Sosialdemokratiets fall og nyliberalismens framvekst (bokomtale)

Av Jan-Erik Skretteberg

2007-01 Bokomtaler

Attac gav i haust ut ei viktig bok – Økonomisk apartheid. På omslaget lover Attac å spreia kunnskap om nyliberalismen, korleis han veks fram, korleis han kan bli forklart og forstått. I tillegg får me forteljinga om organisasjonen Attac i Noreg og verda.

Magnus Marsdal (red.): Økonomisk apartheid – nyliberalismens verdensorden
Solidaritet forlag, Oslo 2006, 212 sider


Redaktør Magnus Marsdal er ein kjend figur for mange på venstresida. Han var ein av dei leiande ideologane i det som kan kallast det politiske skiftet i Raud Ungdom på 1990-talet, han vart kjend som ein skrivefør og dyktig journalist i Klassekampen, gav saman med Bendik Wold ut boka Tredje venstre i 2004 og var leiar i Attac før dagens leiar, Marte Nilsen. Desse to har skrive forordet i boka i lag og tek føre seg bistandshistoria frå den første Live Aid-konserten i 1985 til tjueårsmarkeringa for den same konserten og korleis ulikskapen i verda faktisk har auka sidan den gongen. Vidare tek noverande og tidlegare Attac-leiar føre seg diskursen om omgrepet globalisering. For det er, som dei fleste lesarane av Rødt! veit, slik at ein ofte oppfattar det omgrepet som noko positivt, medan mange ser skeptisk på omgrepet "nyliberalisering". I røynda er kjerna i båe omgrepa det same – deregulering av handelen og mest mogeleg fri flyt for kapitalen.

Førsteamanuensis Tore Linné Eriksen, kjend venstresidedebattant og Afrika-ekspert, følgjer opp forordet med å debattera omgrepet globalisering. Under tittelen "Globalt økonomisk apartheid" set Linné Eriksen opp underoverskrifta "Ti spørsmål om globalisering", og gjennom desse spørsmåla går han gjennom synet sitt på globaliseringa. Gjennom ein velskrive og godt dokumentert artikkel spekka av essensielle fakta om den økonomiske utviklinga i verda dei siste tiåra, ender Linné Eriksen opp med å avvisa det positivt ladde omgrepet globalisering til fordel for global apartheid. For å underbyggja påstanden sin, bruker forfattaren døme frå apartheidregimet i Syd-Afrika:

"Om vi ser på statistiske mål på leveforhold og fordeling av makt og ressurser, trer likheten mellom Sør-Afrika under apartheid og det som ofte kalles "verdenssamfunnet" skarpt fram. Et hvitt mindretall på under 15 % eide den gang 87 % av jorda, og la beslag på en enda større del av de verdier som ble skapt. Omtrent den samme andelen av verdens befolkning, også hovedsakelig hvite, kontrollerer omtrent 80 % av samlet produksjon, handel og investeringer. Ifølge FN-statistikk har 225 dollarmilliardærer en samlet formue som svarer til bruttonasjonalproduktet i land der 2,5 millioner (det skal vera milliardar, JES) mennesker bor." (Side 58.)

Den globale apartheiden set Linné Eriksen også inn i ein større historisk kontekst – globalisering minnar sterkt om – eller er det same som den historiske imperialismen. Lenin synte korleis frikonkurransekapitalismen utvikla seg vidare til monopolkapitalisme og imperialisme som eit resultat av dei indre drivkreftene i kapitalismen sjølv. Det moderne kapitalistiske monopolet enda opp med å kontrollera verdsøkonomien i tida før første verdskrigen, og utbyttinga vart stadig hardare. Samstundes voks krisene i den internasjonale økonomien, og det vart naudsynt å få til ei nyoppdeling av ressursane når veksten har stogga. Det er dette me er i ferd med å sjå også i dag, og Linné Eriksens artikkel underbyggjer etter mi meining denne teorien og viser med det at teorien framleis er gyldig, trass i at dei kapitalistiske produksjonsmetodane har endra seg. Og at USA har nøkkjelrolla i den neste globale økonomiske krisa, er det ingen tvil om:

"Det eneste som utsetter krisen er de store overføringene fra Kina gjennom landets kjøp av statsobligasjonen og plassering av reserver i dollar, men den dagen asiatiske land ikke lenger ser seg tjent med å holde USA i live gjennom kunstige åndedrett, kan det bli et globalt sammenbrudd uten historisk sidestykke." (Side 52–53.)

