Krisa sender kvinnene tilbake til kjøkkenbenken

Av

2013-02


Eva Marie Mathisen er kvinnepolitisk sekretær i Nei til EU.

Når statane kuttar i offentlege budsjett og i tenestetilbod og trygdeoverføringar, sit kvinner ofte igjen med ansvaret for born og eldre.

Ei alvorleg utvikling

Lenge har det vore vanskeleg å finna seriøse kjelder som fortel om korleis krisa verkar inn for kvinner og råkar kvinners rettar, men dei siste to åra har det blitt laga fleire rapportar om emnet. Framleis er krisa så ny at ho ikkje alltid gjev seg statistiske og målbare utslag, og på nokre område vil vi berre kunne peika på indikatorar og utviklingstendensar. Denne teksten byggjer i all hovudsak på ein rapport utgjeve av paraplyorganisasjonen European Women`s Lobby i fjor haust. Rapporten har grunnlagsmateriale frå 20 EU-medlemsland og hentar døme frå fleire land. European Women`s Lobby er svært uroa over utviklinga i EU og meiner at likestillingskampen er sett fleire år tilbake.

Det er viktig å understreka at innetter i Europa er det også svært store skilnader mellom kvinner. Nokre land har høg sysselsetting av kvinner, medan i andre land er dei fleste kvinner heimeverande. Andre land har høg sysselsetting i privat sektor, andre i offentleg sektor. Offentlege velferdstenester som permisjonar ved fødsel, trygdeordningar og barnehagar er også ulikt utbygd.

Kvinner og arbeidslivet

Konsekvensane som krisa har for kvinner i arbeidslivet er alvorlege og dei må ikkje undervurderast. I den tidlege fasen av krisa var det flest arbeidsledige i sektorar som sysselsette flest menn, slik som i bygg- og anleggsbransjen. Men frå 2010 endra dette seg og no det er like mykje ei arbeidskrise for kvinner som for menn. Likevel er det ein tendens til å framstilla krisa som ei krise for mannlege arbeidarar, og det er på sin plass å understreka at kvinnelege arbeidsplassar er like utrygge som mannlege arbeidsplassar.

Erfaringar frå tidlegare resesjonar, på tidleg 1980-tal og tidleg 1990-tal, fortel oss at økonomiske nedturar råkar bransjar ulikt. Manufakturbransjen vert hardare ramma enn tenesteyting. I Slovakia er til dømes 90 prosent av dei tilsette i tekstilindustrien og tilstøytande næringar eldre kvinner med låg utdanning. Tekstilindustrien har gått på like store nederlag som bilindustrien som er ein mannsdominert bransje. For eldre kvinner i småbyar og bygder i Slovakia er det no nesten umogleg å finna arbeid. Eit anna relevant poeng er at statlege tiltak som går ut på å redda bedrifter, som oftast går til å berga bilindustri eller anna eksportretta industri. Det er sjeldnare at tekstil- og detaljvarehandelen opplever å få offentlege tilskot og subsidiar i krisetider, og det er jo nettopp i desse næringane vi finn kvinnelege tilsette.

Ein halv million utan jobb

Budsjettdemo i Dublin, Foto: William Murphy/Flickr

Like alvorleg er kuttpolitikken i offentleg sektor som har ført til at kvinner mistar jobben. 69,2 prosent av dei tilsette i offentleg sektor i EU er kvinner. Det høgste talet på kvinner finn vi innan helse- og sosial og i utdanningssektoren. I mange land har nettopp offentleg sektor vore ein pådrivar, ei kraft, for likestilling. Offentleg sektor har gjennom fleire år gjeve kvinner jobb, det har vore lettare å få likare løn(?) i det offentlege, og velferdsgode som barsel- og permisjonsreglar har vore meir tilgjengelege. Likestilling i arbeidslivet får seg dermed ein kraftig trøkk med dei store oppseiingane i offentleg sektor.

Det er venta at fram til 2017 vil 710 000 personar ha mista jobben i offentleg sektor i Storbritannia. Dei fleste av desse er kvinner, og grovt rekna vil ein halv million kvinner kunne stå i fare for mista jobben dei neste åra. Dette er altså berre i eitt EU-land.

