske resultatet (typisk målt som BNP). Derfor, CO2- utslepp = økonomisk resultat X energiforbruk per resultateining X utslepp per eining energiforbruk.

 

Kapitalismen er eit økonomisk system bygd på profittjakt og kapitalakkumulasjon. Individuelle kapitalistar, selskap og nasjonalstatar er i konstant og intens konkurranse med kvarandre i den kapitalistiske verdsmarknaden. For å overleve og vinne i konkurransen, og drive av ønsket om meir profitt (eller raskare økonomisk vekst) er individuelle kapitalistar, selskap og nasjonalstatar alle pressa og motiverte for å utvide produksjon og akkumulere kapital i stadig større omfang. Derfor vil det økonomiske resultatet under kapitalismen tendere mot å vekse, unntatt i periodar med økonomisk krise.

 

Om energiintensiteten fell raskt på grunn av fallande økonomisk vekst, må ikkje energiforbruket halde fram med å vekse – på papiret. Men all økonomisk aktivitet medfører uunngåeleg visse fysiske eller kjemiske endringar, og må bruke noko energi (det gjeld ikkje bare for fysisk produksjon, men au for dei såkalla tjenestesektorane). Det er ei fysisk grense for kor mykje energiintensiteten kan falle gitt eit økonomisk aktivitetsnivå.

 

Ut frå måten den kapitalistiske marknaden opererer på, tenderer all nedgang i energiintensitet mot å gjøre energi billegare, ettersom den kortsiktige etterspørselen etter energi går ned i forhold til tilbudet. Men billegare energi oppmuntrar folk til å bruke meir energi i lengda. Slik blir fallande energiintensitet (dvs stigande energieffektivitet) ganske enkelt omgjort til raskare kapitalakkumulasjon (økonomisk vekst) og fører sjeldan til absolutt nedgang i energiforbruket.( 6)

 

I røynda er kapitalistisk økonomisk vekst vanlegvis følgt av stigande energiforbruk. Trass i relativt treg vekst i verdsøkonomien sidan 1973 har energiforbruket i verda vakse med 2 prosent i året. Med ein slik rate vil energiforbruket i verda auke med 130 prosent frå no fram til 2050. Ut frå slike trendar må utsleppsintensiteten frå energiforbruket kuttast drastisk, eller så må det økonomiske resultatet kraftig ned om det skal vere noko håp om å redusere CO2- utsleppa til nødvendig nivå.

 

Fossilt drivstoff står for rundt tri fjerdedelar av det primære energiforbruket i elektrisitetsproduksjonen. For å redusere CO2-utsleppa frå el-produksjonen finst det tri tekniske val: karbonfangst og –lagring, kjernekraftverk og el-produksjon frå fornybare kjelder (som jordvarme, vind, sol, tidevatn, bølgar og havstraumar). Utslepp frå kraftverk som brukar fossilt drivstoff, kan reduserast om karbon frigitt i produksjonen kan bli fanga og lagra i grunnen utan å sleppast ut i atmosfæren. Karbonfangst og -lagring vil sannsynlegvis auke kapitalkostnadene i el-produksjonen og redusere energieffektiviteten (ettersom fangst og lagring av karbon krev energi). Det kan mangle nok gode, lekkasjesikre stader å lagre store mengder karbon. Teknologien er uprøvd, og kan ikkje brukast på eksisterande kraftverk. Det betyr at det i beste fall vil ta tiår før karbonfangst og -lagring blir tatt i bruk på ein vesentleg del av kraftverka i verda.(7)

 

Kjernekraft inneber alvorlege miljø- og tryggingsproblem. Ho produserer massive mengder radioaktivt avfall, og bruker uran, som er ein ikkje-fornybar mineralressurs. Tyske Energy Watch Group peikar på at verdas eksisterande og potensielle reservar av uran i beste fall kan dekke den noverande etterspørselen i sytti år, og at verda kan få knapp tilgang frå omlag 2020. Dessutan, ut frå den lange tida det tar å planlegge og bygge kjernereaktorar, vil det bli vanskeleg å erstatte den halvparten av eksisterande kjernekraftverk som må pensjonerast kommande eitt til to tiår.(8)

 