Det neste kapittelet heiter kort og greitt "Nyliberalismen" og er tufta på delen med same namn i boka til dei to forfattarane, Bendik Wold og Magnus Marsdal, Tredje venstre (Oktober forlag 2004). Teksten gjev eit lesverdig oversyn over den nyliberale økonomien sitt veldige inntog og åtaka på den vesteuropeiske (om ein vil nordiske) velferdsstaten som var så karakteristisk i dei første tiåra etter andre verdskrigen. Statleg kontroll og ein blandingsøkonomi tufta på teoriane til den britiske samfunnsøkonomen John Maynard Keynes (1883–1946). Medisinen hans for både å løysa krisa som verda var inne i etter dei grusame øydeleggingane som krigen skapte og å unngå kriser og økonomiske samanbrot i overskodeleg framtid, var ein aktiv statleg politikk for å stimulera etterspurnaden gjennom ein rentesenkjande pengepolitikk for å få opp investeringane, og til sist å auka dei offentlege utgiftene. Dette synte seg som ein effektiv medisin mot konjunktursvingingane ein hadde sett tidlegare og vart den dominerande økonomiske retninga i Vesten heilt fram til syttitalet. Då vendte det gamle skrømtet Adam Smith (1723–90) attende med sine teoriar. Desse gjekk i hovudsak ut på at dersom mennesket fekk frie tøyler innanfor økonomien, ville det handla for sitt eige beste, og i sum ville det også bli til samfunnets beste. Dette er mekanismen som Adam Smith kalte "den usynlege handa over marknaden", slik han presenterte i hovudverket sitt, Nasjonenes velstand. Resultatet av denne politikken for Noregs del, oppsummerer forfattarane på sidene 74 og 75. Her kjem det godt fram kva endringar den økonomiske politikken Noreg har gått gjennom dei siste om lag tredve åra, og kva for innverknad dei har hatt på folk her til lands.

Det som kan henda er mest interessant i denne bolken, er beskrivinga av det nyliberale menneskesynet og homo oeconomicus, som er fagtermen for "et rasjonelt og egoistisk nyttemaksimerende individ". Dette menneskesynet ligg i følgje mange kritikarar til grunn for den nyliberale teorien om økonomi. Kritikarane avviser dette menneskesynet, som går på at mennesket alltid vil handla i eiga materiell interesse. Forfattarane beskriv også sosialantropologiske eksperiment som er føretekne for å avvisa teorien. Det syner at stort sett ingen utfører eksperimentet slik som den nyliberale teorien føreset. Dette er eit enkelt vis å avvisa heile rasjonaliteten i nyliberal økonomiteori. Likevel held glorifiseringa og propagandaen rundt TINA, There is no alternative-tenkjinga, fram. Til og med dei guddommelege eigenskapane somme tillegg marknadsliberalismen, har ein forska på mellom religionsvitarane (side 97).

Men finst det von? Dei sosiale problema innanfor det nyliberale samfunnet, eller det Pierre Bourdieu kalte ein sivilisasjon som utsletter seg sjølv. Gjennom dette meiner forfattarane, som gode marxistar, at samanbrotet er uunngåeleg og at det er naudsynt å skapa eit heilt anna samfunnssystem tufta på langt andre verdiar.

Dei to siste hovudbolkane i boka treng ein eigentleg ikkje seia så mykje om. Erik S. Reinert, norskfødd professor i økonomi ved Tallinn University of Technology i Estland, avsluttar boka med ein tekst som ber den ikkje alt for spanande "Teoretisk utvikling". Denne biten er nok også den minst lesarvenlege i boka. Underteikna oppfatta det slik at Reinerts hovudpoeng er at me treng nye teoriar då den rådande økonomiske teorien har synt seg ubrukeleg for å løysa fattigdomsproblemet, jamvel om den frie marknaden offisielt sett "vann" over alternativet planøkonomi med murens fall i 1989. Reinert presenterer dei alternativa han ser på som realistiske til dagens rådande økonomitenkjing – det heilage mantraet om marknadskreftene. Jamvel om stoffet for mange nok kan verka tungt og avskrekkande keisamt, er systematiseringa ei god hjelp for den som setjer seg ned og studerar teksten til Reinert. Alan Freedman (tilsett som økonom for London-borgarmeister Ken Livingstone) i delen før beskriv svina på skogen som dei rike landa har ovanfor dei fattige dei siste tjue åra. I denne bolken er det masse fakta å gripa tak i. Det er nyttig å ha handfast materiale å gripa til i diskusjonar og propagandaarbeid, og denne delen er ei solid hjelp her, spekka som han er med fakta.

Den aller siste delen av boka, som inkluderer historia til Attac-rørsla globalt, den originale artikkelen til Ignacio Ramet som stod på prent i Le Monde Diplomatique i 1997 og den politiske plattforma for henhaldsvis Attac Noreg og det internasjonale Attac, er ein propagandabit for Attac-rørsla spesielt og det som generelt frå den kanten ofte blir kalla "dei nye rørslene". I denne biten er fleire stridstema, som blir i beste fall stemoderleg handsama av dagens Attac-leiar Marte Nilsen. Til dømes gjeld dette spørsmålet om EU. Attac vågar nemleg ikkje ta standpunkt for eller mot EU i frykt for å missa oppslutning, og det er noko som for underteikna er heilt uforståeleg. Og det er trist med Attac.

Til boka høyrer også eit studiehefte som kan lastast ned elektronisk på http://www.attac.no/omattac/nyheter/1159974677/1161770175.pdf (i PDF). Boka er bra, lettlese, billeg og spekka av kapitalismekritikk, perfekt for alle radikale, same kva politisk sjattering ein høyrer til. Og nett det gjer at ho er veleigna for diskusjonar rundt "den rette lina" i den antikapitalistiske kampen.