Kva skjer i Ukraina?

Av Jan Erik Skretteberg

2005-01

23. januar i år vart Viktor Jusjtsjenko etter mykje om og men sett inn som president i Ukraina, Europas nest største land. Men kva har skjedd i Ukraina? Kvifor stod landet plutseleg på kanten av borgarkrig og politisk kaos? Kvifor har USA og Vesten kasta sine auga på denne konflikta og tek stikk motsette konklusjonar av kva Russland gjer, medan valet i Romania får passera omtrent utan merksemd i det heile?

Jan Erik Skretteberg studerer slaviske språk ved universitet i Oslo og er aktiv i AKP og NKS


Sundag 21. november var det andre runde av presidentvalet i Ukraina. Kandidatane som hadde gått vidare frå innleiinga, var den etnisk russiske Viktor Janukovitsj, støtta av regjeringa og sitjande president Leonid Kutsjma (og også av den russiske presidenten Vladimir Putin), og den etnisk ukrainske Viktor Jusjtsjenko, som utgjorde opposisjonen til det sitjande styret og hadde fått uttalt støtte også frå Vesten. Valet skulle syna seg å vera avgjerande for Vestens merksemd dei neste vekene. Trass i at alle meiningsmålingane og valdagsmålingane utropte Jusjtsjenko som vinnar med god margin, var det Janukovitsj valkommisjonen i Ukraina utropte som vinnar. Opposisjonen ropte snart om valfusk, noko OSSE-representantar også stilte seg bak. Valet hadde gått urettmessig føre seg i fleire regionar. Det kom historier om busslastar av etnisk russiske arbeidarar som hadde reist frå vallokale til vallokale og røysta valdagen og andre døme som ikkje kan oppfattast som noko anna enn valfusk. Janukovitsj og etniske russarar vart fort demonisert i vestlege media.

Ukraina er etnisk sett delt i to: i aust, konsentrert rundt byane Donetsk, Lugansk/Luhansk, Kharkov/Kharkiv, Dnepropetrovsk/Dnipropetrovsk og Zaporozje/Zaporizja (russiske namn fyrst, så dei ukrainske), som alle sit på store naturressursar (særleg kol, noko som er viktig for EUs stålindustri). Dette er det økonomiske hjarta i Ukraina og her bur det mest russiskspråklege, medan i vest, den delen i Ukraina som fekk lida mest grunna Tsjernobyl-tragedia, har flest etniske ukrainarar. Desse har eit sterkt nasjonalt medvit, noko som står i motsetnad til dei etniske russarane, som etter Sovjetunionens fall har kjempa for høvet til å kunna ta dobbelt statsborgarskap og få godkjend russisk som offisielt språk i tillegg til ukrainsk, som i dag er det einaste offisielle språket. Russisk og ukrainsk er båe lingvistisk sett austslaviske språk (jamvel om nokre hevdar at ukrainsk burde reknast som eit vestslavisk språk) som liknar i oppbyggjing og ordforråd, slik at språka til ein viss grad er innbyrdes forståelege. Ukrainsk har i tillegg ganske store dialektskilnader (flytande grenser mot kviterussisk og polsk i grenseområda med desse landa og flytande overgang mot russisk i austlege grenseområde) og har store grupper som pratar ukrainsk utanfor staten Ukraina. Omtrent ein femdel av dei 45 millionane ukrainarar som finst i verda bur utanfor den ukrainske staten sitt område, stort sett i andre delar av det tidlegare sovjetområdet.

Etnisk sett reknar 78,1 % av folkesetnaden seg som ukrainarar, medan 17,3 % reknar seg som russarar. Men då må ein hugsa at mange av dei som reknast som ukrainarar, har russisk som fyrste- (og ofte einaste) språk.

Janukovitsj har lova å arbeida for at etniske russarar skal få høve til å ha dobbelt statsborgarskap, noko som vil seia at dei kan fritt dra over grensa for å arbeida i Russland, kor lønene er høgare. Russland er den økonomien i verda som veks raskast, og det russiske næringslivet kan sjølvsagt tenkja seg kvalifisert arbeidskraft til lågare løner, slik som norske kapitalistar/arbeidskjøparar vil ha billeg austeuropeisk arbeidskraft som dei kan betala billegare enn heimleg arbeidskraft.

