Kvinnekroppen som kamparena

Av Ingrid Baltzersen

2009-03

Forslaget om å tillata hijab i politiet skapa ein utruleg oppheita debatt i vinter. Det føyer seg inn i rekka av debattar som handlar om kvinner og islam, eller kvinner og tradisjonar frå muslimske land. Debatten har også fått valdelege utslag, det er rapportert om angrep på kvinner med hijab både i Trondheim og Sandnes.
Kvifor er kvinnekroppen den arenaen som kampen om innvandring og verdiar skal utkjempast?

Ingrid Baltzersen er midtaustenvitar, og nestleiar i Raudt.

Religionshistorikaren Berit Thorbjørnsrud prøvde å få kunnskapen til å vera eit grunnlag for hijabdebatten. I fleire foredrag og intervju har ho lagt vekt på at bruken av hijab kan symbolisera utruleg mange ting, og at den norske debatten berre gjer kvinner med slør til uforståelege ekstremistar.(«Historien om hijab», www.forskning.no/artikler/2009/mars/214114) Bruk av slør i dag kan symbolisera både fromheit, motstand og undertrykking, og kvar enkelt kvinne veit best kva det symboliserer for ho.

Kvinner i Midtausten har dekt til hovudet sitt så lenge me kjenner til. Det same har ein sett her heime, oldemødrene våre dekka ofte til hovudet sitt, med hatt eller skaut alt etter kva distrikt og klasse dei høyrde til. I Midtausten var det tidlegare ikkje noko religionsspesifikt klesplagg, både jødiske, kristne og muslimske kvinner dekka til hovudet sitt.

Motstand mot bruk av slør har ei fleirsidig historie. I førre århundre begynte kvinner med høg utdanning og i overklassen å gå med bart hovud og vestlege klær, for å visa at dei var moderne og opplyste. Ein del feministar kasta sløret, samtidig med at dei kravde innpass i samfunns- og arbeidsliv. Men sløret blei også bruka som eksempel frå vestlege kolonimakter på at dei koloniserte måtte frigjerast utanfrå. Eit eksempel er Algerie, der det franske fokuset på sløret gjorde at fleire tok det i bruk for å visa motstand mot det brutale koloniregimet. Atatürk i Tyrkia og Reza Sjah i Iran bidro til å politisera sløret. Begge forbaud bruk av slør og dei mannlege tradisjonelle hovudplagga, og bruk av slør blei ein måte å visa motstand mot desse regimene.

Det nye sløret, hijaben, oppsto på syttitalet. Dei sekulære frigjeringsrørslene i Midtausten innfridde ikkje forventningane, og islamistiske rørsler var på frammarsj. På same måte som i Europa var det fleire som tok høgare utdanning, også frå lågare klasser. Desse kvinnene hadde ikkje råd til å følga moten med fancy europeiske klær og sminke. Dei tok også avstand frå det, gjennom å kle seg i ein enkel billig heildekkande drakt, med tørkle som dekka hovud og hals. Desse kvinnene deltok i samfunns- og etter kvart arbeidslivet, men på sin eigen måte.

Ein ser at det siden syttitalet er blitt meir og meir populært å bruka hijab i Midtausten. Viss ein ser på fotografi frå Egypt på femtitalet, så ser ein mange fleire kvinner med bart hovud då, enn i dag. Men i dag er det mange fleire kvinner med utdanning, og i lønnsarbeid.

For mange kvinner med bakgrunn frå muslimske land så er hijab berre ein uproblematisk del av klesdrakten. For mange er det eit personleg val, som handlar om deira forhold til gud. For andre er det eit viktig kulturelt eller politsk symbol som viser motstand mot imperialisme og undertrykking. For andre igjen er det eit viktig symbol på undertrykking, anten frå staten i dei landa det er hijabpåbod, eller frå familie eller moské.

Bruk av hijab i Noreg betyr heller ikkje berre ein ting. Det er ikkje dokumentert at det finst ei stor islamistisk rørsle i Noreg som forsøker å islamisera landet gjennom bruk av unge kvinner med hijab. Det ein ser er at kvinner sine val, anten å bruka hijab eller å la vær, blir gjort til eit altomfattande spørsmål, som seier noko om kva ho meiner politisk, korleis ho har det med mannlege slektningar, og kva forhold ho har til arbeidslivet. For meg er det opplagt at det er like mange grunnar til å bruka eller ikkje bruka hijab som det finst kvinner med muslimsk bakgrunn.