El-produksjon frå fornybare kjelder er ikkje eit miljømessig universalmiddel. Utstyr og bygningar til «fornybar» elektrisitet må lagast av industrien som nyttar fossilt drivstoff og ikkje-fornybare mineralressursar. Samanlikna med konvensjonell elektrisitet er elektrisitet frå fornybare kjelder framleis dyr. Vind og sol – dei to viktigaste fornybare energikjeldene – er variable og periodiske, og derfor kan dei ikkje tjene som «grunn»-elektrisitet, og det krevst monaleg stor mengd konvensjonell elektrisitet som sikring.(9)

 

Med unntak av biomasse kan fornybare kjelder bare brukast til å lage elektrisitet. (10) El-produksjon står for mindre enn 40 prosent av den primære energiforsyninga i verda, og bare 20 prosent av det endelege forbruket. Omlag ein tredjedel av primærforbruket av fossilt brensel blir brukt til elektrisitet, men to tredjedelar blir brukt flytande, i gassform og som fast drivstoff i transport, industri, landbruk, tjenestesektor og bustader.

 

Av det totale sluttforbruket av fossilt drivstoff er omlag 40 prosent brukt i transportsektoren, 24 prosent i industrien, 23 prosent i landbruk, tjenestesektor og husstandar – og 13 prosent er brukt som råmateriale i kjemisk industri. Elektrisitet kan openbart ikkje erstatte fossilt drivstoff som innsatsmiddel i kjemisk industri. I tillegg vil det bli svært vanskeleg eller uråd å erstatte fossilt drivstoff med elektrisitet i sjø- og lufttransport, godstransport på vegane, i industrielle høgtemperaturprosessar, og drifta av tungt utstyr i industri, byggebransje og landbrukssektor. Mens det kan vere teknisk gjennomførbart å erstatte bensindrivne personbilar med elektriske bila r(og personbilar er kanskje hovudproblemet i moderne kapitalistisk konsumentkultur), er teknologien framleis umoden og det kan ta tiår før elektriske bilar dominerer.

 

Dessutan – ettersom omlag tri fjerdedelar av primærenergien i el-produksjonen i dag kjem frå fossilt brensel, og omlag tri delar kol er nødvendig for å generere ein del elektrisitet – vil elektrifisering av tranport, industri og andre sektorar tendere mot å auke framfor å senke CO2-utsleppa. Elektrifisering av desse sektorane vil ikkje vere særleg fornuftig for å stabilisere klimaet utan at brorparten av el-produksjonen er «avkarbonisert» (dvs den konvensjonelt fossiltdrivstoff-produserte elektrisiteten erstatta med karbon-fanga, kjernekraft og fornybar elektrisitet).

 

Jamvel om alle økonomiske og tekniske vanskar som er drøfta ovanfor blir overvunne, er det sannsynleg at det tar tiår før elproduksjonen i verda i hovudsak er omstilt, og det kan ta atskillige fleire tiår å elektrifisere store delar av infrastrukturen i industri og transport. På den tid vil ein global økologisk katastrofe vere så godt som uunngåeleg.

 

Biomasse er den einaste fornybare energikjelda som kan brukast som drivstoff, flytande og i gassform.(11) Men avgrensa av tilgjengeleg produktivt land og vatn, kan ikkje biomasse dekke meir enn ein liten del av etterspørselen etter drivstoff i flytande form og gassform. Dessutan avslører nye studiar at når ein tar med utslepp frå landskapsendringar og jorderosjon, vil drivstoff frå biomasse faktisk sleppe ut meire drivhusgassar enn konvensjonell bensin.(12)

 

Klimaendringar og grenser for vekst

 

Ifølge IPCC-rapporten er det nødvendig å stabilisere karbondioksid i atmosfæren til 445–490 ppm for å avgrense den globale oppvarminga til 2–2,4 ˚C (over før-industriell temperatur) når ein tar med den totale effekten av CO2 og andre drivhusgassar. Det vil i sin tur kreve at globale CO2- utslepp når toppen mellom 2000 og 2050. Globale CO2-utslepp har auka med rundt 3 prosent i året sidan 2000. Om noverande trendar held fram vil globale utslepp i 2010 vere 34 prosent høgare enn i 2000. Då må utsleppa ned med 63–89 prosent frå 2010- nivå for å stabilisere CO2 på 445–490 ppm.

