Feminiseringa av arbeids­plassen og proletariseringa av kvinner

Av John Smith

2017-01

John Smith har vært arbeider på oljeplattform, bussjåfør og ingeniør i telekommunikasjon. Denne artikkelen er ett kapitalen fra boka hans «Imperialism in the twenty-first century» (Monthly Review Press, 2016).

John Smith underviser ved Kingston University. Omsett av Einar Jetne. Foto: Nestle

Eksportleia industrialisering har vorte svært kvinneintensiv. Ikkje noko utviklingsland har auka vareeksporten utan å satse på kvinnearbeidarar.1

Den massive rekrutteringa av unge kvinner inn i lønnsarbeid har vore eit slåande kjenneteikn ved eksportorientert industrialisering. Den endra kjønnssamansetjinga til arbeidsstyrken kjem særleg til syne i vareproduksjon. Ein FN-rapport, Den Globale Oversikten over Rolla til Kvinner i Utvikling, slo fast:

«Blant dei nyleg industrialiserte landa … auka ingen eksporten av fabrikkvarer utan å ty til kvinneleg arbeidskraft. Det er no sett på som eit faktum at industrialisering i globaliseringssamanheng er like så mykje kvinneleidd som eksportleidd.»2

Guy Standing er einig:

«Alle land som med suksess har industrialisert, har berre klart det ved å mobilisere store mengder (lågt betalte) kvinnearbeidarar.»3

Barrientos m.fl. legg til at «i nesten alle regionar har kvinnesysselsettinga auka raskare enn sysselsettinga av menn.»4 Som eit resultat av dette «utgjer kvinner no meir enn ein tredjedel av arbeidsstyrken innafor vareproduksjon i utviklingsland, og nesten halvparten i nokre asiatiske land. Den største auken over dei seinare 20 åra har funne stad i land som har satsa på eksportorienterte strategiar.»5 Utanlandske investorar si søking etter kvinneleg arbeidskraft er særleg markert i soner for eksportproduksjon, der «kvinner utgjer majoriteten av arbeidarane i det store fleirtalet av slike soner, opp til 90 prosent i nokre av dei.»6

Den enorme auken i kvinneleg fabrikksysselsetting som er så karakteristisk i den nyliberale æraen, var ei viktig endring frå ISI-æraen, ein periode med offentleg skjerma industriproduksjon med sikte på å erstatte import. (ISI=Import Substitution Industrialization) Den industrien sysselsette i hovudsak menn. ISI var eit avvik, eit unnatak: I tidlegare industrialiseringsbølgjer, i det nittande hundretalets Europa var ei stor mengd fabrikkarbeidarar kvinner, og i einskilde sektorar, framfor alt innafor tekstil- og kledeproduksjon, utgjorde dei ofte majoriteten.7

Ei perfekt tilpassing

Gjennom 1980- og 1990-talet fall dei relative prisane på tradisjonell eksport frå Sør sterkt. UNCTAD rapporterte at «mellom 1980 og 2003 … minka prisen på mat med 73,3 prosent. Prisane på landbruksråvarer fall med 60,7 prosent. Prisane på mineral, malm og metall minka 59,5 prosent. I første halvdel av 2003 hadde prisen på kaffe tapt 83 prosent av 1980-verdien.»8 I ein studie av tilgangen på kvinner frå landsbygda til eksportorienterte fabrikkar i Malaysia, viste Merete Lie og Ragnhild Lund korleis dette utløyste ei landsbygdkrise som igjen førte fleire unge kvinner frå landsbygda inn i fabrikkane: «Som ei følgje av fallande prisar på landbruksprodukt i verdsmarknaden endte samfunnet opp i ein vanskeleg situasjon, og unge døtrer følte sterk plikt til å delta på ulike vis … (noko som skapte) eit perfekt samanfall mellom behova til bedrifter for ung kvinnearbeidskraft og behova til den lokale befolkninga for kontantinntekter og sysselsetting for den yngre generasjonen.»9

