«Gribbkapitalisme»: Island si nye bankkatastrofe – ei generalprøve for Hellas og Italia?

Av Olafur Arnarson, Michael Hudson, Gunnar Tomasson

2011-04

Problemet med banklån som det har gått gale med, og då spesielt dei med offentleg garanti – slike som studielåna i USA og pantelåna Fannie Mae – har kasta fram spørsmålet om kva ein «rimeleg verdi» på denne gjelda bør vere. Skulle «rimeleg verdi» avspegle det skuldhavarane (debitorane) kan betale – det vil seie betale utan å gå konkurs?
Eller er det rimeleg at bankar og til og med gribbfond får den siste dropen dei klarer presse ut av skuldhavarar?

Olafur Arnarson er forfattar og spaltist hos Pressan.is. Michael Hudson er økonomiprofessor ved UMKC (University of Missouri – Kansas City). Gunnar Tomasson er tidlegare IMF-rådgivar.

Svaret på spørsmålet i introduksjonen heng for ein stor del saman med kor sterkt styresmakter stør krava til långjevarane. Den legale definisjonen av kor mykje det er som kan bli pressa ut, er i ferd med å bli eit politisk spørsmål som dreg nasjonale styresmakter, Det Internasjonale Pengefondet (IMF), Den Europeiske Sentralbanken (ECB) og andre finansorgan inn i ein konflikt der bankar, gribbfond og gjeldfanga innbyggarar blir sette opp mot kvarandre.

Særleg på Island har denne polariseringa kome fram i dagen. Landet lir no under ein runde nummer to med økonomisk og finansiell smerte på grunn av samanbrotet i landet sitt banksystem i oktober 2008. Den krisa skapte store tap av sparepengar, ikkje berre for islendingar, men også for internasjonale kreditorar som Deutsche Bank, Barclay’s og samarbeidspartane deira.

Fullstappa med dårlege lån og obligasjonar frå konkursramma finansinstitusjonar selde utanlandske investorar i dei gamle bankane obligasjonane sine og andre krav for pennyar per dollar til kjøparar som presenterte seg sjølve på internettsider som «spesialistar i å handtere rotne aktiva», allment kjende som gribbfond. (Hardnakka rykte påstår at nokre av desse arbeider saman med dei tidlegare eigarane i dei konkursramma islandske bankane, slike som opererer frå bankar til havs og i skatteparadis, og som er etterforska av ei rettsleg spesialtiltaleeining.)

Då desse obligasjonane vart selde i marknaden, eigde den islandske staten 100 % av alle dei tre nye bankane. Fordi dei nye bankane representerte nasjonal interesse, var det meininga at dei nedskrivne aktiva som var kjøpte frå dei gamle bankane, skulle bli vidareført til skuldhavarane som nedskriven gjeld. Ein gjekk ut frå at den låge marknadsverdien på den tida var «rimeleg verdi». Det meinte ein var å ta utgangspunkt i den evna hushald og næringsliv hadde til å betale ned lån som det hadde vorte umuleg å handtere då pengeverdien braut saman og importprisar auka tilsvarande.

Det Internasjonale Pengefondet (IMF) entra scenen i november 2008 og rådde regjeringa til å rekonstruere banksystemet på ein måte som «inkluderte tiltak for å sikre rimeleg verdisetting av aktiva (og) som maksimerte gjenvinning av aktiva.» Regjeringa skapte tre «gode» nye bankar på ruinane av dei konkursramma bankane, overførte lån frå dei gamle til dei nye bankane til ein nedskriven verdi på opp til 70 prosent for å avspegle rimelege verdi, grunna i verdsetting frå ein uavhengig tredjepart.

Gribbane vart eigarar av to av dei tre nye islandske bankane. Etter råd frå IMF forhandla regjeringa fram ein avtale som var så laus at han gav gribbane jaktlisens på islandske hushald og bedrifter. Dei nye bankane opererte mykje godt slik amerikanske inkassobyrå gjer når dei kjøper dårleg kredittkortgjeld, banklån eller ubetalte rekningar frå forretningar til 30 % av nominell verdi for deretter å herje med skuldhavarane for å vri ut så mykje dei kan med alle tenkelege middel.

