«Valfridom» er ikkje nok! Om abortens historie i USA

Av

2013-02


Judith Mirkinson bur i San Francisco, og har vore aktiv i kampen mot rasisme, i fredsrørsla og kvinnekampen i USA i over 40 år. Ho var med og stifta Gabriella Network, ein solidaritetsorganisasjon mellom kvinner i Filippinene og USA.
I Rødt! nr 1/2012 skreiv ho om kvinnekampen i USA, og her er innleiinga hennar om abortkampen i USA på Rødts kvinnekonferanse 10. november 2012. Du kan se innleinga, saman med fleire av dei andre fra Kvinnekonferansen, på YouTube. Artikkelen er omsett av Gunnar Danielsen.

Då eg var 21, tok eg abort første gongen. Det var 1972, og New York var ein av dei få statane retten var lovfesta. Eg kom på ein flott klinikk, omgitt av kvinner frå austlege og midtre delar av landet.

Året etter fatta Høgsterett si epokegjørande avgjerd i saka Roe vs Wade, og abort vart lovleg over heile landet. Vedtaket vart gjort på grunnlag av retten til privatliv og lik behandling – det 14. og 9. tillegget til grunnlova. «Roe» (som vedtaket vart heitande) var høgdepunktet i fleire hundreår med kamp om kven som skulle kontrollere kvinners forplanting i USA.

Eg var ei av dei heldige. Eg voks opp med ei mor som hadde snakka om abort, og eg hadde gått i tog og kjempa for abort sjølv. Det var ikkje ein tragedie, ikkje flott, ikkje beste forma for fødselskontroll, men ho var der. Abort var viktig for at eg kunne kontrollere eigen kropp og eige liv – og slik viktig for at kvinnene skal oppnå fullt likeverd.

Kontroll har alltid vore hovusaka når det dreier seg om kvinners forplanting. Til alle tider har kvinner blitt avgrensa av biologien sin. Først no tar internasjonal lovverk (klarast gjennom CEDAW – konvensjonen for å fjerne diskriminering av kvinner) opp behovet for garantert svangerskaps- og fødselsomsorg. Men sjølv i land der kvinner har tilgang til prevensjon og helsestell, er regulering av abort ein måte å kontrollere kvinner på.

USA er eit eksempel på det. Kontroll av kvinner i USA har alltid vore knytt saman med rase og klasse. Ein kan derfor ikkje snakke om aborthistorie og reproduksjons- «rettar» utan au å drøfte korleis dei fell saman med historia til slaveriet og rasismen.

Så tidleg som i 1632 var det lover som styrte reproduksjonsrettane til svarte kvinner. Kvinnelege slavar var sett som avlsdyr – ein ressurs som kunne auke talet på slavar, og dei hadde ikkje foreldrerett. Afrikanske kvinner var eigedom, og dermed vart barna deira også eigedom. Barna kunne derfor takast bort når som helst. Ein slaveeigar kunne jamvel avgjøre kven framtidige barn skulle høyre til. Til dømes kunne ei kvinne «testamenterast» til éin etterkommar, og dei framtidige barna hennar til ein annan! Valdtekt var ein trussel og ein realitet over alt. Kvite menns valdtekt av svarte kvinner var ein måte å kontrollere og terrorisere den afrikanske befolkninga på, på same vis som med kvinner frå urfolket.

Den gongen vart både kvite og farga kvinner oppmuntra til å få barn, men av svært ulike grunnar. Det skulle endre seg seinare. Om du høyrte til dei meir privilegerte (les kvit og middelklassekvinne), vart du sett som «naturleg» mor. Oppfostring og morsrolle låg ikkje bare i biologien din, det var lagnaden din, og årsaka til at du levde. Alt som kom i vegen for det, måtte bort eller kriminaliserast. På 1800-talet omfatta det å delta i det offentlege rommet.

Som feministen Charlotte Perkins Gilman vart fortalt då ho klaga over det me i dag kjenner som fødselsdepresjon:

Hald deg til huslege syslar så mykje som råd. Ha barnet med deg heile tida. Kvil ein time etter kvart måltid. Ikkje meir enn to timar intellektuelle syslar om dagen. Og rør ikkje penn eller blyant så lenge du lever.

