Kapitalismen varer ikkje evig

Av Sam Gindin

2016-02A

Då Marx sa dei kjende orda om at filosofane hadde tolka verda, men at poenget var å endre ho, då hevda han at det ikkje var nok å drøyme om ei anna verd, eller å forstå korleis ting hang saman her og no.

Framfor alt gjaldt det å forstå kven som var hovudkrafta i denne endringa av verda.

For Marx var denne krafta arbeidarklassen.

Sam Gindin var forskingsdirektør i Canadian Auto Workers frå 1974–2000, og er no assisterande professor ved York University i Toronto. Artikkelen er frå magasinet Jacobin, nr 14. Omsett av Gunnar Danielsen.

Gapet mellom dei faktiske behova til arbeidarane og liva dei reelt levde – mellom ønske og røyndom – gav arbeidarane interesse av radikale endringar, mens plassen dei hadde i produksjonen gav dei makt til å handle.

Marx og Engels hevda at den grunnleggande motseiinga i kapitalismen var at når kapitalistane samla arbeidarane for å auke profitten, då opna dei for at arbeidarane skulle oppdage sitt eige potensial. Kapitalismen skapte sine eigne gravleggarar.

Men det som ikkje vart lagt nok vekt på, var at det også var motseiingar i arbeidarklassen. Desse motseiingane motarbeidde det revolusjonære potensialet til klassen, og underminerte til og med klassens evne til å forsvare seg. Same kor samansveiste arbeidarane kunne vere på ein arbeidsplass, så var dei spreidde ut over arbeidsplassar, og som klasse lagdelte etter inntekt. Dessutan lærte dei daglege erfaringane dei kor avhengige dei var av kapitalen. Arbeidsgivarane skaffa kvar for seg sin eigen arbeidskraft, styrte teknologien med vitskaplege metodar, hadde dei nødvendige banda til finanskapitalen, leverandørar og marknader. Og nettopp arbeidsvilkåra, den låge lønna og dei utrygge jobbane, pressa arbeidarane til å tenke umiddelbare forbetringar, ikkje endringar på lengre sikt.

Fagforeiningar vaks fram for å ta seg av arbeidarane sine interesser, og med vekta dei la på solidaritet, vart dei eit motmiddel til kapitalens press for at arbeidarklassen skulle vere fragmentert, avhengig, og tenke kortsiktig. Men fagforeiningar er i botnen ikkje klasseorganisasjonar, men organisasjonar for særgrupper. Dei representerer spesifikke grupper arbeidarar som arbeidsgivaren har samla, og spesifikke gruppekrav, ikkje interessene til arbeidarklassen som eit heile. Det eksisterte sjølvsagt tidspunkt tidlegare, då dei vaks fram, der desse særdraga flaut over i breiare klassekrav, og mobilisering av heile samfunn. Men sjølve suksessen til fagforeiningane gav dei særeigen institusjonell base og forsterka særgruppepreget.

Utan ein visjon som omfatta heile arbeidar-klassen, og utan eit mål om å utvikle arbeidar-klassens evne til å demokratisere økonomien og samfunnet, vart fagforeiningane reint instrumentelle organisasjonar. Det vil seie at dei såg på det indre livet sitt som eit pragmatisk byttehandel mellom aktive leiarar og passive medlemmer. Leiarane leverte tenester og fordelar, grasrota betalte kontingent. Slike organisasjonar er særleg utsette for hestehandling frå topp til botn, og byråkratisering.

Under dei spesielle vilkåra på 1950- og 1960-tallet vann arbeidarklassen framgangar trass i desse avgrensingane. Mykje av dette kom jamvel større delar av befolkninga til gode. Men militante arbeidarar seint på 60-tallet bidrog til å presse profitten ned, og til inflasjon, som i sin tur førte til økonomisk krise. Ute av stand til, og utan vilje til, anna enn å kjempe for snevre økonomiske krav – utan å krevje kontroll over prisar, investeringar og kapitalflyt – vart fagforeiningane sårbare for aggressive motangrep frå staten. Som Eric Hobsbawn konstaterte om britiske fagforeiningar: «då arbeidarrørsla avgrensa seg til å bli ei pressgruppe for særgrupper av industriarbeidarar, som i Storbritannia på 70-tallet, mista ho både evna til å kunne bli eit senter for allmenn mobilisering av folket, og kunne gi håp for framtida.»

