Å løyse opp knuten – levekår, arbeid og verdi – del 1

Av Ursula Huws

2014-02

Facebook og Google går med store overskot. Den digitale utviklinga i det tjueførste hundreåret fører til heimekontor og gratisarbeid.

Men kor blir verdiane skapt? Kor kjem overskota frå?

Dete er første del av artikkelen Å løse opp knuten – levekår, arbeid og verdi

Ursula Huws er professor på fagfeltet arbeid og globalisering ved University of Hertfordshire i Hatfield i Storbritannia, og har vore opptatt av dei samfunnsmessige konsekvensane av ny teknologi, mellom anna som redaktør for tidsskriftet Work organisation, labour and globalisation, og gjennom fleire artikler og bøker, som The Making of a Cybertariat sammen med Colin Leys i 2003.
Ei lengre utgave av artikkelen vart trykt i Socialist Register 2014, under tittelen: «The Underpinnings of Class in the Digital Age: Living, Labour and Value».
Artikkelen er omsett av Gunnar Danielsen.

Marxismen har vore av og på moten, og dei siste hundre og femti åra finst det knapt det marxistiske begrep som ikkje har vore rekna som anakronistisk i lys av endra økonomiske og politiske forhold. Den fornya interessen for ideane til Marx i dag er ikkje noko unntak. Det er slett ikkje lett å bruke teoretiske begrep utvikla midt på 1800-tallet i ei verd der kapitalismen har trengt inn i alle regionar og på alle livsområde, der teknologiske endringar går så raskt at arbeidsprosessar blir forelda på månader, og der arbeidsdelinga er så intrikat at ein enkelt arbeidar ikkje har ein sjanse til å fatte heilskapen. Skillet mellom manuelt og ikkjemanuelt arbeid blir viska ut og etablerer seg på ny måte, grensene mellom produksjon, distribusjon og forbruk smeltar bort. Samtidig som noko betalt arbeid blir til ubetalt arbeid, blir det skapt nye jobbar og ny økonomisk aktivitet på område av livet der det før var utenkeleg med ein marknad. I suget og vinden etter alt som blir omgjort til varer, blir det abstrakte konkret og det konkrete abstrakt, og det skaper tvil om alle begrep og kategoriar som før var sjølvinnlysande. Det kan sjå ut som me treng nye definisjonar på dei mest grunnleggande begrepa Karl Marx nytta, medrekna «klasse», «vare» og «arbeid».

Ei oppfatning som har stor støtte i dag, særleg hos yngre menneske, er at arbeidarklassen ikkje lenger kan definerast ut frå det direkte forholdet han har til produksjonen. Ettersom alle livsområde er trekt inn i den kapitalistiske pengeøkonomien på ein eller annan måte, då må ein sjå alle dei som ikkje er en del av kapitalistklassen som del av eit udifferensiert «mangfald».1 Med formuleringa til Hardt og Negri overtar dette «mangfaldet» plassen til arbeidarklassen, mens ifølgje Guy Standing konstituerer eit «prekariat»2 seg som ein ny klasse i og for seg ved sida av det tradisjonelle proletariatet. Standing prøver ikkje lokalisere dette «prekariatet »*

* Precarious: utrygg, usikker, prekær.

 

 særleg presist i den kapitalistiske produksjonsprosessen. Men mange av tilhengarane til Hardt og Negri har engasjert seg i omfattande forsøk på å gi dette «mangfaldet» ein eigen plass i produksjonsprosessen. Særleg to spørsmål har gitt dei problem: Kva slags varer blir produsert av medlemmer av dette mangfaldet når dei utfører «immaterielt» eller «sjølvdrive»3 eller «fritt»4 arbeid? Og korleis tileignar kapitalen seg verdien denne arbeidskrafta produserer?

I desse diskusjonane har dei vore spesielt opptatt av verdiar skapt på nettet av «virtuelt» eller «digitalt» arbeid. På området som er blitt kjent som «internettstudiar» har det nyss vore intense diskusjonar om korleis ein skal oppfatte «digitalt arbeid».5 Desse debattane har tatt opp det stadig meir uklare skillet mellom «work» og «play» (samanfatta i ordet «playbour»),6 og mellom produksjon og konsum («prosumption»7 og «co-creation»8). Dei har drøfta den problematiske kategorien «frivillig arbeid»9 og spørt om slikt arbeid, betalt eller ubetalt, produserer meirverdi, og om det er «utbyttande » eller «fremmendgjort». Med unntak av Andrew Ross har få av forfattarane trekt parallellar til andre arbeidsformer utført utanfor nettet. Likevel gjeld spørsmåla som dei reiser, for arbeid under kapitalismen generelt. Desse debattane gir dermed eit nyttig startpunkt for å granske arbeidsverditeorien, og korleis – eller om, vil somme lure på – han kan brukast på det tjueførste hundreåret.

