Korleis får me sosialistisk folkestyre?

Av Ingrid Baltzersen

2005-04

Målet er ikkje sosialisme, men kommunisme. Målet er eit samfunn der det ikkje er klassar og difor ikkje stat, der dei viktige motseiingane kvinne-mann, by-land, hand-ånd er oppheva. Dette høyrest veldig teoretisk ut, og det er veldig teoretisk for oss, og ein kan nok ikkje heilt sjå for seg alle dei praktiske konsekvensane av kommunismen før ein nærmar seg dette samfunnet. Men det er viktig å halda fast på kommunismen som visjon, fordi sjølv om me vil bort herfra og bort frå kapitalismen, så vil me også vidare enn det klassesamfunnet som sosialismen kjem til å vera.

Ingrid Baltzersen er nestleiar i AKP

Dette er ei innleiing frå Raud sumarleir i 2005


Sosialismen er eit samfunn på vegen til målet, eller første fase av kommunismen. Sosialismen er eit samfunn der ein sosialiserer, dvs. gjer til ein sak for samfunnet, produksjonsmidla, derav ordet sosialisme. Sosialismen er ein situasjon der folket har tatt makta gjennom ein revolusjon. Eg ser for meg at det vil vera ei revolusjonær rørsle der folk vil ulike stader, men med felles plattform á la Kafka: "Bort herfra, det er mitt mål." Difor vil det også vera politisk usemje under sosialismen, fordi folk vil ulike stader.

Utprøving av sosialistisk demokrati under kapitalismen

Sosialismen er ei opning for meir demokrati, fordi det er folk som bestemmer over arbeidsplassane og nabolaga sine, over liva sine. Folk veit ofte godt kva dei ville gjort for å få arbeidsplassane sine til å fungera betre eller kor det burde vera ein park i nabolaget. Ein får erfaring med dette gjennom å jobba saman med folk, og bu saman med folk og bry seg med kva dei tenkjer på. Ein god lærestad er kommunestyrer. Der kjem ein i kontakt med folk som ynskjer å få ein veg eller flytta ein veg, å beholda skulen sin, å beholda fritidstilbudet for ungdommar eller oppretta det. Ein får erfaring med måten den kapitalistiske staten organiserer dette. Ein får god oversikt over behova til folk i dette samfunnet, og kva ein hadde endra viss ein styrte sjølv. Men ein får ikkje erfaring med å styra sjølv. Slik erfaring er vanskeleg å få utan å ta makta i eigne hender. Ein har ein del erfaring på mindre område. Ein har forsøk på deltakande budsjettering til dømes, og har hatt erfaring med arbeidarstyrte handelssamvirke, folk som bur i kollektiv, folk som organiserer sine eigne bedrifter. Deltakande budsjettering trur eg er bra, det er ein måte å aktivisera folk, og læra dei å vera kreative og samarbeida om kva dei treng. Forutseiinga for at det skal fungera bra er at pengane skal komma på toppen av budsjettet, og ikkje bli tekne av andre postar. Men ein får ikkje bestemma over meir enn ein liten del av det totale budsjettet, ein får berre lov til å prøva seg litt, og eg veit ikkje om folk tar det seriøst då. Eksempelet med arbeidarstyrte handelssamvirke har eg frå Rosa Luxemburg sin kritikk av Bernstein si tru på at samvirka kan komma handelsprofitten til livs (sjå Rødt! nr 2, 2005). Kritikken mot dette er at for å gjera samvirka konkurransedyktige med dei kaptitalistiske butikkane, vil ein måtta bruka dei same metodene som dei kapitalistiske butikkane, det vil seie å utbytta arbeidarane. Så samvirket vil anten gå til grunne ved å gå konkurs, eller ved å bli kapitialistisk. Desse to eksempla viser at ein alltid stangar mot veggene til kapitalismen i slike forsøk, ein får prøvd ut litt, men det kapitalistiske systemet har ikkje mykje rom for at folk skal styra liva sine til sitt eige beste.

Kva er sosialistisk demokrati?