Åtaka på arbeidarrørsla blir vanlegvis knytt til Reagans og Thatchers konservatisme. Men det var demokraten Jimmy Carter som starta dereguleringa av fly- og lastebilindustrien, og som fekk Paul Volcker til å styre sentralbanken. Og i Storbritannia var det statsminister James Callaghan frå Labour som opna døra for thatcherismen ved å erklære at keynesianismen var død. Det var ikkje politikken som blei gjennomført etterpå, kalla nyliberalisme, som skapte ein veik arbeidarklasse. Det var tvert imot slik at denne politikken avdekka eksisterande svake sider i arbeidarrørsla, og gjorde eliten tryggare på at dei kunne utnytte desse lytene som hadde eksistert lenge.

Det som skjedde, fekk konsekvensar for arbeidsfolk langt ut over individuell levestandard. Frustrasjonen over innstrammingane førte ikkje til radikalisering, men auka bare presset for å halde forbruket så høgt som råd i arbeidarklassefamiliane. Utan kollektive løysingar fann dei andre måtar å forsørgje seg på, som fekk djupe konsekvensar og underminerte arbeidar-klassen som ein opposisjonell klasse. Familiemedlemmer jobba fleire timar, studentar tok heiltidsjobb, og ungdom flytta heim for å spare til huslån eller buffer til ei uviss framtid. Skattekutt vart sett jamgodt med lønnsauke, jamvel når dei uunngåeleg førte til velferdskutt, og oppgang på børsen blei heia fram fordi aksjekursar avgjør framtidig pensjonsnivå. Truande miljøproblem vart sett til side for meir umiddelbare problem. Gjelda auka og bustadene blei aktiva som skulle sikre framtida.

Det ironiske resultatet av desse overlevingsstrategiane var at dei bidrog til å reprodusere den same individualistiske ny-liberale tidsånda som hadde skada levekåra til arbeidarklassen så hardt. Som Mimmo Porcaro oppgitt merkar seg: «dess meir klasse avgjør liva til folk, dess mindre ser folk på seg sjølve som medlem av ein klasse.» Når streikevakter og gatedemonstrasjonar betyr mindre, så svinn solidaritet og evna til kollektiv kamp. Nyliberale endringar introduserte på nytt det harde arbeidarklasselivet og forsterka det. Det fekk den kjente bilarbeidaren Gregg Shotwell i USA til å erklære: «Me er alle vikarar. Me er alle fråtatt røysteretten. Me er alle immigrantar i landet me vart fødde i.» Desse endringane øydela i tillegg nabolag der klasseidentitet hadde utvikla på tvers av alder, og dei spreidde arbeidarane til fjerne utkantar heime og i utlandet.

Og då arbeidsmarknaden vart liberalisert for å spegle «marknadsverdiar» og velferdstiltak underminerte, auka forskjellane ikkje bare mellom dei rike og resten, men au innanfor arbeidarklassen. Det forverra interne spenningar og splittingar. Relativt godt stilte arbeidarar likte ikkje å betale skatt av surt tente pengar for å betale velferdstiltak, mens trygdemottakarar og arbeidslause var bitre på fagforeiningane som ikkje brydde seg om dei.

Intensivert konkurranse fortel ei liknande historie. Konkurranse kan øydelegge enkeltbedrifter, men nettoeffekten for kapitalen er å konsentrere og styrke han som klasse. Verknaden for arbeidarane er heilt annleis: sjølv om enkelte arbeidarar kan ha fordelar, svekker konkurransen hovudvåpenet arbeidarane har – deira solidaritet – og svekker dei dermed som klasse.

Det me må forstå i kjølvatnet av det historiske nederlaget i revolusjonane i 1848, er at det skjedde ei endring i den vekta Marx la på å endre og ikkje bare tolke verda. Marx hadde vore for optimistisk, og desse knuste forhåpningane førte han tilbake til at det var viktig å forstå verda som grunnlag for å endre ho. Denne jakta på ei historisk materialistisk forståing dominerte resten av livet hans. I lys av våre eigne nederlag, er det like avgjørande med eit djupare innsyn i verda me står framfor. Det følgande er meint å fremme slike refleksjonar og diskusjonar.

1. Nyliberalismen er bare kapitalismen som er tilbake på sporet igjen. Det er dei gylne etterkrigsåra som er avviket, og det er ingen veg attende.

Som ideologi passer nyliberalismen tida-utan-alternativ så godt fordi presset for å gjøre alt avhengig av marknaden verkar til å avpolitisere det sosiale livet. «Marknaden tvang oss til det» blir ei nasjonal orsaking, og kapitalismen-med-menneskeleg-ansikt frå etterkrigstida er erstatta av ein kapitalisme utan ansikt i det heile. Adolph Reed har sagt at nyliberalismen «bare er kapitalismen som har frigjort seg frå motstand frå arbeidarklassen». Det viktige i Reeds konsise karakteristikk er at han tar oss bak diskurs, ideologi, og til og med politiske program, til å vurdere nyliberalismen som ei djuptgripande endring i styrketilhøvet mellom sosiale krefter.