Ein president gjekk ut og gratulerte Janukovitsj med sigeren umiddelbart, Vladimir Putin. Janukovitsj var Moskvas mann, og Kreml gratulerte Janukovitsj til og med føre Kutsjma eller andre frå Kiev offisielt hadde gjort det. Slik tok Putin det motsette standpunktet av Vesten, noko som kan vera med på å beskriva kva konflikta eigentleg handlar om: makt og innflytnad i randområda, noko berre Klassekampen og Nationen har klart å sjå i norske media. Dette er symptomatisk med Kremls line også i andre val som er dømt nord og ned av OSSE og ulike Helsingforskomitear. Her kan ein nemna valet i Kasakhstan i oktober 2004 og i Aserbajdsjan i desember 2003.

Ukraina er no geografisk i ein skvis mellom Russland, som ynskjer å byggja seg opp att som stormakt, og vesten, som ynskjer å ha Ukraina som tett alliert. Naturleg nok spelar også energi ei rolle. EU har no gjeve eit tilbod om frihandelsavtalar med Ukraina, samstundes som Russland vil ha ein oljeleidning med utlaup i Svartehavet. Vestlege selskap har eit horn i sida til Kutsjma av di han selde det tidlegare statlege stålverket Kryvorizjstal til oligarkane Viktor Pintsjuk (note 1) (tilfeldigvis Kutsjmas svoger) og Rinat Akhmetov for rundt $ 800.000.000, langt under marknadspris. For oligarkane vil det også vera ynskjeleg at makta heldt seg på russiskvenlege hender som er viljug til å hindra vestleg kapital i å kjøpa opp slike selskap. Oligarkane får jo stort sett halda på så lengje dei held seg unna politikken, det syner dømet Russland og Khodorkovskij/Berezovskij jamført med Vladimir Gusinskij (note 2).

Dette er likevel ikkje ein eintydig tendens mellom Ukrainas oligarkar. Leiaren for industrikonsernet Donbas, plassert i Donetsk, Serhej Taruta, har støtta Jusjtsjenko av di han ser fordelen ved å koma inn på den vestlege marknaden. Det same gjeld fleire av gassprodusentane. Julija Tymosjenko som har vore ein av opposisjonens viktigaste støttespelarar og noverande statsministar, har tunge interesser i ukrainske energiselskap, noko ho fekk nettopp gjennom det tidlegare vervet sitt som visestatsministar under Jusjtsjenko.

Det historiske tilhøvet Russland/Ukraina er fyld av kontrastar. I motsetnad til kva ein i Vesten gjerne trur, har ikkje dette alltid vore kjærleg. Det fyrste Russland, middelaldarriket Rus, oppstod rundt Kiev, den fyrste russiske statsdanninga skjedde altså innanfor grensene av dagens Ukraina og dei etnisk ukrainske kjerneområda. Men opp gjennom soga vart tilhøvet mellom russarane og ukrainarane så dårleg at ukrainarane, kraftig forenkla, stelte seg på feil side i andre verdskrigen, stort sett for å vera mot Moskva. Men etter krigen var fleire av partisjefane i Sovjet ukrainarar; Khrustsjov, Brezjnev og Gorbatsjov.

Jusjtsjenko og Janukovitsj skil seg innanrikspolitisk lite frå kvarandre, sett bort frå statsborgar- og språkspørsmålet. Hovudskilnaden ligg i kven dei vil leggja seg tettast opptil utanrikspolitisk. Jusjtsjenko ynskjer å leggja seg opp til Vesten og arbeida for eit ukrainsk medlemskap med EU (helst i lag med Romania og Bulgaria i 2007) medan Janukovitsj vil halda i hevd/tetta samarbeidet med Russland/SUS (Det økonomiske samarbeidet mellom Russland, Ukraina, Kviterussland og Kasakhstan). Både Lukasjenka i Minsk, Kutsjma i Kiev (no avtroppa) og Nazarbajev i Astana (den nye hovudstaden i Kasakhstan) er stort sett på line med Moskva i fleire spørsmål, både utan- og innanrikspolitisk, trass i at samarbeidet heldt på å sprekkja i sommar då Lukasjenka hevda at russiske oljeselskap tok seg overbetald i samband med energieksport til Kviterussland.

