Komintern og DNA (bokomtale)

Av Eva Marie Mathisen

Bokomtaler Nr 1 2007

Eit årelangt forskingsarbeid om Det norske Arbeidarparti (DNA) sitt medlemskap i Den kommunistiske internasjonale (Komintern) vart avslutta i haust, då historikarane Åsmund Egge ved Universitetet i Oslo og Vadim Roginskij ved Det russiske vitenskapsakademi i Moskva gav ut dokumentsamlinga Komintern og Norge. DNA-perioden 1919–1923. En dokumentasjon.

Åsmund Egge og Vadim Roginskij (red.): Komintern og Norge. DNA-perioden 1919–1923. En dokumentasjon

Åsmund Egge og Vadim Roginskij (red.):
Komintern og Norge. DNA-perioden 1919–1923. En dokumentasjon.
Unipub forlag, Oslo 2006.

Dokumentsamlinga er ein koloss på nesten 600 sider med kjelder. Boka har også ein oversynleg gjennomgang av forskingsfronten om DNA (og NKPs) medlemskap i Komintern og eit fyldig biografisk register, det siste redigert av historikaren Ole Martin Rønning.

Frå juni 1919 til november 1923 var DNA medlem i Komintern. I løpet av denne korte perioden brøyt to grupper ut av DNA på grunn av usemje om medlemskapen. I 1921 brøyt den ikkje-revolusjonære høgrefløya ut og skipa Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti, og i november 1923 vart Norges Kommunistiske Parti skipa. Problema med å forska på perioden og forholdet mellom Komintern og dei norske avdelingane har vore, og er framleis, kjeldetilgangen. Under andre verdskrig vart arkiva til DNA og NKP beslaglagt av tyskarane og kom aldri til rette. Problema med å få tak i kjelder frå perioden, er no i ferd med å verta løyste, mellom anna på grunn av denne nye dokumentsamlinga.

Etter at Sovjetunionen brøyt saman, vart mange russiske arkiv delvis opna for utanlandske forskarar, og ved det russiske statsarkivet for sosial og politisk historie i Moskva (forkorta RGASPI etter det russiske namnet) finst store mengder av dokument frå DNA sin Komintern-periode. Her finst også NKP sitt arkiv og mange personmapper på norske kommunistar. Medlemskapen i Komintern forplikta DNA til å rapportera til Moskva om partilivet, og mange protokollar frå møte i sentrale organ, brev til lokale partiavdelingar o.l. vart sendt over til Moskva. Desse finst ofte i norsk versjon, men også berre i omsett versjon, oftast til tysk, men også til fransk, engelsk og russisk. Dei fire språka var arbeidsspråka i Komintern. Egge og Roginskij har omset dokumenta frå RGASPI til norsk. Dei har også brukt dokument frå andre arkiv, m.a. frå Den russiske føderasjonens utanrikspolitiske arkiv (AVPRF) i Moskva, Riksarkivet og Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek (ARBARK) i Oslo, og dei har brukt aviser og andre trykte kjelder. Variasjonen i dei ulike “kjeldesjangrane” har dei brukt for å gje eit så grundig og dekkjande oversyn over perioden som mogleg, og variasjonen bidreg til at dokumentsamlinga er vert meir spanande å lesa enn utan.

I samlinga finn ein både dokument frå leiinga i Komintern (Eksekutivkomiteen), fråsegner vedteke på DNA sine landsmøte og fråsegner frå verdskongressar i Komintern, møteprotokollar, talar, personlege brev og telegram og etterretningsrapportar. Det er heller ikkje berre kjelder til og frå DNA og Komintern i samlinga, men også korrespondanse mellom NKU og Den kommunistiske ungdomsinternasjonalen og mellom Den raude faglege internasjonale og DNA si fagorganisering. Mange av dokumenta har forklarande fotnotar og med det gode namneregisteret bak i boka, er det fullt mogleg å lesa kjeldene sjølv for ein som ikkje har mykje kunnskap om DNA og NKP.

Sidan samlinga er så omfattande, er det vanskeleg å trekkja ut eit dokument eller ein slutning som bidreg til noko “nytt” eller “avslørande” om DNA sitt medlemskap i Komintern. Men dokumentsamlinga vil vonleg kunna vera eit godt utgangspunkt og arbeidsverktøy for mange ulike tolkingar og svar for forskarar i framtida. Det viktigaste bidraget med samlinga til no er nok at ho understrekar kor viktig DNA var for Komintern i splittingsprosessen fram til novemberlandsmøtet i 1923. Komintern, med leiar Zinovjev i spissen, var ivrige på å halda DNA i Komintern og ville unngå splitting for ein kvar pris. DNA var eit stort parti i internasjonal samanheng, og det var det einaste partiet i Noreg som hadde tilslutning i store delar av den norske arbeidarklassen. Leiar Martin Tranmæl var også viktig for Komintern, og særleg beundra var han av russarane for dei agitatoriske evnene sine.

Boka kan (og bør!) lesast av andre enn spesielt interesserte historikarar. Fordi boka kan lesast som ein “dag-for-dag-maktkamp” i forsøka frå Moskva på å forma DNA til eit kommunistparti, og fordi dei ulike dokumenta tilhøyrer ulike sjangrar, er det underhaldande lesnad. Til tider ganske morosamt også.

Ein ting er i alle fall klart: ved å gje ut denne dokumentsamlinga er Egge og Roginskij med på å gjera forskinga på DNA sitt medlemskap i Komintern meir tilgjengeleg, noko som er viktig både for den vanlege historieinteresserte, men også for forståinga av norsk arbeidarrørslehistorie – og då ikkje berre for DNA, men også for til dømes fagrørsla, NKP og arbeidarkvinnerørsla, både før og etter DNA sin medlemskapsperiode. Medlemskapen i Komintern innebar jo ikkje eit medlemskap berre for sentralleiinga i partia, men også for dei mange tilhøyrande masseorganisasjonane som måtte innordna seg etter Moskva. Den raude faglege internasjonale, Den raude sportsinternasjonalen, Det internasjonale kvinnesekretariatet og Internasjonal arbeidarhjelp. Lista over tilhøyrande organisasjonar er lang, og forskinga kring interaksjonen mellom desse og Moskva er i gang og kjem vonleg til å halda fram i mange år, sidan arkiva i Russland enno inneheld enorme mengder av uopna materiale.

Eva Marie Mathisen