Rødt! marxistisk tidsskrift

Hjem 2008 Nr 4 2008 Når Google ser deg: – Scroogla
Når Google ser deg: – Scroogla Skriv ut E-post

Novelle av Cory Doctorow

Greg landa på den internasjonale flyplassen i San Francisco klokka åtte om kvelden, men klokka var over midnatt før han hadde kome seg gjennom tollkøen. Han hadde gått av frå fyrste klasse, nøttebrun, ubarbert og smidig i kroppen etter ein månad på stranda i Cabo (der han hadde dykka tre dagar i veka og forført franske studiner resten av tida). Då han drog frå byen for ein månad sidan, var han eit smalskuldra vrak med kulemage. No var han ein bronse-gud som hausta beundrande blikk frå kabinpersonalet.

Etter fire timar i tollkø hadde han sklide attende frå gud til mann. Den milde euforien var borte, sveitten rann ned i rumpesprekken og akslene og nakken var så spende at ryggen kjendest som ein tennisracket. Batteria på iPoden hans var daude for lenge sidan, og alt han kunne gjera var å sniklytta på det middelaldrande paret framføre seg.

«Den vidunderlege nye teknologien,» sa kvinna, og nikka mot eit skilt i nærleiken: «Immigrasjon – Powered by Google».

«Eg trudde ikkje det skulle byrja før neste veke?» Mannen veksla mellom å ha på og halda ein svær sombrero.

Googling på grensa. Herregud. Greg hadde hoppa av Google for seks månader sidan, løyst inn opsjonane og «teke litt tid til seg sjølv». Noko som viste seg å vera mindre gjevande enn han hadde trudd. I dei neste fem månadene hadde han reparert datamaskinene til venene sine, sett på føremiddagsfjernsyn og lagt på seg fem kilo— noko han meinte kom av at han var heime i staden for i Googleplexet med det velutstyrte, døgnopne treningsstudioet.

Han burde sjølvsagt ha forventa det. Dei amerikanske styremaktene hadde brukt 15 milliardar dollar på eit system for å ta fingeravtrykk og bilete av besøkande på grensa, utan å fanga ein einaste terrorist. Tydelegvis var ikkje offentleg sektor i stand til å «Do Search Right».

Sikkerheitsvakta frå DHS (Department of Homeland Security) hadde posar under augo og myste mot skjermen medan han knotta på tastaturet med pylsefingrar. Ikkje rart det tok fire timar å koma ut av denne fordømde flyplassen.

«God kveld,» sa Greg og gav mannen det sveitte passet sitt. Vakta grynta og turka det før han retta augo på skjermen og tasta. Mykje. Han hadde ein liten matrest i munnvika, og tunga kom ut og sleikte på han.

«Vil du fortelja meg om juni 1998?»

Greg såg opp frå flymagasinet. «Orsak?»

«Du skreiv ei melding på alt.burningman den 17. juni 1998 om at du planla å reisa på ein festival. Då spurde du om fleinsopp verkeleg var så dumt.»

Forhøyrsleiaren i det neste rommet var ein eldre mann, så mager at det såg ut som om han var skoren ut av tre. Spørsmåla hans grov djupare enn fleinsoppen.

«Fortel meg om hobbyane dine. Driv du med modellrakettar?»

«Hæ?»

«Modellrakettar.»

«Nei,» svara Greg. «Nei, det gjer eg ikkje». Han skjøna kvar dette var på veg.

Mannen gjorde eit notat, og klikka litt. «Du skjønar, eg spør fordi eg ser ein kraftig topp i lysingar i reklamen for rakettdelar som kjem opp ved sidan av søkjeresultata dine og i Gmail».

Greg kjende innvolane vri seg. «Ser du på søka mine og på e-posten min?» Han hadde ikkje rørt eit tastatur på ein månad, men han visste at det han skreiv i søkjefeltet sannsynlegvis avslørte meir enn det han fortalde psykologen sin.

«Ro deg ned. Nei, eg ser ikkje på søka dine,» sa mannen med ein hånflir. «Det hadde vore eit grunnlovsbrot. Vi ser berre på reklamen som kjem opp når du les e-post og søkjer. Eg har ein brosjyre som forklarar det. Du skal få han når vi er ferdige her».

«Men reklamen er meiningslaus,» braut Greg ut. «Eg får reklame for Ann Coulterringetonar når eg får e-post frå ein ven i Coulter, Iowa!»