Demokratiet under sosialismen kjem til å bruka desse erfaringane, og erfaringane frå kampen for sosialismen, for å byggja eit demokrati der folk bestemmer i staden for pengane. I denne situasjonen er det fleire utfordringar. Eg kjem ikkje først og fremst til å komma med løysingar, meir å trekka opp problemstillingar.

Framleis prega av kapitalismen

Ei utfordring er at me er prega av det samfunnet me lever i, kapitalismen. Me er vande med å konkurrera, me er vande med å undertrykka kvinner, svarte, bønder og andre folk som står lågare på rangstigen enn oss sjølv. Korleis kan ein jobba for å oppheva dette? Eg trur det er viktig at me under arbeidet for ein sosialistisk revolusjon ikkje brukar desse undertrykkingsmekanismane for å vinna, for me kan berre vinna med å bekjempa desse mekanismane. Me har ein del erfaringar med kjønnskvotering, og med å bygga kvinner, med arbeiderkvotering og med å bygga arbeidarar.

Framleis prega av revolusjonen

Organisasjonene våre er middelet for å oppnå sosialisme, og kommunisme, ikkje eit mål i seg sjølv. Organisasjonane våre er også der me blir oppdregne til demokrati, og til korleis ein kan styra ein organisasjon, og ein vil sikkert ta med seg det når ein skal styra samfunnet. Det ein har sett i erfaringar frå omveltningar og frigjeringskrigar er at ein tar med seg organisasjonsapparatet frå revolusjonen eller frigjeringskrigen over i fredstid. Dette er av mange gode grunnar, det er fordi det er vanskeleg å sjå når det har blitt fredstid, det er fordi apparatet har fungert effektivt under krigen, det er fordi ein har fått stor respekt under revolusjonen eller krigen, og difor ser på seg sjølv som ein sjølvsagt leiar framover, og på folk som utfordrar makta som kontrarevolusjonære, anten dei er det eller ikkje. Ein har slike erfaringar frå Sovjet og Kina, men også frå nyare frigjeringskrigar, slik som den eritreiske (sjå Tore Sivertsen i Rødt! nummer 2, 2005). Noreg er i ein heilt annan situasjon enn dei landa eg nemner her. Men poenget med å nemna det er at eg vil tru ein revolusjon skjer i ein spent situasjon, uansett kor fredelig det er. Og då vil organisasjonsapparatet i organisasjonane som deltek i denne oppstanden eller omveltinga vera tilpassa den situasjonen i ein periode for å vera effektivt. Ein vil ha klarare kommandolinjer, stola på beskjedane ein får utan å diskutera dei så mykje. Men korleis kan ein passa på at det ikkje blir overført til det sosialistiske demokratiet? Er det mogleg, eller vil det uungåeleg enda i despoti? Det er sjølvsagt stor forskjell på kor spent situasjonen er, men sjølv alle som er i streik eller valkamp veit at for å vinna må ein jobba samla i den perioden streika eller valkampen er, og så tar ein opp større motseiingar etterpå når ein har tid, og det ikkje skadar kampen. Men viss kampen varer i fleire år, må ein finna rom for diskusjon også under kampen. Det er viktig at ein held fast på demokratiet og dei mange meiningane uansett kor spent situasjonen er, slik at det ikkje er noko ein kan ta frå oss. Men det kan ikkje berre vera eit mantra, ein må finna praktiske løysingar for korleis ein får det til.

