Eit ideologisk bombardement mot kvinner

Av Gudrun Kløve Juuhl

2010-01

Gudrun Kløve Juuhl inviterte Marielle Leraand, leiar i Kvinnegruppa Ottar i Oslo, heim på kjøkenet til ein kopp kaffi og ein prat – om porno.
 
For å gå rett på sak: Kvifor meiner du porno og prostitusjon er så viktig?

– Sidan 1991 då me såg dei fyrste Hennes og Mauritz-underklesplakatane rundt jol, har det skjedd ei gradvis forverring av kvinners og jenters fridom i det offentlege rommet. Sidan då har det vorte meir stovereint at kvinner og jenter skal vera seksuelle objekt i det offentlege rommet, og det er nesten umogleg å unngå å identifisera seg med ei pornofisert kvinnerolle. Denne pornofiseringa av det offentlege rommet utgjer eit ideologisk bombardement mot kvinner, og difor er det så viktig.

Kan du må koma med nokre døme?

– I reklamen ser me at kvinner i kva slags situasjon og kva slags yrke som helst, må vera tilgjengelege, ha den rette make-up-en. Sminkereklamen rettar seg oftast mot kvinner som er yrkesaktive, og formidlar at det også når me er på jobben, er viktig å bevara makta (eller heller illusjonen om makta ein får) som objekt. Me vert pressa inn i illusjonen om at me får ei slags kvinneleg makt gjennom å vera eit seksuelt objekt i tillegg. Difor – når du utøver yrket ditt – må du, i følgje reklamen, alltid rekna med å verta sett i objektrolla gjennom at nokon påpeikar kor fin du er på håret eller kor søt og pen du er. Du skal vera smart og gjera karriere, men NB! Hugs å alltid vera pen!

 

Det er det eg meiner med pornofisering. Det at kvinner blir oppfordra i det offentlege rommet til å selja seg sjølve som seksuelle objekt i tillegg til det dei måtte ha å gjera. Hugs dei høge hælane! Hugs leppestiften og napp øgnebryna! Smil og ver innbydande! Som om kvinner skal vera oaser av alt som smakar godt. Menn må òg objektivera seg sjølve i den oppblåste salsverda, men kvinner må i større grad selja seg som sexobjekt. På arbeidsplassen, overfor kundar. Kvinner må ha ei anna utstråling enn menn, og kva er den utstrålinga?

Eg har som småbarnsmor ei erfaring: Sjølv om eg merkar kravet om å vera kvinne og sjå ut som ei og oppføra meg som ei, er ein av dei fine tinga med å vera småbarnsmor at endeleg kjennest det legitimt å gå i store, stygge, praktiske klede.

– Men ein kan heile tida verta utsett for latterleggjering for det: «Sjå på damene når dei får born, dei vert stygge og gjev blaffen i å vera attraktive». For det er liksom kvinner sitt ansvar å ta vare på venleiken sin og ikkje opptre upassande. Du er ikkje trygg i den private sfæren heller.

Det seier ein del om kva som vert rekna som legitimt når ein ikkje har små born: då må ein i alle fall ta ansvar for å kle seg pent. Attende til pornoen: Meiner du pornofisering av det offentlege rommet er den viktigaste kampsaka for kvinner nett no?

– Pornofisering av det offentlege rommet er ei av dei største utfordringane for kvinners rettigheitskamp. Me har ei lov mot prostitusjon, men her er det ingen lover. Damer kan ikkje med same fridom som menn opna ei nettavis eller stå og venta på t-banen.

Eg sto i rulletrappa til Stortinget t-banestasjon før jol. Veggene var tapetserte med damer i underklede. Eg visste ikkje heilt kvar eg skulle sjå.

– Dette er ein ny vri på undertrykkinga og fridomsberøvinga av kvinner. Det er ein type fridomsberøving som ein ikkje alltid greier å reagera på med ein gong, det tek ei tid før det synk inn. Ein kjenner seg heller som ei einsleg, bitter kvinne, av di denne fridomsberøvinga me er utsette for dagleg når me ser at kvinner er til sals i det offentlege rommet, ikkje vert snakka om. Den er ikkje ein del av den offentlege samtalen.

Men meiner du dette gjer at me er meir undertrykte no enn for 20 år sidan?

– Nei, eg meiner det syner at det oppstår stendig nye former for kvinnerundertrykking. Patriarkatet finn stendig nye vegar, har stendig nye andlet i undertrykkinga av kvinner.

Om lag som kapitalismen? Den finn jo òg stadig nye vegar, og har synt seg meir levedyktig enn mange på av oss har trudd?

– Ein kan godt kalla det ein patriarkalsk kapitalisme. Eg meiner at verkeleg kvinnefrigjering ikkje vil vera mogleg under eit kapitalistiske system, av di det mannlege hegemoniet vil finna metodar å undertrykkja kvinner med. Systemet er patriarkalsk og vil tena på at kvinner ikkje vert frigjorte. Eg meiner at å forstå det, er noko av det viktigaste for å forstå kva porno er og kva konsekvensar det har. Porno er ikkje berre det som er i pornoblada.

