Damer i ei mannsverd

Av Jeanne Park

Nr 1 2012

Dei kvinnelege jernarbeidarane eg kjenner, har alle måtta kjempe. Dei fleste av oss forstår at fagforeiningsmedlemskap gir flest rettar og best vilkår.

Jeanne Park har vore jernarbeidar sidan 1995. Hun bor i San Francisco Bay Area, og skriv for Pride And A Paycheck, www.prideandapaycheck.com/

Jernarbeidarane skaper rammeverket som bystrukturane våre kviler på. Me set på plass stolpane og berebjelkane på skyskraparane, brukara og brudekka. Me bind saman jernet som held motorvegar og vegbanar over bakken. Me set på plass rekkverk og trappevangar som svingar seg i høgda.

Arbeidet med metall betyr at me heile tida må flytte på oss og alltid vere på vakt for farlege situasjonar. Me samarbeider med kranførarar for å få plassert tonnevis av stål. Når me sveiser og brenn stål, flyr det gnistar og smelta metall. Me går på nakne stålet titalls meter over bakken. Me er ute i tåke, sol og regn og hamrar stålet på plass.

Jernarbeidarar har rykte på seg for å vere tøffe og ta risiko. Kallenamna går frå «himmelcowboyar » eller «himmelgjengarar» til «jernskallar». Slik arbeidet no er, finn me raskt ut om me kan stole på kvarandre eller ikkje. Med slikt hardt arbeid er det mange av oss som dumt nok drikk eller «festar» – somme for å halde adrenalinet ved like, somme for å kvitte seg med det.

Jernarbeid ser svært maskulint ut, og mange menn brukar det for å vise at dei er menn. Karane liker å seie at jobben er livet deira, og at kollegane er brør. Dei liker biletet av seg sjølve som tøffare enn stål, i eit yrke mykje farlegare enn andre. Det er nokre av grunnane til at det er vanskeleg å vere kvinne blant jernarbeidarane.

Somme vil seie at kvinner ikkje er interesserte i desse jobbane av kulturelle grunnar – at kvinner ikkje kan og ikkje ønskar jobbe så hardt og med så tungt utstyr. Det er drittprat. Kvinner i hopetall sveisa og jobba med metall då USA var med i andre verdskrigen. Tida skapte ei patriotisk plikt for somme, og store sjansar og yrke for andre. Kvinner vart raskt trente opp og sette i arbeid. Oppgaver som såg vanskelege ut, vart gjort meir ergonomiske (i ei tid før begrepet eksisterte) for å ta omsyn til kvinners storleik og styrke. Tryggleik vart prioritert på mange jobbar som kvinnene avviste om ikkje krava deira vart tatt omsyn til.

For å overforenkle historia: Etter andre verdskrigen, like fort som soldatane kom attende, like fort vart kvinnene stengte ute frå arbeidsplassane og fagforeiningane. Det var desperat mangel på arbeidarar då. Ikkje alle soldatar ønska seg tilbake til fabrikkane og mange gjorde seg nytte av GI-lova. (Lov frå 1944 som gav heimvendte soldatar rett til skolegang, og arbeidsløysetrygd i eitt år. Oversetters anm.) Med veksande behov for faglærte arbeidarar kunne fagforeiningane konsolidere seg og kreve høgare lønn og betre vilkår, særleg når dei hadde stengt dørene bak søstrene sine som hadde opna somme av dørene for dette.

Med sterkare fagforeiningar kom frykta arbeidsgivarane hadde for arbeidarar, og frykta for organiserte kommunistar og sosialistar som jobba for å styrke fagforeiningane. «Den raude faren» frå femtitallet slo fagforeiningane med panikk, og mange kutta raskt banda til kommunismen. Jamvel i dag stenger mange fagforeiningar ute folk frå medlemskap eller verv om dei har noka form for tilknytting til kommunistpartiet.

Kvinnene som vart drivne ut av fabrikkane vart tvinga inn i roller heime. Huslege syslar vart eit sosialt krav, og reingjøringsprodukt og matoppskriftar tvangstankar. Den heimeverande vart idealisert og blei ein villig tjenar for den mannlege forsørgaren og familien. Det vart mindre attraktivt å vere lei og kei husmor. Medisin som Valium og «slankepillar» vart vanlege i medisinskapa. Kvinnene vart tvinga attende til roller dei trudde dei hadde vakse ut av, då dei fekk røysterett.

