Baskarland – menneskerettsbrot og manglande politiske rettar

Av Ingrid Baltzersen

Nr 2 2008

Det baskiske kravet om sjølvbestemming blir skjult mellom det at Spania framstår som eit vestleg EU-land og demokrati, og ETA sine drap. Men det foregår også eit jamt politisk og kulturelt ikkje-valdeleg arbeid for baskisk sjølvbestemming, eit arbeid som blir brutalt undertrykka av den spanske staten, skriv Ingrid Baltzerzen som obeserverte valet i Baskerland i vinter.

 

 

Ingrid Baltzersen er nestleder i Rødt og var solidarisk valgobservatør i Baskerland i mars 2008.


Baskarland (Euskal Herria) ligg i Spania og Frankrike og er delt i sju provinsar. I den spanske staten er Baskarland delt i fire provinsar, tre av dei ligg i den baskiske autonome regionen i Spania som har eit eige parlament med begrensa myndigheit.

Baskisk (euskera) er ikkje eit indoeuropeisk språk, og har eksistert i området frå før vår tidsrekning.

I det spanske parlamentsvalet 9. mars i år var to av dei baskiske venstresidepartia som er for sjølvstyre, suspenderte. Desse partia representerer standpunkt og folk som har pleid å få 10–15 % oppslutning i dei baskiske provinsane i parlamentsval, og hatt ordførar og absolutt majoritet i fleire byar og landsbyar. Ein stor del av befolkninga i Baskarland hadde altså ikkje noko parti å stemma på i valet, og valkampen dei forbudte partia førte, var ei oppfordring om boikott av det udemokratiske valet.

Forboda av partia ANV (Accion Nacionalista Vasca) og EHAK (Euskal Herrialdeetako Alderdi Kommunista) er ei fortsetting på ein politikk den spanske staten har bruka dei siste åra, dei forbyr baskiske parti og hindrar dei dermed frå å delta i det politiske livet. På 2000-talet har Batasuna i ulike variantar blitt forbudt med grunngjevinga at dei ikkje tar avstand frå ETA sine aksjonar, og dessutan har same mål: baskisk sjølvstende. I valet på det baskiske parlamentet i 2005 stilte den same rørsla lister gjennom partiet EHAK, og i lokalvalet i 2007 stilte dei gjennom partiet ANV. Halvparten av listene deira blei forbudt i valdistrikt tilsvarande eit fleirtal av folketalet, så dei fleste baskarane hadde ikkje moglegheit til å stemma på partiet.

Forbodet får ekstreme konsekvensar for lokaldemokratiet i dei landsbyane der denne rørsla tidlegare har hatt fleirtal. Eit døme er landsbyen Lizartza med litt over 600 innbyggarar. Landsbyen har blitt styrt av Batasuna frå slutten på Franco-regimet og fram til dei blei ulovlige i 2003. I lokalvalet i 2007 var to av listene som stilte i Lizartza forbodne, og den tredje trekte seg. Det spanske høgrepartiet PP stilte lister med kandidatar frå Madrid, og vann dermed valet med 27 stemmer, under 8 % av avgitte stemmer. Den nye ordføraren frå PP, Regina Otaola, bur 75 kilometer unna og kjem til Litzartza med fullt politioppbod kvar fredag. Då blir all radiokommunikasjon i landsbyen blokkert, det vil seie at mobiltelefonar, garasjedøropnarar, elektroniske billåsar osb. ikkje virkar. Det første ordføraren gjorde, var å henga opp det spanske flagget på rådhuset, eit flagg som ikkje har hengt der sidan Franco regjerte. Befolkninga i landsbyen føler seg beleira, og får ikkje ta del i styret av landsbyen. Den tidlegare ordføraren frå Batasuna, José Antonio Mintegi, og representantane han har stilt på liste med, har organisert eit parallelt kommunestyre. Dei prøver å organisera kulturaktivitetar og andre kommunale oppgåver med eigne pengekjelder, men det er sjølvsagt ei vanskeleg oppgåve.

Politimakt mot politikk

Politikarar blir straffeforfulgt når dei brukar ytringsfridomen sin. Ordføraren i Hernani, Marian Beitialarrangoitia (ANV), blei dømt til 2 års fengsel i ein lågare rettsinstans for i ein tale å ha uttrykt sympati for baskiske politiske fangar og torturofre. Ho blei i februar slept fri av spesialdomstolen Audiencia Nacional i Madrid, men ho må møta jamnleg for politiet og kan ikkje forlata landet.

Det spanske politiet har utvida rettar til å arrestera folk på terrormistanke. Menneskerettsorganisasjonar jobbar mot ein type varetektsfengsling som blir kalla "incomunicado", fengsling i fem dagar utan at ein har rett på grunngjeving, uavhengig advokat eller lege, og utan at familien får vita kor ein er. Etter fem dagar blir ein framstilt for dommar, som kan idømma ein nye fem dagar incomunicado. Ein kan altså sitta ti dagar utan andre vitne enn politifolk og ein dommar, noko som opnar for bruk av tortur. Rundt 5.000 baskarar hevdar dei har blitt torturert av spanske myndigheiter sidan 1975.

Eit eksempel på bruk av tortur mot politiske ytringar er fengslinga av Martxelo Otamendi, ein av redaktørane av den dåværande einaste baskiskspråklege avisa, Egunkaria. Otamendi fortel om tortur som liknar den andre fangar i krigen mot terror blir utsett for: Han fekk tildekka ansiktet sitt, blei forhindra i å snakka og sova, blei truga med seksuelle overgrep, fekk ein pistol retta mot hovudet sitt, og blei truga med å bli drepen viss han fortalte kva han hadde blitt utsett for til fengselslegen (1). Otamendi ventar no på rettssaka si.

Den spanske staten brukar fengsling og tortur både for å få tilståelsar, men også som kollektiv straff og for å hindra politisk organisering. Eit sentralt krav er at fangane skal sona dommen sin i Baskarland. Politikken dei siste tjue åra har vore å plassera fangane så langt unna som mogleg. Det gjer at familiane blir utsett for store påkjenningar når dei skal vitja slektningane sine som sit i fengsel fleire hundre mil unna. Eit fengselsbesøk på nokre minutt krevjer timesvis av køyring kvar helg, og fleire har omkomme på vegen. Fangefamilieorganisasjonane har difor frivillige som køyrer familiemedlemmar til fengselsbesøk.

Framtidsutsikter

Den baskiske venstresida har eit aktivt politisk arbeid gjennom mellom anna parti, kulturelle organisasjonar, aviser, menneskerettsorganisasjonar og grupper som jobbar for å minnast dei baskiske ofra under den spanske borgarkrigen. Åtaka på politisk verksemd gjennom arrestasjonar, tortur og lange fengselsstraffar for vanleg politisk arbeid kveler denne aktiviteten. Anti-terror-lovgjevinga er skremande for alle politiske aktivistar, men Baskarland er det området i Vest-Europa som har sett dei mest skremande utslaga. Kampen for å få driva politisk arbeid i Baskarland burde difor vera relevant for fleire enn berre baskarane.

Anbefalt litteratur

Stein Torger Svala (2006): Baskisk frihetskamp – urfolk, antiterror og demokratisk fascisme


Note: 1. http://www.englishpen.org/writersintranslation/magazineofliteratureintranslat/basquecountry/martxelootamendi/ [Attende]