Det statistikken ikkje fortel

Statistikken fortel kor mange som er arbeidsledige til ei kvar tid, men statistikken fortel ikkje at kvinner sjeldnare enn menn registrerer seg som arbeidsledige når dei fyrst blir ledige – dei har jo eit arbeid i heimen! Har den andre personen i hushaldet allereie eit arbeid, er det også mindre sannsynleg å registrera seg som arbeidsledig, i alle fall om du er kvinne.

I nokre tilfelle blir også deltidsarbeidarar ikkje registrerte som som arbeidsledige. Mange kvinner har i krisetidene opplevd kutt i deltidsarbeidet sitt, og ein kan jo stilla spørsmål om ikkje den ufrivillige deltida også burde vore registrert på arbeidsløysestatistikken.

Den mannlege forsørgjaren på retur

Ei interessant utvikling er den som går parallelt med arbeidsløysestatistikken. For sjølv om det blir fleire arbeidsledige kvinner på statistikken, er det også kvinner som gjer eit inntog på arbeidsmarknaden. Når den mannlege forsørgjaren er på retur, må den heimeverande kvinna ut for å skaffa inntekter til familien. Og sjølv om det ikkje akkurat er lukkelege omstende som gjer at kvinnene må ta arbeid for å forsørgja familien, så gjev det visse signal om at også kvinner kan ha løna arbeid, signal som kanskje kan prega generasjonar av kvinner i framtida.

Likevel: rett skal vera rett. Dei nye jobbane ein finn etter å ha mista jobben er ofte dårlegare betalt, ofte midlertidige kontraktar, og ofte deltid. Å ha ustabile arbeidsforhold skapar langvarige konsekvensar for den einskilde, som til dømes lite opptente pensjonsrettar. Å ha stabile arbeidsforhold sikrar også gode trygderettar. Igjen er kjønnsforskjellane klare: I Tyskland fekk 89 prosent av arbeidsledige menn trygd, mot 85 prosent av kvinnene. Den mannlege trygda var også 200 euro høgare enn trygda kvinnene fekk utbetalt.

Krisa er med på å svekkje eit langvarig arbeid i EU for å få fleire kvinner i løna arbeid. I ulike EU-strategiar for vekst, sysselsetting og tettare integrasjon som «Lisboastrategien » frå 2010 og «Europa 2020» har EU sett seg mål om å få fleire kvinner ut i arbeidslivet. 60 prosent av kvinnene i arbeidsdyktig alder skal vera ute i løna arbeid i følgje Lisboa-strategien og 75 prosent i Europa 2020-strategien. Det er langt att før EU når desse måla. Berre i fjor vart nesten to millionar menneske arbeidsledige i EU.

Lønskutt og likeløn

Ei rekkje land i EU har kutta i lønene i offentleg sektor. I Frankrike og i Storbritannia har lønene blitt frosne. Kutta har store konsekvensar for dei kvinnelege tilsette i offentleg sektor og for dei typiske kvinneyrka. I Latvia har lærarløna gått ned med 30 prosent frå 2008. Åtti prosent av lærarane i Latvia er kvinner. Minimumsløna for lærarar i Latvia er berre 6000 euro, knappe 50 000 kr i 2011.

Skilnaden mellom dårleg betalte kvinneyrker i det offentlege og betre betalte jobbar det private, aukar lønsforskjellane mellom kvinner og menn. Sjølv om det (som i Noreg) er fleire kvinner enn menn som tek høgare utdanning, blir lønsforskjellane spesielt tydelege når studentane har byrja i jobb og får utbetalt si fyrste løn. I 2012 tente kvinner i EU-landa 16,4 prosent mindre enn menn. Forskjellane mellom kvinneog mannsløn varierer mykje frå land til land i EU. I Tyskland er forskjellane på heile 23 prosent, i Storbritannia 20 og i Frankrike 16 prosent. Estland, Tyskland, Østerrike og Tsjekkia skil seg ut som verstingland.