 

Kan ein nå desse måla for utsleppsreduksjon under den globale kapitalismen, med den konstante tvangen til kapitalakkumulasjon og økonomisk vekst? Tabell 1 presenterer fleire alternative scenario for utsleppsreduksjon og økonomisk vekst som gir 63 prosent reduksjon av utsleppa (som kan stabilisere CO2-nivået i atmosfæren på 490 ppm), ut frå topp i utsleppa i 2010 og nedgang etterpå. Med andre ord er formålet å peike på enkelte maulege kombinasjonsendringar i energiintensitet, utsleppsintensitet, og økonomisk vekst som kan føre til målet å stabilisere CO2-nivået på 490 ppm. Desse scenaria, hypotetiske og baserte på optimistiske forutsetningar, set eit dramatisk lys på dei endringane som må til for å stabilisere CO2-nivået. Dei illustrerer at ein ikkje kan nå fornuftige stabiliseringsmål med endelaus økonomisk vekst og kapitalakkumulasjon.

 

Som drøfta ovanfor, er det på mange område teknisk svært vanskeleg eller uråd å erstatte direkte bruk av fossilt drivstoff med elektrisitet. Likevel går ein i alle scenaria ut frå at 50 prosent av sluttforbruket av fossilt drivstoff vil vere elektrifisert i 2050. Dessutan, trass i ulike problem med karbonfanga, kjernekraftprodusert og fornybar elektrisitet er det i dei ulike scenaria optimistisk gått ut frå at 50, 75 eller 100 prosent av el-produksjonen som i dag bruker fossilt drivstoff vil vere avkarbonisert i 2050 (med gjennomsnittleg nedgang på 1, 1,7 eller 2,7 prosent i året). Ein går ut frå at energiintensiteten skal falle med 33, 45 eller 55 prosent i 2050(med 1, 1,5 og 2 prosent i året). Med 33 prosent reduksjon i energiintensiteten vil verda i snitt nærme seg nivået på «energieffektivitet» i «avanserte» kapitalistiske land i dag. Med 45 eller 55 prosent reduksjon ville snittet i verda vere samanliknbart med «energieffektiviteten» i vesteuropeiske land i dag.(13)

 

Dei registrerte nivåa på «energieffektivitet» i dei avanserte kapitalistiske landa kjem ikkje bare som resultat av enkelte avanserte teknologiar, men au frå massiv flytting av energiintensiv industri til periferien i verda. Det reiser spørsmålet om desse «effektivitets »-nivåa nokon gong kan bli oppfylte av landa i periferien, ut frå at ei slik forbetring i effektivitet i høgste grad er optimistisk. Det er au viktig å erkjenne at dei tri faktorane i desse scenaria – utsleppsintensitet, energiintensitet og økonomisk vekst – ikkje nødvendigvis er uavhengige av kvarandre. Visse endringar i drivstofftypar for å endre utsleppsintensitet kan til dømes påverke potensialet for å forbetre energiintensisteten eller økonomisk vekst negativt eller omvendt. Men i dei framlagte scenaria har ein på optimistisk vis sett bort frå desse problema.

 

Ut frå den nedgangen ein tenker seg i utslepps- og energiintensitet kan ein rekne seg fram til den maksimale økonomiske vekstraten som samsvarer med desse måla. Til dømes går ein ut frå i scenario 1 at 50 prosent av el-produksjonen som no bruker fossilt brensel, vil vere avkarbonisert i 2050 (går ut frå at intensiteten går med 1 prosent i snitt per år), og at energiintensiteten fell med eit snitt på 1 prosent i året. For å redusere utsleppa med 63 prosent frå 2010 og 2050 må då den årlege økonomiske veksten mellom 2010 og 2050 ikkje overstige -0,4 prosent, dvs at økonomien må minke. På liknande vis, i scenario 9 går ein ut frå at 100 prosent av el-produksjonen som i dag bruker fossilt brensel, vil vere avkarbonisert i 2050 (går ut frå at utsleppsintensiteten går ned med eit årleg snitt på 2,7 prosent) og energiintensiteten fell med med 2 prosent i snitt i året, då må gjennomsnittleg årleg økonomisk vekst frå 2010 til 2050 ikkje overstige 2,3 prosent.

