Kva kjem etter kapitalismen?

Av Trish Kahle

2016-02

Naomi Kleins flengande kritikk av kapitalismen blir svekka av manglande vilje til å peike på alternativet, mener forfatteren.

Trish Kahle er frilansjournalist og studerer historie på University of Chicago. Artikkelen er frå magasinet Jacobin, https://www.jacobinmag.com/, og er omsett av Gunnar Danielsen.

Den siste boka til Naomi Klein Dette forandrer alt kom samtidig som firehundretusen gjekk i folkets klimamarsj i New York, og miljøaktivistar verda over organiserte 2 646 solidaritetsprotestar i 162 land. Det var utan samanlikning den største klimamarkeringa i historia. Veksande mobilisering, særleg blant urfolk og på landsbygda, mot utvinninga av fossil energi – frå skiferolje, oljesand, havbotnen, og kol – og motstand mot røyrleidningar frå Michigan til Texas, har ført til auka undertrykking frå statsapparatet, og propagandakampanjar frå energiselskapa. På verdsbasis vart to personar drepne kvar veke i 2014 fordi dei var miljøaktivistar – meir enn ei dobling frå tidlegare i tiåret.

Mobiliseringa og den folkelege viljen til å risikere livet for å redde miljøet har rot i ei breiare semje – utanom håpefulle republikanske presidentkandidatar – om omfanget av og alvoret i klimakrisa. Global Humanitarian Forum meiner klimaendringane alt no er ansvarleg for meir enn 300 000 dødsfall årleg, rammar meir enn 300 millionar menneske, og er ei av hovudårsakene til humanitære kriser.

Heile nasjonar – som Bangladesh – står framfor tvangsflyttingar, og hundretusenvis er alt drivne frå heimane sine. Her heime er det i overflod av prov på klimaendringane – somme tider dramatisk, som når superstormen Sandy slo inn i tett befolka område på austkysten av USA, eller når flaumar raserte Texas, eller tørken som øydelegg California no.

Andre resultat av klimaendringane når ikkje fram i media. I intervju med bønder i Piedmont i Nord-Carolina fekk eg fortald at ein ikkje lenger kunne stole på regnet vår og sommar, med færre årlege høyavlingar som resultat. Ei anna peika på eit hestekve: «Det skulle vore gjørme,» sa ho. «Det skulle vore djup gjørme nokre veker til, men det er tørt alt. Tørt som knusk.»

Og klimaendringane bidrar til og aukar eksisterande ulikskap: København bygger demningar mens Maldivene druknar. Dei rike tilpassar seg, mens dei fattige må flytte. Som Christian Parenti skreiv i den siste boka si, Tropic of Chaos: Climate Change and the New Geography of Violence: «Klimaendringane kjem til ei verd full av kriser.» Som han skriv, fell klimaendringane og eksisterande ulikskap saman på katastrofalt vis.

Vekst og globalisering

Kleins bok fokuserer på dette katastrofale samanfallet, set opp miljøendringane som ei global utfordring, og peikar på «deregulert» global kapitalisme som skurken – djupt polarisert, forskjellsskapande, forbrukande, øydeleggjande, og viktigast: kravet om evig vekst.

I denne kritiske situasjonen der dei grønne rørslene altfor ofte slepp unna politisk-økonomisk kritikk, er Kleins innspel viktig. Frå Dhaka til Vancouver er me knytte saman av jetstraumar og «lean production», fiberoptiske kablar og handelsavtalar, hip-hop og elveutløp. Banda oss imellom er aldri bare sosiale, økonomiske, politiske eller økologiske, men alt på ein gong.

Desse banda blir ofte brukte til å dekke over forskjellane som følgjer dei, og dei djupe sosiale skillene som står fast. Internettet og teknologiane som følgjer med, gjør det råd å binde verda saman i eit tempo og så tett at ein bare kunne drøyme om det før. Men dei har au forverra tilhøva i teknologiproduksjonen, og framskynda eksport av økologisk øydelegging til «offersonene» – områda som forsyner verda med råvarer og energiressursar som er naudsynte for å skape enorm rikdom og moderne komfort, men som må bere ein urimeleg stor del av den sosiale og økologiske øydelegginga slik utvinning fører med seg.

