Handel med kvinner – kva handlar det om? – kvifor skjer det?

Av Marit Kvamme

2006-02

Årsakene til handel med kvinner (trafficking) er mange – og vi må leite etter årsakene både i avsenderland, transittland og mottakerland. Fattigdom, manglande likestilling, vold mot kvinner, militært nærvær, myter om menns seksualitet, patriarkalske strukturar, rasisme, pornografi – alle desse faktorane bidrar til handel med kvinner.

Marit Kvamme er medlem av Kvinnefrontens landsstyre


Nordisk/baltisk kampanje

I 2002 arrangerte Nordisk ministerråd ei kampanje, saman med regjeringane i dei baltiske landa, for å sette søkelys på handel med kvinner og barn frå dei baltiske landa til dei nordiske. Bakgrunnen var ein kraftig auke i denne handelen, og at det verka som om mykje av handelen var organisert. Målet var å framskaffe kunnskap og sette i verk tiltak for å bekjempe handel med kvinner. Kampanjen skulle både sjå på tilhøva i avsendarland, transittland og mottakarland. FNs Palermoprotokoll var eit viktig verktøy. Palermoprotokollen definerer trafficking, og slår fast at ikkje berre tvang og truslar om tvang, men også "forledelse" og å utnytte ein persons sårbare stilling med formål prostitusjon, skal definerast som trafficking, § 3a. Vidare er Palermoprotokollen klar på at eit offers samtykke skal være utan betydning for om ein situasjon som er definert i 3a skal reknast som trafficking (§ 3b). Denne definisjonen har sidan vore utgangspunkt for nasjonal lovgiving – også i Norge. (Mange lobbyistar kjempa for å få inn skillet mellom tvungen og frivillig prostitusjon under utarbeidelse av Palermoprotokollen. Det lukkast dei ikkje med. Men i ettertid er dei same grupperingane ivrige etter å kritisere protokollen for å vere for vag). Palermoprotokollen foreslår hjelpetiltak som skal tilbydast ofre for trafficking, den nevner mogleg behov for opphaldsløyve i mottakarlandet, og den påpeikar at ofre for trafficking kan søke erstatning. I tillegg er dette er den første internasjonale avtalen som særskilt nevner etterspørselen – og angir metodar for å bekjempe etterspørselen.

I debatten om prostitusjon og trafficking er det oftast fattigdom og tilhøva i opprinnelseslanda som vert brukte som forklaringar for kvifor handel med kvinner og barn skjer. Dei færraste vil snakke om tilhøva i mottakerlanda – kva er det som gjer at Norge blir betrakta som et bra land å etablere seg i for dei som skal tjene pengar på kvinners kroppar?

Økonomi

Sjølsagt er fattigdom årsak til trafficking. Det er ingen som sel kroppen sin på gata eller på bordell i Oslo fordi dei likar å utsette kroppen sin, igjen og igjen, for framande menn sine kroppar, svette og sæd. Å utsette seg for helsemessig risiko, uønska svangerskap, kjønnssykdommar, risiko for vald, stigmatisering, er ikkje første val for ei einaste kvinne i verda. Det er fattige land som forsyner menn i rike land i Europa med kvinner og barn for seksuell utnytting. UNIFEM rapporterer at i nokre av dei aust-europeiske landa fall kvinners sysselsetting med 40 prosent ved overgang til marknadsøkonomi. European Womens lobby hevdar at i dei største byane i EU er mellom 70 og 90 prosent av kvinnene i prostitusjon utanlandske, frå fattige land, eller fattige familiar.

Fattige land blir tvungne til strukturelle tilpasningar (av IMF og WB), noko som fører fleire av landet sine kvinner og barn inn i prostitusjon. Når Thailand bygg opp økonomien på turisme og underhaldningsindustri – som sexindustrien er ein viktig del av, eller når Filippinene satser på eksport av kvinneleg arbeidskraft, som igjen gjer kvinnene sårbare for trafficking, er dette resultat av bevisst og ønska økonomisk politikk. Når land blir tvungne til å redusere eller trekke tilbake offentleg støtte til offentlege tjenestar som helsetjenester, utdanning og sosial velferd, vert eit større ansvar lagt på kvinnene, både ved at dei sjølve må utføre arbeidet, og ved at dei må ta på seg eit større økonomisk ansvar.

