Om dugnad, fri/open programvare og kapitalisme (debatt)

Av Mass Soldal Lund

2007-03

I artikkelen «Digital dugnad – fremtiden er fantastisk» i Rødt! nr 1, 2007 skriv Ida Sofie Søland og Wilhelm Joys Andersen om såkalla digital dugnad – samarbeid med bruk av datateknologiske middel for å lage digitale produkt. Konklusjonen deira er at den digitale dugnaden fjernar digitale produkt frå marknaden og har i seg spirene til ei kommunistisk samfunnsorganisering. Blant fleire former for digital dugnad dei skriv om, er såkalla fri eller open programvare. Ein kan seie mykje om alle dei andre formene òg, men det er fri eller open programvare eg vil konsentrere meg om i denne teksten.

«Komplett tullprat! Det gjer meg sikkeleg sint når folk [samanliknar open kjeldekode med kommunisme].» (1) – Eric S. Raymond, forfattar av The Cathedral and the Basar og open kjeldekode-ideolog

Ein kan seie mykje fint om både dugnad og fri eller open programvare, men eg meiner likevel at konklusjonen er feil og forleiande. Om vi ser på røynda sånn ho er, og ikkje sånn vi skulle ønskje ho var, vil vi sjå for det fyrste at digital dugnad ikkje trugar kapitalismen og for det andre at fri eller open programvare i hovudsak er ein forretningsmodell (kapitalistisk strategi) og ikkje ei kommunistisk øy.

Fri eller open?

«Grunnen til at mine synspunkt er annleise og at eg tilhøyrer fri programvare-rørsla og ikkje open kjeldekode-rørsla, er at eg meiner det er noko viktigare som står på spel. Fridom til å samarbeide med andre, fridom til å ha eit fellesskap er viktig for å ha livskvalitet, det er viktig for å ha eit godt samfunn vi kan leve i, og det tykkjer eg er endå viktigare enn å ha kraftig og påliteleg programvare.» – Richard Stallman, grunnleggjar av Free Software Foundation og fri programvare-ideolog.

For å ikkje skape for mykje forvirring og ordkløyveri skal eg nytte litt plass på å sjå på to omgrep som vert nytta i denne samanhengen: «free software» og «open source software». «Free software» (fri programvare) er ideologien eller filosofien at programvare, inkludert kjeldekoden, skal vere fritt tilgjengeleg for alle for å gjere kva dei vil med (kanskje bortsett frå å selje det som sitt eige). Fri programvare er altså ein politisk ideologi som seier noko om korleis verda skulle vore organisert, og ei tilhøyrande rørsle som freistar setje det ut i livet ved å lage fri programvare. I motsetnad til dette er «Open Source» (open kjeldekode) ein måte å handtere opphavsretten sin til programkode på utan nokon djupare ideologi enn at det har praktisk nytteverdi for dei som utviklar dataprogram.

I praksis er ikkje forskjellen mellom fri programvare og open kjeldekode veldig stor. Lisensane (2) som fri programvare-rørsla og open kjeldekode-rørsla godkjenner og nyttar er meir eller mindre dei same. Det vil seie at på det juridiske og på det tekniske/teknologiske nivået er det liten forskjell.

Forskjellen ligg mykje i opphavet. Fram til omtrent midten av 1970-talet var bruk og utvikling av programvare i hovudsak knytt til akademiske miljø og (andre) statlege institusjonar. I dei akademiske miljøa var det vanleg at programkode var noko ein fritt delte på. (3) Fri programvare-rørsla voks ut av desse akademiske miljøa som ein protest mot den aukande kommersialiseringa av programvare på 1970- og 1980-talet, med ideologien at programvare skulle vere eit fellesgode. Open kjeldekode-omgrepet oppsto på 1990-talet med bakgrunn i eit ønskje om å tene pengar på fri programvare og ideen om at det å gjere koden open er ein god måte å utvikle programvare på. (4) Vi kan med andre ord seie at fri programvare er ein politisk ideologi, medan open kjeldekode er ein forretningsmodell (kapitalistisk strategi). Sidan eg er meir interessert i dei samfunnsmessige implikasjonane enn den faktiske ideologien som ligg bak, vil eg i det følgjande nytte omgrepet fri/open programvare som eit felles namn på fri programvare og open kjeldekode. Som eg vil vise under, har det skjedd ganske mykje på denne fronten sidan byrjinga 1990-talet.

Mitt kanskje største ankepunkt mot «digital dugnad»-analysen, som har fleire proponentar på venstresida i Noreg, er at han er basert på ei skildring av røynda sånn ho var rundt 1995 og ikkje sånn ho er i 2007. (5) Men før eg gyv laus på det, vil eg sjå litt meir generelt på dugnad.