Borgarskapen under sosialismen

Ein vil antageleg komma til sosialismen gjennom ein revolusjon, men forholda på det tidspunktet vil ha mykje å sei for korleis ting utvikler seg. Eg ser for meg at ein revolusjon skjer i ein krisesituasjon, der folk er sinte og vil ha endring, og at dei revolusjonære sosialistane og kommunistane får oppslutning om politikken sin, eller i alle fall for endring. I dei fleste tilfella der folk har organisert seg for endring og for å kvitta seg med kapitalismen, har borgarskapen og særleg den internasjonale imperialismen slått tilbake. Borgarskapen har ingen objektive interesser i sosialisme, fordi dei vil mista privilegia sine. Sidan sosialismen er eit klassesamfunn, der arbeidarklassa og andre allierte klasser har teke makta, vil det framleis vera klassekamp. Det vil framleis vera ein borgarskap som ynskjer å reversera revolusjonen. Korleis forheld ein seg til dette når ein lagar demokratiet under sosialismen? Denne situasjonen betyr at ein må undertrykka borgarskapen som klasse for at dei ikkje skal få makta igjen. Men betyr det å undertrykka enkeltpersonar og fråta dei demokratiske rettar? Nei, det gjer det ikkje. Men det betyr at dei ikkje skal kunna bruka dei økonomiske fortrinna dei har hatt under kapitalismen for å tvinga på folk kapitalisme. Det betyr at dei ikkje slik som no kan bruka makta til pengane for å få gjennom vilja si. At det ikkje skal gå an å eiga andre si arbeidskraft, eller å tena pengar på å eiga hus som ein leiger ut eller tv/avis/radiostasjonar. Men korleis kontrollerer ein dette i praksis? Eg tenkjer meg at det blir gjort på den måten at alle, også borgarskapen, har stemmerett og medbestemmingsrett i saker som angår dei, men at ein ikkje lar folk bruka pengar for å driva kampanjar, eiga aviser osv. Men her er det mange fallgruver. Til dømes: viss ikkje private selskap skal eiga aviser, kven skal det då? Organisasjonar eller fagrørsler? Det vil gje dei eit stort fortrinn for å få ut sine synspunkt. Staten? Det vil gjera at pressa ikkje er fri. Redaksjonen, eller alle som jobbar i avisa? Viss det berre er redaksjonen, vil det gje dei større makt enn alle dei andre som jobbar i avisa. Og uansett om det er alle som jobbar i avisa, vil det gje dei eit stort fortrinn på noko som fleire er ein del av, altså dei som les avisa, dei som blir intervjua, dei som ynskjer å bli intervjua osv. Når det gjeld aviser, er det jo ikkje berre styring av profitt det handlar om, men også styring av kven som får lov til å dominera meiningproduksjonen. Og viss me seier at marknaden ikkje skal bestemma det, må me ha andre mekanismar som kan styra det, som er politisk bestemt.

Vegen til kommunismen

Som eg sa i starten meiner eg det er viktig under sosialismen at ein har eit anna mål enn berre sosialismen, nemlig kommunismen. Målet er å oppheva dei viktige motseiingane som er nødvendige i kapitalismen, og som også vil finnast i andre klassesamfunn. Sidan dette er ein langvarig prosess er det vanskeleg å dela dette opp i tidsbolkar, og sei: dette er revolusjonen, dette er sosialismen, dette er kommunismen. Ein kan til dømes også kalla sosialismen for den første fasen av kommunismen. Poenget er at målet er å oppheva undertrykking, utbytting og maktforhold på grunn av klasse, kjønn, nasjonalitet, hudfarge, legning. Me ynskjer dette fordi me er ein del av dei undertrykte, fordi me er kvinner, arbeidarar, homoar, svarte, og vil ha bort undertrykkinga av oss sjølv. Men det er også fordi at så lenge det finst slike motseiingar vil ein også ha ein kime som kan føra til ein reaksjon tilbake til kapitalismen. Problemstillinga i denne artikkelen var korleis får ein sosialistisk folkestyre. Eg meiner det er mogleg å få eit godt demokrati under sosialismen. Det som er viktig er at endringa startar no, med våre eigne organisasjonar og vårt eige organisasjonsdemokrati, og at målet under sosialismen er kommunismen, eit samfunn utan klassemotseiingar. Det er viktig å halda på demokratiske rettar, meiningsbrytning og offentleg debatt er nødvendig. Ei revolusjonær rørsle må knytta seg så sterkt til dette at ingen, ikkje ein gong ein revolusjonshelt kan undertrykka dei. Samtidig er det viktig at det er riktig og nødvendig å gjera opprør mot undertrykking, elles blir undertrykkinga berre verre. Ein får ikkje til eit levedyktig demokrati under sosialismen utan desse elementa.