Framskaffinga av kvinnelege fabrikkarbeidarar har funne stad i dei mest ulike kulturar og samfunn, også i dei der patriarkalsk undertrykking sperrar kvinner inne i heimen. Razavi m.fl. nemner at «skiftet til kvinneleg fabrikksysselsetting har funne stad både i land med historisk relativt høg … (og) låg kvinneleg deltaking i arbeidsstyrken.»10 I studien av landsbygd i Malaysia melder Lie og Lund at «det mest underlege i dei lokale endringsprosessane vi har observert, er at den tidlegare mest skjerma gruppa, nemleg unge kvinner, har vore spydspissane i endringsprosessen i lokalsamfunnet.»11 I ei gransking av arbeid på samlebanda ved ein tekstilfabrikk i Marokko rapporterte Laetitia Cairoli at «masserekrutteringa av kvinner inn i tekstilindustrien i Fez står i slåande kontrast til lokale ideal for verdig kvinneleg oppførsel.»12

Vedvarande djup fattigdom og kvinner sine ønske om å kome seg bort frå fordummande og undertrykkande huslege tenar-roller, forklarer korfor millionar av fattige kvinner har søkt seg arbeid hos multinasjonale selskap og hos deira lokale underleverandørar. Ei kartlegging av kvinneleg sysselsetting i Pakistan, utført av Saba Gul Khattak, viser at i Pakistan «går kvinner inn i arbeidsstyrken på grunn av forverra økonomiske kår. Dei økonomiske bidraga deira til hushaldet avgjer om dei skal overleve.»13 Shahra Razavi og Jessica Vivian melder at «kvinner som er sysselsette innafor vareproduksjon i Marokko og Bangladesh, held slikt arbeid for å vere betre enn andre sysselsettingsval som er tilgjengelege for dei», trass i «ekstremt lange arbeidsdagar», i Bangladesh « … ofte frå 0800 til 2200, seks dagar i veka,» og gjennomsnittsalderen deira er 16,6 år.14

Nasjonale styresmakter har konkurrert med kvarandre om å by billeg arbeidskraft til multinasjonale selskap og underleverandørane deira, eller som Barbara Ehrenreich og Annette Fuentes uttrykte det: «Forholdet mellom mange tredje verda-regime og dei multinasjonale selskapa er ikkje svært ulikt forholdet mellom ein hallik og kundane hans. Styresmaktene annonserer kvinnene sine, sel dei og held dei innesperra … Men det finst andre aktørar i den aukande internasjonale kvinnehandelen – slike som FN sin Næringsutviklingsorganisasjon (United Nations Industrial Development Organisation – UNIDO) og sjølve regjeringa i USA.»15

Det får greie seg med dette om billeg kvinnearbeidskraft. Kva med etterspørselen, eller som Maria Mies spurde: «Kva er det som gjer Den tredje verda sine kvinner meir attraktive enn menn som arbeidarar for internasjonal kapital?»16 Akademiske forskarar og andre refererer gjerne til at kvinnene er venta å vere billege, fleksible, medgjerlege, smidige og raske. Barrientos m.fl. fann at «det vidast delte særtrekket ved situasjonen til kvinner sysselsette i vareproduksjon i utviklingsland var at dei hadde lengre arbeidsdagar og lågare lønn enn menn.»17 ILO rapporterer at «det er avdekt at økonomiar i utvikling … med liberalisering av handel og investering, har ført til auka kjønnsmessig lønnsgap», ein ulikskap som kan bli forklart med «kvinner sin svakare evne til å forhandle vilkår for lønnsarbeid … Kvinner … er framleis i all hovudsak å finne i arbeidsområde der den lågare enden av lønnsskalaen dominerer.»18 I følgje Stephanie Seguino, «voks dei asiatiske økonomiane med størst lønnsgap mellom menn og kvinner raskast.»19