Muslimhets i krigen mot terror

Rasisme betyr i følgje ordboka: menneskesyn, politikk eller ideologi som byggjer på rasefordommar. Men det er lenge sidan det var akseptert å sei at «negrar» var late eller «gulingar» var ondskapsfulle. I staden har me fått fordommar om kultur som blir rettferdiggjort med ein forsøksvis vitenskapeleg dokumentasjon. I staden for vitenskapelege skallemålingar har me no vitenskapelege samanlikningar mellom Vesten og islam. Men som debatten om hijab viser, så er heller ikkje denne typen fordommar basert på kunnskap. Dei siste åra er det først og fremst folk med aner i muslimske land som har møtt denne type rasisme. Og det er lett å sjå at rasismen har samanheng med den såkalla krigen mot terror.

James Bond-filmane er ein god illustrasjon på kva som blir oppfatta som det mest skremmande fiendebiletet i samtida. Dei første filmane hadde nesten alltid russiske skurkar. Men på nittitalet blei det mediemogular og terroristar, og filmane flytta seg frå Aust-Europa og Russland til Kaukasus og Aust-Asia.

Den amerikanske statsvitaren Samuel P. Huntington var den første som formulerte teorien om the clash of civilizations, kampen mellom sivilisasjonane. I 1992, eit par år etter Sovjetunionen brøyt saman, kom han med ein tese om at krigane framover kom til å handla om kultur og religion, ikkje så mykje om økonomi og ideologi. Dei to viktigaste utfordrarsivilisasjonane til den vestlege var den kinesiske kulturkretsen og islam. Den islamske kulturkretsen ser han på som agressiv og farleg, og dei havnar ofte i konflikt med nabosivilisasjonane, dei har «blodige grenser». Huntington sin teori er dårlig formulert, han vel det som passar av religion, språk og geografi som kriterie på kva som er ein sivilisasjon, og forholder seg til sivilisasjonsområda som evige størrelser. Men teorien hans har blitt bruka for å rettferdiggjera dei nye krigane. Og han har difor fått rett i at det er krigar med muslimske land og konflikten med Kina som er det dominerande. Og han fekk også rett i at det er kultur og religion ein leiter etter, når ein ser konflikter i dag, ikkje økonomiske og geopolitiske årsaker. Amerikanske myndigheiter bruka sivilisasjon som argument når dei gjekk til angrep på Afghanistan og Irak. Dei skulle frigjera dei afghanske kvinnene frå burkaen, og dei skulle innføra demokrati i Irak.

I alle krigar skaper ein eit fiendebilete av den ein krigar mot. Det er nødvendig for å få støtte i sitt eige folk til å gå til krig, og for å halda motet og moralen oppe blant soldatane. Fokuset på kultur og religion som har kome med the clash of civilizations, blir bruka for å laga nye typer fiendebilete. I følgje dette er dei muslimske landa udemokratiske og kvinneundertrykkande, og dei kan komma til å angripa oss viss me ikkje angrip dei først.

Det spesielle med det fiendebiletet er at representantar for fienden finst hos ein sjølv, noko muslimar i USA og Europa har fått kjenna på kroppen. Unge muslimar blir heile tida avkrevd å ta stilling til alt som blir oppfatta å ha med islam eller muslimske land å gjera. Dei må ta stilling til terroråtak og krigføring, og handlingar som tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Sjølv om det er like fjernt for dei som paven sine talar eller USA sin kristne rettferdiggjering av krigføring er for nordmenn med kristen bakgrunn. Ei EU-undersøking viser at kvar tredje muslim har opplevd diskriminering det siste året, og at det er ungdommar som er hardast ramma. Elleve prosent hadde opplevd rasistisk krimialitet. Muslimar rapporterer om problemer når dei skal søka jobb og skaffa bolig, og om rasistisk vald.