 Ursula Huws, Foto: Jokke Fjeldstad

Denne artikkelen argumenterer for at det framleis er mauleg å bruke teorien til Marx i dag til å definere kva som er eller ikkje er ein vare; til å identifisere produksjonspunktet til slike varer – materielle eller immaterielle; og til å definere den globale arbeidarklassen knytt til desse produksjonsprosessane. Men for å gjøre det, er det nødvendig å undersøke alle sider av arbeidsverditeorien på nytt. Eg legg særleg vekt på «digitalt» eller «virtuelt» arbeid, ikkje bare fordi det knytt stor interesse til det i dag, men au fordi nettarbeid er spesielt vanskeleg å danne seg begrep om. Det er derfor ein fruktbar kjelde til testeksempel som ein kan bruke til å teste meir generelle hypotesar mot. Om ein teori kan brukast her, så må den vere brukande meir generelt. Målet med å gjøre dette er å sette oss i stand til ei meir generell kartlegging av arbeidarklassen i heile økonomien ved å bruke teorien i større breidde (som Marx gjorde). Etter mitt syn er det ei viktig oppgave. Utan ei klar oppfatning av kva for arbeidarar som står i direkte motsetningsforhold til den kapitalistiske vareproduksjonen, og utan å identifisere kor produksjonspunktet er lokalisert, er det umauleg å finne strategiar som vil sette arbeidarklassen i stand til å konfrontere kapitalen på det punktet der det er mauleg å bruke noko makt til å forme framtida etter sine interesser.

Arbeidsverditeorien er knutepunktet i Marx si oppfatning av kapitalismen som eit samfunnsmessig forhold. Den knyttar saman tri ting: arbeidarane sitt behov for levebrød, arbeidet deira, og den tileigna meirverdien som er resultatet av dette arbeidet. Utan det kan ikkje kapital bli akkumulert eller kapitalismen bestå. Tileigninga av arbeidet er den valdelege handlinga i kjerna av dette forholdet, og det er arbeidstida til arbeidaren som er stridens eple. Så det er avgjørande for å forstå både kapitalismen som system, og kven som høyrer til arbeidarklassen, at ein har innsikt i korleis og under kva slags forhold denne tileigninga skjer. Knuten kan ikkje løysast opp: begge tau er nødvendige for å holde systemet saman. Like fullt er det nødvendig å undersøke knuten, kordel for kordel, slik at me kan forstå korleis han er sett saman, kva som strammar han til, og kva som gjør at nye trådar kan komme til eller eksisterande trådar bli meir omstendeleg filtra saman.

I si grunnform er resonnementet forunderleg enkelt: for å forsørge seg må arbeidaren jobbe eit antall timar for kapitalisten, og produserer slik ein viss verdi. Noko av denne verdien er nødvendig for å dekke levekostnadene, og timane som trengst til å skape denne verdien («nødvendig arbeidstid») blir (vanlegvis) betalt. Resten («meirverdien») forsyner kapitalisten seg med for å distribuere det som profitt og investere det i nye produksjonsmiddel. Men ved nærmare gransking viser nær sagt alle delar av denne enkle historia seg å vere open for diskusjon. Kva er «arbeid» heilt eksakt? Og, nærmare bestemt, kva for arbeid er produktivt? Korleis skal ein definere «livsopphald»? Omfattar det bare det den enkelte arbeidaren treng for å halde det gåande, eller au det som trengst for at heile husstanden hans eller hennar skal overleve? Om me ikkje kan definere livsopphald nøyaktig, korleis skal me vere i stand til å rekne ut nødvendig arbeidstid? Og bare fordi all verdi under kapitalismen i siste instans kjem som resultat av menneskeleg arbeid brukt på Jordas råmaterialer, betyr det at all verdi som går til dei enkelte kapitalistane, nødvendigvis er meirverdi?

