«Krigen mot terror»– ein katastrofal fiasko

Av Patrick Cockburn

2015-02A

Den blomstrande jihadismen har endra det politiske landskapet i Irak og Syria, og fått omfattande verknader på verdspolitikken, og konsekvensar for oss alle.

Al-Qaida-liknande rørsler styrer over eit stort område i nordlege og vestlege Irak, mange hundre gonger større enn det Osama bin Laden nokon gong kontrollerte.

Patrick Cockburn irsk journalist og forfattar, har vore Midtausten-korrespondent sidan 1979, først for Financial Times, og no for The Independent.
Dette er eit utdrag frå boka The Jihadis Return (OR Books, 2014), omsett frå engelsk av Gunnar Danielsen.

Det er etter at bin Laden døydde at desse al-Qaida-klonane fekk størst suksess, som med erobringa av Raqqa aust i Syria i mars 2013, den einaste provinshovudstaden rebellane tok.

I januar 2014 tok ISIS over Fallujah, snaue 70 km vest for Bagdad. Det var byen US Marines omringa og storma ti år før. På få månader hadde dei au tatt Mosul og Tikrit.

Frontane kan nok endre seg, men det vil bli vanskeleg å reversere framgangen dei har hatt. Med raske åtak på mange frontar i sentrale og nordlege Irak i juni 2014 viste ISIS seg vere den mektigaste jihadist-gruppa i verda, mektigare og meir effektiv enn al-Qaida.

Det kom som eit sjokk på mange i Vesten, medrekna politikarar og ekspertar, som ofte verka komme med forelda analysar. Ein grunn var at det var for farleg for journalistar og folk utanfrå å dra inn i områda der ISIS opererte, med ekstrem fare for å bli kidnappa eller myrda. «Dei som brukte verne utanlandske media kan ikkje lenger verne seg sjølve», sa ein uredd korrespondent til meg, som forklaring på at han ikkje ville dra attende til opprørskontrollerte delar av Syria.

Manglande dekning passa styresmaktene i USA og Vesten, fordi det gjorde det mauleg å tone ned i kor stor grad «krigen mot terror» hadde slått så katastrofalt feil i åra etter 11. september. Denne fiaskoen blir i tillegg tilslørt av bedrag og sjølvbedrag frå styresmaktene si side.

President Obama talte på West Point 28. mai 2014 om USAs rolle i verda. Han sa at hovudtrusselen mot USA ikkje lenger kom sentralt frå al-Qaida, men frå «desentraliserte grupper og ekstremistar knytte til al-Qaida, mange innretta på landa dei opererte i». Han la til at «når krigen i Syria flyt over grensene, aukar det sjansen for at me vil møte åtak frå kamperfarne ekstremistgrupper».

Det var sant nok, men løysinga Obama hadde på den faren var, slik han formulerte seg, «å trappe opp støtta til dei i den syriske opposisjonen som var beste alternativet til terroristane». I juni bad han Kongressen om 500 millionar dollar til trening og utstyr til «grundig vurderte» delar av den syriske opposisjonen. Her var det verkeleg snakk om å føre bak lyset. Fem månader seinare måtte Biden vedgå at den militære syriske opposisjonen er dominert av ISIS og Jabhat al-Nusra, den offisielle al-Qaida-representanten, i tillegg til andre ekstreme jihadistgrupper. I røynda er det ikkje skilje mellom dei og det USA ser som moderat opposisjon.

Ein etterretningsoffiser frå eit naboland til Syria fortalde meg at ISIS-medlemmer «sa dei alltid var fornøgde når anti-Assad-grupper av alle slag fekk sendande avanserte våpen, fordi dei alltid kan skaffe seg desse våpna ved truslar eller kontant kjøp».

Dette er ikkje tomt skryt. Våpenfor-syningar frå USA-allierte som Saudi-Arabia og Qatar til Assad-fiendtlege styrkar i Syria blir stadig tatt i Irak. Eg opplevde sjølv eit lite eksempel på konsekvensane av denne våpenstrømmen før Mosul fall, då eg sommaren 2014 prøvde boke fly til Bagdad med same europeiske flyselskap eg brukte året før. Dei hadde ikkje faste flygingar til Iraks hovudstad, fordi dei frykta at opprørarar hadde skaffa seg berbare antiluftskyts som først var levert anti-Assad styrkar. No frykta dei at våpna ville bli brukt mot sivile fly på veg til flyplassen i Bagdad. Vestleg støtte til den syriske opposisjonen har nok missa på å kaste Assad, men har klart å destabilisere Irak, slik irakiske politikarar har spådd i lang tid.

