Jordan, ei buffersone

Av Ingrid Baltzersen

Nr 1 2013

 

Majd Muhsen er frilansoversettar og -redigerar busett i Amman.
Thoraya El-Rayes er økonomiforskar, litteraturoversettar og aktivist busett i Amman. Ho tvitrar @ThorayaER.
Ingrid Baltzersen har intervjua Thoraya el-Rayyes og Majd Muhsen. Hun studerer for tida i Jordan, og er med i redaksjonen i Rødt!
Me startar samtalen om jordansk politikk med å snakka om Palestina. Dette har vore eit betent spørsmål sidan opprettinga av landet, spesielt etter borgarkrigen mellom det jordanske regimet og dei palestinske motstandsrørslene frå september 1970, i ettertid kalla svart september.

Thoraya: Politisk aktivisme i Jordan og Palestina-saka er knytt saman. Historisk er Jordan laga som ei buffersone for å beskytta Israel. På grunn av dette, og støtta frå USA, er Jordan ein autoritær stat.

Majd: Svart september var ein respons på at den palestinske rørsla hadde som politisk mål å kasta det jordanske regimet som eit første steg i frigjeringa av Palestina. Den jordanske staten blei oppretta for å beskytta Israel, som Thoraya seier, men no er den ein fungerande stat og me må forholda oss til det. Men me kan ikkje skilja jordanske spørsmål og det palestinske spørsmålet, sjølv om me må vera svært forsiktige sidan dette gir gjenklang i eit narrativ som det tok tiår å bli kvitt, frykta for palestinarar. Men Jordan er ikkje aleine om denne rolla, Egypt, Gulflanda og Libanon, alle tener hensikta om å dela folket for lettare å dominera dei.

Foto: CC-lisens Flickr/Ali Alhasani

Me fortset samtalen om dei utfordringane med politisk arbeid i Jordan, eit land beståande av minst 60 % palestinarar, og ein liten del «jordanarar» med opphav i dei klansdominerte landbrukssamfunna på Austbreidda av Jordan-elva, eller beduinar.

Thoraya: Jordan har likevel eit særskilt formål og oppdelinga av Vestbreidde- og Austbreidde-identitet er øydeleggjande. Det blir framstilt som eit nullsumspel, der vinning for ei av gruppene i Jordan blir framstilt som tap for den andre, men me ville alle tena på å ikkje ha denne oppdelinga, og frå å ha demokrati.

Majd: Klanane må komma inn i rørsla og sjå at dei har ei interesse i endring. Me må sei til folk at den einaste vegen framover er å gå saman, skapa eit nytt rom og ikkje denne ideen om eit nullsumspel. Regjeringa veit kva dei driv med og korleis dei kan stoppa opposisjonen. Me må fortelja folk at dette er grunnen til at borna deira får gå på skulen men ikkje får nokon jobb etterpå, og at det ikkje er nokon velferdstenester utanfor Amman. Rørsla må arbeida med klanane, ikkje belæra dei. Me må også krevja eit nytt skulesystem som ikkje er nasjonalistisk, som heller legg vekt på kva det er å vera ein borgar, å ha rettar, det å bry seg om kvarandre og sosiale problem som arbeidsløyse, barnefattigdom, foreldrelause. Me må krevja eit system basert på merittar, ikkje kontaktar.

Thoraya: Eg var ein av dei som var aktive og engasjerte då reformrørsla «Herak» starta, men dette er berre ein annan del av regimet som vil ha ein større del av kaka. Det er klansinteresser, krav om høgare statslønningar, militærpensjonar. Dette var ikkje dei krava eg ønskja å jobba med, eg ville få det opp på eit høgare nivå, ein progressiv antikolonialisisk rørsle. Eg ville vera med på å skapa frigjering, ikkje reform. Opposisjonsgruppene som er aktive i denne rørsla, er gamle grupper som vil ha makta tilbake. Men eg har snakka med forskarar som arbeider med dei unge i rørsla, og dei seier at dei ikkje vil vera ein del av dette. Det kan vera spiren til noko nytt. Dei unge er i ferd med å bli mindre naive. Men dei må bygga seg opp før dei går ut på gata.

Majd: Rørsla er naiv, dei les ikkje nok. Du bør vita kven du er og kva du har kapasitet til, og deretter arbeida. Dei bør trekka seg tilbake frå gatene i eit år, dei treng å ha spirene til ei ny rørsle før dei går ut på gata.

Thoraya: Dei treng ein klar plattform, ikkje berre 20 ulike krav.

Me går tilbake til hendingane våren 2011, dei jordanske protestane som var ein del av den arabiske våren. Den største protesten i Jordan var 24. og 25. mars det året, ein demonstrasjon på plassen foran innanriksministeriet som ende med at politiet spreidde deltakarane på ein valdeleg måte, og ein person døydde.