Dei kvinnelege jernarbeidarane eg kjenner, har alle måtta kjempe. Dei fleste av oss forstår at fagforeiningsmedlemskap gir flest rettar og best vilkår. Likevel er det ein kamp å få dei i hovudsak mannlege medlemmene til å forstå at når kvinnene først er blitt medlemmer, er dei likeverdige medlemmer – ikkje medlem av ein sideordna eller underordna organisasjon. Fordommar og forutfatta meiningar må ein stadig ta fatt i. Me er så få at kvar kvinne og arbeidet ho gjør blir granska, og alle kvinnene blir dømte på grunnlag av den eine. Ingen mistak kan gjørast, ettersom alle kvinner ofte blir skore over ein kam.

Eg prøver ikkje å seie at alle brørne våre er så mistenksame og avvisande. Men det er sjeldan å sjå respekterte medlemmer stå opp for å forsvare ei søster på jobben. Alt det forferdelege som kan skje ein på jobb – spottande kommentarar, sabotasje, trakassering – kan komme frå ein eller to personar og øydelegge heile arbeidsplassen når menn ikkje tar til motmæle eller lar dette passere. Det krev aktiv leiarskap og mykje mot å rette opp i slik urett.

Ein annan måte å hjelpe kvinnene på, er å støtte og knytte saman dei kvinnene som er i yrket på dei ulike arbeidsplassane, og få dei nye inn i dette nettverket. Det er den rolla eg har i dag.

Prosentdelen kvinner blant jernarbeidarane varierer avhengig av kven du spør. Eg har høyrt så høgt som 5 prosent, men det har eg aldri funne bevis på. Eg vil anslå rundt 1 prosent. Runda opp. På grunn av enkelte svært avgrensa tiltak med kjønnskvotering frå dei føderale styresmaktene ser arbeidsgivarane det innimellom fordelaktig å ha kvinner på lønningslista. Så dei få me er, spreidde på dei ulike selskapa og arbeidsplassane, veit sjeldan at dei andre eksisterer, for ikkje å snakke om å få høve til å jobbe saman.

Det er svært slitsamt å gjøre så fysisk krevande arbeid, føle og høyre at du ikkje strekk til fysisk, bli spotta og plaga, og ikkje vere sikker på om det er på grunn av deg som individ eller kanskje noko mindre personleg. Eller kanskje er det noko du innbiller deg, og du er gal. Løysinga mi har vore å lage kalender for kvinnelege jernarbeidarar. Med bilete av kvinner som utfører ulike sider av jobben vår, vil eg:

a) vise at kvinner kan utføre arbeidet.

b) vise kvinnelege stålarbeidarar at det finst andre kvinner i yrket, og mangfaldet i arbeidet.

c) oppmuntre unge kvinner til å sjå jobben vår som tenkeleg

d) utvikle ein database som grunnlag for å utvikle nettverket – ved å gi kalenderen gratis til kvinnelege medlemmer, og be om bidrag frå medlemmene.

Fordelane har vakse etter som nettverket har vakse. Me utvekslar råd om slike grunnleggande ting som kor me kan få rett storleik på arbeidsklede eller verneutstyr. Soger blir fortalt, somme morosame, somme forferdelege, om arbeidsdagane våre.

Støtte kjem frå alle krokar – ikkje alle har same erfaringar, men alle kjenner forholda. Det sosiale nettverket har vore til stor hjelp for søsterskapet vårt. Me er spreidde så langt og vidt – f.eks strekk lokalavdelinga mi seg omtrent frå den nordlege grensa av California til byen Monterey, eller om lag 800 km. Me er om lag tjue kvinnelege jernarbeidarar. Det er så godt som uråd at alle kan møtast fysisk. I dag kan me lett ha kontakt gjennom e-post og internett. Så kan ein spørje korfor ein skal bry seg? Om det er så vanskeleg å vere kvinneleg jernarbeidar, korfor slåst mot kulturen som rår innanfor og utanfor jobben?

Det enkle svaret heng saman med god lønn og gode arbeidsvilkår i trygge jobbar. Sjukeforsikringa og pensjonsordninga er svært attraktive, særleg i økonomisk usikre tider. Fysisk arbeid og varierte oppgaver og arbeidsstader er eit stort pluss for mange. Så er det kjensla av styrke, evnen til å tvinge stålet dit du vil, og svinge det gjennom lufta til å kvile nøyaktig på plassen sin. Det er stundene du kan stå på eitt bygg og sjå utover og sjå dei tårna, skyskraparane og bruene der du har tatt på skjelettet og vore med og reist frå grunnen. Korfor skulle ikkje ei kvinne ønske å vere jernarbeidar?

(Artikkelen er oversatt av Gunnar Danielsen)