Likelønsproblematikken er den eldste konflikten i EUs likestillingspolitikk. I 1971 gjekk den belgiske flyvertinna Gabrielle Dedrenne til sak mot den belgiske nasjonale flyselskapet. Ho hadde blitt tvangspensjonert som 40-åring, medan dei mannlege tilsette i det same flyselskapet ikkje hadde noko øvre pensjonsalder. Dedrenne meinte at ho med pensjoneringa hadde tapt både løn og framtidige pensjonsrettar. Dette vart starten på fleire rettsaker som til slutt endte opp med siger til Dedrenne og det fyrste direktivet om likeløn i 1975. Etterkvart har det kome til fleire direktiv som utdjupar likestillingsområdet (foreldrepermisjon, graviditet osv.). EU har altså lovverket på plass, men unionen har svært få effektive verkemiddel for å jamna ut forskjellane i løn.

Equal Pay Day Foto: Flickr/joergh´s

Dei to siste åra har EU markert likelønsproblematikken med ein spesiell dag, «Equal Pay Day». Det er den dagen i året som symboliserer kor mange ekstra dagar kvinner må arbeida for å få same løn som menn. Dagen er 28. februar i 2013, tidlegare år har den vore 2. og 5. mars. Også i nokre EU-land og i Australia og USA markerer organisasjonar denne dagen som rett og slett er ein haldningskampanje utan spesielle politiske verkemiddel. I 2013 var EUs kampanje ein liten filmsnutt på YouTube og ei oppramsing med fem bedrifter som praktiserer likeløn. Med krisa i bakhovudet er det vel ingen grunn til å tru at lønsforskjellane vil bli utlikna med det fyrste, om ikkje EU tyr til sterkare lut enn ein haldningskampanje på Youtube.

Kutt i offentlege tenester

Det andre temaet vi skal ta opp i denne teksten, er korleis kutt i offentleg sektor råkar kvinner, altså kvinners liv utanfor arbeidsmarknaden. Det er på heimearenaen – ved kjøkkenbenken, barnepass og stell av eldre – at kvinnene i Europa no må konsentrera sin innsats. Dei dramatiske kutta i offentleg sektor blottstiller også fattigdommen hos kvinner. Over heile verda er fattigdommen størst hos kvinner. Sik er det også i EU, sjølv om skilnadene varierer mellom medlemslanda. 17 prosent av kvinnene i dei 27 EU-landa lever i fattigdom – eit svært høgt tal når ein tenkjer på at dette er den rikaste delen av verda!

Dei som er svakast stilte er sårbare grupper som åleinemødrer, pensjonistar og migrantkvinner. Medlemslanda ønskjer å spara pengar på det meste; dei kuttar i barselpermisjonsordningar, i løna når foreldra er heime med sjuk unge, dei kuttar i eldreomsorga og i ordningar for folk med funksjonshemmingar. Stundom kan ein få inntrykk av det berre er i Middelhavslanda og i dei tidlegare austblokklanda at velferdstilbodet blir redusert, men til og med i Danmark har barnetrygda blitt redusert som ei følgje av offentlege innsparingar.

Re-privatisering av omsorgstenester

Skal kvinner arbeida ute, må nokon passa ungane. Både i Hellas og Portugal har offentlege barnehagar blitt lagde ned. I 2011 fekk 30.000 tsjekkiske ungar ikkje plass i barnehagen og talet kjem til å stiga. Medlemslanda i EU sparar pengar på å leggja ned tilbod og å redusera opningstidene. Dette råkar spesielt åleinemødrer og dei som ikkje har ein «8-16-jobb».

Samstundes stig prisen på barnepassordningar. Både i Nederland og i Storbritannia har den statlege delen av barnehagebetalinga gått ned og barnehagar blir dyre for familiar med fleire ungar.

Sidan krisa er såpass ny, er det ikkje alle verknader av krisa som viser seg i statistikken. Men allereie i 2010 viste tala at kvinner med små ungar (dei under 12 år) i mindre grad var i løna arbeid. Fleire opplyser også i spørjeundersøkingar at dei ikkje jobbar eller jobbar deltid fordi dei har omsorgsoppgåver. I nokre EU-land er dette tydelegare enn i andre: I Bulgaria oppgav 20,8 prosent av kvinnene i 2008 at dei stod utanfor arbeidslivet fordi dei hadde omsorgsopp-gåver i heimen. I 2010 var talet 31,3 prosent – det er altså ein brutal auke på ti prosent på to år!

