«Latsabbane»

Av

2010-01

Ei kampanje er i gang som seier at folk helst ikkje vil jobba.
Og at legane hjelper «latsabbane».

Sanninga er at dei fleste er i arbeid i Noreg. Til forskjell frå
mange andre land så jobbar kvinner og mens dei er
svangre og har ansvaret for barn. Samstundes er deltakinga
blant funksjonshemma og eldre høg.

Eit «inkluderande arbeidsliv» betyr oftare sjukemelding, og
høg sysselsetting. Ein kan ikkje få både høg sysselsetting
og lågt sjukefråvær.

I media og på arbeidsplassane vert kampanja for å sverta
arbeidsfolk som «skulkarar», møtt med fakta. Det er dei som
skapar verdiane, som forsvarar retten til å være sjuk eller
ufør. Ein skal ikkje tapa økonomisk på det.

Angrepet kjem frå dei verkelege snyltarane!