Fiaskoen med «krigen mot terror» og framveksten av al-Qaida blir lettare å forstå av eit fenomen som vart tydeleg få timar etter åtaka 11. september.

Dei første reaksjonane frå Washington viste klart at anti-terror-krigen ikkje på noko vis skulle konfrontere USAs nære allierte Saudi-Arabia og Pakistan. Trass i det faktum at utan desse to landa ville åtaka 11. september sannsynlegvis aldri skjedd. Femten av dei nitten flykaprarane var saudiar. Bin Laden kom frå den saudiske eliten. Offisielle dokument frå styresmaktene i USA understreka stadig etterpå at al-Qaida og jihadist-gruppene vart finansierte frå Saudi-Arabia og Golf-monarkia.

Frå tidleg på 1990-talet hadde militæret i Pakistan vore sentrale i å drive Taliban fram til makta i Afghanistan, der dei var vertar for bin Laden og al-Qaida. Etter eit kort opphald under og etter 11.09, tok Pakistan opp igjen støtta til Taliban i Afghanistan. Om den sentrale rolla Pakistan hadde for Taliban, sa no avdøde Richard C Holbrooke som då var USAs spesialutsending i Afghanistan og Pakistan: «Det kan vere me slåst mot feil fiende i feil land.»

Det er ofte misoppfatta og undervurdert kor viktig Saudi-Arabia var for framveksten og tilbakekomsten til al-Qaida. Saudi-Arabia står sterkt fordi olja og enorm rikdom gjør dei mektige i og utanfor Midtausten. Men det er ikkje pengane aleine som gjør dei så viktige. Ein annan faktor er wahhabismen, den fundamentalistiske 1700-tals-versjonen av islam som krev sharia-lover, som gir kvinnene status som andreklasses borgarar, og som ikkje ser sjia- og sufi-muslimar som muslimar, og som må forfølgjast på linje med kristne og jødar.

Denne religiøse intoleransen og autoritære politikken som heile tida er klar til å bruke vald, liknar på mange vis europeisk fascisme på 1930-talet, og blir heile tida verre.

Dei siste åra har til dømes ein saudi som opna ei liberal nettside, der prestar kunne bli kritiserte, blitt dømt til tusen piskeslag og sju års fengsel. Ideologien til al-Qaida og ISIS bygger i stor grad på wahhabismen.

Kritikarar av dette frå andre i den muslimske verda overlever ikkje lenge. Dei blir tvinga til å flykte eller myrda. Ein afghansk redaktør fordømde jihadist-leiarane i Kabul i 2003, og kalla dei «heilage fascistar» som misbrukte islam som «reiskap til å skaffe seg makta». Ikkje overraskande vart han skulda for å fornærme islam, og måtte dra frå landet.

Eit slåande trekk ved utviklinga i den islamske verda dei siste tiåra er måten wahhabismen har tatt over sunni-islam. I land etter land legg Saudi-Arabia pengar på bordet til opplæring av prestar og bygging av moskear. Som resultat har det spreidd seg sekterisk strid mellom sunni- og sjiamuslimar. Dei siste blir utsette for vondskap utan sidestykke, frå Tunisia til Indonesia.

Denne sekterismen er ikkje avgrensa til landsbyar utanfor Aleppo eller i Punjab, det har forgifta tilhøvet mellom dei to i alle muslimske område. Ein muslimsk venn i London fortalde: «Om du sjekkar adresse-boka til kven som helst sjia eller sunni i Storbritannia, finn du svært få namn på folk utanfor deira eige miljø.»

Jamvel før Mosul forstod president Obama at al-Qaida-liknande grupper var langt sterkare enn før, men medisinen hans var repetisjon og overdrivingar av tidlegare mistak. «Me treng partnarar som kan slåst saman med oss mot terroristane», fortalde han tilhøyrarane på West Point.