Skiftet frå offentlege tenester til ubetalte omsorgstenester i hushaldet utgjer eit stort trugsmål mot likestillinga i Europa. «Re-privatiseringa» gjer at det blir forventa at kvinner skal ta oppgåver som ein gong var offentlege, og skiftet bringer oss tilbake til eit tradisjonelt kjønnsrollemønster med ein utearbeidande far og ei heimeverande mor.

Kutt i helsevesenet

Det føregår massive kutt i offentlege helsebudsjett over heile Europa. I Romania har offentlege sjukehus blitt erstatta med private. I Hellas har sjukehus blitt stengte eller tilbodet blitt redusert. Det er mangel på medisinsk utstyr og på medisinar. I Portugal er eit av dei største sjukehusa med fødetilbod blitt lagd ned, og fleire andre sjukehus med fødetilbod i større byar er under trugsmål om nedlegging. I Hellas blir det også rapportert om at kvinner må betala for å få fødselsattest til den nyfødde ungen, noko som fører til at fattige mødre tek med seg den nyfødde ungen utan at ungen har viktige dokument på sin eksistens.

Sjølv om menn sjølvsagt også er brukarar av offentlege helsetenester, råkar likevel kutta kvinner i større grad. Ei side er at det fleire kvinner som er tilsette i helse- og omsorgsyrke, men kvinner brukar fleire tenester og er mottakarar av trygd og sosialhjelp. Spesielt kan vi sjå at tenester som er retta inn mot sårbare grupper som immigrantar, funksjonshemma og etniske grupper som til dømes rumenarar, er utsette for kutt. I Irland har til dømes tilbodet til «dei reisande» blitt redusert med heile 70 prosent.

Krisesenter og valdtektsmottak blir nedlagde

For å skjøna kvifor vald mot kvinner aukar i krisetider, må vi sjå på kjønnsrollemønster og på kjønnsidentitet. For menn kan det å mista jobben utgjera eit stort nederlag, personleg og i sosiale relasjonar. Tap av makt og tap av rolla som «familieforsørgjar» kan føra til at nokre reagerer med vald. Valden går ofte ut over ektefelle og i nokre tilfelle også barn. Vi ser også at fleire og fleire kvinner må ty til prostitusjon for å skaffa seg inntekt, og at fleire blir utsette for trafficking.

I den rumenske regionen Iaşi, den tredje største regionen i landet, med 723 553 innbyggjarar, finst det no berre eitt krisesenter for kvinner utsett for vald og seksuelle overgrep. Men på grunn av manglande statlege midlar og ein aukande mangel på midlar frå NGO-ar, lir senteret. Det finst inga fri rettshjelp for kvinner i Romania, og for mange er bussbilletten i seg sjølv for dyr for å koma seg frå den rumenske landsbygda til krisesenteret i Iaşi. Vald er eit stort problem i Romania. I undersøking frå 2003 (altså før krisa) vart vald i nære sosiale relasjonar i Romania kartlagt. Nokre av hovudfunna var at rundt 800 000 kvinner oppgav at dei jamleg var utsett for vold (i varierande grad) frå familiemedlemmer, over 340 000 born under 14 år oppgav at dei jamleg opplevde voldssituasjonar mellom foreldra og at Romanias innbyggjarar var meir tolerante for familievald samanlikna med andre land.

Kapitalen rår Foto: Flickr

I Hellas er det stopp på overføringar til tilbod om husly. I Spania blir senter etter senter lagt ned og i Belgia er det snakk om å leggja ned valdtektsmottak. I andre land blir krisa brukt som ei orsaking for at statane ikkje aukar tilskota. Paradokset er openbart: I ei tid der det kanskje er større grunn enn nokon gong før til å halda fast på samfunnsinstitusjonar som fremjar likestilling og som arbeider og hjelper utsette grupper, er det kapitalen og finansverdas logikksom rår.

Innsnevring av demokratiet

Over heile Europa slit kvinneinstitusjonar, -organisasjonar og -tiltak med trugsmål om å bli lagt ned, få kutt i statlege overføringar og eller bli omstrukturerte. Nokre tiltak har allereie blitt lagde ned. Då Romania vart medlem i EU i 2007 var eit av krava at Romania skulle ha eit eige likestillingsorgan med myndigheit. Dette vart lagt ned to år seinare. Det same skjedde i Spania, der likestillingsdepartementet vart lagt ned etter tre års drift.