Mannen nikka. «Eg skjønar. Det er nett difor eg er her og snakkar med deg. Kvifor trur du desse modellrakett-lysingane kjem opp så ofte?»

Greg tråla hjernen sin. «OK, berre gjer slik: Søk på ’coffee fanatics’.» Han hadde vore veldig aktiv i gruppa, og hjelpt til med å byggja opp ei abonnementsteneste. Kaffiblandinga som skulle få tenesta til å ta av, gjekk under namnet Flybensin. «Flybensin» og «ta av» – det burde få Google til å syna fram nokre lysingar for modellrakettar.

Dei var så godt som ferdige då den utbeina mannen fann Halloween-bileta. Dei låg gøymde tre sider nede i funna når ein søkte etter «Greg Lupinski».

«Det var ein fest nede på Castro,» sa han. «Med Gulfkrigen som tema.»

«Og du hadde kledd deg ut som ...?»

«Ein sjølvmordsbombar,» svara han toskete.

Han skar grimasar berre av å seia orda. «Kom med meg, Hr. Lupinski,» sa mannen. Klokka var over tre på natta då dei var ferdige med han. Koffertane hans stod einsame på bagasjebandet. Han lyfta dei av, og såg at dei hadde vorte opna og latne uvøre att. Klede stakk ut frå kantane.

Då han kom heim, oppdaga han at alle dei fake før-columbianske statuane hans var knuste, og den flunkande nye mexicanske bomullsskjorta hadde eit trugande støvelmerke midt på. Kleda hans lukta ikkje Mexico lenger. Dei lukta flyplass.

Han greidde ikkje sova. Ikkje tale om. Han måtte snakka om dette. Det var berre ein person som ville skjøna. Heldigvis var ho vanlegvis vaken på denne tida av døgeret.

**

Maya hadde byrja i Google to år etter Greg. Det var ho som hadde overtala han til å reisa til Mexico etter han slutta. Kvar som helst, sa ho, der han kunne reboota livet sitt.

Maya hadde to svære, sjokoladefarga labradorar og ein veldig, veldig tolsam kjærast som heitte Laurie. Laurie fann seg i det aller meste, bortsett frå å verta slept rundt i Dolores Park klokka seks om morgonen av 175 kilo siklande hund.

Maya greip etter overfallssprayen då Greg jogga mot henne, før ho skjøna kva som skjedde og slo ut med armane, samtidig som ho kasta hundehalsbanda og sikra dei under joggeskorne. «Kvar er resten av deg? Wow, du ser bra ut!»

Han klemte henne, og kom brått på korleis han lukta etter ei natt med nærgåande googling. «Maya,» sa han, «kva veit du om Google og DHS?»

Ho stivna då ho høyrde spørsmålet. Ein av hundane byrja å klynka. Ho såg seg ikring, så nikka ho opp mot tennisbanane. «På toppen av lyktestolpen der, ikkje sjå,» sa ho. «Det er eitt av trådlaus-tilgangspunkta våre. Vidvinkel webcam. Sjå vekk frå det medan du snakkar».

Når ein såg stort på det, hadde det ikkje kosta Google mykje å leggja opp webcams i heile byen. Særleg ikkje målt opp mot evna til å tilby folk reklame ut frå kvar dei sat. Greg hadde ikkje brydd seg stort då kameraa på alle tilgangspunkta vart offentleg tilgjengelege – – det hadde vore ein dags hektisk bloggstorm medan folk leikte seg med dei nye, alt-sjåande leikene og zooma inn på horestrøka, men etter ei stund forsvann entusiasmen.

Greg kjende seg dum og mumla «du tullar».

«Kom med meg,» sa ho medan ho snudde seg vekk frå stolpen.

Hundane mislikte å få spaserturen avbroten, og uttrykte misnøyen sin på kjøkenet medan Maya laga kaffi.

«Vi forhandla fram eit kompromiss med DHS,» sa ho medan ho strekte seg etter mjølka. «Dei gjekk med på å slutta å leita i søkjedataa våre, og vi gjekk med på å syna dei kva reklame brukarane får sjå.»

Greg kjende seg kvalm. «Kvifor? Ikkje fortel meg at Yahoo allereie gjorde det ...»