Slik kan ein forstå at opphavet til nyliberalismen ikkje er at dei kapitalistiske elitane brått er blitt gjerrige, men er svaret desse folka gir på ei krise dei ikkje kan ignorere. Det kapitalistiske svaret på krisa på 70-tallet, då etterkrigsveksten var uttømt samtidig som militante arbeidarar skvisa profitten, var meir kapitalisme. Kapitalistiske statar, leia av USA, gjekk med faste steg til det Greg Albo har kalla «eit nytt sosialt styre-sett», eit «klasseprosjekt» med drastisk endra sosiale tilhøve og sosiale institusjonar, for å støtte kapitalakkumulasjonen og gi nytt liv til profitten.

Det er freistande å sette nyliberalismen opp mot velferdsstaten frå etterkrigstida og gå tilbake til fortida. Men slik nostalgi viser drastisk senka håp for framtida. Same kor positiv velferdsstaten var (og mykje var svært bra), så har han ei tvilsam historie når det gjeld kvinner, klasseskille, skjult fattigdom og kolonialisme. I alle tilfelle ville forsøk på å gå tilbake til denne typen velferdsstat utløyse dei same motseiingane som førte til åtaka på han. Og sjølvsagt ville det å gå tilbake i tid bety ei radikal avdekking av dei dramatiske endringane som har skjedd etterpå, med globalisering, finans og statens rolle. Dette veit dei kapitalistiske elitane svært så godt. Sjølv om kapitalen tidlegare var interessert i eit midlertidig kompromiss med arbeidarane, er det i dag absolutt det dei minst kan tenke seg, og det er ikkje eit sosialt grunnlag for ein ny «sosial kontrakt».

Dessutan finn ein sentrale band mellom velferdsstaten og nyliberalismen om ein ser nærare på det. Det var i dei gylne etterkrigsåra at byggeklossane til nyliberalismen først utvikla seg: satsinga på frihandel, eksplosjonen i multinasjonale selskap, den raske utviklinga av finanssektoren som støtte for desse selskapa, men au veksten i bustadlån og pensjonsfond i arbeidarklassen. Og det var i denne perioden produktivitets-tenkinga (prioritere produktivitetsauke bytta mot privat konsum) marginaliserte meir radikale idear om demokratisk kontroll over produksjonen og sosial utjamning. Det nederlaget, og innsnevringa av perspektivet og kampevna det førte til, gjorde arbeidarrørsla særleg sårbar for framtidige nyliberale åtak.

Poenget er at å konfrontere nyliberalismen inneber meir enn moralske motargument, eller ein lettvinn tilbakegang til ei meir tolerabel fortid. Det inneber å ha eit klart alternativt syn, og å utvikle tilsvarande sosial makt for å utfordre ikkje bare filosofien, men kjernestrukturen i «den reelt eksisterande kapitalismen».

2. Ikkje peik ut finans. «Produktiv kapitalisme» er ein like stor del av problemet som den «spekulative».

Blant aktivistar er det bare «finansialisering» som er eit verre skjellsord enn nyliberalisme. Som frittflytande, abstrakt kapital, blir finans sett som spekulativ, parasittisk, og på kant med «verkeleg» produksjon. Mykje er sant nok, men om finans er så kontraproduktiv og har gjort så mykje skade – særleg under dei siste krisene – korfor har ikkje andre kapitalistar slutta seg til åtaka på finans? Korfor har det ikkje oppstått splitting innanfor kapitalen?

Svaret er bare delvis at mange av desse andre kapitalistane også er finansialiserte. Viktigare er det at sjølv der det ikkje er tilfelle, så har kapitalistar utanfor finanssektoren forstått at han er ein viktig for deira eigen suksess. Finans har ikkje bare forsynt næringslivet og forbrukarane det treng med låg rente; dei står heilt sentralt i den nyliberale omstruktureringa. Finans omfordeler kapital dit han er mest profitabel, tvingar fram nedlegging av fabrikkar marknaden ser som ineffektive, og gjennom venture-kapital stør dei utviklinga av høgteknologiske selskap.

Sjølv om derivat har auka den innebygde risikoen i kapitalismen som eit heile, så har operasjonar i slike marknader vore særleg viktige for at selskapa har kunna takla vekslande valutakursar, rentenivå og politiske endringar. Utan denne typen vern – eller utan billig transport – hadde ikkje globaliseringa vore på dagens nivå. Endeleg har finansmarknadene spelt ei avgjørande imperialistisk rolle. Finans hentar inn sparepengar til USA, slik styrkar han USA i rolla som øvste leiar for verdskapitalismen.