Det er mange eksempel på at folk som blir sett på som representantar for ein fiende, blir diskrimintert, trakkasert og forfulgt. Under andre verdskrigen blei 120 000 menneske med japansk avstamming internerte i USA. Fleire hundre nordafrikanske innvandrarar blei brutalt slått ned og drepne i samband med ein demonstrasjon i Paris i 1961 mot krigen i Algerie. Men dei som merkar diskrimineringa best på kroppen, er kvinner.

Kvinnekroppen som kamparena

I patriarkalske samfunn, samfunn basert på mannsmakt, er kontroll av kvinna viktig. Ein ser private utslag av det når menn dreper kvinner som vil skilja seg frå dei, eller dreper døtrene sine fordi dei har øydelagt æra til familien sin. Men kontroll av kvinner og kvinners seksualitet skjer også utanfor familien. Og det blir spesielt satt på spissen i krigstid. Eit døme frå Noreg er behandlinga av kvinnene som hadde hatt forhold til tyske soldatar, dei såkalla «tyskertøsene». Dei som var kjærastar med tyske soldatar, eller hadde forhold til dei og fekk fine ting av dei, ødela for krigsmotstanden til andre gjennom å gjera det meir behagelig å vera tysk soldat, og gjennom å gjera det tyngre for andre å ikkje ha skikkeleg mat og klær. Men det var lite dei tente på å fraternisera med fienden, i forhold til dei som hadde økonomisk gevinst av å selga varer og tenester til tyskarane. Då okkupasjonen av Noreg var slutt var det likevel desse kvinnene som blei hardast straffa, gjennom å bli banka opp og trakkaserte, ei stigmatisering som også smitta over på ungane deira.

Motstandskamp mot krig og okkupasjon blir kjønna. I Palestina blir morsrolla framheva, både av palestinarane og av israelarane. Det å føda mange barn som kan bli stolte palestinarar, er sett på som ein viktig del av motstandskampen. Reint praktisk fører det til store offer, for kvinner som risikerer å mista barnet eller livet når dei blir stoppa på israelske check-points fordi dei prøver å komma seg til sjukehus. Og israelarane framstiller palestinske mødre og barnefødslar som ein demografisk trussel, og som eit eksempel på at araberane er kulturelt tilbakeståande. Ein ser også auke i kjønnsbasert vald i krig, menn som har mista kontroll over eige liv på grunn av okkupasjon, kan i alle fall kontrollera kvinner og born.

Muslimske kvinner i Vesten

Den muslimske kvinna med hijab, er i Vesten eit symbol på islam som forsøker å ta over landet vårt. Uavhengig av kva som er den personlege grunnen til at kvinna bærer plagget. Marwa al-Shirbini, ei ung kvinne med egyptisk bakgrunn, blei knivstukken utanfor rettsalen i Dresden i Tyskland. Gjerningsmannen kalla ho «terrorist» og «islamist-hore», truleg fordi ho bruka hijab. Dette har heldigvis ikkje skjedd i Noreg, men også her opplever kvinner med sjal å bli fysisk angripne. Dei valdelege angrepa er eit ekstremt utslag av stigmatisering og diskriminering som muslimske kvinner opplever dagleg. Det kan vera alt frå fryktsomme blikk på trikken, til at namnet eller sjalet er grunnen til at dei ikkje får jobb.

Kvinneundertrykking blir bruka som grunngjeving for å ikkje gje kvinner rettar. Eit døme er Faïza M., ei franskmarokkansk kvinne som blei nekta fransk statsborgarskap fordi ho brukar burka, og difor ikkje blir vurdert å vera tilstrekkeleg assimilert for å få statsborgarskap. Tidlegare har språkkunnskap vore kriteriet for om ein person er tilstrekkeleg assimilert, men det er ikkje grunnen i dette tilfellet. Faïza M. snakkar utmerka fransk.