Spørsmålet om kven ein ynskjer som president i Ukraina, må også bli sett i ein geopolitisk samanheng. Jamvel om valet har fått ei fredeleg løysing, kan det ha sett tilhøvet mellom EU/USA og Russland nokre skritt attende, og det er noko eg trur vi vil sjå meir av i åra som kjem. Dette blir kan henda det viktigaste internasjonale spørsmålet i tida som kjem frametter. Putin oppfører seg som ein «god» gamaldags russisk storimperialist som ynskjer kontrollen over randområda både i grenselandet mellom Europa og Asia og ikkje minst i Kaukasus og sentral-Asia (for å vera meir nøyaktig, i områda rundt dei fem tidlegare sovjetrepublikkane Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan). Amerikanske imperialistar har også lagt sine auge på dette området, noko vi ikkje minst veit frå krigane i Afghanistan og Irak. Det er også berre rundt eitt år sidan at Mikhail Saakasjvili vart leiar for den såkalla roserevolusjonen som styrta den anti-amerikanske tidlegare sovjetiske utanriksministaren Eduard Sjevarnadse som president i Georgia. At Saakasjvili kastar sine auge på Sør-Ossetia og Abkhasia etter kvart, er vel ikkje utenkjeleg. Desse områda ligg i dag innanfor den russiske staten sine grenser.

Strategiske interesse har sikkert hatt mykje å seia for viset vestlege media har dekkja valet på – mellom anna har eg ikkje sett det nemnd i særleg mange aviser at OSSE konkluderte med teikn til omfattande juks også i vestlege ukrainske regionar (hele OSSE-rapporten ligg på nett: http://www.osce.org/documents/odihr/2004/11/3811_en.pdf ), altså at Jusjtsjenko også vann med «Kim Il Sung»-siffer på same viset som Janukovitsj gjorde det i aust. Heller ikkje har nokon grunna over at sidan det vart så jamnt, må også mange etniske ukrainarar ha røysta Janukovitsj, sidan etniske russarar berre utgjer rundt 25 % av folkesetnaden.

Om valet i Ukraina fekk mykje merksemd, var det ikkje slik med valet i Romania (siste og avgjerande omgang 12. desember), kor Bucurestis borgarmeister, den liberale Traian Basescu vann valet med knapp margin framfor den noverande statsministaren, sosialdemokraten Adrian Nastase. Også her konkluderte OSSE-observatørar med omfattande grad av juks ved at folk vart bussa rundt og hadde høvet til å røysta fem-seks gonger, også dette skipa til i både lægrer. I tillegg var det brote med lova som forbyr valkamp under sjølve valet. (Dette gjorde opposisjonen i Ukraina også, MGP-vinnaren Ruslana hjelpte mellom anna til med såkalla «sosial informasjon» heilt opp til vallokala stengte på valdagen.) Men i alle høve har ikkje Vesten fordømt valet i Romania som juks. Det kan vera eit teikn på at «rett» kandidat vann, noko som ikkje skjedde i Ukraina. Imperialismen, og imperialistiske tankegangar lever, både i Russland og i Vesten. Det er det dette handlar om, strategiske interesse og kontrollen over ressursar i eit randområde delt av Russland og Nato/EU, ikkje illusjonen om å byggja «demokrati» i Ukraina.

Men kva vil eigentleg Russland?

Russland har også heldt handa over val med merkeleg sluttresultat for å tryggja eigne interesse i fleire land i Kaukasus og sentral-Asia i tillegg til Kviterussland. Det er klart at det er ein strategi bak dette. Etter å ha tapt den kalde krigen og gjennomgått fleire kriser med store konsekvensar for vanlege russarar, har Putin for lengst byrja arbeidet med å attreisa den gamle supermakta. Slaget har til no fyrst og framst stått om nærområda – område kor Russland også under tsartida hadde kontrollen – slik som Kaukasus med sine oljeressursar og Sentral-Asia med sin strategiske posisjon i samband med oljerike område lenger sør. Ikkje minst er det også viktig for Russland å ha allierte mot Europa. Ein såg korleis det gjekk etter at Molotov-Ribbentrop-avtalen ikkje lenger galdt i 1941 – den russiske sivile folkesetnaden var den som måtte gå gjennom dei verste lidingane under nazistanes herjingar.