Dei fleste utenlandske kvinner i prostitusjon i Norge har eit stort forsørgingsbyrde i heimlandet.

Menn på tur

Sexindustrien lokkar pengesterke menn til fattige land. Mange drosjer i dei baltiske landa er fulle av klistremerker for prostitusjon – og drosjesjåførar fungerer ofte som hallikar. I 2002 var 70 norske eller i hovudsak norskeigde firma etablerte i Litauen. Rimi hadde for ei tid sidan ei svær reklamekampanje i baltiske land der ein mann var avbilda med ei jente i kvar arm, og teksten var: "Kjøp to – betal for ei!" Dette vart stoppa etter massive protestar frå kvinnene i desse landa. Unge kvinner i baltiske land seier no: "Vi får ikkje gå i fred på gata utan at nordiske og britiske menn spør kva vi kostar. Vi vil ikkje at våre land skal verte "det nye Thailand" angåande sexturisme." Eit forbod mot sexkjøp, og innføring av etiske retningslinjer mot sexkjøp må på plass for å hindre utnyttelse av kvinner i land der norske menn reiser som turistar eller på forretningsreiser.

Rasistiske myter

Framstillinga av eksotiske kvinner frå andre land som meir tjenande og oppofrande er ein del av trafficking-biletet. Det ser også ut til at vi toler og aksepterer ei meir inhuman handsaming av "dei andre", dei framande kvinnene. Ideen om at fattige utanlandske kvinner har det betre som prostituerte i Norge enn som fattige i heimlandet, er også nedlatande og vitnar om mangel på både kunnskap om innlevelse.

Normalisering

Det finst personar og organisasjonar som hevdar at det er like greit å vere i prostitusjon som å ha ein underbetalt vaskejobb – og ikkje er det særleg skadeleg heller! Målet bør vere å få prostitusjon anerkjent som yrke, hevdar desse. Det ein då vil normalisere, er horekundar og hallikars rett til utnytting av kvinnekroppen, og ein omfattande vald mot kvinner.

Vald mot trafficking-ofre i Europa

Brekte bein, smerter, mageproblem, komplikasjonar etter abortar, spiseforstyrrelsar, tann- og munnproblem, gynekologiske komplikasjonar er dei mest vanlege helseskadene for ofre for trafficking, viser undersøkelsen The Health Risks and Consequences of Trafficking in Women and Adolscents. Findings from a European Study (2005). Kvinnene i undersøkelsen kjenner seg trøtte, gråter lett, har ofte hodepine, føler seg triste, ulukkelege og mindreverdige. Seks av ni har tenkt på sjølvmord. Alle kvinnene hadde blitt seksuelt misbrukt og tvinga til uønska sex, som analsex, oralsex og ubeskytta sex. Kvinnene opplevde valdtekter og gjengvaldtekter. Berre 4 av 20 visste kvar dei kunne gå for å få hjelp i mottakerlandet. Kvinnene hadde 10 til 20 kundar i døgnet, nokre hadde 40 til 50.

Også i Norge er kvinners kroppar til salgs. Også i Norge har 13 % av mennene erfaring frå horekunderi. Også i Norge lever mytene om prostitusjon i beste velgåande. Også i Norge aksepterer vi at menn kan kjøpe seg retten til å misbruke og utnytte fattige kvinner. Denne retten må vi ta ifrå menn ved å kriminalisere sexkjøp.

Dei fleste utanlandske kvinner i prostitusjon i Norge har opphaldsløyve. Dei hadde andre hensikter med reisa til Norge enn prostitusjon. Det er først etter lengre tid i Norge dei endar opp i bordell eller på gata. Det må settast i verk tiltak for å unngå at kvinner som kjem til Norge av ulike grunnar, havnar i ein slik situasjon at prostitusjon framstår som einaste utveg. Retten til å kunne forsørge seg sjølv og borna ved arbeid er grunnleggande. Utanlandske kvinner som blir handla med til Norge med formål prostitusjon bør få opphaldsløyve om dei ynskjer det, og hjelp til retur til heimlandet.