Meiner du at porno på ein måte er det symbolske uttrykket for patriarkatet, då?

– Porno er eitt av andleta til patriarkatet, kanskje det mest synlege i 2009. Pornoen disiplinerer kvinner til å ikkje be om for mykje, alltid vera tilgjengelege og ta til takke.

Noko eg tykkjer er vanskeleg når det gjeld porno, er å finna ut korleis me skal arbeida og korleis me kan få med oss mange i kampen. Kan du gjera nokre strategiske vurderingar av kvar og korleis kampen mot pornofisering av det offentlege rommet bør førast?

– Me treng ei offentleg skulering i at jenter skal læra å ta plass, dei skal ikkje måtta tola meir, dei skal ikkje sosialiserast til å gjera meir. Dei skal ikkje oppleva seg sjølv som snillare enn gutane. Normalitetskrava til jenter skal setjast ned når det gjeld standardar som snill, god, flink. Jenter må verta mindre pliktoppfyllande, ikkje meir. Denne skuleringa er særleg viktig i ungdomsskulen, men ein burde tenkja heilskapleg og byrja alt i barnehagen.

Men det å arbeida for å endra kvinnerolla på den måten er jo noko som mange kvinner vil oppleva som eit åtak på deira person. Burde ein ikkje heller fokusera på likeløn, som er noko alle kvinner kan semjast om? Det er i alle fall deler av kvinnerørsla som fyrst og fremst vil ha fokus på løn og kvinners arbeidarrettar.

– Kvinneløna er ein fasett av kvinneundertrykkjinga. Det er sjølvsagt grunnleggjande at kvinner skal ha eiga inntekt og tena like godt som menn, men sidan kvinneundertrykkjinga er så rådande vil me ikkje verta frie den dagen me tener like mykje. Dessutan trur eg det er vanskeleg å få til full lønsutjamning mellom kvinner og menn på grunn av måten kapitalismen set grupper opp mot einannan på. Og korleis får kapitalismen det til? Gjennom den ideologiske forføringa av kvinner. Gjennom ideologien om at kvinner skal vera litt penare, snillare osb. Det er, slik eg ser det, ikkje mogleg å kjempa for høgre løn utan å sjå dei andre aspekta av kvinneundertrykkinga. Ein må kjempa mange kampar samstundes, på mange frontar. Me må driva geriljaverksemd og angripa dei mange fasettane til patriarkatet frå ulike hald.

Kven ser du på som allierte, kven kan me kjempa saman med og korleis?

– Kvinner må i større grad sosialiserast til å ta tak i dei mange opplevingane, gjerne personlege, av kvinneundertrykkjing, anten det er vald, seksuell trakassering eller erfaringar i arbeidslivet. Ein må ta tak i den undertrykkinga ein opplever sjølv og ser at ein sjølv og andre er utsette for, der ein sjølv har eit engasjement. Solidaritet med andre kvinner er òg eit grunnlag for å engasjera seg. Men det er viktig å ta tak i det ein sjølv tykkjer er meiningsfullt.

Sjølv om mange er opptekne av dette, så er jo kvinnerørsla i Noreg ikkje så stor og mektig? Kvifor trur du at kvinnerørsla (den organiserte feministiske rørsla) i Noreg er så lita?

– Den er lita i Noreg til liks med i andre land. Den organiserte mannerørsla i Noreg er ganske stor – den finn du i fagrørsla, næringslivet, i politikken. Det er den som styrer Noreg, og dei kvoterer inn sine eigne utan at det vert kalla kvotering. Den finn du på båe sider av bordet. Men kvinnerørsla definerer seg sjølv ut frå mannen. Me organiserer oss ut frå at me ikkje har makt. Denne negative posisjonen som kvinner inntek når dei organiserer seg i kvinnerørsla, vil mange kvinner ikkje identifisera seg med, det er ubehageleg. Det er ei negativ rolle, der ein peikar på seg og sjølv og kan verta peika på. Ein kjem på ein måte i forsvarsposisjon sjølv om det ein gjer er å erobra eit rom.

Ja, det er å erobra eit rom å aksjonera mot porno og å seia offentleg at porno er eit ideologisk bombardement mot kvinner. Men ville det ikkje vera meir effektivt å arbeida på andre måtar?

– Eg trur ikkje at me kan erobra fridomen i det offentlege rommet gjennom likeløn. Eg vil ikkje setja det eine over det andre, eg vil seia at kampen for likeløn heng saman med dei andre kampane i samfunnet. Kampen mot pornofiseringa av det offentlege rommet er så viktig av di det avgrensar kvinners moglegheiter på alle andre område òg.