 

Ut frå tabell 1 er det klart at den nedgangen i utslepps- og energiintensitet ein går ut frå, er mykje meir dramatisk enn det den globale kapitalismen har prestert historisk (det IPCC kallar «business as usual») og føresetnadene for alle scenaria er derfor svært optimistiske. Likevel må verdsøkonomien i dei fleste scenaria i realiteten stagnere, og i eit scenario må verdsøkonomien faktisk minke absolutt. Og det går ut frå nedgang i utslepps- og energiintensitet som overgår historiske snitt, og ganske dramatisk med omsyn til utsleppsintensitet, der scenaria er basert på eit forbetringsgjennomsnitt som er tri til ni gonger betre enn historiske snitt. Ut frå at folkesetnaden i verda veks med 1 prosent i året vil dei mest positive scenaria føre til positiv vekst i BNP per hovud.

 

Og jamvel med desse svært optimistiske scenaria for stabilisering av karbon i atmosfæren, vil verda bli 2,4 ˚C varmare ifølge estimata frå IPCC (jamført med førindustriell tid). IPCC-framskrivingane tar faktisk ikkje med mange av dei siste målingane i reknestykket. Det er no sannsynleg at sommarisen i Arktis forsvinn, og Polhavet vil derfor absorbere meir varme. Ein atmosfærisk konsentrasjon på 490 ppm CO2e vil kanskje føre til ei global oppvarming på 2,7 ˚C (framfor dei 2,4 ˚C IPCC-rapporten går ut frå), og fører verda farleg nær den 3 ˚C-terskelen som ifølge James Lovelock vil ende med globalt kollektivt sjølvmord for menneska.

 

Om målet er å stabilisere konsentrasjonen av CO2e i atmosfæren på 445 ppm istaden for på 490 ppm, må dei globale utsleppa ned med 89 prosent, ikkje bare 63 prosent. Ved 445 ppm vil temperaturen framleis stige 2 ˚C (jamført med førindustriell tid). Enkelte typar større økologiske katastrofar vil vere uunngåelege, og farlege tilbakekoplingar i klimasyklusar kan bli utløyst. Det trengst langt meir drastiske kutt i dei globale utsleppa om målet verkeleg er å stabilisere klimaet og skape tilstrekkeleg stor tryggingsmargin.

 

Tabell 2 viser alternative scenario for utsleppsreduksjon og økonomisk vekst som samsvarer med 89 prosent nedgang i utsleppa. Dei andre forutsetningane er som i tabell 1. Det viser seg at verdsøkonomien må minke i alle scenaria. For scenario 1 til 3 (der nedgangen ein går ut frå i utsleppsog energiintensitet, er klart optimistiske samanlikna med det kapitalismen har prestert historisk), må verdsøkonomien falle med to tredjedelar til tri fjerdedelar etter 2010 for å nå målet for nedgang i utsleppa.

 

Resultata presenterte i tabell 1 og 2 kan ikkje med nokon rimeleg grunn stabilisere klimaet gitt den endelause ekspansjonen i den globale kapitalistiske økonomien. Men det kapitalistiske systemet er grunnleggande ute av stand til å fungere med ein ikkjeveksande (for ikkje å snakke om minkande) økonomi.

 
 

Politikk for klimaendringar og den naudsynte sosialismen

 

Kan forfattaren vere for pessimistisk? Er «kunnskapen», «kreativiteten», «tilpassingsevna » og «spensten» i kapitalismen undervurdert? Talspersonane for dei store miljøorganisasjonane, som Lester R Brown (forfattar av Plan B og direktør for Earth Policy Institute) og Amory Lovins(medforfattar med Paul Hawken og L Hunter Lovins av Natural Capitalism) freistar overtyde oss om at magisk teknologi vil komme til unnsetning. Kostnadene for solpanel vil gå i golvet, samtidig som energieffektiviteten vil bli tidobla. Utsleppa av drivhusgassar og anna forureining kan reduserast drastisk, mens brutto nasjonalprodukt vil halde fram med å vekse eksplosivt. For dei er det ingen grunnleggande konflikt mellom produksjon for profitt og kapitalakkumulasjon på den eine sida, og økologisk bærekraft på den andre.

 

Den typiske måten deira å argumentere på er at «teknologien er alt tilgjengeleg» og «alt som trengst er politisk vilje». Med «politisk vilje» tenker dei sjølvsagt ikkje på noko nær fundamentale samfunnsendringar. I staden snakkar dei om enkelte lovreformer og internasjonale avtalar innanfor det grunnleggande kapitalistiske rammeverket. På det meste vil dei kreve enkelte avgrensa endringar i oppførselen til konsumentane.