Dugnad

«Karl Marx fann ikkje opp det å hjelpe naboen din.» – Bruce Perens, forfattar av Open Source definition og ein av grunnleggjarane av open kjeldekode-rørsla.

Ein skal ikkje underslå at mykje fri/open programvare er laga av folk med idealistiske motiv og stor dugnadsånd, og som usjølvisk ønskjer å dele arbeidet sitt med andre. Dette har det komi mykje bra programvare ut av, og vi skal vere umåteleg glade for det arbeidet dei har gjort.

Vi må anerkjenne at det blant folk finst ei enorm dugnadsånd, samarbeidsvilje, skaparkraft og glede over å dele med andre. Vidare at nokre gonger er resultatet av dette like bra som kommersielle produkt. Om det er noko som gjev meg tru på menneskeheita, så er det dette. Dugnad er ikkje noko nytt, nytt i denne samanhengen er at dei som tek del i dugnaden ikkje fysisk og geografisk er på same stad, at dei er organisert i lause organisasjonar, at det er mange som jobbar saman, og at det er mange som nyt godt av arbeidet dei gjer, ofte veldig mange fleire enn dei som tek del i dugnaden.

Kanskje kan ein seie at dugnad er ei kommunistisk arbeidsform; alle bidreg med det dei kan, for at alle skal kunne nyte godt av det. Kanskje er det nett dette dugnadsarbeidet – som viser at folk er villige til å gjere ting for fellesskapet, skape samfunn og lage ting som funkar utan økonomisk vinning som motivasjon – som gjer at vi kan tru på at kommunisme er mogleg. Dette utfordrar kanskje kapitalismen og liberalismen ideologisk, men det utfordrar ikkje kapitalismen som økonomisk system. Dugnadsarbeid og andre typar arbeid som ikkje er ein del av den kapitalistiske produksjonen, har funnest parallelt og i sameksistens med kapitalistisk produksjon heile vegen. Det området av Oslo eg bur i, vart i stor grad bygd ut på dugnad på 1950-talet. Til dømes la dei vass- og kloakkrøyr på dugnad. I stor grad var det nok kommunistar som organiserte dette, og det gjorde at arbeidsfolk fekk stader å bu. Det var bra arbeid med kommunistisk sinnelag, men at arbeidarane fekk betre butilhøve truga ikkje den kapitalistisk produksjonen. Eit anna døme på arbeid som var og (delvis) er utanfor den kapitalistiske produksjonen er omsorgsarbeid, som har vore organisert i heimane til folk og av staten. At det frivillige omsorgsarbeidet skal ha truga kapitalismen, bryt med alt vi har av analyse av det kapitalistiske samfunnet.

Så at dugnad – òg i form av fri/open programvare – finst er bra. Det er det ikkje nokon tvil om. At det ikkje har truga kapitalismen på nokon annan måte enn ideologisk, meiner eg òg det er liten tvil om. For å seie det kort: Eksistensen av uløna arbeid trugar ikkje kapitalistisk produksjon. Men kapitalismen har sjølvsagt ei trong til å ekspandere til tidlegare ikkje-kapitalistiske område av samfunnet, til dømes til bustadbygging og omsorgsarbeid.

Fri/open programvare som forretningsmodell

«Open kjeldekode kan verte forklart fullstendig innanfor konteksten av konvensjonell open marknadsøkonomi. Faktisk viser det seg å ha mykje sterkare bindingar til fenomenet kapitalisme enn du kan ha innsett.» – Bruce Perens

I gode gamle dagar vart dataprogram laga av einskildpersonar. (6) Dokumentklargjeringsprogrammet LaTex som har stor utbreiing, sjølv om det byrjar verte gamaldags, vart laga av Donald Knuth (Tex og METAFONT), Leslie Lamport (LaTex-makroane) og Oren Patashnik (BibTex). Andre har sjølvsagt bidregi med å finne feil, tilpassa programmet til nye operativsystem, laga tilleggspakkar, vedlikehalde koden osb., men det endrar ikkje det at storleiken på programmet ikkje er større enn at det har vore handterbart for tre personar. Viktige nyvinningar som operativsystemet UNIX, programmeringsspråket C og kommunikasjonsprotokollen TCP/IP vart utvikla av relativt små forskingsgrupper.