Sør-Korea, ein av dei raskast veksande asiatiske økonomiane i denne perioden, hadde verdas høgste kjønnsulikskap i 1980. Lønningane til kvinner låg berre på 44,5 prosent av mennene sine.20 Kvinner sin motstand mot låg betaling og lang arbeidstid vart spydspissen i masserørsla mot det USA-støtta militærdiktaturet til general Chung Hee Park og viste vegen for dei omfattande arbeidarkampane på 1980-talet. I studiet hennes av denne viktige episoden i arbeidarhistoria kommenterte Kim Mikyoung at «ei ironisk side ved det ‘økonomiske mirakelet’ til Sør-Korea var samanfallet mellom fenomenal vekst og motstanden til kvinnearbeidarar. Kvinner tok initiativet til streikar i ei tid då arbeidaraktivisme vart alvorleg slått ned på, og denne aktivismen stod i skarp kontrast til den rådande inaktiviteten til mannlege arbeidarar gjennom 1970-talet.»21

Kva er det ved Den tredje verdas kvinner som gjer dei billegare, meir fleksible og mindre tilbøyelege til å yte motstand enn menn? Maria Mies oppfattar det slik at det er fordi «strategien for å integrere kvinner sitt arbeid i utvikling … ikkje definerer kvinner som arbeidarar, men som husmødrer … (og) at alt arbeid kvinner gjer – enten det finn stad i den formelle eller den uformelle sektoren, er tilleggsarbeid, og inntektene er tilleggsinntekter til den såkalla «forsørgjaren» sine inntekter. Den økonomiske logikken til denne husmoriseringa er ein dramatisk reduksjon av arbeidskraftkostnadane». Dette «er ikkje ein tilfeldig bieffekt av den nye IAD (Internasjonale Arbeids-Delinga), men eit nødvendig vilkår for at det skal gli så greitt.»22 Men dess meir kvinner får sysselsetting som arbeidarar, dess meir identifiserer dei seg som arbeidarar og krev likestilling med mannlege arbeidarar – noko som potensielt undergrev hovudmotivasjonen bak kapitalistar si spesielle interesse for dei. Opp mot dette er ofte auken av kvinneleg sysselsetting i næringslivet følgd opp med ein ideologisk offensiv sikta inn på å styrke andreklassestatusen til kvinner og det sosiale skiljet mellom menn og kvinner både innafor og utafor arbeidsstyrken.

Guy Standing hevda at det ikkje berre er slik at den globale arbeidsstyrken har vorte meir kvinneleg. Han har også på eit anna vis vorte meir feminisert: TNC-ar (Trans National Companies, multinasjonale selskap), statar og lokale arbeidsgivarar brukar kjønnsdeling, og oppfatninga av unge kvinnearbeidarar som meir medgjerlege i forhold til låg betaling, lange arbeidsdagar og mellombels sysselsettingskontraktar, typiske ved TNC-leia industrialisering, til å gjere desse dårlege vilkåra gjeldande for alle arbeidarar, inkludert menn. Slik uttrykker Standing det: «Dei typane sysselsetting og arbeidsstyrke som tradisjonelt blir assosiert med kvinner – utrygge, lågbetalte, irregulære osv. – har spreidd seg til typar av sysselsetting tradisjonelt knytt til menn – ordna, fagorganiserte, stabile.»23

Når nedbrytinga av vilkåra for arbeid har skjedd, minkar TNC-ane sine intensiv for å hyre kvinnearbeid, og ein kan ofte registrere ei delvis «av-feminisering» av den industrielle arbeidsstyrken. William Rau og Robert Wazienski fortalde det slik: «Til å byrja med … var fabrikkarbeid sett på som kvinnearbeid og i hovudsak bydd til unge ugifte kvinner. Men etter kvart som industriaktiviteten veks … blir mange av desse arbeidsoppgåvene reallokert til menn.»24 Denne trenden har halde fram inn i det tjueførste hundreåret. I Rapporten om verdas investeringar frå 2013 melde UNCTAD at «den relative dynamikken knytt til vekst i kvinnesysselsetting synest minke når land stig oppover i verdikjeda.»25