Poenget er sjølvsagt ikkje å forsvare finanssektoren, men å understreke at han ikkje eksisterer skilt frå kapitalismen. Det irrasjonelle i finans er det irrasjonelle i kapitalismen. At kapitalismen har gjort ein så ekstremt anti-sosial sektor så viktig for seg sjølv, er ein del av årsaka til at han er eit slikt forkasteleg sosialt system.

Problemet er ikkje at finans er dysfunksjonell innanfor kapitalismen, men at han samtidig som han leverer viktige tenester, gjør kapitalismen ekstremt ustabil. Mange er uroa og vil redusere dette problemet, men dei når ikkje fram fordi eliten i statsapparat og næringsliv er redde for at reguleringar kan underminere det finanssektoren tilfører kapitalismen.

3. Globalisering er ikkje Pandoras krukke. Og globaliseringa betyr ikkje at det er «for seint» med politiske tiltak for å få nakketak på kapitalen.

Globaliseringa er tredje beinet i ein mektig triade, saman med nyliberalismen og finansialiseringa. Utan at det er lagt til rette for frihandel og fri kapitalflyt i kvar enkelt stat blir det ikkje noka globalisering. Frå eit slikt perspektiv dreidde framveksten av nyliberalismen seg i stor grad om å etablere heimlege vilkår for blomstrande akkumulasjon på globalt nivå. Samtidig førte fokuset på nyliberalismen til at faren for splittingar mellom kapitalistiske statar vart kanalisert til eit felles åtak på arbeidarklassen i kvart enkelt land. Det som derfor skil den nyliberale løysinga i krisa på 70-tallet og depresjonen i 30-åra, er at internasjonaliseringa av kapitalismen vart avbrote i 30-åra, mens ho akselererte siste gongen. Det gjaldt også i den siste krisa, der nyliberalismen var ført vidare saman med frihandelen, og alle tankar om kapitalkontroll vart stansa raskt.

Som nyliberalismen er ikkje globaliseringa uunngåeleg, men eit medvite «klasse-prosjekt». Sjølv om kapitalismen som Manifestet seier er kjenneteikna av at «Over alt må det [borgerskapet] slå seg ned, over alt sette seg fast, over alt knytte forbindelser» (Sitert frå: https://www.marxists.org/norsk/marx-engels/1848/01/manifestet/index.htm), så er tanken om friksjonsfri global kapitalismen langt frå uunngåeleg, det såg faktisk umauleg ut heile første halvdel av 1900-tallet. Den globale kapitalismen var delt i rivaliserande sfærar, og kapitalistisk internasjonalisme vart blokkert av to verdskrigar, og proteksjonismen frå depresjonstida. Den endelege renessansen for globaliseringa skjedde ikkje spontant, men som resultat av statens rolle, og framfor alt staten i USA.

4. Motsett det me blir fortald, speler enkeltstatar ei større rolle i global ekspansjon enn nokon gong før.

Statar blir ofte sett som offer for globaliseringa, der internasjonalt press avgrensar sjølvstyret. Eller det blir sett opp ei motsetning mellom økonomisk aktivitet på globalt og på nasjonalt nivå, der dei multinasjonale selskapa har «sleppt unna» staten. Men som Leo Panitch har framheva, motsett av å vere offer for globaliseringa er statane i det store og heile dei som har forma ho. Statane har mobilisert befolkninga til å godta globale reglar, og etablert institusjonane som gjør globaliseringa mauleg.

Som ein del av den globale kapitalismen har statane blitt «internasjonalisert»: dei har tatt ansvar innanfor sine område for å støtte oppunder all kapitalakkumulasjon, både for innanlandsk og utanlandsk kapital. Og langt frå å bli mindre avhengig av staten, har selskapa blitt avhengig av staten i mange land.

Det som forvirrar her, er at statar og marknader blir sett som motsetningar når dei i røynda er gjensidige partnarar. Marknader kan ikkje eksistere utan statar, ikkje bare på grunn av behovet for fysisk infrastruktur, men for å handheve eigedomsrett, opprette eit rammeverk for kontraktar, handtere klasserelasjonar, og ta fatt i dei motsetningane og krisene som marknadene nådelaust skaper. Liberaliseringa av finansmarknaden i USA førte til dømes til dramatisk auke i reguleringsbyråkratiet for å legge til rette for denne liberaliseringa og kompleksiteten som følgde med. Selskapa kan unngå å sjå skogen for bare tre når dei fokuserer på eigen konkurranseevne og profitt, og er slik avhengige av staten til å ta opp, vere mellomledd for, og jamvel forme overordna kapitalistiske interesser. Og kapitalistiske statar er sjølvsagt avhengige av marknadene for å skape jobbar og skatteinnbetaling så dei kan reprodusere og legitimere seg sjølve.