«Nei, nei. Vel, jau. Sikkert. Yahoo gjorde det. Men det var ikkje grunnen til at Google gjekk med på det. Du veit, republikanarane hatar Google. I all hovudsak er vi registrerte demokratar, så vi gjer det vi kan for å laga fred med dei før dei slår til mot oss. Dette er ikkje PII» – Personleg Identifiserande Informasjon, gifttåka i informasjonsalderen – «Det er berre metadata. Så det er berre litt vondt.»

«Kvifor alt dette skumleriet, då?»

Maya sukka og klemte labradoren som dytta det store hovudet mot kneet hennar. «Tryggingsfolka er som lus. Dei er overalt. Dei dukkar opp på møta våre. Det er som om vi var i Sovjetunionen. Og tryggleiksklareringa … Vi er delte i to leirar, klarerte og mistenkjelege. Alle veit kven som ikkje er klarerte, men ingen veit kvifor. Eg er klarert. Heldigvis for meg er det ikkje lenger diskvalifiserande å vera lesbisk. Ingen klarerte personar ville våga å eta lunsj med ein som ikkje kan klarerast.

Greg kjende seg svært trøytt. «Så eg var vel heldig som kom levande frå flyplassen. Eg kunne enda opp som ’forsvunnen’ om det hadde gått gale, kva?»

Maya såg bestemt på han. Han venta på eit svar.

«Kva?»

«Eg skal fortelja deg noko, men du kan aldri seia det vidare, OK?»

«Æh, du er ikkje i ei terroristcelle, vel?»

«Det er ikkje så enkelt. Høyr her: Kontrollen på flyplassen er ein silingsfunksjon. Han let tryggingsfolka søkja smalare. Når du vert teken til sides for ’andre runde’ på flyplassen er du ein ’interessant person’, og dei slepper deg aldri. Dei følgjer med på webcams etter andletet og ganglaget ditt. Dei les e-posten din. Følgjer med på søka dine.»

«Eg trudde du sa at retten ikkje let dei ...»

«Retten let dei ikkje googla deg utan grunn. Men når du er i systemet, er det eit selektivt søk. Heilt lovleg. Og når dei fyrst byrjar å googla deg, finn dei noko. Alle dataa dine vert mata inn i eit stort maskineri som leitar etter ’mistenkjelege mønster’, og bruker avvik frå normalen for å setja deg fast».

Greg fekk lyst til å kasta opp. «Korleis kunne dette skje? Google var god. ’Don’t be evil’, ikkje sant?» Det hadde vore mottoet for selskapet, og for Greg var det den viktigaste grunnen til at han hadde kome til rett til Mountain View med doktorgraden sin i informatikk.

Maya svara med ein hard lått. «’Don’t be evil?’ Kom igjen, Greg. Lobbygruppa vår er dei same kryptofascistane som grov opp dritt om John Kerry. Vi gav fanden veslefingeren for lenge sidan.»

Dei sat stille ein minutt.

«Det byrja i Kina,» heldt ho endeleg fram. «Då vi flytte tenarane våre til fastlandet, kom dei under kinesisk jurisdiksjon».

Greg sukka. Han visste alt for godt kor langt Google strekte seg. Kvar gong du gjekk inn på ei side med annonsar frå Google, eller brukte Google Maps eller Gmail—til og med om du sende e-post til ein Gmail-konto, samla selskapet flittig informasjon om deg. For ikkje lenge sidan hadde søkjeprogramvara byrja å bruka data til å tilpassa resultata til kvar einskild brukar. Det viste seg å vera eit uvurderleg verktøy for dei som reklamerte. Autoritære styremakter såg andre føremål.

«Dei brukte oss for å laga profilar på folk,» heldt ho fram. «Når dei hadde nokon dei ville arrestera, kom dei til oss for å finna ein grunn til å ta dei. Det er knapt noko du kan gjera på nettet som ikkje er ulovleg i Kina.»

Greg rista på hovudet. «Kvifor måtte dei flytta tenarane til Kina?»

«Styremaktene sa dei ville sperra for oss elles. Og Yahoo var der.» Dei skar grimasar. På eitt eller anna tidspunkt var dei tilsette i Google vortne besette av Yahoo og meir opptekne av kva konkurrenten gjorde enn kva deira eige føretak presterte. «Så vi gjorde det. Men mange likte det ikkje.»

Maya tok ein slurk av kaffien og senka røysta. Ein av hundane snusa insisterande under stolen til Greg.