Ein kan bare ane kva slike restriksjonar gjorde med medvitet til kvinnene.

Desse meir privilegerte kvinnene vart sett som «grunnvollen» for amerikansk liv, og dermed oppmuntra til å få fleire barn ved fødselsfremmande tiltak.

For fattige kvinner og farga kvinner har det alltid vore ei heilt anna historie. Desse blir stereotypt kalla hyperseksuelle, promiskuøse, uansvarlege og udugelege. Det var ein av grunnene som vart brukt for å rettferdiggjøre sjølve tanken om fødselskontroll tidleg på 1900-talet. Det rettferdiggjorde også steriliseringa av urfolk og kvinner frå Puerto Rico i andre halvdel av 1900-talet, og dei stadige kutta i velferdsog helsetiltak for fattige kvinner. Sjølv med dagens bitre abortkamp blir fattige kvinner oppmuntra til permanent prevensjon i form av implantat.

Men la oss gå attende til 1973

Straks Roe vart vedtatt, starta høgresida arbeidet mot lovverket, og dei har slåst mot og undergravd tilgangen til abort sidan det. Dei har brukt fleire taktikkar samtidig. Først retta dei seg inn mot lovgivinga både føderalt og på delstatsnivå – ein taktikk dei har følgt til i dag: I 1976 vedtok Kongressen det som er kjent som Hyde-tillegget. Det forbyr føderal bruk av pengar til abort. Med andre ord hadde kvinnene rett til abort, utan at regjeringa hadde plikt til å betale for det. Som alltid ramma dette vedtaket fattige og farga kvinner ulikt hardast, ein trend som skulle halde fram i nye vedtak dei neste 40 åra.

Dei brukte også rettsapparatet – igjen både føderalt og på delstatsnivå: Websteravgjerda var bare først av mange som skulle svekke kvinners kontroll over eigne kroppar. Venteperiodar, foreldreløyve, både underlivs- og vaginal ultralyd er bare nokre få av pålegga.

Samtidig vart det jobba for å gjøre abort reelt utilgjengeleg. Organisasjonar som Operation Rescue (Operasjon redning) omringa klinikkar og gjorde det uråd å komme inn. Du måtte gå spissrotgang mellom folk som kalte deg mordar og viste fram bilete av døde spebarn. Sjølv om rettsapparatet til slutt la hindringar i vegen for dei, har dei ikkje gitt opp. Pasientane på ein klinikk i Illinois vil til dømes finne bilete av seg sjølve på nettet dagen etter at dei har tatt abort.

Det stoppa ikkje med det. Høgreorienterte fanatikarar retta skytset mot dei som utførte abortar – frå å bombe klinikkane til å drepe personell. Frå 1977 til i dag har det vore hundrevis av bombetruslar, bombingar og påsette brannar. I tusenvis av tilfelle har dei trengt seg inn ulovleg, utført skadeverk og åtak med syre og stinkbombar. Ti personar er myrda sidan 1984, den siste var dr. George Tiller i 2009. Dei som utfører abort, er ofte utsett for ekstreme truslar – med etterlyst-plakatar rundt om i småbyane – med bilete og ordet MORDAR under. Ofte må dei gå på jobb med skotsikre vestar. Det fører naturlegvis til at færre og færre er villige til jamvel å utdanne seg til jobben – for ikkje å snakke om å utføre han.

I dag er det uråd å få gjennomført abort i 87 prosent av fylka i USA, særleg i område utanfor storbyane. Meir enn 20 prosent av abortsøkande må reise meir enn 80 km for å få utført abort. Det gjeld jamvel ein stat som California, ein av dei få statane der du framleis kan få abort betalt av det offentlege. Igjen er det slik at børa er tyngst for fattige kvinner. Ironisk nok er talet på falske abortklinikkar – i røynda propagandasenter mot abort – og verkelege klinikkar som to til ein!