Denne forvirringa om tilhøvet mellom stat og marknad gir au misoppfatninga om at den nyliberale globaliseringa fører til «svake» statar. Men det som har skjedd, er at nyliberal globalisering har omstrukturert staten, ikkje svekka han. Det er for eksempel heilt absurd å snakke om at staten i USA er veik gitt det aggressive militærapparatet, korleis han trenger inn i privatlivet på alle område, og sentralbankens rolle som garantist for finanssystemet.

Staten i USA har au omfattande ansvar for å skape arbeidsmarknader, påverke investeringsklimaet, oppmuntre forskingsevna i industrien og så vidare. Om fridom har gått tapt, så er det ikkje staten, men folket som har mista påverknad, når statane har sett lovgivande organ utanfor sentrale administrative vedtak – dei mest markante eksempla er pengepolitikken og handelsforhandlingar.

5. USA-imperialismen bleiknar ikkje

Elitane rundt i verda vil framleis ha USA til å vise vegen for dei herskande klassane i verda.

Det amerikanske imperiet er unikt. Alt etter første verdskrig var USA den dominerande økonomiske makta i verda, og den største kreditoren. Men som andre statar var han primært opptatt av eigne interesser, og tok ikkje på seg å halde den globale kapitalismen på sporet. Det endra seg med erfaringane frå depresjonen og andre verdskrig. Den amerikanske staten forstod at ustabile internasjonale forhold, der nasjonalisme kunne avgrense det økonomiske handlingsrommet, truga den amerikanske kapitalismen ikkje bare ute, men også heime.

Framgang for amerikansk kapitalisme var derfor avhengig av framgang for kapitalisme internasjonalt. Ut over spørsmålet om eigne interesser, var det spesielt viktig at då krigen slutta, hadde staten og kapitalen i USA utvikla administrativ og økonomisk evne til å støtte oppretting og styrking av kapitalisme på verdsbasis, og i krisetider reprodusere han.

Det spesielle med USA-imperialismen er korleis han er eit spesifikt kapitalistisk, uformelt imperium. Det britiske imperiet likna på enkelte område, men USA tok det til nye høgder. Ulikt tidlegare imperium opererte dei i hovudsak gjennom suverene statar og ikkje koloniar, og primært gjennom marknader og ikkje direkte styre – sjølv om militærmakta aldri var langt unna. Det gav den amerikanske staten eit visst anti-imperialistisk truverd etter andre verdskrig, då dei støtta opprettinga av sjølvstendige statar i tidlegare koloniar. Støtta dei gav til å spreie kapitalismen innebar nye konkurrentar, men det at dei opererte gjennom suverene statar og marknader, førte til at mange av konkurrentane vart integrert i den globale kapitalismen.

Denne nye typen imperialisme førte til mindre rivalisering mellom ulike imperialist-makter. Uansett motseiingar som måtte bryte ut mellom kapitalistiske statar, så dreier dei seg aldri om å utfordre leiarskapen til USA. Den felles oppfatninga er at den «absolutt nødvendige» rolla til USA er til felles beste, for alle. Den strukturelle integrasjonen av andre statar viste seg då somme av dei aktivt søkte opptak i den USA-leia ordenen – det Geir Lundestad kalla «empire by invitation». I andre tilfelle, som med Tyskland og Kina, var det rett nok kritikk av USA. Men det var ikkje kritikk av USA-imperialismen, men kritikk for å halde den amerikanske staten til sitt ansvar som imperialist.

Denne knyttinga til andre statar og lunefulle marknader skaper uunngåeleg kriser. Den amerikanske staten kan ikkje alltid hindre dei (å vere leiande kapitalistisk stat gjør deg ikkje allmektig), og ettersom ein måtte godta denne avgrensinga, blei «hindre kriser» bytta ut med det meir praktiske «avgrense kriser». Det at slike kriser stadig dukkar opp igjen, særleg den noverande finanskrisa som først braut ut i USA, har styrka oppfatninga om eit USA i tilbakegang. Etter enkelte mål er det sjølvsagt sant at landet reint kvantitativt ikkje er så dominerande som det for eksempel var etter andre verdskrig. Men det er ein for økonomistisk målestokk. Det er viktigare at det materielle grunnlaget for USA-imperialismen framleis er der, gjennom kommandohøgdene i den globale økonomien. Og når det gjeld krisehandtering som avgjørande faktor, så har verda først og fremst sett sin lit til at den amerikanske staten skal redde finanssystemet og hindre proteksjonismen i å vende tilbake.