Me blir lett blinde for den globale fattigdommen og forureininga ein kan følgje langs kraftleidningar og handelsruter, bakover til dei arrete fjella i Appalachane, eller dei brennande palmeoljeplantasjane i Indonesia.

Den økonomiske veksten som driv denne motsetningsfylte tidsalderen, er spesifikt kapitalistisk: ei verd der kapitalen «flyt» mens arbeidarane og familiane deira er fanga på kvar si side av grensene, der det blir produsert overflod med mat, mens ti tusenvis døyr av svolt kvart år. Den motsetningsfylte kapitalistiske veksten er det sentrale punktet som skilte Marx frå kommunistiske teoretikarar før han: kapitalismen skapte for første gong i historia overflod og overskot – vilkåret for ei verd utan kapitalisme.

I meir enn to hundre år med industriell kapitalisme har utnyttinga av fossile energikjelder heva folks levestandard, medrekna arbeidsfolk og på verdsbasis, men har samtidig også konsentrert dei sosiale problema, den økologiske utarminga, og dei stadig større skilnadene produksjonen fører til.

Klein ser desse prosessane og skriv overbevisande om tilhøvet mellom øydelegginga av miljøet og kapitalismen. Men løysingane er ein litt for vanleg strategi der ein bygger alternativ og motstand. Klein står korrekt på atå hoppe av for å dyrke grønsaker er ikkje eit alternativ for denne generasjonen», og krev at me både «bygger og stør lovande alternativ … og sørger for at dei kan slåst for å endre ein økonomisk modell som så er svikefull at ingen stad er trygg.

Denne løysinga er god i den forstand at kamp er dialektisk. Som Nancy Cott seier, er verda – som omfattar «alternativ» til produksjon bygd på økonomisk vekst – «ramma rundt det folk kan sjå føre seg, og stille krav ut frå.» Samtidig endrar krava folk stiller – og kampen for å sette dei ut i livet – verda, og utvidar synet på kva som er mauleg.

Når Klein hevdar me ikkje bare kan hoppe av kapitalismen, seier ho ikkje bare at me ikkje kan ignorere dei globale strukturane som formar liva våre, men au at i alle kampar om makt (eller for framtida vår) tvingar kapitalismen oss til å kjempe på deira vilkår. Alternativ me lager her og no er utsett for same press som dei kapitalistiske kreftene som skapte dei.

Likevel svekker ikkje denne strategien den sentrale motseiinga i kapitalistisk vekstøkonomi: Minkande forbruk og selektiv negativ økonomisk vekst er antitesen i ei verd der økonomisk vekst er drivkrafta i historia, og der han svelger alt på sin veg.

Jamvel ein liten nedgang i vekstraten (for ikkje å snakke om negativ økonomisk vekst) kan kaste heile systemet ut i krise. Det er ikkje bare fordi kapitalistar for alt i verda vil ha vekst, eller bare fordi dei er spesielt grådige, men fordi systemet krev det. Sjølv på sitt beste er alternativa på defensiven i vår nyliberale verd.

Slik sit me fast i ei av dei evige motseiingane i kapitalismen – at det er livsviktig å slåst mot kapitalismens strukturar, tenkemåte og maktsenter for å gi rom til tenkinga vår om maulege og nye framtidssamfunn, men samtidig er det ikkje nok å stå mot drivkreftene i kapitalismen: kapitalismen må erstattast.

Men Klein som no har skrive tri bøker som har bidratt til anti-kapitalistisk kamp, vil framleis ikkje formulere utfordringa på den måten. Dette forandrer alt: Kapitalismen mot klimaet er spenninga mellom hennar innimellom bitande kritikk av kapitalismen og uviljen mot å peike på alternativet anna enn i svært vage ordelag ein konstant frustrasjon.