I følgje Barrientos m.fl. vart dette først observert i vareproduserande næringar i Japan, der kvinnesysselsetting i industrien fall frå 36 prosent i 1960 til 26 prosent i 1990, følgd av ein liknande trend i Sør-Korea, 110 der kvinnene sin skarpe faglege aktivitet gav minka fortrinn. Eit anna sterkt eksempel på av-feminisering har funne stad hos maquiladoras, sluttmonteringsbedrifter langs grensa mellom USA og Mexico som «blomstra på 1980-talet med ei sysselsetting som årleg voks med 20 prosent frå 1982 til -89.»26 Låg betaling og dårlege vilkår skremde i første omgang menn, og det store fleirtalet av dei på samlebanda var kvinner. Når desse slette forholda etter kvart vart forskansa, hadde vorte den nye standarden, byrja ei aukande mengd mannlege arbeidarar kome inn i maquiladora-arbeidsstyrken: Unge menn frå arbeidarklassen i dei nordlege meksikanske grenseregionane hadde vorte sosialiserte til å bli føyeleg arbeidskraft, i og med at fråveret av fagforeiningar og disiplinert arbeidsstyrke kom til å bli akseptert av arbeidarklassen. Då vart det muleg for industrien å hyre unge, føyelege menn utan erfaring.»27 Og deretter forskuva arbeidsstyrken på maquiladoraene seg frå å vere 85 prosent kvinneleg dei første åra til å bli 64 prosent i 1988, og 41 prosent i 1999. No er denne av-feminiseringa berre relativ. Talet på kvinner som arbeider i maquiladoras, heldt fram med å auke. Samla sysselsetting i desse fabrikkane auka frå 100 000 (75 prosent kvinner) tidleg på 1980-talet til 750 000 (41 prosent kvinner) mot slutten av 1990-talet. Seinare har dei kjempa for å overleve i møtet med skarp konkurranse frå lågkostarbeidarar i Asia, også blant dei mange kvinner.

Kvinnearbeidarar blir ofte lettare enn menn fanga i den uformelle økonomien og nekta dei mest minimale rettar og vern. I følgje ILO er kvinner i Latin-Amerika og Afrika klart meir enn menn å finne sysselsett i den uformelle økonomien, mens kjønnsbalansen i Asia blir rapportert å vere mykje meir lik. Unnataket er Nord-Afrika der uformell kvinnesysselsetting er låg fordi all slags sysselsetting av kvinner utafor heimen er låg der. Den vedvarande kjønnsdiskrimineringa innafor arbeidsstyrken og innafor arbeidsprosessen kan også bli observert i sonene for eksportindustri. I konklusjonen til gjennomgangen deira av utviklinga av eksportindustrisonene over det siste halve hundreåret avdekker Mayumi Murayama og Nobuko Yokota at «det er eit påfallande felles trekk over tid og rom at kvinner har utgjort kjernen av arbeidskraft innafor eksportindustrisonene», og dei spør «om problema for kvinnearbeidarar har endra seg etter den tida då dei var stifinnarane,»28 problem blant anna knytt til diskriminering ved tilsetting, lønn, fordelar og karrièreutvikling, mangel ved innlosjering og tilrettelegging av barnepass, tvungen overtid og irregulær arbeidstid, oppseiing ved graviditet og manglande morspermisjon, og seksuell trakassering og eksponering for vald undervegs frå og til arbeid. Dei konkluderer med at «trass i at det kan ha vore betring på nokre område … synest dei underliggande problema å ha vorte verande uendra,» noko som indikerer «enten eit alarmerande fråver av seriøse initiativ … eller ein alarmerande grad av neglisjering.»29