«Nesten med ein gong byrja kinesarane å be oss om å sensurera søkjeresultata,» sa Maya. «Google gjekk med på det. Dei la seg på ei latterleg linje: ’Vi er ikkje vonde, vi gjev kundane tilgang til eit betre søkjeverktøy! Dersom vi synte kundane resultat dei ikkje kunne nå, ville dei berre verta frustrerte. Det ville gje ei dårleg brukaroppleving.’»

«Kva no?» Greg dytta hunden vekk. Maya såg såra ut.

«No er du ein interessant person, Greg. Du er forfølgd av Google. No har du nokon som heile tida ser deg over aksla, same kva du gjer, heile livet. Du veit kva som er målet til Google, ikkje sant? ’Organiser informasjonen i verda’. Alt. Gje det fem år, og vi veit kor mange klumpar som låg i dassen før du trekte i snora. Legg det saman med ein automatisk mistanke mot alle som svarar til det statistiske biletet av ein slemming, og du er –»

«Scroogla.»

«Totalt.» Ho nikka. Maya tok med seg båe labradorane til soverommet nede i gangen. Han høyrde ho krangla litt dempa med kjærasten sin, og så kom ho att åleine.

«Eg kan fiksa dette,» kviskra ho ivrig. «Etter at kinesarane byrja å bunta saman folk, gjorde eg og nokre kollegarar det til 20 prosent-prosjektet vårt å føkka det til for dei.» (Ein av nyskapingane i Google var ein regel som sa at kvar tilsett skulle nytta 20 prosent av arbeidstida på eit leikeprosjekt dei brydde seg om.) «Vi kallar det Googlereinskar. Det går til botnen i databasen og normaliserer deg, statistisk sett. Søka dine, Gmail-histogramma dine, nettvanane dine. Alt. Greg, eg kan googlereinska deg. Det er den einaste måten.»

«Eg vil ikkje gje deg problem».

Ho rista på hovudet. «Eg er allereie fortapt. Kvar einaste dag sidan eg bygde den jævla greia, har vore lånt tid—no ventar eg berre på at nokon skal visa DHS ekspertisen og historia mi, og, vel, eg veit ikkje. Kva dei no gjer mot folk som meg i krigen mot abstrakte substantiv.»

Greg hugsa flyplassen. Søket. Skjorta, med støvelspora midt på.

«Gjer det,» sa han.

**

Googlereinskaren var eit vidunder. Greg forstod det fordi reklamen som kom opp jamsides med søka hans, tydeleg var meint for nokon andre: Fakta om Intelligent Design, presteutdanning online, Ei framtid utan terror, pornofilter, Kva vil dei homoseksuelle?, billige Toby Keith-bilettar. Alt ordna av Mayas program. Det nye personlege søket til Google trudde han var ein heilt annan, ein gudfryktig høgremann som likte hatteshow.

Det passa han bra.

Så såg han i adresseboka, og fann ut at helvta av kontaktane mangla. Innboksen i Gmail hadde like mange hol som ein termitt-eten trestokk. Orkut-profilen var normalisert. Kalenderen, familiebileta og bokmerka var borte. Han hadde ikkje skjøna før no kor mykje av seg sjølv han hadde flytta ut på nettet og som hadde arbeidd seg inn i tenar-klyngene til Google – heile online-identiteten sin. Maya hadde høgglanspolert han, han hadde vorte den usynlege mannen.

Greg trykte på tastane på laptopen ved sidan av senga, og fekk liv i skjermen. Han myste på den blinkande klokka på verktøylinja. 04.13! Herregud, kven dundra på døra hans på denne tida av døgeret?

Han ropte «eg kjem!» med ei uklår røyst, og drog på seg morgonkåpe og tøflar. Han lunta ned gangen og skrudde på lysa etter kvart. Ved døra myste han gjennom kikholet og såg Maya stira fortvila attende. Han opna opp lenkja og røska opp døra. Maya storma inn, med hundane og kjærasten på slep.

Ho var dynka i sveitte, og håret hennar, som brukte å vera greidd, hang i trevlar ned over panna. Ho gnei seg i augo, som var raude og kanta.

«Pakk sakene dine,» kveste ho hest.

«Kva?»

Ho tok tak i aksla hans. «Gjer det,» sa ho.

«Kvar vil du ...?»

«Truleg Mexico. Eg veit ikkje enno. Pakk, for faen.» Ho bana seg veg forbi han, inn på soverommet og byrja å riva opp skuffene.