Majd: Demonstrasjonen 24. mars fekk kallenamnet «24. mars» før dei skjedde. I Egypt demonstrerte folk 25. januar, dei arbeida for endring og blei drepne, og etterpå fekk hendinga namnet «25. januarrevolusjonen ». Ingenting skjedde 24 mars i Jordan, og det er endå meir talande at fredagen etter samla folket seg ikkje for å støtta oss. Det burde ha sagt oss noko.

Thoraya: Ja, det var eit sjokk. Eg sat heile veka og venta på at folket skulle støtta rørsla.

Majd: I ettertid kan me sjå at det ikkje er revolusjonar som har skjedd i Midtausten, men opprør. Det viktigaste er fortsett ikkje kor me var, men kor me er på veg.

Thoraya: Det var ikkje noko spontan støtte på gata frå folket etter 24. mars. Men organisatorane bak, også islamistane, forsøkte heller ikkje å organisera nokon støtte.

Majd: Islamistane haldt stand i demonstrasjonen, når venstresida fekk kvinnene sine til å forlata demonstrasjonen, noko som eg som kvinne på venstresida opplevde som veldig negativt. Men demonstrasjonen mangla også eit realistisk og samlande krav, i staden kravde den at me ikkje skulle forlata plassen før me fekk sosial rettferd.

Thoraya: Det var eit samlande krav i Egypt, ned med Husni Mubarak. Men me har enno ikkje funne eit samlande krav i Jordan.

Foto: CC-lisens Flickr/paalia

Majd: Eg snakka med ein av organiserarane frå 6. april-rørsla, ei av gruppene som var sentrale i den egyptiske revolusjonen. Tysdagen før «vreidens fredag» 25. januar tenkte han at ingen kom til å komma på demonstrasjonen. Han er utanbysfrå, og på veg til å snu og dra heim, då han blei overraska av slagord frå den store demonstrasjonen. Protestane i Egypt nådde kritisk masse, og dei heva kravet sitt frå å handla om politivald og andre konkrete krav, til å krevja regimets avgang. Tunisia hadde gått føre, men det var ikkje det dei tenkte på i augneblinken. I Jordan har rørsla forsøkt å hoppa over fleire steg. Små ting som protestane til drosjesjåførane i august/september 2012 er meir viktig, det å læra å få til små endringar.

Thoraya: Ein milestein vil vera å bevega seg forbi desse spesifikke krava over i meir kollektive krav.

Majd: Men det er også meir skremmande demonstrasjonar, som klanen som væpna seg og stengte vegen, det er ikkje den typen sjølvorganisering me ønskjer.

Thoraya: Jordan blir skildra som ein semirentenistisk stat, men no kjem faktisk 70 % av inntektene til staten frå skattar. Men det er for det meste forbruksskatt, det er nesten umogleg å få inn inntektsskatt på grunn av den svake staten.

Thoraya: Folk føler seg ikkje respektert som borgarar, dei får ikkje noko i retur. Nokre klanar føler meir at dei høyrer til Saudi Arabia, dei tok ned det jordanske flagget og heiste det saudiske då dei var sinte på kongen. Jordan nærmar seg å vera ein «failed state».

Majd: Den liknar på den afghanske staten, Afghanistan er framleis klansbasert. Jordan er også det, med lojalitetar og identitetar til einingar som er mindre enn staten. Viss desse lojalitetane er trua væpnar dei seg og stenger vegen. Endring vil truleg ikkje skje innanfrå, meir truleg frå Egypt.

Thoraya: Midtaustenforskaren Joseph Massad skriv i si bok Colonial Effects at den britiske kommandøren Glubb Pasha var open på at Jordan blei oppretta så Egypt og Syria aldri skulle kunna foreina seg. Det ville gjort ende på vestleg hegemoni i regionen.

Eg avsluttar intervjuet med å spør om korleis det er å driva med politikk i Jordan som ei ung, moderne og utdanna by-kvinne?

Majd: Eg klarer ikkje å skilja det å vera ei ung kvinne frå det som føregår i Palestina. Eg har det bra, og føler ikkje eg har mista nokre sjansar på grunn av myndigheitene, men palestinske flyktningar tapar uansett kjønn.

Thoraya: Eg føler kjønns-dimensjonen, eg har til dømes ikkje jordansk statsborgarskap fordi statsborgarskap følgjer fars-lina og min far ikkje har statsborgarskap, mens mor mi har det. Eg arbeider på ideologisk nivå for å skapa ein visjon av det samfunnet eg vil leva i, ikkje eit islamistisk regime eller ein marionett for Vesten. Det er også viktig å delta aktivt i rørsla, ikkje berre sitta med hovudet grave ned i bøker.