I Irland har heile fundamentet for statlege og lovfesta likestillingsorgan blitt endra. Allereie i 2009 vart det nasjonale helserådet for kvinner og «Crisis Pregnancy Agency» lagde ned. Andre organ har berre delvis teke over oppgåvene. Store omstruktureringar innanfor likestillingsområdet har også skjedd i Tyrkia og i Tsjekkia, der det som skjer eigentleg er ei tildekkjing og ei ansvarsfråskriving av dei spesifikke utfordringane kvinner har. I Tyrkia har departementet som var ansvarleg for kvinne- og familiesaker blitt til departementet for familie- og sosialsaker. I Tsjekkia skjedde ei liknande omstrukturering og dertil også at tilsette fekk andre oppgåver, slik at det no berre er to tilsette i det nasjonale likestillingssekretarietet.

Frivilligheita blir svekt

I mange europeiske land er det frivillige, statleg finansierte eller prosjektfinansierte organisasjonar som driv mykje «veldedighet » og som har oppgåver som vi i Noreg er vande med at staten har. Det gjeld til dømes støttearbeid for til dømes valdtektsoffer, offer for familievald, fattigdomsstøtte, leksehjelp og så vidare. For desse organisasjonane har krisa medført ein heilt ny kvardag. Både i land der staten har skrudd igjen krana og der tiltaka ikkje har fått statleg støtte, men vore avhengig av privat støtte, ser vi no at mange tiltak må redusera tilbodet sitt eller leggja ned. I 2011 sa 52 prosent av kvinneorganisasjonane i Storbritannia at dei hadde blitt nøydt til å redusera tilbodet sitt på grunn av manglande inntekter. Nesten alle kvinneorganisasjonane som var spurde sa at dei frykta trongare økonomiske vilkår og at dei måtte leggja ned tilbodet.

Ein ting er at dette råkar brukarane av tilbodet i ei tid der dei sosiale problema aukar, men ei struping av frivilligheita i Europa har også større konsekvensar. Det blir færre som kan stå opp for kvinners rettar og som kan seia frå når «nok er nok». Det er heller ingen som kan stå for opplæringa i demokratiske organisasjonar, ein kompetanse som er unik og svært viktig for folkestyret. Færre er også villige til å arbeida frivillig når dei har nok med å få endane til møtast på heimebane, slik at kvinneorganisasjonane slit med rekrutteringa i krisetider.

Avslutning

Det er ei dyster framtid europeiske kvinner går i møte, og det er ingen grunn til å pynta på sanninga.

Likestilling mellom kvinner og menn er ei hard nøtt i EU. Politikkområdet ligg i skjeringspunktet mellom den indre marknaden og samarbeid på andre område, slik som helse-, sosial- og ein del utanrikspolitikk. Dei sistnemnte er også område der EU i mindre grad har overnasjonal myndigheit, men som det likevel blir utarbeidd felles strategiar og målsetjingar på. Eit sentralt spørsmål er dermed kor langt EU til ei kvar tid kan gå i å hindre eller påleggje medlemsstatane å gjennomføre likestillingstiltak.

Det viser seg raskt at EU ikkje kan gå spesielt langt. Når EU gjev medlemslanda ordre om å kutta i sine budsjett, hamnar kvinner og likestilling mellom kjønna langt ned på prioriteringslista. European Women`s Lobby og andre har all grunn til å vera uroa over framtida.

Kjelder:

  • The price of austerity- The impacts on women`s rights and gender equality in Europe. Rapport utgjeve av European Women´s Lobby i oktober 2012. Denne rapporten og meir stoff om krisa finst på www.womenlobby.org
  • «Kvinner bærer den tyngste børen i EU» artikkel i Vårt Land, 9. januar 2013
  • «Kvinner i krise – EU og likestilling» Vett nr. 4-2011
  • «Hvordan rammer eurokrisen?» Vett nr. 4-2012
  • «Domestic violence in Romania: the law, the court system», rapport av AMERICAN BAR ASSOCIATION. Central European and Eurasian Law Initiative, 2007 http://apps.americanbar.org/rol/publications/ee_romania_ domestic_violence_final_report_0407.pdf