«Maya,» sa han skarpt. «Eg dreg ingenstader før du fortel kva som går føre seg!»

Ho glodde på han og dytta håret vekk frå andletet. «Googlereinskaren lever. Etter at eg reinska deg, skrudde eg han av, og gjekk. Han var for farleg å bruka meir. Men han er framleis stilt inn for å senda meg stadfestingar på e-post kvar gong han køyrer. Nokon har brukt han seks gonger for å reinska tre veldig spesifikke konti – og alle slumpar til å høyra til medlemer i handelskomiteen i Senatet som står på val».

«Svartvaskar Google-medarbeidarane senatorar?»

«Ikkje nokon i Google. Dette kjem utanfrå. IP-blokka er registrert i Washington, D.C. Og IP-nummera er alle brukte av Gmail-brukarar. Giss kven som eig dei kontoane?»

«Spionerte du på Gmail-kontoar?»

«OK. Ja. Eg såg gjennom e-posten deira. Alle gjer det, no og då, og for mykje dårlegare grunnar enn eg gjorde. Men høyr, det ser ut som om lobbyistane våre står bak dette. Dei gjer berre jobben sin, vernar om selskapets interesser».

Greg kjende pulsslaga i tinningane. «Vi må seia det til nokon.»

«Det vil ikkje hjelpa. Dei veit alt om oss. Dei kan sjå kvart søk. Kvar e-post. Kvar gong eit webcam har snappa oss opp. Kven som er i det sosiale nettverket vårt ... veit du at dersom du har 15 vener på Orkut, er det statistisk sikkert at du ikkje er meir enn tre steg frå nokon som har gjeve pengar til ei ’terroristsak’? Hugsar du flyplassen. Dette er mykje verre.»

«Maya,» sa Greg, medan han prøve å skjøna kvar dette leidde. «Er det ikkje vel mykje å dra til Mexico? Berre slutt. Me kan starta for oss sjølve eller noko. Dette er galskap. »

«Dei kom til meg i dag,» sa ho. «To politiske betjentar frå DHS. Dei var der i fleire timar. Og dei stilde mange veldig tunge spørsmål.»

«Om Googlereinskaren?»

«Om venene mine og familien min. Søkjehistorikken min. Livet mitt.»

«Jesus.»

«Dei gav meg ei melding. Dei ser kvart klikk og kvart søk. Det er på tide å dra. På tide å koma seg unna skothald.»

«Det er eit Google-kontor i Mexico, veit du.»

«Vi må dra,» sa ho, fast.

«Kva tykkjer du om dette, Laurie?» spurde Greg.

Laurie dunka hundane mellom aksla. «Foreldra mine drog frå Aust-Tyskland i 1965. Dei pla fortelja om Stasi. Det hemmelege politiet førte alt inn i mappa di, om du fortalde ein upatriotisk vits, kva som helst. Uansett kva dei meinte å gjera, er ikkje det Google har laga noko annleis.»

«Kjem du, Greg?»

Han såg på hundane og rista på hovudet. «Eg har nokre pesos att,» sa han. «Ta dei. Pass på deg sjølv, OK?»

«Ver varsam, sjølv,» kviskra ho i øyra hans.

Dei kom ei veke seinare. Heime, midt på natta, nett slik han hadde tenkt seg det.

To menn dukka opp på døra hans rett etter klokka to. Ein stilte seg tagal ved døra. Den andre var smilande, stutt og rynkete, i ei sportsjakke med flekk på eine jakkeslaget og det amerikanske flagget på hi. «Greg Lupinski, vi har grunn til å tru at di har brote Computer Fraud and Abuse Act,» sa han, berre for å introdusera seg. «Spesifikt, å tileigna seg ulovleg tilgang, og ved slik framferd ha tileigna deg informasjon. Ti år for fyrstegongsforbrytarar. Det viser seg at det du og venen din gjorde med Googledataa, er eit brotsverk. Og, oj, kva vil koma opp i rettssaka ... alt det du kvitvaska ut av profilen din, til dømes.»

Greg hadde spelt denne scena ut i hovudet sitt i ei veke. Han hadde tenkt på masse modige ting å seia. Det hadde gjeve han noko å gjera medan han venta på livsteikn frå Maya. Ho ringte aldri.

«Eg vil gjerne kontakta ein advokat,» var alt han kunne få fram.