Med eit slikt skarpt syn på makttilhøva og kva som står på spel i kampen, kva er grunnen til at ho vik unna det sentrale spørsmålet boka hennar reiser? Viss kapitalismen er problemet, må sjølvsagt løysinga spegle det i omfang og innsikt, men svaret Klein gir, strekk absolutt ikkje til resten av analysane ho gir. Ho svarer rett og slett:

Vel, me får gjøre det me kan.

Kva kan me gjøre?

Dette unnvikande svaret på bokas brennande klagemål speglar retningar som har eksistert lenge i miljøkretsar og somme delar av venstresida generelt: å sette breie strategiar, medrekna det å bygge store politiske organisasjonar, opp mot mindre kampanjar bygd på og rundt stridsspørsmål i nærområdet. Organisasjonsprinsippet er kjent frå slagordet «Tenke globalt og handle lokalt.»

Jamvel aktivistar med klar innsikt i dei systemskapte globale problema me står framfor, grip alt for ofte til symbolske løysingar på lokalnivå. Det betyr ikkje at slike aksjonar er uviktige – solidaritets-komiteane som syter for mat til utplyndra nabolag i Hellas eller frokostprogramma til Black Panther Party, viser at dei er det – men desse programma var au knytte til politisk organisering.

Med andre ord: Sjølv om organisasjonar som Black Panther Party og dagens nettverk som Solidarity for All syter for mat til folk, medisinar til sjukehus og anna, er dei (og var dei) ikkje einaste opplegget for politiske endringar, men ein del av større politiske prosjekt som såg «bygge makt» og «gripe makt» som to sider av same dialektiske prosess.

Ein politikk retta mot nærområdet skilt frå vidare politisk organisering er resultatet av fragmenteringa og isoleringa på venstresida sidan 1970-tallet, av ideen om at me ikkje er i stand til å bygge masseparti, eller føre samordna kampar nasjonalt eller internasjonalt anna enn som lause koalisjonar rundt «aksjonsdagar». Ideen om ei impotent venstreside hadde rot i tilbakeslag for ulike organisasjonar, og lokal-aktivismen byrja sitt eige liv.

I dag pregar denne tenkinga store delar av særleg miljørørsla: Dei krev mat dyrka i nærområdet, produksjon og økonomi som er basert i nærområdet. På sitt verste er det store konsern som marknadsfører seg som miljøvennlege, for å døyve liberal skuldkjensle for ulikskap under kapitalismen. Men sjølv på sitt beste er lokal-aktivismen ein fattig politisk reiskap, som ser bort frå at me er produkt av vår eiga historie.

Den samanvevde verdsøkonomien me ser i dag var kanskje ikkje uunngåeleg, rimeleg eller rettferdig, men er ein historisk realitet som ikkje bare har forma oppfatninga vår av klimavitskapen, men au av grensene for tenkelege aksjonar.

I kjerna kviler jamvel anti-kapitalistisk lokal-aktivisme på ein grunnleggande ide: me kan skape rom utanfor kapitalismen, og frå desse romma kan me enten bygge eigne samfunn, eller bruke desse romma til å slåst mot kapitalismen.

Det første alternativet forkastar Klein: «å gi opp verkelege løysingar» skriv ho, «er ikkje eit alternativ.» Men kva med det andre alternativet? Det er eit vanleg syn som viser kor svak venstresida er etter tiår med nyliberale åtak og kampen for ei ikkje-stalinistisk sosialistrørsle etter at Sovjetunionen kollapsa. Me treng eigne rom for å hente oss inn og reorganisere blir det sagt. Klein spør:

Kva om me sit rolege [om klimaendringane] ikkje av samtykke, men dels fordi me manglar kollektive rom der me kan konfrontere den rå terroren frå miljøøydeleggingane?

