«Hald deg heime kjæring!»

Av Marit Akre Tennø

2008-01

Det er eit spørsmål eg aldri har fått i Oslo, men no får eg det ofte: "Kor mykje skal du ha dine born i barnehagen?"

 

Eg har budd i ei lita bygd på Vestlandet i litt over eitt år no, og har skrive og fortald morosame historier om det til vener og kjende. Difor ville nokon at eg skulle skrive morosamt om det til Rødt!. Fyrst sa eg ja, men så kom eg til å tenkje at eg ikkje var den som ville spreie fordommar om eit konservativt kjønnsrollemønster på bygda til all slags urbant byfolk, men så skriv eg likevel.

Det er i mine auge eit uomtvisteleg faktum at kjønnsrollene i denne kommunen er i overkant tradisjonelle. I førre kommunestyreperiode var berre 5 av 29 kommunestyrerepresentantar kvinner. Etter valet i haust er talet 11, ein stor siger. I 2006 gjekk kommunen med 50 million i overskot, men full barnehagedekning, det hadde ikkje kommunen. Eit anna oppsiktsvekkande tal er at av 624 kommunetilsette er 395 deltidstilsette kvinner. Eit hårreisande høgt tal. Ikkje er det særskild morosamt heller. Berre trist. Når det er 4883 innbyggjerar i kommunen, er det ikkje så vanskeleg å tenkje seg til at dei fleste kvinner arbeider deltid. Og då kjem me attende til spørsmålet i innleiinga: "Kor mykje skal du ha dine born i barnehagen?"

Trist nok kjem eg i forsvarsposisjon av slike spørsmål og svarar 120 prosent, laurdag og sundag og … Eg for min del hadde ikkje heilt tenkt over det før eg flytte at det var eit tema at ungane ikkje skulle gå i barnehagen kvar dag, men dette provar ikkje noko anna enn at synet på barnehage er kulturelt betinga og ingen ting anna.

Den uheldige biverknaden av barnehagevegringa er at i eit samfunn der den rådande haldninga er at barnehage ikkje er det beste for bornet, vert heller ikkje barnehagen så god han kan bli. I Oslo var det på ei avdeling i barnehagen 12 ungar og 3 vaksne. Her er det 5 vaksne som er der ulike dagar og ein heil skokk ungar på ulike prosentar. Det tok eit halvt år før eg visste kven alle desse damene (for dei er alle damer) i barnehagen var, og framleis dukkar det opp damer eg meiner å ikkje ha sett før. Eg meiner dette gjer noko med det kommunale tilbodet. Stabiliteten og føreseielegheita er ikkje so god som ho kan vere. Dette er sjølvsagt ei problemstilling dei færraste har reflektert over for her, for det beste for bornet er uansett å vere heime med mor.

No såg eg at kommunen nett lyste ut to stillingar i ein barnehage i kommunen der den eine var på 40 prosent, den andre stillinga var lyst ut med den provoserande låge stillingsprosenten 26,67. Eg er mållaus. Når ein veit at stoda er nett den same i helsesektoren i kommunen, kan ein no berre tenkje seg korleis kvardagen for dei eldre fortonar seg. Rumpevask av Randi måndag, Elisabeth tysdag og Kjellaug onsdag, men ho er ikkje attende att før om to veker … og så bortetter.

Den rådande ideologien er altså "Hald deg heime kjæring!". Og svært mange ynskjer å vere heime. Så vidt eg har skjøna, er det fyrst og fremst for å gjere husarbeidet som mannen deira meiner han ikkje er skapt for å gjere. Men dei aller færraste ynskjer å arbeide 26,67 prosent. 80 prosent derimot, er svært utbreitt mellom dei høgt utdanna kvinnene her (og heldigvis av nokre få menn). Grunngjevinga for dette er rett og slett at ein ynskjer å få familiekvardagen til å gå rundt, og då er det sjølvsagt nesten alltid kvinna som ofrar seg. Kravet om 6-timarsdag derimot har eg aldri høyrt ytra.

Og eg var rett og slett ikkje budd. Eg som sjølv for 30 år sidan gjekk full tid i barnehage i ei lita bygd på Sunnmøre, var ikkje budd på at denne kommunen som går med 50 millionar i overskot, ikkje kunne tilby 100 prosent barnehagedekning. Eg var rett og slett ikkje budd på den svært rådande familieideologien på den nye heimstaden min. Og inni meg tenkjer eg: "Herregud, barnehage er kontroversielt i 2008, og eg er redusert frå kvinne til mor!"

Epilog

No har me flytta litt på oss, 30 km lengre ut på bygda, til ein endå mindre stad. Og her kan det rapporterast om ein litt lysare horisont, og barnehage er på langt nær like kontroversielt, og eg tenkjer: "Heldigvis er ikkje alle bygdesamfunn like, og det lovar godt i mangfaldsåret 2008."

 

Marit Akre Tennø