«Det kan du,» sa den vesle mannen. «Men kanskje vi kan koma fram til ei betre avtale.»

Greg fekk att røysta. «Få sjå skiltet ditt,» stotra han.

Blodhund-andletet til mannen lyste opp medan han klukka fornøgd. «Kamerat, eg er ingen purk,» svara han. «Eg er konsulent, innleigd av Google – selskapet mitt passar på interessene deira i Washington – for å knyta kontaktar. Vi ville sjølvsagt ikkje trekkja inn politiet utan å ha snakka med deg først. Du er i familien. Faktisk ville eg gjerne koma med eit tilbod.»

Greg gjekk bort til kaffitraktaren og kasta det gamle filteret.

«Eg går til avisene,» sa han.

Mannen nikka, som om han tenkte over det. «Sjølvsagt. Du kunne dukka opp på kontoret til San Fransisco Chronicle i morgon og avsløra alt. Då vil dei leita etter ei kjelde som kan stadfesta det du har sagt. Dei vil ikkje finna noka. Og når dei leiter, finn vi dei. Så, kompis, høyr på meg, greitt? Eg er i vinn-vinn-bransjen, og eg er veldig flink.» Han tok ein pause. «Forresten, glimrande bøner, men prøv å skylja dei først. Det fjernar bitterstoffa, og får fram oljene. Her, send meg dørslaget.»

Greg såg på medan mannen stilt tok av jakka og hengde henne over ein kjøkenstol, og dinest kneppa opp mansjettane og rullla opp skjorteerma, og putta det billige digitaluret i lomma. Han tømde bønene ut av kverna og opp i dørslaget, og skylde dei i vasken.«Vi set saman eit team til Bygning 49 ...»

«Det finst ingen Bygning 49,» sa Greg automatisk.

«Sjølvsagt,» sa mannen med ein stramt smil. «Det finst ingen Bygning 49. Men vi set saman eit team for å forbetra Googlereinskaren. Koden Maya skreiv var ikkje særleg effektiv, veit du. Full av feil. Vi må oppgradera. Du er rett mann, og det ville ikkje vera så farleg kva du visste om du var på innsida att.»

«Utruleg,» sa Greg og lo. «Dersom du trur eg skal hjelpa deg å sverta politiske kandidatar i byte mot tenester, er du galnare enn eg trudde».

«Greg,» sa mannen, «vi svertar ingen. Vi skal berre rydda opp i ting. For nokre utvalde personar. Skjønar du kva eg meiner? Ein kvar Google-profil er litt skummel om ein ser nøye etter. Politikk handlar om å sjå nøye etter. Å stilla som kandidat er som å få ein offentleg kolonoskopi. Han fylte presskanna og pressa ned, med andletet i konsentrerte faldar. Greg henta to kaffikoppar – reklamekoppar frå Google, sjølvsagt – og rekte dei til han.

«Vi skal gjera det same for venene våre som Maya gjorde for deg. Berre rydja litt. Alt vi vil, er å verna om privatlivet deira. Det er alt.»

Greg tok ein slurk av kaffien. «Kva skjer med dei kandidatane du ikkje reinskar?»

«Jupp,» sa karen, og smilte svakt. «Jupp, du har rett. Det vert hardt for dei». Han leita på innerlomma og fann fram fleire samanbretta papirark. Stasi førte alt inn i mappa di. Om dei meinte det eller ikkje: det Google gjorde var ikkje noko annleis. Han retta ut sidene, og la dei på bordet. «Her er ein av dei gode som treng vår hjelp». Det var ei utskrift av søkjehistorikken til ein kandidat som Greg hadde gjeve pengestøtte i dei tre førre vala.

«Typen kjem att på hotellrommet etter ein hard dag med valkamp, slår på laptopen og skriv ’spretne rumper’ i søkjefeltet. Inga stor sak. Slik vi ser det, er det rett og slett uamerikansk å la noko slikt diskvalifisera ein god mann frå å halda fram med å tena landet sitt».

Greg nikka sakte.

«Så du skal hjelpa denne karen,» spurde mannen?

«Ja.»

«Bra. Det var ei sak til. Vi treng di hjelp til å finna Maya. Ho skjøna ikkje kva vi ville, og no ser det ut som ho har stukke av. Berre ho høyrer på oss, er eg sikker på at ho er med på laget».

Han titta på søkjehistorikken til kandidaten.