Men kven skal desse partnarane vere? Han nemnde ikkje Saudi-Arabia og Qatar, ettersom dei framleis er aktive og nære allierte av USA i Syria. Han peika i staden ut «Jordan og Libanon, Tyrkia og Irak» som partnarar som skulle få hjelp til «å konfrontere terroristar som kryssar grensene til Syria».

Det er noko absurd i dette, sidan utanlandske jihadistar i Syria og Irak, som er dei Obama reknar som største trusselen, bare kan komme hit fordi tyrkiske styresmakter ikkje hindrar dei i å krysse den 82 mil lange grensa mellom Tyrkia og Syria. Det kan vere Saudi-Arabia, Tyrkia og Jordan no er skremde av Frankenstein-uhyret dei har vore med å skape, men det er lite dei kan gjøre med det. Eit ikkje uttalt formål då USA insisterte på at Saudi-Arabia, Emirata, Qatar og Bahrain skulle delta eller støtte luftåtaka i Syria i september, var å tvinge dei til å bryte banda til jihadistane i Syria.

Det var alltid noko bisart då USA og vestlege allierte slo seg på lag med dei eineveldige teokratiske sunnimonarkia i Saudi-Arabia og Golfen, for å spreie demokrati og fremme menneskerettar i Syria, Irak og Libya. USA stod svakare i Midtausten i 2011 enn i 2003, fordi dei militært ikkje nådde måla sine i Irak og Afghanistan.

Med opprøra i 2011 var det jihadistar og sunnisekteristar, som militære vingar av opprørsgrupper, som fekk massive innsprøytingar av pengar frå kongar og emirar i Golfen. Sekulære ikkje-sekteriske motstandarar av dei godt etablerte politistatane vart raskt marginaliserte, stoppa kjeften på, eller drepne.

Internasjonale media forstod svært seint korleis desse opprøra hadde endra seg, sjølv om islamistane var svært opne om kva dei ville: Legalisering av polygami var noko av det første rebellane kravde etter at dei hadde vunne i Libya, noko det gamle regimet forbaud.

ISIS er eit krigsbarn. Dei freistar omskape verda rundt seg med vald. Den giftige, men potente, blandinga av ekstrem religiøs tru og militær dugleik er resultat av krigen i Irak etter at USA invaderte i 2003, og krigen i Syria etter 2011. Nettopp som valden ebba ut i Irak gav sunniane nytt liv til krigen i Syria.

Vestlege styresmakter og media er samde om at borgarkrigen i Irak blussa opp igjen med den sekteriske politikken til statsminister Nouri al-Maliki i Bagdad. I røynda var det krigen i Syria som destabiliserte Irak då jihadistgrupper som ISIS, då kalla al-Qaida i Irak, fann seg ei ny slagmark der dei kunne kjempe og blomstre.

Det var USA og Europa med sine regionale allierte i Tyrkia, Saudi-Arabia, Qatar, Kuwait og Emirata som skapte grunnlaget ISIS kunne vekse fram på. Dei heldt krigen gåande i Syria, sjølv om det frå 2012 var klart at Assad ikkje ville falle. Han kontrollerte aldri mindre enn tretten av fjorten syriske provinshovudstader, og hadde støtte frå Russland, Iran og Hizbollah.

Like fullt: Det einaste han fekk tilbod om på Geneve II i januar 2014 var å gi frå seg makta. Han var ikkje i ferd med å tape, og det vart skapt ideelle forhold for at ISIS kunne ha framgang. USA med sine allierte freistar no å vende sunniane i Irak og Syria mot dei militante, men det er svært vanskeleg så lenge landa er skaka av krig.

Den nye blomstringa av al-Qaida-liknande grupper er ikkje bare ein trussel mot Syria, Irak og naboar. Det som skjer her, saman med at elitær og intolerant wahhabisme står sterkare blant sunniar verda over, betyr at alle dei 1,6 milliardar muslimane i verda vil bli ramma. Dei utgjør nesten 25 prosent av menneska i verda.

Det er usannsynleg at ikkje-muslimar, medrekna folk i Vesten, går urørte gjennom konflikten. Den blomstrande jihadismen har endra det politiske landskapet i Irak og Syria, det har alt fått omfattande verknader på verdspolitikken, med alvorlege konsekvensar for oss alle.