Sidan då har utviklinga av maskinvare og utbreiing av datateknologi mogleggjort og sett krav til ei enorm utvikling innan programvare. Datasystema vi har vorte vane med i dag, har ein storleik og kompleksitet som er vanvittig mykje meir enn det dei hadde for berre eit par tiår sidan. Å lage eit fullverdig operativsystem etter standarden i dag krev tusenvis av årsverk og dei største dataspela vert samanlikna med Hollywood-produksjonar. Sjølvsagt går det framleis an å lage små nyttige programsnuttar, men «ordentleg» programvareutvikling er ikkje lengre mogleg med ei handfull personar. Til det trengst det store ressursar og organisasjon.

I denne situasjonen har ikkje verdas hobbyprogrammerarar det same å stille med som dei store programvareprodusentane. Og det er heller ikkje folk som sit på fritida og programmerer som driv utviklinga i dei store opne utviklingsprosjekta. Det er det kapitalistiske verksemder som gjer. Om dei ønskjer å dominere eit prosjekt, får dei det til. For meg er det store spørsmålet ikkje om, men kvifor og korleis, dei gjer det. Eg skal nedanfor vise nokre eksempel på korleis fri/open programvare kan inngå i ein forretningsmodell.

1. Sal av tilleggstenester

er det mest openberre, og noko mange mindre firma lever av. Sjølv om programvaren er open og fritt tilgjengeleg tyder ikkje det at alle kan eller er interesserte i å gjere alt sjølve. Firmaet Linpro til dømes sel deg tilpassa løysingar basert på fri/open programvare. M.a.o. betalar du ikkje for å nytte Linux, som er fri/open programvare, men for at Linpro skal setje det opp, tilpasse det og drifte det for deg. Eit anna døme er Ubuntu. Dei tilbyr fritt sin eigen Linuxvariant, og sel profesjonelle støttetenester (support). Dette kan kanskje sjåast som ein måte nokre idealistar kan tene litt pengar, men det er heller ikkje den dominerande delen av kommersiell open programvare.

2. Uavhengigheit frå andre verksemder

er nok ein viktig faktor når til dømes verksemder som IBM eller Google kastar seg over Linux andre store fri/open programvare-prosjekt. Det er viktig å hugse at det er konkurranse mellom kapitalistiske verksemder, og det er mange som kan sjå seg tente med å vere uavhengige av Microsoft.

3. Gratis arbeidskraft

Det er openbert at å få nokon til å jobbe for deg utan at dei står på lønningslista, er lukrativt. Nokre verksemder gjer dette til ein medviten strategi, dei opnar kjeldekoden sin og byggjer opp «communities» rundt produkta sine, og på den måten får dei folk til å jobbe gratis for seg. Til dømes er dette er ein uttalt motivasjon når Sun Microsystems no er i gang med å opne koden til programmeringsspråket Java. Eit liknande eksempel er utviklingsmiljøet Eclipse som opphavleg vart laga av IBM og som no vert vidareutvikla i ein «community». Sjølv om koden til Java og Eclipse er open og tilgjengeleg, også for konkurrentar, er det klart at dei som har den høgste kompetansen på koden, i desse tilfella Sun og IBM, framleis er med å styre showet og kan tene på det.

4. Tilgang til forsking

Med det som krevst av systemutvikling i dag for å få fram produkt som kan konkurrere, vert det vanskelegare og vanskelegare for forskarar å få fram produkt frå ideane sine. Ei løysing for mange er å lage prototypar, la koden vere open, og håpe at nokon plukkar han opp. Det er ikkje noko du vert rik av, men kanskje du vinn litt heider og ære, noko som kan vere viktig nok for ein forskar. Ved å samarbeide med forskarar i fri/open programvare-prosjekt kan kommersielle verksemder få lett tilgang til forsking og utvikling. Eit godt eksempel på dette er Eclipse. Eclipse er eit rammeverk og utviklingsmiljø for å lage dataprogram. Sidan det er fritt og opent er det lett for forskarar å nytte det til å implementere ideane sine. (7) Samtidig er dei med å byggje opp IBM sitt produkt.

