Innvandring og nye utfordringar

Av Ingrid Baltzersen

2014-02

Knut Kjeldstadli er professor i moderne historie ved Universitetet i Oslo og professor II ved Universitetet i Bergen. Har særlig vært opptatt av arbeiderbevegelsen, arbeidsliv og teknologi. Er medredaktør for Norsk innvandringshistorie (2003).
Ingrid Baltzersen har en mastergrad i midtøstenstudier, studert arabisk og er med i redaksjonen til Tidsskriftet Rødt!.
Det har gått over fem år sidan boka blei gitt ut. Korleis synst du innvandringsdebatten har utvikla seg?

På ein måte er det større nyansering og større realisme mellom ulike grupper. Viss du går tilbake ein tjue års tid, så var det ofte sånn at dei som var positive hadde ei paternalistisk haldning. Dei meinte ikkje at dei som kom var slemme, men at det var synd på dei. Dette var ei positiv, men samtidig nedlatande haldning. No er det større realisme, ein veit meir og kjenner meir til kvarandre. Ein kan også utveksla både positive og kritiske synspunkt på eit meir reelt grunnlag, det oppfattar eg som eit framskritt.

Både den aggressive motstanden og paternalismen er fjernt frå verkelegheita. Men på ei anna side synst eg det er tendensar til polarisering som skremmer, at miljø på begge sider ser seg indirekte tent med å bygga kvarandre opp. Det eg tenkjer på, er sterke innvandringsmotstandarar på den eine sida og folk med stor avstand til fleirtalskulturen i Noreg på den andre sida som gjensidig profitterer på å understreka skilnadane.

På plussida kan ein sjå at det har kome mange fleire stemmer av innvandrere, ikkje minst blant yngre kvinner. Det finst no eit større rollesett og fleire måtar å kunna vera på. Alt frå Hadia Tadjik til Bushra Ishaq til Sara Azmeh Rasmussen. Dei er innbyrdes forskjellige, men gir eit meir nyansert totalbilde.

Kva tenkjer du om forholdet mellom klasse og etnisitet i Europa etter den økonomiske krisa?

Det er ein samansett problematikk. Ein kan på den eine sida analytisk tenkja om lønnsarbeidarklassa at det ikkje er tilfeldig kven som hamnar i dei lågaste sjikta i denne klassen. Det er kvinner, ungdommar og innvandrarar. Det er ein samanheng mellom klassedanninga og etnisitet.

Det andre er kva som skal vera basis for organisering, kva skal vera politisk plattform. Viss det berre skal vera etnisitet og kultur, så understrekar ein forskjellane. Det løyser ikkje problemet om einskap, det er eit behov for å stå saman, behov for fagforeiningar. Viss ein utelukkande tenkjer på religion eller kultur, så vil dette fellesskapet svekkast. Men viss ein ikkje tar inn det kulturelle, så vil ein ikkje bli nøytral, det vil vera ein modell henta frå fleirtalet. Fleirtalet sin kultur blir ein sjølvsagt norm, for ting som ikkje er så sjølvsagt. Det kjem folk frå andre land med anna fagforeiningserfaring som det kan vera grunn til å lytta til.

Utfordringa for fagrørsla og partia på venstresida er å klara å finna ein form der ein står saman om den politiske diskursen når det gjeld klasse, sosiale krav og miljøpolitikk, men kor det er rom for ulike kulturar. Det er veldig utfordrande, eg hugsar til dømes då eg starta å arbeida i dette feltet, og folk spurte om – korleis står det til med din mor, din far, din søster og din bror?, og eg tenkte: Kan du ikkje koma til poenget, kvifor går du som katten rundt grauten? Mens den andre tenkte – herregud, for ein uhøflig nordmann, som berre går rett på!

Den gamle kulturelle arrogansen som har loge i europearane, også i europeisk fagrørsle, må ein setta på prøve. Det er ein problematisk arv i arbeidarrørsla der ein ser på Europa som avantgarden, som det øverste trinnet i sivilisasjonen, og då også den europeiske fagrørsla som modellgivande for alle andre. Det har Vesten heldt på med, før til dømes som CIA-forsøk på å kontrollera fagrørsle i Latin-Amerika. Men dette synet ligg også til grunn når ein forsøker å eksportera den nordiske modellen utan å spør om kva dei sosiale og politiske føresetnadane er. Viss ein skal eksportera ein korporativ samarbeidsmodell til ein stad dei har ei svak fagrørsle, vil det vera å legga til rette for kontroll og knebling.

Er det mogleg med fredeleg sameksistens med minoritetane etter den økonomiske krisa?