 

Når det gjeld den sosiale samansettinga, består dei store miljøorganisasjonane i hovudsak av folk som høyrer til den øvre middelklassen i det kapitalistiske samfunnet. Dei inkluderer professorar, ingeniørar, teknikarar, direktørar, finansanalytikarar og andre yrke. Jamvel om dei typisk ikkje eig særleg mykje produksjonsmiddel, utøver dei viktige leiar- og teknikarfunksjonar for kapitalistane, og nyt vesentlege privilegium jamført med arbeidarklassen.

 

I periodar med revolusjonært oppsving, som på 1960-tallet, kunne enkelte av dei bli raskt radikaliserte og bli ymse «ultravenstristar ». I periodar med kontrarevolusjon kunne dei bli dei viktigaste allierte for herskarklassen i offensiven mot det arbeidande folket. På 1980- og 1990-tallet var den øvre middelklassen ein viktig sosial base for nyliberalismen i mange land, og dei spela ei avgjørande rolle for den kapitalistiske restaureringa i det tidlegare Sovjetunionen, Aust-Europa og Kina.

 

Ettersom den økologiske krisa blir djupare, innser eller aner enkelte i den øvre middelklassen at den eksisterande kapitalistiske «livsstilen» er i alvorleg trøbbel og ikkje kan vare evig. Likevel er dei ute av stand til eller uvillige til sjå føre seg noko utover det kapitalistiske systemet som deira relativt priviligerte liv er avhengige av. Dei er enno ikkje klare til å gi opp si implisitte støtte til kapitalistklassen. Deira levekår og erfaringar er langt frå dei til arbeidarklassen. Det er derfor vanskeleg for dei å sjå at bare med massiv mobilisering og organisering av arbeidarklassen kan det vere noko håp om den samfunnsendringa som er naudsynt for ei økologisk bærekraftig framtid. Miljøfolka frå den øvre middelklassen må derfor legge sine desperate håp (eller tru) i teknologiske miraklar på den eine sida, og moralsk overtyding på den andre (som dei håper vil overtyde kapitalistklassen om å oppføre seg moralsk og rasjonelt).

 

Men lovene for kapitalismen vil halde fram å fungere så lenge som det kapitalistiske systemet er intakt, uavhengig av individuell vilje og mot dei beste ønskene til miljøfolka frå øvre middelklasse. Før eller seinare må dei verkeleg samvitsfulle miljøfolka velje mellom ansvaret for økologisk bærekraft og støtte til eit utbyttande og undertrykkande sosialt system. Dessutan, med ei djupare økologisk krise og den kapitalistiske krisa generelt, kan det snart bli vanskelegare for kapitalismen å stille opp med dei materielle privilegia til øvre middelklasse, mens han samtidig tilfredsstiller krava til produksjon for profitt og akkumulasjon.

 

Som eg har drøfta tidlegare, er det mange tekniske hindringar for avkarbonisering av energisystemet i verda. Brown og Lovins har overdrive potensialet for tekniske endringar grovt. Men jamvel om mange av dei framlagte høgeffektive energiteknologiane baserte på fornybare ressursar skulle bli tilgjengelege straks, vil iverksettinga bli forsinka av dei grunnleggande hindringane for spreiing av teknologi under kapitalismen. I eit økonomisk system basert på produksjon for profitt er ein ny teknologi «intellektuell eigedom». Folk eller land som ikkje har råd til å betale, blir nekta tilgang. Sjølv i dag har hundretalls millionar av menneske ikkje tilgang til elektrisitet. Kor mange tiår vil det gå før dei byrjar få tilgang til soldrivne elektriske bilar?

 

Dessutan, ulikt nye konsumentdupedittar som mobiltelefonar eller bærbare datamaskiner som fort kan produserast av eksisterande industri, krev avkarbonisering av energisystemet i verda grunnleggande endringar i infrastrukturen i verdsøkonomien. I botnen betyr det at tempoet i avkarboniseringa, sjølv under maksimalt gunstige tilhøve, ikkje kan bli raskare enn takten i verdiforringinga av langtlevande fast eigedom. Når mange bygningar og andre langtlevande strukturar vil vare eit halvt hundreår eller meir, må ein sjå avkarboniseringstakten ein går ut frå i tabell 1 og 2 som ekstremt optimistisk.