Det religiøse høgre – som i røynda er ei rasistrørsle, med leiarar som lenge slåst mot borgarrettsrørsla – prøver på kynisk vis å få svarte med i rørsla. I 2010 dukka det opp 65 vegplakatar i svarte område i Georgia som sa: «Svarte barn er ein utryddingstrua art – støtt ikkje abort!» Samtidig stigmatiserte dei fattige kvinner og kutta velferdstiltak og barneomsorg til beinet.

Og samtidig har det religiøse høgre sett i verk ein sofistikert kampanje. Igjen og igjen blir kvinnene fortalt at foster har rettar (sjølv om hjernebarken, som er grunnlaget for medvitne tankar, ikkje utviklar seg før 24. til 27. veka). Ei befrukta eggcelle blir omdefinert til «person», ein person som må vernast over alt anna. Denne kampanjen har hatt stor påverknad på opinionen, og på måten kvinner tenkar om abort.

Og det er her dei liberale og venstresida kjem inn. Som altfor ofte elles såg mange dei spesielle interessene og krava til farga kvinner som marginale, ikkje hovudsaka. På 70-tallet betydde det at abortrørsla i hovudsak dreidde seg om fødselskontroll og abort, ein såg bort frå det faktum at talet på steriliserte farga kvinner var rekordhøgt. Seinare måtte «for abort» vike for «valfridom », då ein gav etter for demoniseringa av abort. Leiinga i organisasjonar som NOW og NARAL hevda dei måtte kompromisse – elles ville dei ikkje samle nok støtte til å halde på lova. Men ved å snevre inn arbeidsfeltet såg dei bort frå det totale helsebiletet knytt til forplanting. Og då dei byrja rette opp det, var det for seint. Abort er framleis sett som ein rett, men omdefinert til eit tragisk val. No venta ein at kvinnene skulle sørge over tapet av spebarna sine og kjenne seg forferdeleg skyldige for å ha avbrote svangerskapet – sjølv om meir enn halvparten av svangerskapa i USA ikkje er planlagte.

I 2011 og 2012 vart det vedtatt fleire lover som svekka helseomsorg for kvinner enn nokon gong sidan Roe vs Wade. Trettifem statar gjorde rådgiving før abort obligatorisk, og tretten av desse statane kravde at abortklinikkane skulle opplyse om påståtte farer ved abort – som fleire tilfelle av brystkreft og sjølvmord, noko det ikkje finst prov for. Tjueseks statar krev ein venteperiode mellom 24 og 76 timar. På starten av 2013 har rettsapparatet i Kansas avvist rettssak om eit punkt i regelverket som forbyr forsikringsselskap å dekke abort. Retten hevda at eit krav om tilleggsforsikringar for å dekke abort ikkje på nokon måte avgrensa retten til abort.

Dommane i Høgsterett dei siste tiåra avspeglar desse motseiingane. Igjen og igjen har Høgsterett støtta lovverk som forbyr bruk av føderale pengar til abort, ved å seie at om ei kvinne er for fattig til å skaffe seg abort, er det eit økonomisk problem og ikkje regjeringas, og dermed ikkje regjeringas ansvar.

Når dei støttar lover som nektar offentleg betalte legar å gi råd om abort, seier retten:

Avgjerda om å dekke fødslar, men ikkje abort, betyr ikkje at regjeringa hindrar kvinner i å avslutte svangerskap. Kongressens avvising av å dekke abortrådgiving gir gravide kvinner same val som om regjeringa hadde valt ikkje å støtte noka form for familieplanlegging.

Fire delstatar krev no at kvinnene må ta foster- eller transvaginal ultralyd slik at dei kan «forstå kven dei drep». Det gjeld au ved valdtekt – og sjølv om fosteret på dette stadiet er om lag så stort som ei ert. Den lovgivande forsamlinga i New Mexico vurderer ei ny lov som ikkje bare gjør abort ved valdtekt ulovleg, men vil føre til tiltale mot den som tar eller bidrar til slik abort. Om valdtekt sa guvernøren i Pennsylvania til kvinnene: «Bare lukk auga!»