Kjønna betalingsgap – så vidt som det alltid har vore

Ein ILO-studie konkluderte slik i 2006: «Gjennomgåande i nesten alle yrke er det slik at (kvinner) framleis ikkje får lik betaling for arbeid som har same verdi, eller balanserte fordelar som kunne sikre likskap med menn … dei er framleis i det store og heile segregerte i yrke som stort sett er å finne på den lågare delen av lønnsskalaen.»30 Det gjennomgåande lønnsgapet held fram med å auke i dei fleste utviklingsland, noko som er resultatet av to trendar: ein liten reduksjon i innanlandske betalingsskilnader mellom ufaglærte menn og kvinner, men denne er meir enn utlikna av ein skarp auke i gapet mellom faglærte og ufaglærte sine lønningar, og menn er uforholdsmessig representerte i høgkvalifiserte jobbar.31 I ein imponerande oversikt over lønnsskilnader innafor og mellom land fortel Marva Corley, Yves Perardel og Kalina Popova at «gapet i lønningar og inntekter mellom menn og kvinner blir verande fastlåst i mange land. I medlemslanda i EU var betalingsgapet mellom kjønna 15 prosent i 2003. I mange land i Asia, Midt-Austen og Nord-Afrika var gapet på over 40 prosent i nokre sektorar.»32 ILO sin Globale lønnsrapport 2008–9 melder at «lønnsgapet framleis er vidt og at det berre minkar svært sakte,» og føyer til, «I rundt 80 prosent av dei landa der data er tilgjengelege har det kjønna betalingsgapet vorte smalare. Men endringane er små, og i nokre tilfelle neglisjerbare … reduksjonen i betalingsgapet mellom kjønna har opplagt vore skuffande når ein ser det opp mot dei seinare åra si utvikling når det gjeld kvinner sine resultat innafor utdanning, den raske lukkinga av kjønnsgapet når det gjeld arbeidserfaring, og den gunstige økonomiske samanhengen i det heile.»33

Feminisme og klasseanalyse

Feministiske skribentar og forskarar har gjort oss ei stor teneste når det gjeld å opne opp for dimensjonen kjønn i analysen av verdas politiske økonomi allment og spesielt når det gjeld globalisering. Men eit fokus på kjønnsdimensjonen til industrialiseringa kan bli ei avgrensing viss han ikkje blir knytt til eit klasseperspektiv. Barrientos m.fl. drar for eksempel den konklusjonen at «dei vidast delte trekka ved kvinner si sysselsetting i vareproduksjon rundt omkring i utviklingsland er lengre arbeidstid og lågare lønn enn menn.»34 Men det er samtidig slik at den vidast delte situasjonen til alle kvinner er ein som dei deler med deira mannlege arbeidskameratar: Dei er utbytta av kapitalistar som strevar etter å maksimere profitt og pressar ned verdien av arbeidskrafta til alle arbeidarar, inkludert ved å bruke seksuell skiljing og patriarkalsk undertrykking for å splitte og svekke dei som av fattigdom blir drivne inn ved samlebanda. Sidan TNC-ar (multinasjonale selskap) blir motiverte av å kunne «skape produkt ved hjelp av lågt lønna arbeidarar»35, og sysselset kvinner av ingen annan grunn, blir det å fokusere på kjønn samtidig som ein overser kapitalistisk utbytting, å sjå utbyttinga som tinga sin naturlege orden, noko som ligg utom synsfeltet til kritisk analyse. Det fører lett til at ein overser den antagonistiske (fiendtlege) naturen ved dei fenomena ein prøver å undersøke. Slik oppdagar Lie og Lund m.fl. «eit perfekt samanfall mellom behova til selskapa for ung kvinneleg arbeidskraft og den lokale befolkninga sine behov for kontante inntekter og sysselsetting for den yngre generasjonen.»36 Dei konkluderer slik: «Motiva bak å skifte lokalitet var langt meir komplekse enn søkinga etter billeg arbeidskraft. Det tyder ikkje at vi undervurderer det viktige ved låge arbeidskostnader. Men … desse motiva må bli vurdert i forhold til ei rekke andre saker. Det er summen av desse faktorane, meir enn ein einskild, som tel.»37