 

Frå eit reint teknisk synspunkt er den enklaste og lette løysinga på klimakrisa å stanse all økonomisk vekst straks, og byrje senke forbruksnivået i verda systematisk inntil utsleppa av drivhusgassar fell til fornuftig nivå. Det kan ein klart oppnå med eksisterande teknologi. Om alle noverande og potensielt tilgjengelege avkarboniseringsteknologiar blir tatt i bruk over heile verda så raskt som mauleg, vil verda framleis ha produksjonskapasitet til å dekke dei grunnleggande behova til heile befolkninga i verda jamvel med ein mykje mindre verdsøkonomi (scenario 1 til 3 i tabell 2 vil grovt sett bety ei tilbakevending til den materielle levestandarden på 1960-tallet).

 

Men i eit kapitalistisk system, så lenge som produksjonsmidla og meirverdien er eigd av kapitalistane, er det både insentiv og press for at kapitalistane skal bruke ein stor del av meirverdien til kapitalakkumulasjon. Om ikkje meirverdien kjem under samfunnsmessig kontroll, kan ein ikkje stanse kapitalakkumulasjom (og dermed økonomisk vekst). Dessutan, ut frå den enormt ulike fordelinga av inntekt og rikdom under kapitalismen, korleis kan ein global kapitalistisk økonomi meistre ei systematisk nedtrapping og samtidig dekke dei grunnleggande behova til milliardar av menneske? Økonomisk vekst er absolutt nødvendig for at kapitalismen skal lindre dei innebygde sosiale motsetningane.

 

Kyoto-protokollen krev at dei utvikla kapitalistiske landa reduserer sine CO2- utslepp med 5 prosent frå 1990 til 2012. Figur 1 viser CO2-utsleppa i dei største økonomiane i verda frå 1990 til 2005. USA avslo å underteikne protokollen, og utsleppa i USA auka med 22 prosent frå 1990 til 2005. Blant underskrivarane av Kyoto-promitokollen auka utsleppa til Japan med 16 prosent og utsleppa frå Euro-sonen tenderte mot å auke frå midten av 1990-tallet. Utsleppa i Storbritannia har lege flatt (på grunn av massivt skifte frå kol til Nordsjø-gass).

jfgjfkj

 

Ironisk nok er Russland den einaste store økonomien som har redusert utsleppa sine markert sidan 1990, i ein periode der det økonomiske resultatet og folketallet har gått ned. Dei russiske utsleppa fall med ein tredjedel frå 1990 til 2005, med ein årleg reduksjon på 2,7 prosent. Om verdsøkonomien skulle kopiere russarane tri gonger, dvs for å oppleve det økonomiske samanbrotet Russland opplevde på 1990-tallet tri gonger med ein tilsvarande reduksjon i utsleppa, så ville utsleppa i verda ha falle med to tredjedelar i 2050. Det ville bare bety at CO2-konsentrasjonen i atmosfæren ville stabilsere seg på 490 ppm. Som drøfta ovanfor, ville det framleis vere langt mindre enn nødvendig.

 

Sidan 1990 er utsleppa i Kina og India meir enn fordobla, og Kina har no gått forbi USA når det gjeld utslepp av drivhusgassar. Med noverande rate vil Kinas utslepp bli dobla på ti år og India vil doble sine på mindre enn femten år. EU har i dag forplikta seg til ein reduksjon i utsleppa på 20 prosent (frå 1990-nivå) i 2020. Heile denne reduksjonen vil bli oppveid av bare eitt år med den økonomiske veksten i Kina. Med den store kapitalistiske boomen i Kina bygger dei no to kolfyrte kraftverk i veka. Det betyr at Kina kvart fjerde år vil bygge like mange kolfyrte kraftverk som det no er i USA. Kva slags håp er det for å stabilisere klimaet med eit slik fanatisk jag etter akkumulasjon? Kva for magisk teknologi kan gjøre denne typen kapitalisme bærekraftig?

 

Det bør seiast at dei kinesiske arbeidarane og bøndene ikkje i det heile tatt har hatt fordel av denne kvilelause jakta på kapitalistisk profitt. Det er dei multinasjonale selskapa (som brukar Kina som «verkstad» for verda) og dei kinesiske kapitalistiske elitane som har hausta enorme profittar. I mindre grad har øvre middelklasse i framskridne kapitalistiske land au hatt fordel av billege forbrukarartiklar og «tjenester» produsert av arbeidarar i Kina, India og andre delar av periferien.