Dessverre er det uråd å kople seg frå kapitalismen, sjølv om det skjer for å kjempe mot han. Det var sjølve grunnlaget for at Marx skreiv om ein revolusjon innanfrå: kapitalismen har ein ekspansiv logikk, og ein må kjempe mot han innanfrå. Arbeidarklassen har sosial kraft nettopp fordi han opererer maskinen frå innsida maskinen, og ikkje frå utsida.

Det er sant at det er meir tenkeleg for dei fleste å vinne små sigrar på lokalnivå enn større som kanskje kan komme på nasjonalt, regionalt eller globalt nivå. Det er au sant at slike sigrar er viktige – ikkje fordi dei stansar miljøendringane, men fordi dei endrar grunnlaget me kjempar på, og endrar folks oppfatning av kva som er mauleg.

Som Klein skriv:

For dei fleste av oss som lever i etterindustrielle samfunn, når me ser svart–kvitt-bilete av generalstreikar på 1930-tallet, victory gardens1 frå 1940-tallet, eller Freedom Rides2 frå 1960-tallet, kan me ganske enkelt ikkje sjå oss sjølve som del av så djupe og omfattande mobiliseringar.

Sant nok, sjølv om dette ser ut til å ha endra seg dei siste fire åra, om det er ein målestokk.

Poenget er ikkje å sky prosjekt på lokalnivå, men å vere klar over kva potensial dei har: Dei vil ikkje akkumulere forandringar som på eit eller anna stadium vil vinne over kapitalismen og gi oss eit alternativt samfunn, men det er slik Klein ser for seg kampen mot klimaendringane.

I staden må ein sjå prosjekt på lokalnivå som del av ein dynamisk kamp – ei omdreiing på tannhjulet som kan hende kan dreie mange andre hjul. Men om me skal endre sjølve måten maskinen fungerer på, må ein ta han frå kvarandre, gi han ny form, og bygge han på nytt.

Skillet kan verke uvesentleg, men kor viktig det er kjem klart fram i andre halvdel av boka der Klein ganske utførleg tar for seg lokale og regionale motstandsrørsler, som ho freistar knytte til global kamp mot bruken av fossil energi. Det er ei endring Klein trur kan komme som resultat av ein kombinasjon av ein new deal-aktig politikk og ei kulturell delegitimering av vekst som resultat av ei brennande moralsk protestrørsle lik den som var ein del av kampen mot slaveriet på 1800-tallet.

Oppheving og revolusjon

At Klein på dei siste sidene vender seg til opphevinga av slaveriet, ein strategi andre som Chris Hayes og Matt Karp har nytta, er like forvirrande som han er opplagt. Opplagt fordi slaveriet garanterte massiv kapitalakkumulasjon då det nye systemet snubla seg framover og så suste inn i industrialderen. Kampen mot slaveriet var verdsomspennande, og stod mot eit globalt utbyttingssystem med undertrykking og menneskeleg elende, som var grunnmuren for store delar av moderniteten.

Klein skriv korrekt at

bruk av fossil energi sjølvsagt ikkje er det moralske motstykket til å eige slavar eller okkupere land.

Det var ein økonomisk kamp som dreidde seg om så mykje meir: frigjøringa av slavebundne menneske, som rundt Atlanterhavet nesten bare var svarte afrikanarar.

Samanlikninga med eit slikt revolusjonært punkt i verdshistoria er lokkande for aktivistar og kommentatorar som gir seg i kast med den politiske økonomien som ligg under klimakrisa. Behovet for å slåst mot makt- og produksjonsstrukturar har fått miljørørsla til å gå lenger enn å rekne seg likeverdige med andre sosiale rørsler, og freista plassere seg som hovudkrafta mot dei sterke kapitalistiske og imperialistiske kreftene.

Men valet hennar er forvirrande, for når ho framstiller opphevinga av slaveriet som ein global revolusjon, teiknar ho eit bilete av ein moralsk kamp som gjekk føre seg på debattmøte. Det er eit syn som ser bort frå den verkelege krafta bak opphevinga: slavane som nekta å la seg underkue, den moralske forarginga og materielle støtta frå kvite som var mot slaveriet, og ein blodig krig som tok rikdom og makt frå plantasjeeigarane i USA.