Utan å sjå den utbyttande, antagonistiske naturen til forholdet mellom kapital og arbeid er det umuleg å forstå korfor kapitalistar har ei interesse i å oppretthalde kjønnskilje og diskriminering. Utan dette vil den vedvarande kjønnsdiskrimineringa i arbeidsstyrken synest irrasjonell og uforklarleg. Slik forklarer ILO-forskaren Ricard Anker det: «Kva kunne bli ei viktigare kjelde til ineffektivitet i arbeidsmarknaden enn den utbreidde segmenteringa av mannlege og kvinnelege arbeidarar?»38 Zafiris Tzannatos klagar over tapet av resultat på grunn av den sterke og vedvarande kjønnsdiskrimineringa i arbeidsmarknadane, og hevdar at «betre bruk av potensialet til kvinner i marknaden fører til større effektivitet på makronivå.»39 Restriksjonar på fri flyt av arbeidskraft og den hardnakka rasistiske og nasjonale diskrimineringa fører også til underoptimale økonomiske resultat. Ingen fleirtalsøkonomar kunne motseie dette. Dette er det eine område innan økonomisk liv der teori ikkje får lov til å styre praksis.

Samspelet mellom klasse og kjønn blir gripe meir effektivt av Mary-Alice Waters som skreiv: «Sidan starten på den industrielle revolusjonen i det attande hundreåret har kapitalistisk ekspansjon og konkurransens pisk diktert innlemminga av ei stadig større mengd kvinner inn i arbeidsstyrken. Slik er det fordi kapital alltid søker å innlemme ei større mengd arbeidarar frå undertrykte sosiale lag (i dette tilfellet kvinner) i arbeidsstyrken. Det er slik fordi verdien på deira arbeidskraft under kapitalismen er lågare enn andre sin verdi. Dette er eit grep som arbeidsgivarane tar i bruk for å presse ned gjennomsnittsverdien på arbeidskrafta gjennom å auke konkurransen mellom arbeidarar om å få jobbar.»40

Når Waters spesifikt snakkar om endringar i USA etter Andre verdskrig, hevdar han vidare:

Utviklinga av kapitalisme … skaper reelle og til slutt uløyselege motseiingar for den utbyttande klassen. Kapitalistane sine veksande kjøp av kapasiteten til kvinner som lønnsarbeidarar fører uunngåeleg med seg auka økonomisk sjølvstende for kvinner. Det fører med seg sterkare desintegrering av familien, og utvidar behovet for hushaldsapparat og tilrettelagde matvarer … Desse faktorane vil auke verdien på kvinner si arbeidskraft og auke lønningane dei kan krevje i arbeidsmarknaden.41

Men denne prosessen finn stad under svært ulike vilkår i undertrykte nasjonar. Lønningar er så låge i dei undertrykte nasjonane tildels fordi kostnadane knytt til sosial reproduksjon både blir dekt av den utvida familien og av inntekter i den uformelle økonomien. Rakhi Sehgal argumenterer slik: «Kapital kan bli trekt til samfunn som først og fremst er grunna i gjensidig forventa yting. Slike samfunn ser på å dekke byrdene ved sosial reproduksjon av arbeidskrafta som del av deira kulturelle praksis. Dette er kanskje den reelle sparinga som kapital haustar når dei søker etter ‘billeg arbeidskraft’.»42