6. Frykt for miljøkrise eller økonomisk kollaps gjør ikkje folk til sosialistar på magisk vis.

Me må bygge store, demokratiske organisasjonar som direkte utfordrar statsmakta.

Viss me tar den umåtelege makta og tilpassingsevna til kapitalismen på alvor, då må politikk dreie seg om å utvikle ei samfunnsmessig kraft som kan måle seg med det me står framfor. Men det er ein fare for at i forsøket på å overvinne passivitet og fatalisme, så vil vanskane med å erstatte kapitalismen bli undervurdert, med tilsvarande negativ effekt på politikken vår. Me må merke oss tri slike tendensar: å rope opp om krise for å overvinne folkeleg passivitet; å sjå bort frå spørsmålet om å ta statsmakta; og mobiliseringsmetodar som avviser å bygge institusjonell evne til å realisere endringar.

Stadige erklæringar om at ei avgjørande krise er rett rundt hjørnet kan skape blest, men er skadeleg som organisasjonstaktikk. Ei økonomisk krise kan skremme folk og få fram deira mest konservative instinkt. Det kan senke forventningane og få folk til å lengte etter tida før krisa (same kor mykje dei har kritisert ho tidlegare), håpe desperat på å lappe på, ikkje erstatte eller jamvel markant endre kapitalismen. Me kan ikkje stole på at kriser skal gjøre det politiske arbeidet for oss. Om me meiner at kapitalismen er eit system som hindrar menneskeleg utvikling, då er utfordringa å overbevise folk om at kapitalismen er problemet sjølv når han fungerer som best.

Ein liknande tendens er miljø-katastro-fismen. Sant nok må me ta klimakrisa alvorleg og møte ho. Men erklæringar om at verdas ende bare er tiår unna om ikkje kapitalismen blir endra radikalt, kan bare forsterke kjensla av at me er fortapte og ikkje kan gjøre noko med det. Eller at folk når dei ikkje har alternativ, hoppar på bedragerske marknadsbaserte «løysingar» som blir presenterte som raskare, meir praktiske og mindre risikable.

For å møte miljøkrisa ville det vore mykje meir fornuftig å knytte miljøkrisa til ein breiare kamp som omfattar omfordeling av inntekt og formue for å få til ei likare fordeling av kostnadene ved miljøkrisa; eit skifte i fordelinga mellom individuelt forbruk av varer og kollektive tenester; utvikle offentlege rom og hardt tiltrengt fornying av infrastruktur (medrekna kollektivtransport); omlegging av brukbare produksjonsanlegg som marknaden har lagt ned til produksjon av samfunnsmessig nyttige og miljømessig nødvendige produkt og tenester. Eit slikt opplegg ville også knytte miljøkrisa til det openbare behovet for demokratisk planlegging, og kunne i tillegg starta diskusjonen om å gjøre private bankar til offentlege tenester, og sikre finansiering av det som er nemnt ovanfor.

Likeins er det med den manglande interessa for – og jamvel fiendtlege haldninga til – at ein i politikken i siste instans må sikte mot statsmakt. Det hindrar oss i å konfrontere makta der ho er mest konsentrert, og tenderer mot å protestere mot kapitalismen, ikkje erstatte han. Det dreier seg ikkje om å ta over ein kapitalistisk stat og administrere han som best me kan (eit prosjekt det er all mauleg grunn til å møte med skepsis), men å demokratisere statlege institusjonar i djupaste forstand. Det vil sei å sjå for seg og kjempe for ein stat der hovudfunksjonen er å støtte og utvikle kollektive evner for å demokratisere økonomien og alle sider av liva våre, nasjonalt, regionalt og på lokalt nivå.

Opposisjonelle rørsler som har dukka opp den siste tida, er ikkje homogene, men dei ser ut til å ha visse viktige haldningar felles, i politikken og sambandet dei ser mellom mobilisering og organisering. Det er så visst mykje ein kan rose dei for. Dei har fått nye generasjonar inn i politikken, vist at kreative og dristige aksjonar kan treffe ein nerve i folket, dei har våga sette klassepolitikk (sjølv i umoden form) på sakslista. Dei har reist rettmessig kritikk av dei ulike retningane i den gamle venstresida. Men om desse lovande kimane blir sett fram som sjølve politikken, og om nye sosiale medium skal vere måten å organisere på og ikkje eit nyttig verktøy, då er me på eit blindspor.