Debattane i dag rundt «digitalt arbeid» feier lett over somme av desse spørsmåla og overforenklar andre. Artikkelen her vil ikkje prøve å omskrive heile teorien til Marx. Men den vil ta somme av spørsmåla frå debattane om digitalt arbeid som utgangspunkt for å granske dei faktorane ein må ta omsyn til i ei utdjuping av Marx sin teori for vår tid. Eg vil gjøre det gjennom å freiste å nøste opp dei tri kordelane – leve kår (eller livsopphald), arbeid og verdi – for å kategorisere dei separate komponentane. Eg vil gjøre dette i motsett rekkefølge, ut frå debattane som går i dag på området.

Desse ideane er godt kjente, og vanskeleg å bruke på nytt utan å få med ei tung bør med tilknytta oppfatningar, både tilsikta og utilsikta. Så det er kanskje nyttig å starte med to forklarande punkt.

Det første går på terminologi. I avanserte kapitalistiske samfunn er det ikkje bare arbeidsdelinga som er kompleks. Det er også fordelinga av rikdom. Arbeidarane skaffar seg livsopphald ikkje bare direkte ved lønnsarbeid, men au via omfordeling gjennom finanssystemet (i form av kreditt, privat forsikring, pensjon og så vidare), og gjennom staten (i pengeform via skatte- og trygdesystemet, og i naturalia via statlege tjenester). I slike samanhengar kan det direkte bandet mellom arbeid og verdi bli tilslørt. Det er vanleg at marxistar skil mellom «produktivt» eller «uproduktivt» arbeid. Min metode her bygger på innsikter frå feminisme, og trekk skillene litt annleis. Det er skillet mellom arbeid som er produktivt for kapitalismen som heilskap (som kan kallast «reproduktivt») og arbeid som er direkte produktivt for individuelle kapitalistar (som eg i mangel av betre ord kallar «direkte produktivt»). Eg drar nok eit skille mellom betalt og ubetalt arbeid. Eg seier at den viktigaste forma for arbeid som kjenneteiknar kapitalismen, er arbeid som både produserer verdi for kapitalen og inntekten som er nødvendig for at arbeidaren skal overleve (sjølv om det er avhengig av andre typar arbeid for å bli reprodusert). Dette er arbeid der sjølve utføringa inneheld striden om arbeidstida mellom arbeidar og kapitalist, og som i kjerna si rommer smerten ved å bli ekspropriert, ei erfaring Marx omtalte som «fremmendgjøring» (eit uttrykk som uheldigvis er så forureinsa med andre meiningar at det ikkje kan brukast så presist som Marx gjorde). Slikt arbeid er grunnlaget for akkumulasjonsprosessen. Arbeidsplassen er sjølvsagt ikkje den einaste staden der arbeid og kapital står mot einannan. Men fordi kapitalen ikkje kan bli akkumulert utan samtykke frå arbeidarane, er det på arbeidsplassen arbeidarklassen har størst potensiell makt til å tvinge til seg konsesjonar frå kapitalen (utan å ty til vald).

Trass i at det er heilt avgjørande, er det overraskande vanskeleg å finne eit eintydig ord for slikt arbeid. Begrepet «lønnsarbeid» omfattar arbeid som Marx ville ha sagt var både produktivt og uproduktivt. Det utelukkar også ulike former for arbeid (stykkprisarbeid, frilansarbeid osv.) som ikkje blir betalt med lønn, men som bidrar direkte både til kapitalakkumulasjon og livsopphald for arbeidarane. Å definere arbeidet bare etter om det er produktivt eller ikkje i marxistisk forstand, ser bort frå (slik det blir drøfta under her) at det er mykje ubetalt arbeid som produserer verdi direkte for kapitalen utan å bidra til arbeidaren sitt livsopphald. Omvendt finst det sjølvsagt betalt arbeid som bidrar til livsopphald utan å skape verdi direkte for kapitalen. Etter å ha brukt ein del tid på å vurdere ei rekke alternativ har eg svært motvillig bestemt meg for å bruke eit symbolsk uttrykk i artikkelen her, for å skille denne formen for arbeid frå andre former for produktivt arbeid og lønnsarbeid. Ut frå metaforen eg har brukt for å beskrive arbeidsverditeorien, viser eg derfor seinare til det som arbeid «inne i knuten» (C-feltet i tabellen). Arbeid «inne i knuten» er etter denne definisjonen arbeid som blir utført direkte for ein kapitalist, av ein arbeidar som er avhengig av dette arbeidet til livsopphaldet sitt, og som dermed står i første rekke i kampen mellom arbeid og kapital om kor mykje arbeid som skal byttast i kor mykje pengar. Det kan sjå ut som ein noko snever definisjon. Og det er då au den typen definisjon som på 60- og 70-tallet vart kritisert for å utelukke store grupper som såg seg sjølve som del av arbeidarklassen, medrekna arbeidarar i offentleg sektor og somme tjenestearbeidarar som hadde eit indirekte forhold til produksjonen. Når eg brukar det her, hevdar eg ikkje at slike arbeidarar ikkje er produktive. Tvertom er mange av oppgavene dei utfører nødvendige for reproduksjon av arbeidskrafta. Men desse arbeidarane blir utsett for kapitalismens tvangslogikk på eit mildna vis, enten fordi dei arbeider under eldre former for arbeidsregime (for eksempel som hustjenarar eller som småprodusentar), eller fordi dei er tilsett av staten for å yte det som enno er tjenester utanfor marknaden.