 

Den 14. juni 2007 trykte Financial Times ein ganske bisarr artikkel («Det er fridommen og ikkje klimaet som står på spel») av Vaclav Klaus, presidenten i Tsjekkia og tidlegare leiar for den antikommunistiske «fløyelsrevolusjonen»:

Me lever i underlege tider. Ein ekstraordinær vinter er nok … for at miljøaktivistar og tilhengarane deira gjør framlegg om radikale tiltak for å gjøre noko med vêret … Forstandige og fridomselskande menneske må svare. Diktata frå dei politisk korrekte er absolutte og bare ei sanning tillatt, og ikkje for første gong i historia tvinga på oss …

Hysteriet om (global) oppvarming har blitt det fremste eksemplet på problemet med sanning mot propaganda. Det krev mot å opponere mot «etablert sanning» … Som ein som har levd under kommunismen mesteparten av livet, kjenner eg plikt til å seie at det største trugsmålet mot fridom, demokrati, marknadsøkonomi og velstand no er målmedviten miljøkamp, ikkje kommunisme. Denne ideologien ønskar erstatte den frie og spontane utviklinga for menneska med ein slags sentral (no global) planlegging.

Den fridomselskande president Klaus (som tydelegvis har studert Friedrich Hayek godt) kravde så at vitskapsfolk «må ha ein plikt til legge fram sine politiske og verdioppfatningar og kor mykje dei påverka utval og tolking av vitskaplege prov». Klaus forsikra oss så at «teknologiframgang» og «auke i tilgjengeleg rikdom» ville halde fram og «ville løyse alle potensielle konsekvensar av mindre klimaendringar».

 

Ein må vedgå at det verkeleg krev mot av Klaus å forsvare «fridom» i ei tid då det veks fram ein viktig politisk konsensus i det internasjonale borgarskapet om at klimaspørsmålet ikkje kan ignorerast lenger. Ut frå eiga politisk erfaring og bakgrunn i Kina (som Tsjekkoslovakia ein tidlegare sosialistisk stat), er standpunkta til Klaus merkeleg kjente.

 

Ærleg talt, bare ein ekstremt reaksjonær som hatar arbeidarklassen og sosialismen djupt og inderleg, kunne komme med slike underlege kommentarar. På ein måte er Klaus likevel nærare sanninga enn alle dominerande miljøfolk. Det krevst verkeleg global «sentral»-planlegging for at menneska skal overvinne klimakrisa, om ein med «sentral» meiner sjølvmedvite, rasjonelt samarbeid i demokratiske institusjonar.

 

Dei tekniske krava som kan stabilisere klimaet, er klare. Den globale energistrukturen må endrast grunnleggande og baserast på fornybare ressursar. Store delar av den økonomiske infrastrukturen må endrast i samsvar med det. Landbruket må reorganiserast etter bærekraftige prinsipp og bli frigjort frå fossilt drivstoff til gjødsel og maskineri. Heile transportsystemet må byggast om, med jernbanar og offentleg transport der fornybar elektrisitet spelar ei avgjørande rolle. Nivået på verdsøkonomien må reduserast i samsvar med måla for utslepps-reduksjon. Alt saman må gjennomførast utan å undergrave dei grunnleggande behova til befolkninga i verda.

 

Det er klart at kapitalismen ikkje kan nå desse måla. Om me ikkje ønskar undergrave økologien som sivilasjonen er avhengig av, kva anna kan oppnå desse måla enn sosialisme med offentleg eigarskap til produksjonsmidla og demokratisk planlegging?

 

Såkalla «marknadssosialisme» er ikkje eit alternativ. Både teori og historiske erfaringar har demonstrert at «marknadssosialisme » uunngåeleg fører til kapitalisme. Dei som er mot sosialistisk planlegging kan tenkast påstå at dei historiske erfaringane med sosialisme viser at sosialistisk planlegging vil vere «ineffektiv».

 

Bortsett frå at framtidig sosialisme utan tvil vil gjør det langt betre enn den historiske på demokrati og økonomisk effektivitet – ut frå alvoret i den globale økologiske krisa – er «effektivitet» ganske enkelt ikkje eit relevant spørsmål. Det verkelege spørsmålet er: Kan sosialismen sørge for mat, utdanning og helsestell for alle på jorda? Me veit at sosialismen historisk var i stand til det, og Cuba gjør det framleis med ganske begrensa materielle ressursar.