Desse åtseldyra i finanssystemet er ulykka til mange statar. Men no er det fare for at dei skal kunne klatre til topps i den internasjonalt legale pyramiden, til ein stad der dei kjem i posisjon til å ta kvelartak på heile nasjonaløkonomiar.

Tilfellet Island hadde ein spesiell vri. Ved lov er islandske pantelån og mange andre konsumlån bundne til landet sin stadig stigande konsumprisindeks. Eigarane av desse låna kan ikkje berre krevje 100 % av pålydande verdi, men dei kan i tillegg auke hovudstolen til låna ved å plusse på indeksering. Tusenvis av hushald ser fattigdomen og tap av eigedom i auga på grunn av lån som i nokre tilfelle har vorte meir enn dobla på grunn av valutasamanbrotet og etterfølgjande prisvekst. Men IMF, regjeringa på Island og høgsterett har stadfesta prisindekseringa av hovudstolen til lån og ågerrenter om ikkje restruktureringa av banksystemet skal havarere.

Dette er ikkje det som var venta. I 2009 forhandla den nye «venstreorienterte» regjeringa fram ein avtale med kreditorar om å sette lånnedbetaling i forhold til dei nedjusterte overførte verdiane. Etter råd frå IMF overførte regjeringa kontrollen med renter i dei nye bankane til kreditorane til dei gamle bankane. Målet var å minimere kostnadane ved refinansieringa av banksystemet – ikkje å øydelegge økonomien. Lån som var overførte frå dei gamle bankane til dei nye etter samanbrotet i 2008, fekk ein nedskriven verdi på opptil 70 % for å avspegle fallet i marknadsverdi. Denne nedskrivinga skulle bli vidareført til låntakarar (hushald og små bedrifter) som stod overfor oppblåst hovudstol og nedbetaling i forhold til konsumprisindekserte lån.

Men økonomien si overleving har ingen høg posisjon hos dei aggressive sikringsfonda («hedge funds») som har tatt over plassen til dei etablerte bankane, som opphavleg gav lån til dei islandske bankane. I staden for å vidareføre gjeldsnedskrivingane til hushalda og andre debitorar, justerer bankane opp hovudstolen på desse låna. Krava deira held økonomien i ei tvangstrøye. I staden for å restrukturere gjeld slik ein først håpa på, blir det no lagt til rette for ei ny bankkrise.

Noko må bli gitt. Men så langt er det Islands økonomi, ikkje gribbfonda. I ein situasjon der IMF insisterer på at regjeringa ikkje skal gripe inn, fell meiningsmålingar om støtte til regjeringa blant islendingar ned til 10 % fordi ho nøler så skammeleg, mens dei nye eigarane sit i førarsetet.

Dei Nye Bankane har nedskrive krav mot større forretningsdebitorar, slike som er i ein posisjon der vidare drift sikrar rolla deira som pengemaskinar for bankane sine nye gribbeigarar. Men hushaldsgjeld tileigna til mellom 30 og 50 prosent av pålydande verdi har vorte oppskriven til 100 prosent. Verdien av eigarane sin eigenkapital i aksjar har stige til himmels. Styresmaktene har ikkje gripe inn. Dei aksepterer bankane si forsikring om at dei manglar ressursane som trengst for å kunne gje meiningsfull gjeldslette til hushald. Dermed blir høg gjeld som ikkje kan bli tilbakebetalt, ståande i bøkene til overføringsprisar som vil falle i hendene til finansielle snyltarar, og døme skuldhavarane til eit tiår eller meir med negativ rekneskapsbalanse.

Med førebuingsarbeidet gjort er tida komen for Gribbane til å kassere inn ved vidaresal av aksjar i Ny Bank ved årsskiftet. Dei Nye Bankane har halde bedriftspengemaskinane sine flytande, mens eigenkapitalen til utstillingseigarane har vore grunna i urealistisk verdisetting av konsumgjeld som berre kan bli betalt med økonomien sitt samanbrot som pris.