I dette kapitlet har vi starta på å identifisere og analysere dei viktigaste og mest relevante grunntrekka ved omvandlinga av arbeidskraft i Sør gjennom æraen av nyliberal globalisering. Eitt av funna er at det ikkje er det minste teikn til klarering i arbeidsmarknaden, noko som skulle støtte marginalistane sin tese – at lønn blir fastlagt av produktivitet – for i det minste å tilfredsstille sine eigne kriteria. Lønn betalt til arbeidarar i Sør er styrt av faktorar som ikkje heng saman med eller har relevans for produktiviteten til desse arbeidarane når dei er i arbeid. Dei avgjerande faktorane finst i forhold i arbeidsmarknaden og i meir allmenne sosiale strukturar og forhold som verkar inn på reproduksjonen av arbeidskrafta, blant desse er undertrykkinga av fri internasjonal flyt av arbeidskraft og framveksten av eit stort relativt befolkningsoverskot i Det globale sør. Dette slår eit stort hol i det vaklande fundamentet til den rådande økonomiteorien.

Notar:

  1. ILO, 2003, Employment and Social Policy in Respect of Export Processing Zones (EPZs) (ILO: Geneva).
  2. United nations, 1999, World Survey on the Role of Women in Development: Globalization, Gender and Work, Department of Economic and Social Affairs (New York: United Natuions publications), http://www.ucl.ac.uk/dpu-projects/drivers_urb_change/urb_society/pdf)_gender/UN_1999_World_Survey_Women_in_Development.pdf
  3. Guy Standing, 1999, “Golbal Feminization through Flexible Labor: A Theme Revisited”, World Development 27/3: 585
  4. Barrientos et al., The Gender Dimension of Globalization of Production
  5. Ibid., 3–4
  6. ILO, Employment and Social Policy
  7. Se Frederick Engels, 1845, The Condition of the Working Class in England (New York: Oxford University Press); Katrina Honeyman, 2000, Women, Gender and Industrialisation in England, 1700–1870 (Basingstoke:Macmillan); Lyn Reese, 2005, Women’s Work in Industrial Revolutions: Primary Source Lessons from Europe and East Asia (Berkeley: Women in World History Curriculum).
  8. UNCTAD, The least Developed Countries Report 2004 – Linking International Trade with Powerty Reduction (Geneva, UNCTAD), 126–27
  9. Merete Lie og Ragnhild Lund, 2005, “From NIDL to Globalization: Studying Women Workers in an Increasingly Globalized Economy”, Gender, Technology and Development 9/: 930
  10. Shabra Razavi og Jessica Vivian, 2002, “Introduction”, i Women’s Employment in the Textile Manufacturing Sectors of Bangladesh and Moracco, ed. Carol Miller og Jessica Vivian (Geneva, UNRISD)
  11. Lie og Lund, “From NIDL to Globalizatuion”
  12. M. Laetitia Cairoli, 199, “Garment Factory Workers in the City of Fez”, Middle East Journal 53:1. Hun tilføyer at «hiring young, unmarried girls rather than mature married women helps ameliorate the contradictions inherent in allowing females to labor in what is a public, and more traditionalle male, role».
  13. Saba Gul Khattak, 2002, “Subcontracted Work and gender relations: The Case of Pakistan”, i Balkrishnan, The Hidden Assembly Line, 35–62
  14. Razavi og Vivian, “Introduction”, 6–8
  15. Barbara Ehrenreich og Anette Fuentes, 1981, “The life on the Global Assembly Line” i Ms, januar 1981, “Life on the Global Assembly Line”, i Ms, januar 1981, 58 Maria Mies gjorde den sammme koblinga: “Governments, like pimps, offer their young women to foreign capital”, i Patriarchy and Accumulation on a World Scale (London: Zed Press, 1986, 117
  16. Ibid., “Governments, like pimps”, 117
  17. Barrientos et al., The Gender Dimension of the Globalization of Production
  18. ILO, Decent Work and the Informal Economy, 10–32
  19. Stephanie Seguino, 2000, “Accounting for Gender in Asian Economic Growth”, Feminist Economics 6/3: 27–58