 

Kapitalismen har alltid mislykkast med å sørge for mat, utdanning og helsestell til minst hundrevis av millionar menneske. Om den globale økologiske krisa ikkje blir overvunne, vil kapitalismen til slutt mislykkast for alle menneske. Er ikkje valet klart nok?

 

(Artikkelen er oversatt av Gunnar Danielsen.)

 

Notar

 

1. Intergovernmental Panel on Climate Change (Mellomstatleg panel om klimaendringar – IPCC): «Summary for policymakers of the Synthesis Report of the IPCC Fourth Assessment Report,» november 2007, http://www.ipcc.ch.

 

2. David Spratt, The Big Melt: Lessons from the Arctic Summer of 2007, oktober 2007.

 

3. David Spratt og Philip Sutton, Climate Code Red (Friends of the Earth, 2008), http://www. climatecodered.net.

 

4. David Spratt og Philip Sutton, Climate Code Red; Jonathan Leake, «Fiddling with Figures while the Earth Burns,» Times Online, 6. mai 2007, http:// www.ecolo.org/lovelock; James Lovelock, The Revenge of Gaia (New York: Basic Books, 2006), 15–38.

 

5. James Hansen et al., «Target Atmostpheric CO2: Where Should Humanity Aim?»(utdrag), april 2008, (utgitt mai 2008). Sjå au John Bellamy Foster, «The Ecology of Destruction», Monthly Review 58, no. 8(2007): 1–14.

 

6. Det er kjent som Jevons paradoks, etter den britiske 1800-tallsøkonomen William Stanley Jevons som først observerte denne underlege effekten. Sjå Brett Clark og John Bellamy Foster, «William Stanley Jevons and The Coal Question,» Organization & Environment 14, no. 1(2001): 93–98; John Bellamy Foster, Ecology Against Capitalism (New York: Monthly Review Press, 2002), 94–95.

 

7. Ted Trainer, Renewable Energy Cannot Sustain A Consumer Society(Dordrecht, Netherlands: Springer, 2007), 110–11.

 

8. Energy Watch Group, «Uranium Resources and Nuclear Energy,» EWG-Series No.1/2006 (desember).

 

9. Michael H. Heusemann, «The Limits of Technological Solutions to Sustainable Development,» Clean Technology and Environmental Policy 5(2003): 21–34. Eit nyleg eksperiment sponsa av den tyske regjeringa vil vise at eit nettverk med 61 prosent av elektrisiteten frå vind, 14 prosent frå solceller, og 25 prosent frå biomasse kan dekke opp til 100 prosent av elektrisitetsetterspørselen.(«Renewed Energy», The Guardian, 26. februar 2008). Men som drøfta under, er biomasse svært problematisk og kan sleppe ut meir drivhusgass enn fossilt brensel. Derfor set eksperimentet ei grense på 75 prosent dekarbonisering av el-produksjonen.

 

10. Energistatistikken som er drøfta her og i neste avsnitt, er frå International Energy Agency, Key World Energy Statistics 2007.

 

11. Sjølv om det har vore mykje snakk om å utvikle ein «hydrogenøkonomi», er hydrogen i seg sjølv ikkje ein primær energikjelde (dvs at det ikkje finst naturleg lager av hydrogen som ein kan utnytte). Hydrogendrivstoff er produsert av vatn, ein prosess som krev tilførsel av energi. Derfor er hydrogen ganske enkelt ein måte å lagre energi på (ganske likt eit batteri), og dei miljømessige konsekvensane avheng av energikjelda som blir brukt i produksjonen.

 

12. Joseph Fargione, et al., «Land Clearing and the Biofuel Carbon Debt», Science 319, no. 5867(2008): 1235–38; Timothy Searchinger, et al., «Use of U.S. Croplands for Biofuels Increases Greenhouse Gases Through Emissions from Land- Use Change», Science 319, no. 5867(2008): 1238–40.

 

13. Ifølge Key World Energy Statistics (sjå note 9) var energiintensiteten i OECD i 2005, målt i 2000- dollar, 37 prosent under snittet i verda, Frankrike 41 prosent under, Tyskland 44 prosent under, og UK 56 prosent under snittet i verda.