Som Alfredo Saad-Filho har konstatert, så er måten desse rørslene glorifiserer spontanitet og fragmentering på, ubehageleg nær å spegle nyliberalismens kjør for friare marknad, individualisme, og ein ustabil arbeidsstyrke utan røter. Det som ligg under ein slik politikk, synest å vere ei oppfatning om at radikal endring vil komme som resultat av akkumulerte protestar, og dermed tenker dei lite på å utvikle ein djupare analyse av det som skjer, dei nødvendige strategiane for å takle skiftande tilhøve eller politiske program som kan gi litt samanheng til radikaliseringsprosjektet, og nå verkeleg breitt. Når Occupy frå starten nekta legge fram eit program, var det ein taktisk genistrek fordi det innebar at det var systemet som eit heile som var problemet, ikkje eit spesifikt spørsmål. Men når det gjaldt å bygge ei rørsle på lengre sikt, vart dette avslaget snart ein alvorleg hemsko.

Denne mobiliseringsmåten gir lite entusiasme for faste organisasjonsstrukturar. Rørsla kan få folk på gata, men kan ikkje organisere dei til å bygge og halde liv i stadig sterkare kollektiv makt. Utan slike strukturar blir demokratiet redusert til diskusjonsmåtar, ikkje felles semje. Strategiske diskusjonar bli marginalisert. På det beste blir det sekundært å konsolidere framgang eller trekke lærdommar av feilsteg.

Flat struktur hindrar resolutte kollektive aksjonar, og permanent protest tar over for ein politikk for endring. Utfordringa med å skape og spreie kollektiv sjølvtillit og evne til strategisk tenking, å dele kunnskap breitt, bygge alternative politiske institusjonar, og å handle blir marginalisert.

7. Det er mange undertrykkingar ein ikkje må ignorere. Men klasseutbyttinga er grunnlaget for alle.

Ein kan ikkje skille danninga av arbeidarklassen frå det historiske samspelet mellom rase, kjønn, etnisitet og klasse. Den faktiske arbeidarklassen er alltid mangfaldig og har mange identitetar. Men venstresida har dessverre ofte hatt ein øydeleggande polarisert politikk når det gjeld identitet og klasse.

Identitetspolitikk dukka opp på 1970-talet, dels som resultat av at venstresida ikkje klarte å snakke med og integrere spesifikke grupper i ein klassebasert politikk (særleg kvinner og afroamerikanarar). Det var ikkje tilfeldig at det skjedde samtidig som nyliberalismen vaks fram, då generelt veike fagforeiningar og venstrerørsler opna veg for nyliberalismen. Mens identitetspolitikk ofte var eit tillegg til og styrka ein klasseretta politikk, hadde han au ein farleg tendens til å skyve klassespørsmålet til side.

Det var bittert ironisk at i den augneblinken staten sette i verk eit storstilt åtak på makta til arbeidarklassen, så delte identitetspolitikken arbeidarklassen opp i stadig fleire fragmenterte grupper. Sjølvsagt betyr identitet svært mykje, men kan ikkje gi ein samla og felles politikk fordi kjerna er at dei er ulike. Det trengst noko anna som kan føre dei saman i ein breiare, sameint og meir konsekvent politikk, noko utover dei spesifikke interessene til både identitetsgrupper og fagforeiningar. Dette «noko» er klasse.

Eit eksempel frå arbeidet til Walter Benn Michaels kan klargjøre dette. Reint faktisk opplever afroamerikanarar at den uvissa dei møter rundt lønn, formue, utdanning og helsestell er langt høgare enn for kvite. Det kan brukast til å mobilisere afroamerikanarane som særleg undertrykt gruppe, men det medfører risiko for å avgrense problemet politisk til dei grovt 10 prosent av befolkninga som er afroamerikanarar. Ein slik politikk vil på sitt beste bare føre til avgrensa reformer eller særbehandling som bare tener det mindretalet av dei svarte som er best budde på å «vinne» på marknaden.

Alternativet er å definere rasespesifikk undertrykking som ein del av ei allmenn undertrykking av klasse, og mobilisere heile klassen for offentleg og universelt helsestell, gratis utdanning, jobbar med ei lønn å leve av, og offentlege pensjonar til å leve av. Bare ein slik politikk kan gi politisk kraft nok til reelle reformer, reformer som ut frå skillene som eksisterer i dag, ville gi den afroamerikanske delen av arbeidarklassen størst uttelling.

Utfordringa er korleis ein skal sameine særeigne grupper på måtar som skaper full respekt og likeverd innanfor klassen – frå lik lønn og kamp mot diskriminering på jobben, til reproduktive rettar, offentleg ansvar for barnepass, lik behandling av immigrantar – så kan ein ta opp det større spørsmålet om eit likare samfunn. Det er på den måten klasse trumfar identitet utan å bagatellisere han.