Her står Russland ovanfor eit dilemma. Jusjtsjenko seier i eit intervju med den liberale russiske avisa Izvestija 28. desember 2004 at «Russland er Ukrainas granne. Det er betre å krangla to gonger med kona enn éin gong med grannen. Vi kan ikkje gløyma dei slaviske røtene våre eller slektskapsbanda innan kultur og språk. Ein må ein gong for alle forstå at Russland er Ukrainas partnar» (mi omsetjing). Det same understreka Jusjtsjenko då han møtte Putin i Kreml 23. januar 2005. Samstundes valde Jusjtsjenko å understreka i tiltredingstalen dagen etter kor viktig det var at Ukraina blir EU-medlem så fort det let seg gjera. I Europarådet 25. januar gav han óg uttrykk for at Ukraina vil søkja om medlemskap i WTO og innføra «full marknadsøkonomi». Alt dette vil utan tvil skapa avstand til grannen Russland. Tilhøvet mellom Russland og EU er som kjent frå før av sårt.

Møtet i Kreml synte også Putin som den pragmatikaren han er. Grunnen til at Moskva gav så sterkt uttrykk til støtte for Janukovitsj var at det dåverande regimet hadde bede om det, sa Putin då han på uventa vis byrja møtet med Jusjtsjenko. Dette lata ifølge den russiske avisa Kommersant til å ta Jusjtsjenko noko på senga, men møtet ebba ut med garantiar om at det gode tilhøvet mellom grannene måtte halda fram. På sett og vis er dei to landa også avhengig av kvarandre. Delar av Russlands enorme gassressursar blir transportert over ukrainsk territorium, og dette tener det fattigare Ukraina pengar på. Det er altså ingen grunn til å tru at transportavtalen som Putin og Kutsjma har inngått, vil sprekka med det fyrste. Men i dette låg det nok ein motivasjon for Putin å støtta Janukovitsj på kostnad av Jusjtsjenko.

Og Ukraina får att for å leggja seg tettare opp til EU og vestmaktene. Etter to dagar som president har Ukraina fått løyvingar om at dei skal få meir av kaka på 500 millionar euro som EU gjev til Russland, Ukraina, Moldova og Kviterussland kvart år, ein frihandelsavtale mellom Ukraina og EU er snart på plass (EU har lyst på den ukrainske stål- og tekstilindustrien), støtte frå EU for å bli med i WTO og også løyvingar om at visumplikta for ukrainske statsborgarar som vitjar EU skal falla bort. Om eit større og større EU (som berre blir meir og meir vrient å halda saman, i tillegg til at den folkelege forankringa er i ferd med å forvitra også i dei eldste medlemslanda) i det heile let dei vera med, det er ei anna sak. Det som er heilt klart, er i alle høve at det er det som er Jusjtsjenkos mål, samstundes som vestlege kapitalkrefter gjerne tek Ukraina med sine store mineralressursar og viktige geopolitiske posisjon imot med opne armar.

Eit revitalisert Russland kan setja solide kjelker i vegen for den dominansen og det hegemoniet Sambandsstatane har i dag, både geopolitisk og faktisk også kulturelt. Borgarlege økonomar som til dømes dansken Martin Paldam (note 3) har etter Putins inntreden som president hevda at Russland er på veg opp og på sitt vis i ferd med økonomisk å bli eit «vanleg» vestleg land. Alt tyder på at dette er korrekt. Etter dei økonomiske krisene på nittitalet med devaluering og beslaglegging av sparepengane til folk, har Russland hatt vekst i økonomien dei siste fire åra. Det russiske området er rekna som det området i verda som har den raskaste økonomiske veksten og den største betringa i vanlege folks levekår (OECD). Dette kan nok samsvara også med det inntrykket eg har hatt av landet dei seks gongene eg har vitja det (alt frå tre dagar til to månader) dei siste tre åra. Sjølvsagt er det mykje å setja fingeren på (til dømes ytringsfridom, utbreidd korrupsjon, knusing av fagforeningar, overvåking, kraftige brot på menneskerettane, krig i Tsjetsjenia osb.), men dette er nok noko av grunnen til at folk har forståing for og sympati med Putins line. Men når økonomien veks, så føreset det som kjent i kapitalismen at ein finn nye marknader å ekspandera i. Det er då Russland vil, i likskap med Vesten, byrja kika ut over eigne grenser igjen. Ukraina høyrer i fyrste rekkje til desse områda. Høge oljeprisar har sytt for at veksten har vore endå kraftigare enn venta dei siste åra, men ingen ventar at den russiske økonomien ikkje vil halda fram med å veksa ei god stund til.