Med andre ord blei slaveriet eit moralsk problem som ein del av ein historisk prosess som dreiv fram opphevinga av det. Den historiske prosessen er framleis heftig diskutert av historikarane, og er ein annleis prosess enn kampen for å la fossile energikjelder ligge i jorda.

Frå eit energiperspektiv starta slaveforbodet ein prosess som snart førte til det fossildrivne mekaniserte landbruket. Den omdanninga sendte produksjonen til himmels, i eit tempo som ville vore mest umauleg i eit slavebasert landbruk. Skiftet frå fossil energi er slik sett ei langsiktig utfordring for vekst og akkumulasjon, noko opphevinga av slaveriet ikkje var.

For å peike på skilnadene i energigrunnlaget i kampen mot slaveriet og kampen mot fossil energi, kan me ikkje redusere desse spørsmåla til «energi». Når Klein viser til opphevinga av slaveriet, viser ho til politisk makt, og særleg då demokratisk makt. Ho prøver dra eit klart skille mellom radikale demokratiske visjonar og valdeleg revolusjon:

Me ønsker gjøre desse radikale tiltaka på demokratisk vis, og utan blodbad, så valdelege, avantgardistiske revolusjonar har ikkje stort å tilby som vegkart.

Men kampen mot slaveriet viser begge desse tinga: Slavane i sør hadde aldri vunne fridommen gjennom Occupy-liknande allmøte på plantasjane. Som CLR James viste så meisterleg i verket om revolusjonen på Haiti, kom frigjøringa gjennom at makta blei tatt frå plantasjeeigarane og koloniherrane med vald.

Poenget er ikkje ei naiv forenkling som seier at valden stod sentralt, og må vere sentral for klimarørsla. Det er ganske enkelt å erkjenne at valden var uskilleleg både frå slaveriet og frå kampen for å oppheve det. Valden slaverimotstandarane brukte stod ikkje i motsetning til dei demokratiske måla.

Men om me les Klein velvillig, kan me forstå korfor ho vel analogien med opphevinga av slaveriet: Ho veit at kampen mot miljøøydeleggingane må vere massiv, og at han må kjempe mot dei underliggande strukturane i samfunnet – kapitalismen. Me må bygge koalisjonar på tvers av samfunnet, koalisjonar som kapitalismen vil prøve å hindre, og sameine kampar som frå først av ser uforeinlege ut.

Utfordringa er å gjøre det, samtidig som me hugsar at kampen har klassekarakter: «oss mot dei»-fortellinga i boka er klargjørande når ho fører oss bort frå det stadig meir marginale synet om at klimaendringane viser menneska som ei homogen gruppe miljøøydeleggande galningar.

Punktet om nyorientering er meir uklart. Gjennomsyra av Occupy-språket, Idle no more3 og dei andre sosiale rørslene som eksploderte etter 2011, argumenterer Klein likevel rundt klassemedvit på nyttig vis for lesarar som aldri har vore politisk aktive før.

For lesarar som leiter etter svar på spørsmåla om korfor sosiale rørsler dei siste fem åra ikkje har klart å slå tilbake innstrammingspolitikken, eller snu den globale sosiale og økologiske øydelegginga på brei basis, så må denne boka skuffe. Boka blei skrive for dei som er nye i miljørørsla, ikkje for garva veteranar.

Så mens boka har mange avgrensingar, så er ho likevel eit viktig bidrag til ei verd i krise. Klein erkjenner at spørsmålet «kva gjør me no?» bare får eit meiningsfullt svar om me først stiller spørsmålet «kva er det me prøver å gjøre?»

Klein er ikkje klar på det punktet, men me bør vere det, og ikkje vike unna: me ønsker ikkje avgrense makta til fossilselskapa eller den herskande klassen. Me prøver rive makta frå dei, fullstendig.