Tabell 1

Arbeid-kategorier

 

 

Betalt arbeid

Ubetalt arbeid

Reproduktivt (produktivt for samfunnet/kapitalismen generelt)

A

Offentlig administrasjon og tjenester (medregna NGOer;) private private tjenesteytingar

B

Husarbeid (omsorg for barn, stell av huset osv, medrekna gratis kulturelle aktiviteter)

Direkte produktivt (for inviduelle kapitaliske bedrifter)

C

Vareproduksjon, medregna distribusjon

D

Forbruksarbeid

 

Slike arbeidsformer eksisterer sjølvsagt framleis. Men som eg har hevda før10, blir det stadig mindre av dei som resultat av den bølgja som omgjør alt til varer i dag, og arbeidarane som utførte dette arbeidet, blir hurtig trekte «inn i knuten». Med andre ord skaper omdanninga av offentlege tjenester til varer ein markant overgang frå felt A til felt C i tabellen ovanfor.

Som eg har sagt ein annan stad11, er det ikkje det einaste skiftet som skjer. Den meir generelle omgjøringa av forbrukargode og tjenester til varer har au omfatta store flyttingar frå felt B til D, og endra noko ubetalt arbeid frå direkte produksjon av bruksverdi for medlemmer av hushald over til kjøp av varer i marknaden, med eit direkte forhold til kapitalistisk produksjons- og distribusjonsaktivitet. Og for å komplisere det har det også skjedd ei flytting av arbeid frå C til D når kapitalistiske produksjons- og distribusjonsselskap har kutta arbeidskost og auka utbyttinga av dei betalte arbeidarane sine ved å legge ut fleire og fleire oppgaver til forbrukarane som ubetalt sjølvbetjeningsarbeid. I ein parallell prosess fører innstrammingstiltak au til ei flytting frå felt A til B, som i sin tur fører til meir press på flytting frå B til C. Samtidig som arbeidet «inne i knuten» altså utgjør ei undergruppe av alt arbeid, er det ei undergruppe som aukar raskt og utgjør den overveldande majoriteten av betalt arbeid.

Den andre åtvaringa mi dreier seg om faren for å trekke slutningar frå ei inndeling av arbeidet i ulike former over til ei tilsvarande inndeling av arbeidarane og dermed klassane. Det er eit mål for meg å klassifisere ulike arbeidsformer og forholdet dei står i både til kapitalakkumulasjon og livsopphald for arbeidarane. Men eg ønsker ikkje med det å lage ei inndeling av arbeidarane som står i eitt enkelt forhold til inndelinga av arbeidet. Dei fleste arbeidarar er med på ulike slags arbeid, betalt og ubetalt, både samtidig og i løpet av levetida si, og kryssar grensene for slike enkle kategoriar. Meir viktig er at dei fleste arbeidarar lever i husstandar der ulike typar arbeid blir utført av ulike medlemmer av husstanden, der somme av dei kan vere utan arbeid på gitte tidspunkt. Om desse husstandsmedlemmene oppfattar seg sjølv eller kan oppfattast av andre som å tilhøyre arbeidarklassen, er eit større spørsmål.