Konsekvensen då vil vera ein kamp om innflytnad i dei same områda som Sambandsstatane/EU. Dette er område Russland historisk sett ser på som «sine». Det er denne konflikta vi nok har sett byrjinga på heilt sidan bombinga av Serbia i 1999.


Noter

1) Pintsjuk har også kontrollen over Novy Kanal, ein av dei største ukrainske fjernsynskanalane. [Tilbake]

2) Berezovskij har flykta til Storbritannia, medan Khodorkovskij har sitte i fengsel mistenkt for skattesvindel sidan hausten 2003. Vladimir Gusinskij, Russlands fjernsynskonge, har fått vera i fred, då han står saman med Putin politisk. [Tilbake]

3) Sjå til dømes Udviklingen i Rusland, Polen og Baltikum: Lys forude efter ændringen af det økonomiske system, Aarhus Universitetsforlag, 2002. [Tilbake]


Litteratur

Eg har, i tillegg til norske aviser og www.bbc.co.uk, fulgt spesielt med i desse russiskspråklege avisene:

Bøker om Ukraina etter Sovjets samanbrot:

Det er ikkje skrive så mykje, ikkje på vestlege språk i alle høve, men dette kan eg tilrå:

Andrew Wilson: The Ukrainians: Unexpected Nation, Yale University Press 2000. Tek for seg den ukrainske soga og problematiserer stort sett ut frå dette om den geopolitiske rolla til Ukraina og argumenterer delvis for at Ukraina i likskap med Russland også er ein del av ikkje berre Europa, men også Eurasia.

Bohdan Nahaylo: The Ukrainian Resurgence, Hurst & Company 1999. Detaljert bok av ein etnisk ukrainar som er fødd og oppvekse i Storbritannia. Til tidar (for) detaljert, men svært grundig på tida etter sjølvstendet, då Nahaylo sjølv fekk høve til å vitja landet.

Taras Kuzio og Andrew Wilson: Ukraine: Perestroika to independence. Boka ein bør lesa før ein les The Ukrainians: Unexpected Nation av ein av forfattarane, sjå ovanfor.

Diverre finst det ikkje enno noko særleg tilgjengeleg om dei ukrainske oligarkane, slik som dei to framifrå bøkene The Oligarchs: Wealth and Power in the new Russia (Oxford 2002) av David E. Hoffman og Godfather of the Kremlin: Boris Berezovsky and the Looting of Russia (New York 2000) av Paul Klebnikov.

Klebnikov vart tilsett som redaktør for den russiske utgåva av Forbes våren 2004 og skoten og drepen 9. juli same år på veg heim frå kontoret. I tillegg til denne boka, rakk også Klebnikov å gje ut ei anna bok (denne berre på russisk, Klebnikov var fullt ut tospråkleg, fødd i New York av russiske immigrantar), Samtalar med ein barbar, som var basert på samtalar med ein av leiarfigurane i den tsjetsjenske underverda i Moskva, Khozj Akhmet Nukajev. I denne boka skal Klebnikov ha avslørt korleis organisert kriminalitet er kopla opp mot krigen i Tsjetsjenia. To tsjetsjenarar er seinare arresterte for drapet.


Siste nytt:

8. februar 2005 brakte media nyhenda om at styresmaktene freistar reversera salet av Kryvoizjstal for å tena meir pengar på å selja stålverket til utanlandske investorar, sjå til dømes http://news.bbc.co.uk/1/hi/business/4243269.stm