5. Marknadsdominans

er sjølvsagt den viktigaste grunnen for kapitalistiske verksemder for å velje open programvare som forretningsmodell. Ved å gjere produkt fritt tilgjengelege og opne vert det lettare å få stor utbreiing av dei. Og jo fleire som nyttar eit produkt, dess lettare vert det for andre å ta det i bruk (evt. vanskelegare å la vere). Har du ein viss dominans eller del i ein marknad er det lettare å selje produkta dine. (8) Sun har med Java allereie ein stor del av marknaden for programmeringsspråk, og han kjem nok ikkje til å vere mindre når koden har vorte open. Og Sun har framleis tenkt å tene pengar på det, mellom anna ved å selje spesialutgåver, kurs, støttetenester og bruk av Java-logoen. Dette er sjølvsagt lettare når du er dominerande i marknaden. IBM gjorde Eclipse opent og det har fått ein viss posisjon innan systemutvikling og modellering. Men IBM sel framleis spesielle utvidingar til Eclipse. Blant desse er modellerings- og utviklingsverktya Rational Software Modeler og Rational Software Architect. Det at desse verktya verkar saman med andre utvidingar av Eclipse og at Eclipse er i ferd med å verte stort innanfor modellering og systemutvikling, gjer det ikkje vanskelegare for IBM å selje dei. Og i tilfelle du lurte på det, IBM sel deg gjerne Linux med tilhørande støttetenester.

Sjølv om det eg har gjevi, ikkje er ein veldig djup og grundig analyse, og kanskje eit litt snevert utval av eksempel, trur eg det illustrerer ganske tydeleg at open programvare ikkje er kommunisme, men ein forretningsmodell (kapitalistisk strategi). Som eit siste eksempel skal eg sitere frå «Digital dugnad – Fremtiden er fantastisk»:

«Noen klarer å lure systemet. Nettleseren Mozilla Firefox er fri programvare, tilgjengelig for nedlasting gratis, men de som lager nettleseren er lønnet. I 2005 dro de inn 53 millioner dollar – noe av det fra donasjoner, men primært gjennom en avtale de har med søkemotoren Google. For hvert søk som gjøres med Firefox' innebygde søkefelt, mottar nettleserprodusenten et par øre. Det er disse pengene som finansierer produksjonen av den frie nettleseren deres.»

Den einaste feilen i dette sitatet er at ingen har lurt systemet; dei er ein del av det. Dei einaste som vert lurte, er dei som trur at Google og Firefox er ein gjeng kommunistar. Det er kanskje verdt å tenkje på at nesten alle suksesshistoriene som vert presentert om fri/open programvare er kommersielle (altså kapitalistiske) suksesshistorier. Eg trur det hadde vore bra for venstresida med ein djup og grundig analyse av programvareindustrien, inkludert fri/open programvare – men det må vere ein analyse som òg ser på basisen, ikkje berre overbygninga.

 Mass Soldal Lund

Notar:

  • 1) Alle sitata er omsett frå engelsk av forfattaren. Dei er berre med for å krydre teksten og representerer ikkje mitt syn på ting. [Attende]
  • 2) Juridiske dokument som seier kva ein har lov til og ikkje lov til å gjere med dataprogram og kjeldekoden. [Attende]
  • 3) Det kan vere fleire grunnar til det, men eg trur dei viktigaste kan ha vore: 1) Fokus i desse miljøa var på datamaskina, programvare var berre noko ein trong for å få datamaskina til å gjere det ein ville. 2) Det akademiske sinnelaget i desse miljøa, som sa at vitskaplege resultat skal verte delte med andre. 3) At ei datamaskin kosta relativt sett mykje meir enn kva det kosta å løne folk for å programmere ho. [Attende]
  • 4) Dei fyrste kommersielle verksemdene baserte på fri programvare oppsto på slutten av 1980-talet. «The Open Source defintition» vart formulert i 1998. [Attende]
  • 5) Nei, 2007 er ikkje eit magisk tal, og vi veit heller ikkje korleis røynda ser ut i 2019. Men likevel tykkjer eg ein analyse må vere basert på den røynda vi kjenner no. [Attende]
  • 6) Dette er sjølvsagt berre delvis sant, men sant nok til at argumentet mitt held. [Attende]
  • 7) Eclipse er «plugable», som tyder at ein kan lage utvidingar og samtidig få ganske mykje gratis ved å bruke funksjonalitet som finst der frå før. [Attende]
  • 8) Òg verksemder som Microsoft, Adobe og Apple gjer noko programvare fritt tilgjengeleg for å auke marknadsdelen sin, men utan at koden er open. [Attende]

Om du vil lære meir:

Ein god start for å lære meir om dette, er å sjå dokumentarfilmen Revolution OS frå 2001 av J. T. S Moore.

The Cathedral and the Bazar (http://www.firstmonday.org/issues/issue3_3/raymond/index.html) av Eric S. Raymond vert rekna for å vere ein klassikar i open kjeldekode-miljøa.

The emerging economic paradigm of Open Source (http://www.firstmonday.org/issues/special10_10/perens/index.html) av Bruce Perens og How Free Became Open and Everything Else Under the Sun (http://journal.media-culture.org.au/0406/02_Coleman-Hill.php) av Biella Coleman og Mako Hill er interessant lesing.