Lesetips fra redaksjonen: Gudrun Kløve Juuhl

Av Gudrun Kløve Juuhl

Nr 2a 2007

Gudrun Kløve Juuhl er nylig blitt med i redaksjonen til Rødt! Har blant annet politisk erfaring fra målrørsla og RV.

 


 

No for tida skriv jo alle bøker som skal hjelpa oss å forstå Framstegspartiet. Ei bok som har lært meg mykje, er boka til Eli Hagen: Gift med Carl – elskerinne,sekretær og hustru, Giga Forlag, 2006.

Forteljinga om Eli og Carl uttrykkjer det ein kan kalla andletet til Framstegspartiet tydelegare enn mange lange artiklar og «lærebøker» som Frp-koden.

Før Eli kjem inn i biletet er Framstegspartiet eit lite parti ytst til høgre, eit osloparti og eit rikingparti. Carl i Hagen er vestkantguten, direktøren og liberalisten. Eli er den super-folkelege. Ho er ei «enkel jente frå landet», frå Dovre, barn av ei ugift mor som måtte arbeida, difor vaks Eli delvis opp hjå besteforeldra. Då ho var ung var ho ikkje den skule-flinke, men heller glad i fest og moro. Eli har opplevd det som mange bygdisar gjer når dei kjem til Oslo: «Sjefen min på NEBB, Sindre, sa at «Her frk. Hamn, får de ikke lov til å ta telefonen før De kan snakke norsk!» (s . 45).

Etter ekteskapet mellom Liberalisten og Folket finn Framstegspartiet med kvart suksessformelen sin. Carl står for ein liberalistisk politikk, men Eli hjelper han med å uttrykkja politikken so folkeleg at han vert populær (i fylgje boka). Eli kjem med fleire døme på korleis ho gjer Carl og Framstegspartiet meir folkeleg, mellom anna er det ho som seier til han at han berre skal svara ja og nei i tv-utspørjinga før lokalvalet i 1979, for «folk er lei av politikere som snakker svada og så innviklet at budskapet ikkje kommer frem» (s 70). Det er ho som får han til å tala utan manus slik at han trollbind folket i fjernsynsoverføringa av landsmøtet i 1988. Ho introduserer òg mor si som barometer på folkemeininga for Carl: «Mor ble etter hvert også en viktig rådgiver for Carl.[…] Mor var ærlig og jordnær og sa kva hun syntes.[…] Og hun var også en god målestokk når jeg ville finne ut kva folk flest mente om debatter og ulike politiske spørsmål» (s. 77).

Eli understrekar òg det folkelege ved seg sjølv ved å fortelja småting som at ho er hysterisk oppteken av at det skal vera reint i huset (i motsetnad til kva mange ungdomar på venstresida ser ut til å tru, er det ikkje noko folkeleg eller arbeidarsk over å vassa i skit, heller motsett. Les gjerne Anneli Jordahl: Klass – er du fin nog? om dette) eller at ho og Carl ikkje har nokon vener, ho har nok med familien sin. Det å skryta av at ein har mange vener er ein typisk urban middelklasseting, Eli gjer det motsette.

Boka om Eli Hagen er eit ideologisk kampskrift for Framstegspartiet: Eli brukar den personlege sjølvbiografisjangeren til å framføra bodskapen om at Frp er partiet for folk flest. At Framstegspartiet høyrer på folket vert illustrert ved at Carl høyrer på Eli. Ekteskapen mellom Eli og Carl syner til og med at Framstegspartiet ved Carl elskar folket (samstundes som Framstegspartiet ved Eli er folket). Mot ei slik sterk forteljing slit sjølvsagt både Jens & Jonas og Torstein Dahle. Til og med Kristin Halvorsen.Eli Hagen-boka har fått ein del bokmeldingar som antydar at fru Hagen er enkel og dum, sidan ho kjem med ufine personkarakteristikkar av ulike politikarar og skriv i ein munnleg, pratsom tone. Ho har uansett levert eit vellukka kampskrift for partiet sitt, som samstundes er lærerik lesnad for oss som gjerne skulle hatt ein større del av folket på vår side.