Liggande ved kai i Long Beach (dikt)

Av

Nr 1 2013

Vi låg under krana på einarluka, pikka rust,
Letten og eg, pikka rust.
Klinte på mønje.
Måla med gulfarge, måla.
Sveitta.
Varmt nok i solsteiken i januar i Long Beach.
Kraup fram.
Vi stod ved rekka, Letten og eg, tok oss ein blås,
Jungen stod nede på kaia og måla pontongar og tok seg ein røyk
og prøvde å blåse røykringar. Hah, prøvde igjen.
Skipparen kom forbi.
Skipparen gjekk aldri i land unnteke i Long Beach og i Seattle.
Hadde dame her og der. Burde Jungen ha visst.
Skipparen gav han ein lusing.
Jungen stod på kaia,
måla pontongar.
Vi låg under krana på einarluka, pikka rust.
Pikka rust, pikka rust.

Øyvind Bremer Karlsen