  20. Elisabeth Monk-Turner and Charlie G. Turner, 2001, “Sex Differentials in Earnings in the Soth Korean Labor Market”, Feminist Economics 7/1: 63–78. South Korea continues to have one of the videst gender pay gaps in the worl, with female earnings just 52 percent of male earnings for similar work. See World Economic Forum, Global Gender Gap Report 2013 (Geneva: World Economic Forum)
  21. Kim Mikyoung, 2003, “South Korean Women Workers’ Labor Resistance in the Era of Export-Oriented Industrialization, 1970–1980”, Development and Society 32/1: 77–101.
  22. Mies. “Patriarchy and Accumulation on a World Scale”, 118–20.
  23. Guy Standing, “Global Feminization trhrough Flexible Labor”, 599–600.
  24. William Rau and Robert Wazienski, 1999, “Industrialization, Female Labor Force Participation, and the Modern Division of labor by Sex”, Industrial Relations 38/4: 504–21.
  25. UNCTAD, World Investment Report 2013
  26. Barrientos et al., The Gender Dimension of the Globalization of Production
  27. Richard Balwin, 2006, Globalization: The Great Unbunding(s), Economic Council of Finland, http:// www2.dse.unibo.it/naghavi/baldwin.pdf
  28. Barrientos et al., The Gender Dimension of the Globalization of Production
  29. Mayumi Murayama og Nobuko Yokota, 2008, Revisiting Labor and Gender Issues in Export Processing Zones: The Cases of South Korea, Bangladesh and India. IDE Discussion Paper No. 174. Institute of Developing Economies, http://ir.ide.go.jp/dspace/bitsream/2344/793/3/AARIDE_Discussion_No.174_murayama_yokota.pdf
  30. Ibid.
  31. ILO, 2006, Decent Work in Informal Economy
  32. Se Remco H Oostendorp, 2004, Globalization and the Gender Gap , World Bank Policy Research Working Paper No. 3256 (Washington, DC: World Bank). Often jobs are counted as higher skilled not because they are higher skilled but because they are carried out by men.
  33. Marva Corley, Yves Peradel, and Kalina Popova, 2005, Wage Inequality by Gender and Occupation: A Cross-Country Analysis, Employment Strategy Papers 2005/20, Employment Trends Unit, Employment Strategy Department (Geneva: ILO). Corley et al. discover an interesting exception to Oostendorp’s finding that the gender gap in low-skilledoccupations is narrowing: between 1996 and 2003; all of the so-called transnatuional economies, with the exception of Hungary, showed a sharp rise in the pay gendert gap, which they ascribe to “the worsening labor market conditions resulting from the adjustments to a market economy, which have disproportionately impacted om women”.
  34. ILO, 2008, Global Wage Report 2008–9 (Geneva: ILO)
  35. Barrientos et al., The Gender Dimension of the Globalization of Production
  36. Stephen Roach, 2003, Outsourcing, Protectionism, and the Global Labor Arbitrage, Morgan Stanley Special Wconomic Study.
  37. Lie and Lund, “From NIDL to Globalization”. This paper contains many insight, e.g.: “The most peculiar of the local change processes we have observed, is that a formerly most protected group, namley young women, have been the spearheads in the process of transformation of the local community.”
  38. Ibid.,
  39. Richard Anker, 1997, “Theories of Occupational Segregation by Sex: An Overview”, International Labor Review, ILO, Geneva, 136/3: 315–39.
  40. Zafiris Tzannatos, 1999, “Women and Labor Market Changes in the Global Economy: Growth Helps, Inegualities Hurt and Public Policy Matters”, World Development 27/3: 551–69.
  41. Mary-Alice Waters, 1992, “The Capitalist Ideological Offensive against WomenToday” i Cosmetics, Fashions and Exploutation of Women, ed. Joseph Hansen, Eveleyn Reed, and Mary-Alice Waters (New York: Pathfinder Press.
  42. Ibid.
  43.  Rakhi Sehgal, 2005, “Social Reproduction of Third World Labor in the Era of Globalization”, Economic and Political Weekly, May 28–June 4, 2005, 2286–94