8. Me treng å kjøpe oss litt tid.

Større kontroll over tida er eit vilkår for ei ny og varig politisk rørsle, og det reiser spesifikke krav ein må mobilisere rundt. Nyliberal omstrukturering av arbeidsmarknaden, med fleire arbeidstimar per familie for å kunne betale lån og forbruk, har auka tidspresset på arbeidarklassen dramatisk. Utan tid til å lese, tenke, dyrke kunst, møtest og vere aktive er det vanskeleg å bygge ei rørsle som kan jobbe langsiktig med å endre samfunnet.

Ei godt etablert rørsle kan skape begeistring både hos eksisterande og nye aktivistar, og gjøre tidlegare passiv tid (for å hente seg inn frå frustrerte liv) til politisk aktiv tid. Det kan vere til hjelp, men løyser ikkje problemet med å finne tid individuelt til politisk engasjement på eit nivå som monar. Alle løysingar må omfatte djupe kulturelle endringar og radikal omfordeling av inntekt.

Det er for eksempel vanskeleg å sjå føre seg ei løysing dersom kontinuerleg vekst i privat konsum framleis skal vere eit mål. Om me på den andre sida tar meire av produktiviteten ut i form av kollektive ordningar betalt over skattesetelen, då kan tidspresset reduserast på tri måtar. For det første kan tenester som offentlege barnehagar og offentleg eldreomsorg eller betre offentleg kollektivtransport spare den enkelte for mykje tid. For det andre, om ikkje heile det stigande utbyttet per capita går til fleire forbruksvarer, kan det gå til kortare nødvendig arbeidstid – og også bety noko i miljøsamanheng. For det tredje vil det å rette seg mot kollektive ordningar skape meir likeverd fordi skatten som betaler dei er basert på inntekt, mens fordelane dei gir er basert på behov.

Auka likeverd, saman med høgare lønn for dei låglønna, kan minske presset på dei låglønna arbeidarane som må løpe mellom to eller tri tidslukande jobbar om dei no kan konsentrere seg om ein. Her er spørsmålet ikkje bare talet på arbeidde timar, men å kunne styre når ein skal jobbe. Eit særleg konfliktområde er det mellom fleksibiliteten arbeidsgivarane krev og kontrollen arbeidaren prøver skaffe seg, ein del av eit meir generelt problem med korleis for stor arbeidsbyrde slit oss ut og påverkar korleis me bruker «fritida» vår.

9. Den beste måten å hjelpe resten av verda på, er å få skikk på eige hus først.

Sosial rettferd må etter sin natur vere universell – alt venstresida gjør må ha eit internasjonalt blikk. Men om me ikkje eingong kan bli samde mellom arbeidsplassar i same fagforeining, om fagforeiningar slåst innbyrdes om medlemmer framfor å bygge ei klasserørsle, og om tilsette i privat og offentleg sektor er skilte: korleis skal me då reint realistisk få til noko over dei juridiske, administrative og kulturelle avstandane internasjonalt? Korleis skal me kunne overføre teknologi til Sør om me ikkje kontrollerer produksjonen? Korleis kan me fordele inntekt og formue meir likt om me ikkje har kontroll over staten? Internasjonalisme er avgrensa av den styrken me har nasjonalt.

Marx og Engels hevda i Manifestet at sjølv om kampen var internasjonal i innhald (det arbeidarane gjør heime påverkar indirekte utanlandske arbeidarar), var han nasjonal i form (arbeidarklassane må først ordne opp med eigne borgarskap). Me kan og må sjølvsagt engasjere oss i spesifikke solidaritetsaksjonar i særlege kampar som ein avgjørande streik. Me bør mobilisere mot at eigne statar intervenerer utanlands og undergrev progressive eksperiment som er viktige for alle progressive. Men det viktigaste daglege bidraget til internasjonalismen må starte heime. Kampar i eitt land skaper rom til – og inspirerer – kampar i andre land. Det omfattar solidaritet med migrantar som arbeidskameratar. Og det å bygge rørsla innanfor dei eigne landa er det mest effektive bidraget for å bygge ei internasjonal sosialistisk rørsle.

Det største nederlaget dei siste tri tiåra er tilbakeslaget for den sosialistiske venstresida, og lågare forventningar både sosialt og politisk som resultat av det – både kva me håper på, og det me trur me kan oppnå kollektivt. Å snakke om eit sosialistisk samfunn er blitt som å love gull og grønne skogar. Men det verkeleg utopiske er løftet om at eit betre liv under kapitalismen er like rundt hjørnet. Me må gjøre det radikale svaret til det praktisk tenkelege.