«Skulle tru det,» svarte Greg.

Den nye Kongressen brukte elleve verkedagar på å vedta «Securing and Enumerating America’s Communications and Hypertext Act,» som autoriserte at DHS og NSA kunne setja bort opp til 80 prosent av etterretning og analyse til private verksemder. Teoretisk var det ein open anbodsrunde, men innanfor dei trygge veggene til Googles Bygning 49 var det ingen tvil om kven som kom til å vinna. Dersom Google hadde brukt 15 milliardar dollar på eit program for å fanga slemmingane på grensa, kunne du vera sikker på at dei hadde greidd det – styremaktene er rett og slett ikkje i stand til å «Do Search Right».

Neste morgon gjekk Greg seg sjølv etter i saumane medan han barberte seg (tryggingsvaktene likte ikkje hacker-skjeggstubbar, og nølte ikkje med å fortelja det), og det gjekk opp for han at i dag var fyrste dagen han i praksis var etterretningsagent for dei amerikanske styremaktene. Kor ille kunne det eigentleg vera? Var det ikkje betre at Google tok seg av slikt, enn ein eller annan DHS-skrivebordsryttar med skinkenevar?

Då han parkerte ved Googleplexet, mellom hybridbilar og overfylte sykkelstativ, hadde han overtydd seg sjølv. Han lurte på kva slags organisk smoothie han skulle tinga i kantina då nykelkortet hans ikkje verka på døra til Bygning 49. Den raude lysdioden blinka kvar gong han trekte kortet. På ein kvar annan bygning kunne kan hengt seg på nokon andre som skulle inn, for der gjekk folk inn og ut heile dagen. Men googlarane i 49 kom berre ut for å eta, og ofte ikkje det ein gong. Trekk, trekk, trekk. Brått høyrde han ei røyst ved sida si.

«Greg, kan eg få snakka med deg?»

Den rynkete mannen la armen kring aksla hans, og Greg kjende ei sitruslukt frå etterbarberingsvatnet hans. Det lukta slik som dykkarlæraren hans i Baja hadde lukta då dei gjekk på byen om kvelden. Greg kunne ikkje hugsa kva han heitte. Juan Carlos? Juan Luis?

Mannen hadde ein fast arm om aksla hans, og styrte han vekk frå døra og ut på den jomfruelege plenen, forbi urtehagen utanfor kjøkenet. «Ta nokre dagar ferie,» sa han.

Greg vart nervøs. «Kvifor?» Hadde han gjort noko gale? Skulle han i fengsel?

«Det er Maya.» Mannen snudde Greg rundt, og såg på han med eit tomt blikk. «Ho har teke livet av seg. I Guatemala. Eg er lei for det, Greg».

Greg kjende det som om han suste opp i lufta, til ein stad kilometervis oppe i lufta, til eit Google Earth-blikk på Googleplexet, der han såg seg sjølv og den rynkete mannen som to prikkar, to pikslar, små og uviktige. Han skulle ønskja at han reiv seg i håret, fall på kne og græt.

Frå langt borte høyrde han seg sjølv seia: «Eg treng ingen ferie. Eg er OK».

Frå langt borte høyrde han den uryddige mannen insistera.

Diskusjonen heldt fram ei lang stund, og så gjekk dei to pikslane inn i Bygning 49, og døra slo att bak dei.

(Novellen er skrevet av den kanadiske skribenten, science fiction-forfattaren og internettaktivisten Cory Doctorow. Den er omsett av Tarjei Vågstøl.)

Scroogled

Novella «Scroogled» vart gjeven ut på engelsk i Radar under Creative Commons-lisensen (CC-BY-NA-SA). Den norske CC-BY-NA-SAsida finner du her: http://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/3.0/us/deed.no, og til Doctorow si samleside her: http://craphound.com/?p=1902   



Lag en lenke av denne siden
 
Denne siden drives av frivillige.
Støtt vårt arbeid med en gave.
Artikkelvisninger : 3143960

Nyttige lenker


Rødt! som EPUB

Nå kan du arkivere artiklene fra Rødt! i ePub format. Det betyr at du kan lese det som e-bok direkte på iPad / iPhone og Android, eller i en epub-leser på pcen din. Klikk på det grønne symbolet øverst til høyre ved artikkeltittelen.  Hvis du ikke har en epub-leser, søk på "epub reader" for ditt operativsystem eller nettleser.