Ein føler at den islandske regjeringa har vorte sett ute av stand til å handle som ein ærleg meklar i det banklobbyistar har arbeidd saman med folk i Alltinget – no støtta av IMF – med å legge til rette for eit rotvelt for kreditorar.

Problemet blir globalt. Mange europeiske land og USA står overfor konkursramma bankar og avspora banksystem. Korleis kan IMF og ECB (Den Europeiske Sentralbanken) svare? Vil dei ordinere Island-modellen for samarbeid mellom regjering og sikringsfond? Eller vil regjeringane bli gitt makt til stå mot kjør frå gribbfond internasjonalt, støtta opp av internasjonale sanksjonar mot røveriet deira.

Politikkfaren Europa no står overfor

Ei økonomikrise er den finansielle versjonen av militær erobring. Det gir dei finansielle elitane eit høve til å grafse til seg verdiar når Tida for Panteovertaking kjem. Det blir også eit politisk grafs å realisere dei finansielle krava som det hadde vorte umulege å ta inn og følgjeleg for ein stor del fiktiv bokføring. Populistisk retorikk blir nødvendig for å mobilisere det breie finansielle mismotet og den allmenne misnøya som metode for å sette taparane opp mot kvarandre i staden for å samle dei mot kreditorane.

Dette er tidspunktet der alle åra med finansiell propaganda får utteljing. Nyliberalarar har villeia folk flest til å tru at bankar trengst for å «smørje handelshjula» – det vil seie å skaffe til veies den kredittblodstraumen som fører olje til økonomien sine tannhjul. Berre under slike krisetilhøve kan bankar kassere inn fiktivt oppbygde gjeldskrav. Overgroinga av pantegjeld, selskapsgjeld, studielån, kredittkortgjeld og andre gjeldspostar er fiktiv. Under normale forhold ville det ikkje vere muleg å betale slikt.

Panteovertaking er ikkje tilstrekkeleg fordi mykje eigedom har falle inn i negativ balanse, dvs. at marknadsverdien har vorte lågare enn pantegjelda. Det gjeld omtrent fjerdeparten av fast eigedom i USA. Og i Irland dekker marknadsverdien til fast eigedom berre rundt 30 % av dei nominelle panteverdiane. Dermed er tida for å bruke fallskjermar komen. Bankane leverer over dei rotne låna sine til styresmaktene i byte mot offentleg gjeld. Sentralbanken («Federal Reserve») i USA har gjennomført slike bankvenlege bytte for over 2 billionar US $. Bankar mottar statsobligasjonar eller sentralbankavsettingar i byte med roten gjeld, akseptert til pålydande verdi heller enn til marknadsvurdert pris.

I det minste i USA og i Storbritannia kan sentralbanken trykke opp så mykje innanlandsk valuta som han finn nødvendig, for å betale renter og halde desse offentlege verdipapira likvide. Offentlege organ tar då over posisjonen til långivar i forhold til låntakarar som ikkje kan betale.

Desse offentlege organa har då eit val. Dei kan prøve å krevje inn alt (eller i det minste så mykje som dei kan få) slik tilfellet var med Fannie Mae og Freddie Mac i USA. Eller styresmaktene kan selje roten gjeld til gribbfond for ein brøkdel av pålydande verdi.

Etter samanbrotet i september 2008 tok regjeringa på Island over dei gamle konkursramma bankane, og skapte nye i staden. Opphavlege obligasjonseigarar i dei gamle bankane bytta dei islandske bankobligasjonane i marknaden for pennyar per dollar. Gribbfond kjøpte. Desse obligasjonseigarane vart eigarane av dei gamle bankane i og med at alle aksjeeigarar var feia ut. I oktober oppnemnde staten sine pengestyresmakter nye styre som skulle kontrollere bankane. Tre nye bankar vart etablerte, og alle innskot, pantelån og andre banklån vart overført til desse nye friskare bankane – sterkt nedskrivne. Desse nye bankane mottok 80 prosent av alle aktiva, dei gamle bankane 20 prosent.

