Frydenholm: Stor satire og djupt alvor om den 2. verdskrigen (omtale)

Av Anders Ericson

2011-04 Bokomtaler

Hans Scherfig: Frydenholm Pax 1962

I flaumen av opptrykte og (nokre) nye bøker om den 2. verdskrigen, i bokhandlar, kioskar og supermarknader, er det påfallande at ein av dei beste, etter mange si meining, ikkje er å få på norsk lenger, anna enn i antikvariat og bibliotek. Eg tenkjer på dansken Hans Scherfigs roman Frydenholm frå 1962, på norsk på Pax femten år seinare.

Kort fortalt er dette den skjønnlitterære versjonen av «besættelsen» i Danmark. Med vekt på opptrappinga og innleiinga og korleis tyskarane tilsynelatande udramatisk og «ikkje-valdeleg» kom og blei der. Og med vekt på det danske statsapparatet, politikarane, politiet, næringslivstoppar osv. sitt dramatiske svik mot folket, og særleg mot kommunistane.

Biletet av motstandskampen i Danmark er i dag for mange identisk med «Flammen og sitronen» og andre filmar og dokumentarar om heltemotige grupper og personar, ofte svært likvideringskåte og vågale inntil det sjølvmordariske. Men 2. verdskrigen i Danmark handlar i stor grad også om kolaborering, svik og passivitet. Ho handlar om ei sosialdemokratisk/Radikale Venstreregjering som i mai 1939 inngjekk ei oppsiktsvekkjande ikkje-angrepspakt med Tyskland, og som i april 1940 slett ikkje gjekk av eller flykta, men i staden fekk med seg dei andre borgarlege i ei samlingsregjering. Og som administrerte landet på Hitlers nåde, mot at dei skulle få vern mot angrep frå England (det var militær motstand eit par stader 9. april, men regjeringa tvang gjennom kapitulasjon etter halvannan time).

Historia om 2. verdskrig i Danmark handlar også om ei liste over 66 medlemmar av kommunistpartiet, samla av det danske overvakingspolitiet, men som utan store samvitskvalar fann vegen til den tyske «siviladministrasjonen » på Rådhusplassen i Kongens by. Etter krav frå tyskarane blei ikkje berre desse, men i alt over tre hundre likesinna fengsla av dansk politi og etter kvart plasserte i Horserød leir ikkje langt frå Helsingør. Det heitte seg at dei skulle «vernast mot tyskarane ». Dei skulle få sleppe fri straks tyskarane gjorde krav om å ta over, men då dette skjedde, «fungerte ikkje» denne rutinen. Mange hamna i konsentrasjonsleir i Tyskland, og over tjue kom aldri tilbake.

Mykje av dette var likevel «gløymt» fram til 1962, då det overraskande romanprosjektet Frydenholm på kort tid blei ein verkeleg bestseljar (danskane hadde også ein «sanningskommisjon» etter krigen, der mykje av dette kom fram, blant anna var det fleire openberre brot på grunnlova, men ingen ansvarlege blei sikta eller dømde). I 1962 var forfattaren og biletkunstnaren Hans Scherfig alt populær, med romanar bak seg som Det forsømte forår, Den forsvunne fullmektig og Idealister, alle satiriske, skarpe og aktuelle bøker, nærmast i krimsjangeren. Men Frydenholm står for dei fleste som hovudverket hans. Han hadde jobba med det i femten år, og manuset var opphavleg på åtte hundre sider. Han gjekk med på å kutte over tre hundre, det var mest dialogar mellom dei fengsla kommunistane, skal han ha sagt.

Boka går føre seg i ein liten landsby på Sør-Sjælland, der det også finst eit slott, Frydenholm, eit skikkeleg nazi-reir. I landsbyen finst eit gjennomsnitt av det danske folket, med regjeringsog tysk-lojale sosialdemokratar og fagforeiningsleiarar, tilsvarande lojale prestar og næringsdrivande, nokre meir vinglande småborgarar, men også sterkt frustrerte fattigfolk og arbeidarar, nokre av dei kommunistar. Dette er samtidig legendarisk Gjønge-land, frå den svensk-danske krigen på 1600-talet, med dansk, folkeleg geriljakrig mot svenskehæren. Så blir då også ein av kommunistane i landsbyen, som klarer å stikke seg vekk, ein berykta sabotør.

Men vi får også innblikk i visse miljø i København, frå regjeringskvarteret og Politihuset til meir tradisjonelle kriminelle krinsar, og sjølv om forfattaren gav dei fleste aktørane, ikkje alle, nye namn, er mykje av det dei seier og skriv, autentisk. Scherfig bidrog slik, i ein roman, til at mange historisk viktige dokument blei betre kjende, særleg mange som kompromitterte samfunnstoppane.

Sluttscena i Frydenholm er omtrent så satirisk som det går an, utan at ho tippar over. Kanskje gjer ho det. Men samtidig får kommunisten Scherfig godord frå til og med borgarlege kritikarar, for at han ikkje heile tida omtalar sine eigne heltar som ufeilbarlege.

Mykje skil den norske og danske lagnaden under denne krigen, og med både den aktuelle interessa for 2. verdskrigen spesielt, og store samfunnsomveltingar generelt, burde Pax eller andre gjere også denne boka meir tilgjengeleg igjen.

Eller: Om du gjerne les dansk, få gjerne tak i originalen. Den norske bokmålsomsetjinga er i unødvendig grad prega av «danoismar», samtidig som det blir for dumt når enkelte av landsbybebuarane på Sjælland snakkar dialekt frå Indre Østfold.

Om ein vil lese meir om den danske «besættelsen», er nettleksikonet, Leksikon for det 21. århundrede, ein god start: www.leksikon.org

Anders Ericson