Alle republikanske presidentar og presidentkandidatar frå Reagan til Romney har støtta oppfatninga om at foster er menneske og må vernast som det. Reagan støtta jamvel eit grunnlovstillegg som skulle verne «rettane til det ufødde liv».

I kampanjar siste tida har Republikanske kandidatar håna kvinners rettar.

To kandidatar erklærte at abort aldri kan forsvarast – sjølv etter valdtekt eller incest. Programmet til Det republikanske partiet går inn for å fjerne tilgangen til abort jamvel etter valdtekt, incest eller for å redde kvinnas liv (som var grunnlag for abort før Roe vs Wade). Dei vil au ha restriksjonar på tilgangen til prevensjon.

Todd Aiken, kandidat til Senatet i Missouri, og den republikanske visepresidentkandidaten Paul Ryan, brukte uttrykket «legitim valdtekt», og hevda at om ei kvinne «verkeleg» vart valdtatt, kunne ho på eit eller anna vis unngå å bli gravid (og såg dermed bort frå både det engelske språket og biologien). Kongresskandidaten Richard Mourdock i Indiana sa at graviditet etter valdtekt er «Guds meining», og Stephen King frå Iowa sa han aldri hadde høyrt at kvinner blei gravide verken etter valdtekt eller incest. Bortsett frå Paul Ryan som blei attvalt, tapte dei andre, eit teikn på at kvinnene ikkje tolererer desse åtaka på rettane våre, trass i hatpropagandaen.

Det demokratiske partiet som har deltatt i marsjen til høgre, og vore forsiktig og stille så lenge, vedtok på andre sida ei plattform som stod sterkt på retten til abort, prevensjon og helsetiltak for kvinner. Men det står att å sjå kor hardt dei vil slåst for det. Trass i støtta til abort har demokratiske kvinner frå Hillary Clinton til Nancy Pelosi på langt nær gjort nok for å forsvare lovverket. Og sjølv om Obama vann valet, har administrasjonen hans igjen gitt etter for det religiøse høgre, ved å seie at religiøse institusjonar ikkje treng gi gratis prevensjon slik den nye helselova krev. På grunn av manipulering har republikanarane framleis kontroll i mange delstatsforsamlingar, og held fram med å vedta abort- og kvinnefiendtlege lover. Så om demokratane ikkje tar ein real kamp, vil lovverk mot abort på delstatsnivå halde fram å undergrave kvinnenes reproduksjonsrettar.

Sjølv utan desse nye åtaka er stoda dyster. Som alt skrive er røynda for dei fleste kvinner – om du ikkje har helseforsikring, og ofte om du har – at det kan vere svært vanskeleg å få abort. Og framtida ser ikkje god ut. I Mississippi er det til dømes bare ein abortklinikk i heile staten!

Manglande tilgang til abort har sjølvsagt stor verknad på alle aspekt av kvinnehelsa. Dess fleire kvinner som har tilgang til «familieplanlegging», med prevensjon og seksualundervisning, dess færre abortar er det. Dess betre tilgang til helsestell, dess lågare tall på uønska graviditet; dess lågare tal, dess lågare komplikasjonar – særleg blant unge og fattige kvinner. Landa som har lågast aborttal er der dei i Vest-Europa har lovleg abort, og der det er tilgang til prevensjon; dei høgaste aborttala er i Latin- Amerika og Afrika der abort er ulovleg og familieplanlegging ofte ikkje finst.

Trass i alt dette vil ei av tri kvinner ta abort ein gong i livet, eit tall som gjeld på tvers av alle rasar og klassar. Fleirtalet av desse har alt barn. Talet har vore stabilt over tiår, sjølv då abort var ulovleg.

USA brukar nesten 100 milliardar dollar i året til helsetiltak for mor og småbarn – dobbelt så mykje som noko anna land i den «utvikla» verda. Likevel har tala på fødande som dør forverra seg, og USA gått frå 41. til 50. plass i verda ifølgje data frå FN. Dødsraten på 12,7 per 100 000 levande fødde er tri gonger så høgt som målet regjeringa sette for seg sjølv i 2010. Sjølvsagt har kvinner med låg inntekt dobbelt så stor sjanse for å døy under fødsel som rikare kvinner.