Deretter vart dei gamle bankane sine eigarar gitt kontroll over to av dei nye bankane (87 % og 95 %). Eigarane av dei nye bankane vart kalla gribbar, ikkje berre på bakgrunn av dei store verdinedskrivingane dei fekk ved overføringa av finansielle aktiva og krav frå dei gamle bankane, men i hovudsak fordi dei alt hadde kjøpt seg kontroll med dei gamle bankane for pennyar per dollar.

Resultatet er at i staden for at styresmaktene kunne sikra seg bankane og sanerte dei via konkurs, heldt styresmaktene seg utom sidelinja og let gribbinvestorar hauste eit gigantisk rotvelt – som no trugar med å kaste Island sin økonomi inn i eit kronisk finansielt mareritt. Sett i ettertid var ikkje noko av dette nødvendig. Spørsmålet er: Kva kan regjeringa gjere for å rydde opp i det rotet som ho har skapt ved lettlurt å følgje dei dårlege råda frå IMF?

I USA venta ein at bankar som tok i mot TARP-fallskjermpengar (TARP=Troubled Asset Relief Program), skulle forhandle med pantelån-skuldhavarar om nedskriving av gjelda til marknadspris og/eller etter betalingsevne. Dette vart ikkje gjort. Likeeins på Island. Gribbfonda som kjøpte dei dårlege «gamle banklåna», hadde ein trudd skulle overføre dei utførte nedskrivingane til låntakarane. Det vart heller ikkje gjort. I realiteten vart opphavlege lånesummar framleis revaluerte oppover i samsvar med Island si eineståande indeksering som skulle sikre bankar mot tap – det vil seie for å sikre at økonomien som eit heile vart lidande, til og med måtte bli ramma av eit fatalt og hardt angrep, slik at bankierane kunne bli «heilskapte ». Det inneber å skape ein rotveltformue til gribbar som kjøper dårlege lån billeg.

Er dette også Europa si framtid? Viss det er slik, vil den noverande finanskrisa bli både gribb-bankane og bankar allment sitt store rotvelt. Mens ein i hundreåra bak oss såg at finansielle samanbrot feia bort sparekontoar og kreditorkrav (obligasjonar, banklån osv.) som er motparten til dårlege gjeldspostar, ser vi no at dårlege gjeldspostar blir sikra, og at bankane og obligasjonseigarane som ytte dei rotne, låna blir gjort skadefrie på skattebetalarane sin kostnad.

Dette er ikkje slik økonomisk demokrati var venta å fungere gjennom det nittande hundreåret sitt strev med å få gjennomført parlamentarisk reform. Og i første del av det tjuande hundreåret venta ein at sosialdemokratiske parti og arbeidarparti ville gripe styringa og føre bank og kreditt saman med annan grunnleggande infrastruktur over til offentleg sektor. Men i dag, frå Hellas til Island, handlar regjeringar som pådrivarar eller til og med som innkrevjingsagentar for finanssektoren – slik «Okkuper Wall Street»-rørsla uttrykker det – den «eine prosenten» på topp, ikkje dei 99 prosentane på botnen.

Island er generalprøva på dette maktranet. IMF og den islandske regjeringa heldt ein konferanse i Reykjavik den 27. oktober for å feire den tilsynelatande suksessen ved rekonstruksjonen av økonomien og banksystemet på Island.

I USA vil den krisa som Obama sin stabssjef Rahm Emanuel feira som «for god til at ein kunne la ho bli søla bort», bli forsegla ved å skru tilbake «Social Security» og «Medicare» så snart hausten si Dommedagsklokke slår og kongressen sin Superkomité på 12 (der president Obama har den 13. røysta ved røystelikskap) blir einige om å la arbeidsfolk betale Wall Street sine rotne lån. Den greske redningsplanen vil på det viset tene som generalprøve for USA – med det Demokratiske Partiet i rolla som motpart til Sosialistpartiet i Hellas som garantist for alvoret i situasjonen, og kaste fagforeiningsleiarar ut av rekkene viss dei har innvendingar mot det store bedrageriet.

(Artikkelen sto i Global Resarch, 15. november 2011, og er omsett av Einar Jetne.)