Forholdet mellom «digitalt arbeid» og andre arbeidsformer

Før me legg ut på analysen er det verdt å merke seg at ein ikkje kan sjå digitalt arbeid som ei særeigen arbeidsform, hermetisk skilt frå resten av økonomien. Som eg har hevda ein annan stad12, eksistensen av ein separat synleg sfære med ikkje-manuelt arbeid er ikkje prov på eit nytt «kunnskapsbasert », «immaterielt» eller «vektlaust» område med økonomisk aktivitet. Det er ganske enkelt eit uttrykk for stadig meir kompleks arbeidsdeling, der aktivitetar blir splitta opp i atskilte arbeidsoppgaver, både «mentale» og «manuelle», slik at dei blir stadig lettare å spreie geografisk og avtalemessig til ulike arbeidarar som knapt treng kjenne til at dei andre eksisterer. Det er ein kontinuerleg prosess, der kvar oppgåve blir utsett for vidare oppdeling mellom meir kreative og/eller kontrollerande funksjonar på eine sida, og meir rutineprega og einsformige på den andre. Samtidig som det i tillegg har vore ein enorm vekst i ikkje-manuelt arbeid, både ufaglært og rutinearbeid og anna, er dette framleis ei minoritetsgruppe av alt arbeid. For oss i økonomisk utvikla land blir det tilsynelatande avmaterialiserte arbeidet, avhengig som det er av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), stadig meir framtredande. Det gjør det innimellom vanskeleg å sjå at denne «virtuelle» aktiviteten er avhengig av eit svært materielt grunnlag av fysisk infrastruktur og produserte varer. Mesteparten er produsert utanfor synsfeltet vårt, i gruvene i Afrika og Latin-Amerika, på sveltihjelfabrikkar i Kina og andre stader i utviklingsland. Utan tilgang på energi, kablar, satelittar, datamaskiner, sentralar, mobiltelefonar og tusenvis andre produkt; utan utvinning av råvarer for å lage desse varene; utan oppskyting av satellittar ut i rommet som kan sende signala deira; utan å bygge bygningane der dei blir konstruert og sett saman og sendt ut på marknaden, og utan framstillinga og driften av transportmidla dei blir distribuerte med, kunne ikkje nokon kopla seg på internett. Den fysiske produksjonen av materielle varer er framleis den metoden kapitalismen helst veljer for å skape profitt; han veks framleis; og vil sannsynlegvis framleis sysselsette den største delen av arbeidsstyrken i verda i åra framover. Det er dessutan ein glidande overgang mellom oppgaver som i hovudsak medfører bruk av fysisk styrke eller dyktige fingrar, og dei som krev kvikk hjerne, engasjement eller konsentrasjon. Det er få jobbar som ikkje krev kunnskap, dømmekraft og intelligens frå arbeidaren, og endå færre som ikkje inneber noko fysisk aktivitet, sjølv om det bare betyr snakke, høyre, passe ein skjerm eller trykke på tastar.

Når det er sagt, er ein stor og veksande del av arbeidsstyrken involvert i «digitalt arbeid» med produkt som er abstrakte, mykje av det med låg lønn og status. Derfor er det viktig å forstå rolla arbeidet deira speler i den globale kapitalismen, korleis arbeidsstyrken er samansett, korleis han forandrar seg, og kva slags klasselojalitet desse arbeidarane kan ha.

Notar:

  1. Hardt, M. og A. Negri (2004) Multitude: War and Democracy in the Age of Empire, New York: Penguin.
  2. Standing, G. (2011) Precariat: the New Dangerous Class, London and New York: Bloomsbury.
  3. Hardt, M. og A. Negri, A. Op cit
  4. Terranova, T. (2000) ‘Free Labor: Producing Culture for the Digital Economy’, Social Text,18 (2): 33–58
  5. Sjå til dømes: Andrejevic, M. (2009) ‘Exploiting YouTube: Contradictions of user-generated labour’, i P. Snickers & P. Vonderau (red.), The YouTube Reader. Stockholm: National Library of Sweden; Arvidsson, A. and E. Colleoni (2012) ‘Value in Informational Capitalism and on the Internet’, The Information Society, 28 (3): 135–150; Banks, J. & S. Humphreys (2008) ‘The Labor of User Co-creators’, Convergence, 14 (4): 401–418; Fuchs, C. (2010) ‘Labor in Informational Capitalism and on the Internet’, The Information Society, 26: 179–196; Fuchs, C. (2012) ‘With or Without Marx? With or Without Capitalism? A Rejoinder to Adam Arvidsson and Eleanor Colleoni’, TripleC 10 (2): 633–645; Hesmondhalgh D. (2011) ‘User-generated content, free labour and the cultural industries’, Ephemera, 10 (3/4): 267–284; Ross. A. (2012) ‘On the digital labour question’ in T. Scholz (ed) The Internet as Playground and Factory, New York, Routledge; Scholz, T. (2012) The Internet as Playground and Factory, New York, Routledge; Terranova, T. (2012) ‘Free Labor,’ in T. Scholz (red) The Internet as Playground and Factory, New York, Routledge.
  6. Kücklich, J. (2005) ‘Precarious Playbour: Modders and the Digital Games Industry’, The Fibreculture Journal, Issue 5.
  7. Alvin Toffler skapte dette begrepet i 1980 i boka The Third Wave, Bantam Books. Det er seinare tatt i bruk av mange andre marxistiske skribentar, som Christian Fuchs og Ed Corner.
  8. Banks, J. og Humphreys. S. (2008) ‘The Labour of User Co-creators’, Convergence, Vol 14 No 4: 401–418, bruker eit uttrykk avleia frå Prahalad, C.K & Ramaswamy, V. (2000) ‘Co-Opting Customer Competence’, Harvard Business Review, Januar/februar.
  9. Huws, U. (2012) ‘Crisis as Capitalist Opportunity: The new accumulation through public service commodification’, Socialist Register:64–84.
  10. Huws, U. (1979) ‘Domestic technology: liberator or enslaver?’, brukt igjen i Huws, U. (2003) The Making of a Cybertariat: virtual work in a real world, New York, Monthly Review Press: 35–41.
  11. Huws, U. (1999) ‘Material World: the myth of the weightless economy’, Socialist Register: 29–56.
  12. Smythe, D. W. (1977) ‘Communications: blindspot of Western Marxism’, Canadian Journal of Political and Social Theory, 1 (3): 1–27.
  13. Fuchs, C. (2012) ‘Dallas Smythe Today – The Audience Commodity, the Digital Labour Debate, Marxist Political Economy and Critical Theory. Prolegomena to a Digital Labour Theory of Value’, Triple C, 10(2): 692–740.
  14. Smythe, D. W. (1981) ‘On the audience commodity and its work’, i M.G. Duncan og D.M. Kellner (red.), Media and Cultural Studies, Malden, MA: Blackwell: 233.
  15. Hearn, A. (2010) ‘Structuring feeling: Web 2.0, online ranking and rating, and the digital “reputation “economy’, Ephemera, 10 (3/4):421–438
  16. Morini, C. og Fumagalli, A. (2010), ‘Life put to work: Towards a life theory of value’, Ephemera, 10 (3/4):234–252
  17. Marx, K. (1867) Kapitalen, kapittel 1. Henta 21.01.2013 på nettet: http://www.marxists.org/archive/marx/works/1867-c1/commodity.htm
  18. Huws, U. (2003) The Making of a Cybertariat: virtual work in a real world, New York: Monthly Review Press: 17
  19. Dette punktet er framstilt litt annleis i ei drøfting av skillet mellom produktivt og uproduktivt arbeid av Marx i Kapitalen (kapittel 4) henta på nettet 21.01.2013 frå http://www.marxists.org/archive/marx/works/1863/theories-surplus-value/ch04.htm
  20. Unntatt i spesielle tilfelle, som når arbeidarar blir betalt for å gå på Facebook og klikke “like” på kommersielle nettsider etter “betal-per-klikk”- modellen. Men her er dei ikkje betalte av Facebook, men av selskapa på dei kommersielle sidene som vil selje varer. Meir nøyaktig bør ein derfor sjå desse arbeidarane som ein del av verdikjeden til desse selskapa.