Det er jo klart at ei krise med massearbeidsløyse sånn som det er no, med drastisk reduserte levekår, vil kalla fram eit ønske om forklaringar og løysingar. Det vil då vera ein kamp om forklaringane, og kamp om løysingane. Det er ingen tvil om at den type fortolking som seier at dette er utlendingane si skuld, den får meir grobotn i krisetider. Det eine er at innvandring og minoritetar blir ei universalforklaring som er greitt å gripa til, det andre er at det er eit element av sanning i det.

Viss du har ein by med tretti tusen arbeidslause, og så kjem det ti tusen innvandrarar dit, så vil det jo vera førti tusen arbeidslause. Ein vil stilla svakare i kamp om rettar viss det er massearbeidsløyse. Men det vil avhenga av kven som vinn fortolkinga. Ein kan også sei at det ikkje er utlendingane si skuld, at det for to år sidan var det boom-tid, og at dei utlendingane som då kom ikkje har skapa krise. Ein kan sei at det har med fall i fortenesten i kapitalismen, med leiting etter investeringsutgongar og nedkutting av utgifter. Det er mange kriseteoriar, men ein må komma med ei anna forklaring på kvifor det kjem massearbeidsløyse, og i dette ligg det også å hindra at det er minoritetane som blir skyteskiver.

Se på haldningar i norsk fagrørsle. Bygningsarbeidarane i Oslo laga slagordet om at dei ikkje er ei fagforeining av norske bygningsarbeidarar, men for bygningsarbeidarar i Noreg. Det var ein lang prosess fram til det, men under finanskrisa i 2008–2009 var haldninga så innarbeida hos medlemmane, at dei klarte å halda på den innstillinga gjennom heile krisa. Det kunne ha kome ein situasjon der ein fekk andre fortolkingar og aggresjon mot polske arbeidarar, men det skjedde ikkje. Det å komma opp med ei fortolking av krisa som ser kapitalen som årsak, og med ein kampplan for viktige krav, og å aktivt søka samarbeid, og trekka med seg folk i politisk arbeid, det må vera svaret.

Evnar norsk fagrørsle å trekka innvandrarar med?

Det byrjar å koma ei viss erkjenning, men det er framleis langt å gå. Der ein har stor organiseringsgrad klarer ein å nå ut, på store stabile arbeidsplassar. Der det er små arbeidsplassar, personlege eigarar og stor gjennomtrekk, så klarer ein det ikkje. Det same gjeld for norske arbeidstakarar. Så det å få folk til å bli organiserte er ikkje umogleg. Men det heng framleis å få folk til å bli tillitsvalde, til å komma ut av varaplassane og fylla rollene på linje med fleirtalsnorske. Det ser ein på LO-kongessen og på forbundslandsmøta. Dei fleste utlendingane frå LO sentralt vaskar kontora til LO. Sist LO-kongress blei det vedteke at LO skulle laga eit senter for innvandrarar og migrantar, også papirlause migrantar. Dette har dei ikkje realisert enno, men det peikar på eit større engasjement ovanfor denne gruppa. Men det er lang veg å gå.

Ein del trekk gjer det vanskeligare no. I dei store stabile firmaa og dei store vikarbyråa i byggebransjen er også utlendingane organiserte. Men i mindre firma, der ein tar med seg arbeidarar til Noreg i berre eit par månadar, så er det nesten umogleg å organisera dei når dei er her så kort. Viss det blir meir og meir av det, og mindre og mindre av arbeidsplassane som skapa «standardarbeidaren », altså ein mann på heiltid, nesten heile livet, med tariffavtale, med relativt god inntekt og høg grad av jobbtryggleik, så vil det bli ei større utfordring å organisera folk. Det vil kanskje krevja andre formar for organisering enn det me tradisjonelt har vore vant til.

Ein ide som kan vera kontroversiell, er at ein får medlemsskap i fagrørsla, med andre ord LO. Dette medlemsskapet kan du ta med deg når du sluttar i restaurantjobben der du var medlem i Fellesforbundet i Hotell og restaurant-foreininga, og ta med deg når du får jobb som hjelpemann på bil eller kortidsjobb på ein arbeidsplass. Du er organisert, og får hjelp og rettar. Med veksten i disse sjikta må ein også starta å tenkja på om fagrørsla til dømes skal organisera arbeidslause. Det hadde ein i eksempel på i Noreg i mellomkrigstida med foreiningar for arbeidslause. I andre land har ein gjort det valet også no. Delvis ut frå ei erkjenning om at det som skjer meg i dag, kan skje deg i morgon. Men det gjeld også det at viss ein ikkje får med arbeidslause så vil presset på dei som står svakast i arbeidslivet frå før, bli endå sterkare.

Blandinga av innvandring og endringa i organiseringa av kapitalismen, oppbrotet frå standardarbeidaren og masseproduksjon, stabilitet og statleg regulering må provosera fram ein diskusjon om ein skal supplera eller legga om på nokre punkt korleis fagrørsla blir driven.