Men helsetiltak for mor og barn dreier seg ikkje bare om helse. Det er dyrt å ha barn: for mange meir enn tusen dollar i månaden for eitt barn. I motsetning til Norge har tilgang til barnepass minka og ikkje auka. For tretti år sidan var det bare dei rike som hadde privat barnepass. I dag lappar kvinner saman hjelp, ofte frå pensjonerte familiemedlemmer. Mange har barnepiker – det kan vere rimelegare, særleg når ein betaler låg lønn utan sjuketrygd eller helseomsorg.

Me har skapt eit system med to eller kanskje tri plan – eit lag med kvinner går på arbeid, det andre laget har blitt tvinga til emigrasjon, og tar seg av barna til det første laget. Mange av desse kvinnene – frå Latin- Amerika, Afrika, Asia – har eigne barn dei har reist frå, som kanskje er tatt vare på av ein far eller andre slektningar. Dei tar seg altså ikkje av eigne barn, men oppdrar avkomma til eit heilt anna land. Hushjelpar har ikkje rett til lege, trygd, ingen sikker jobb og oppfyllar ikkje kravet til minstelønn.

Dette er ein lang historisk tradisjon i USA, der svarte kvinner tok seg av barna til kvite kvinner, mens deira eigne barn var overlatt til seg sjølve. Det er ironisk at historisk (og nok i dag) er det bare kvite og europeiske og ofte betrestilte kvinner som er sett på som «naturlege mødrer», mens farga kvinner blir sett som hyperseksuelle og ute av stand til å oppdra barn.

Kva resulterer alt dette i? Feministar og andre aktivistar har vore på defensiven i mange tiår. Kanskje ein av dei klaraste indikasjonane var tilbaketoget frå pro-abort til valfridom. Å snakke om valfridom er å ta for gitt eit likeverd mellom kvinner som ikkje finst, og som ikkje vil eksistere på ei stund. Ordet «val» blir brukt heile tida, om dei mest trivielle avgjerder – frå kva for sjampo ein skal kjøpe til kva for karriere ein ønskar. Avgjerd om å få barn er heilt klart i ein annan kategori. Reelle val avheng av så mange faktorar, mange som er utanfor kvinnas eigen kontroll. Kva for økonomisk status har ho? Kor gammal er ho? Har ho fått seksualundervisning? Er ho utsett for vald? Har ho tilgang til helsestell? Vil barnet hennar ha det? Har ho trygd? Har ho jobb, husvære eller utdanning?

Det er ikkje nok å snakke om abort eller reproduksjonsrettar. I staden må me snakke om reproduksjonsrettferd. Me må snakke om kvinnerettane våre som ein del av menneskerettane, ein fødselspolitikk som omfattar ikkje bare prevensjon og omsorg for mor og barn, men som au gjør ordet val til røyndom og ikkje bare ein frase.

Noko av det byrjar vise seg i internasjonal lov. CEDAW slår i artikkel 12 og 16 klart fast at alle kvinner og jenter må ha lik tilgang på helsetjenester, medrekna graviditets- og familieplanlegging. Artikkel 16 garanterer kvinner rett til avgjerd om svangerskap. Sjølv om 164 land har ratifisert CEDAW, har ikkje USA det, og hevdar at dei ikkje treng det. Å sette CEDAW ut i praksis vil ta mange år om ikkje tiår, men lovfesting er eit første steg.

Førti år etter Roe vs Wade går kampen framleis. Kvinner som slåst for rett til abort, vil ikkje sjå roleg på at det blir gjort ulovleg for deira døtrer og barnebarn. Ein ny generasjon unge kvinner har vist med røystene sine, aktivismen sin og stemmesetlane sin (både i USA og elles) at dei ser abort som ein grunnleggande rett å kjempe for. Fødselskontroll er grunnlaget for likeverd og frigjøring, og kvinnene er bestemt på å kjempe til det er ein universell rett.