  21. Arvidsson A og Colleoni, E. (2012) ‘Value in Informational Capitalism and on the Internet’, The Information Society, 28 (3): 135–150.
  22. Eg har drøfta begrepet “forretningsfunksjon” (business function) og forholdet til marxistisk analyse skriftleg mange gonger. Sjå til dømes Huws, U. (2006) ‘The restructuring of global value chains and the creation of a cybertariat’ i May, Christopher (red.) Global Corporate Power: (Re) integrating companies into International Political Economy (International Political Economy Yearbook volume 15), Lynne Rienner Publishers: 65–84, and Huws, U. (2007) ‘The emergence of EMERGENCE: the challenge of designing research on the new international division of labour’, Work Organisation, Labour and Globalisation, 1 (2):20–35.
  23. Kittur et al (2013), ‘The Future of Crowd Work’. Henta 18.03.2013 frå http://hci.stanford.edu/publications/2013/CrowdWork/futureofcrowdwork-cscw2013.pdf
  24. Holts, K. (2013) ‘ Towards a Taxonomy of Virtual Work’, Hertfordshire Business School Working Paper.
  25. Marx, K, Grundrisse. Henta 20.01.2013 frå: file:///Z:/ARTICLES/Economic%20Manuscripts%20%20Grundrisse%20%20p%20501%20-%20p%20550%20transport%20to%20market%20belongs%20in%20production.htm. Ein må merke seg at ei slik tolking av sitatet er omtvista. Marx blir ofte oppfatta som at han gjør særleg unntak for transportarbeidarar. (Kanskje fordi dei var ei gruppe med sterkt organiseringspotensiale – eit potensiale som vart meir enn realisert på 1900-tallet då transportarbeidarane spelte ei nøkkelrolle i aksjonane innanfor industrien.) Etter mitt syn kan argumentasjonen hans nyttast på andre former for arbeid som bidrar til å få varer fram til marknaden, mange av dei kunne ein ikkje sjå for seg på den tida han skreiv.
  26. Terranova, T. (2000) ‘Free Labor: Producing Culture for the Digital Economy’, Social Text,18 (2): 33–58
  27. Weinbaum, B. og Bridges, A. (1976) ‘The other side of the paycheck: monopoly capital and the structure of consumption’, Monthly Review, 28 (3).
  28. Sjå for eksempel Huws (1982) ‘Domestic Technology: liberator or enslaver?’ in Scarlet Women, No 14, trykt igjen i Huws (2003) The making of a cybertariat: virtual work in a real world, New York: Monthly Review Press: 35–41.
  29. Sjå Marx, K. Economic Manuscripts, kapittel 4, henta 20.01.2013 frå: file:///Z:/ARTICLES/Economic%20Manuscripts%20%20Theories%20of%20SurplusValue,%20Chapter%204%20productive%20and%20unprod.htm
  30. Eg bruker begrepet “sette ut” (externalising) her for vise til måten arbeidsgivarar aukar produktiviteten til dei betalte tilsette ved å overføre somme eller alle oppgavene deira til ubetalte oppgaver utført av ubetalte forbrukarar som sjølvbetjening – enten ved bruk maskiner som minibankar eller sjølvbetjening på supermarknaden, eller på nettet med å bestille billettar, legge inn skatteopplysningar eller varebestilling.
  31. Marx, K. Economic Manuscripts, kapittel 2. Henta 20.01.2013 frå: file:///Z:/ARTICLES/Economic%20Manuscripts%20%20Chapter%202%20%20Results%20of%20the%20Direct%20Production%20Process%20%28productive%20&%20unproductive%20labour%29.htm
  32. Ross. A. (2012) ‘In search of the lost paycheck’ i T. Scholz (red) The Internet as Playground and Factory, New York, Routledge: 15.
  33. Eg har dissekert dette grundigare i Huws (2010) ‘Expression and expropriation: the dialectics of autonomy and control in creative work’, Ephemera 10(3/4): 504–521
  34. Ross, ibid.
  35. Sjå til dømes Perlin, R. (2011) Intern Nation: how to earn nothing and learn little in the Brave New Economy, London: Verso.
  36. Eg har skrive meir utfyllande om dette i Huws, U. (2012) ‘The reproduction of difference: gender and the global division of labour’, Work Organisation, Labour and Globalisation 6 (1):1-10
  37. Marx, K. (1845) ‘Division of Labour and Forms of Property – Tribal, Ancient, Feudal’ in Part 1, A, German Ideology. Henta 01.02 2012 frå: http://www.marxists.org/archive/marx/works/1845/german-ideology/ch01a.htm#5a3.'
  38. Engels, F. (1877) On Marx’s Capital, Moscow: Progress Publishers (Engelsk utgave 1956):89.