I halvparten av dei tyske delstatane får ikkje lærarar bruka religiøse symbol. I fleire av delstatane er kristne symbol unntatt frå forbudet. Dei som blir ramma av forbudet, er difor kvinner som bruker sjal. Dei må anten slutta med det, bruka parykk, eller slutta i jobben. I Danmark har høgsterett slått fast at diskriminering på grunn av hovudplagg i ein butikkjede var lovlig, så lenge det var grunngjeve med at kvinna jobba med kundekontakt og hadde signert ein arbeidskontrakt der det sto at hovudplagg var forbudt. I Noreg har me hatt fleire eksempel på at kvinner har mista jobben, eller ikkje har fått jobbar på grunn av hovudplagget. Det er ikkje lovlig, men vanskeleg å dokumentera viss ein jobbar som ringevikar eller ikkje har signert kontrakt. Grunngjevinga for diskriminering på grunn av hijab er som regel at det er anten for kvinna, bedriftens eller samfunnets beste. Men ved å utestenga eit symbol ein meiner er kvinneundertrykkande, utestenger ein samtidig kvinnene som bærer det.

Økonomisk sjølvstende og kontroll over eigen kropp

Kvinner kom i stort mon ut i arbeidslivet i Noreg på 60- og 70-talet. Samtidig oppstod ei rørsle for barnehagar, for abort, mot porno, for likelønn. Det at kvinner hadde ei sjølvstendig inntekt, gjorde at dei også kravde tiltak som kunne gjera at dei kunne fortsetta å ha inntekta. Dei kravde også å få vera fullverdige menneske, altså ikkje seksualobjekt og samtidig frie til å ha ein seksualitet utan å vera gift, eller utan å måtta få barn sjølv om ein var gift. Det var materielle årsaker som gjorde at kvinner kom ut i arbeidslivet, og den materielle endringa la grunnlaget for ei rørsle som stilte krav. Korleis den rørsla blei, kom av politiske val som har blitt gjort, og politiske diskusjonar om kva som er rektig. Men det materielle grunnlaget for rørsla måtte finnast for at ho skulle voksa til.

Fordommane om at alle muslimske kvinner er ofre for diskriminerande kultur og religion, skjuler dei faktiske problema kvinnene har. MiRA – Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner har i alle år lagt vekt på at mange av problema innvandrarkvinner møter kjem av innvandringspolitikken og gjeldande utlendingelov. Minoritetskvinner møter som innvandrarar diskriminering i arbeidsmarknaden, i boligmarknaden og ellers i samfunnet. MiRA-senteret legg også vekt på at valden innvandrerkvinner opplever, ikkje er eit kvinneproblem, men eit sammfunnsproblem. Konkrete problem må løysast med konkrete løysingar. Innvandrarkvinner kan ha spesielle utfordringar når dei opplever vald i nære relasjonar, som språkbarrierer, manglande nettverk, usikkerheit knytta til opphaldsløyve (tre års regelen), og redsle for kva som venter ved eventuell heimsending og økonomisk avhengigheit til valdsutøvaren. Nokre av desse problema liknar dei utfordringane krisesenterrørsla har arbeida med, og nokre av dei er nye. Men viss ein berre ser på problema som kvinner med muslimsk bakgrunn har som problem på grunn av islam eller spesifikk kultur, ser ein bort frå det ein kunne hatt av felles erfaringar på grunn av klasse, kjønn, bygd eller by, religiøsitet eller sekularisme, eller felles interesser i ei konkret sak.

Det er feil å ekskludera kvinner frå arbeidslivet eller frå utdanning på grunn av religiøse, politiske eller personlege val dei har tatt i forhold til symbol/klesplagg. Anten det gjeld eksplisitt gjennom forbod mot hijab i det offentlege rom, eller gjennom stigmatisering av desse kvinnene som gjer at dei føler seg ubekveme i det offentlege rom. Uansett kva ein meiner om hijaben, så er det betre å opna for økonomisk sjølvstende, og dermed at kvinner lettare kan ta eigne personlege og politiske val, enn å ekskludera dei frå det fordi ein meiner dei er undertrykte.

Dei private vala til kvinner med muslimsk bakgrunn blir politisert, som ein følgje av ideologien rundt the clash of civilizations og krigen mot terror. For å få slutt på det må me få fram kva krigane muslimske land er, det er krigar om kontroll over ressurser, marknader og transportruter, ikkje krigar for demokrati, menneskerettar og kvinnefrigjering.