Stengt for innsyn – åpent for korrupsjon

Av Erling Folkvord

2011-02

Erling Folkvord er bystyremedlem i Oslo for Rødt og tidligere stortingsrepresentant for RV.

Dei kommunale omorganiseringane kan ha gjort det lettare eller vanskelegare å lykkast med korrupte handlingar. Sentrale spørsmål for å vurdere resultatet er:

  • Har det vorti meir åpen eller meir lukka saksbehandling?
  • Blir tilsynet i praksis gjennomført på ein betre eller dårlegare måte?
  • Har det vorti lettare eller vanskelegare å få innsyn?

Artikkelen er kapittel 2 i en ny bok fra Erling Folkvord som kommer før sommeren.

Innsynsrett er eit godt tiltak mot korrupsjon. Stortinget vedtok offentlighetslova i 1970, etter ein dramatisk og den gongen ukjent indre strid i regjeringa. Så gjekk det mindre enn tretti år før eit samla storting skrudde klokka tilbake. Kommunepolitikarane fekk da lov til å flytte viktige saker vekk frå det åpne kommunestyret og over til kommunale føretak, der styra tar avgjerdene bak stengde dører. Denne lovendringa i 1998 gav korrupte aktørar større spelerom.

Smith-utvalet – eit statleg utval som granska styringa av Oslo kommune for tjue år sia – oppsummerte at «visse organisasjonsog beslutningssystemer vil lettere enn andre kunne legge til rette for korrupsjon og lignende forhold».1 Summen av lovendringar og kommunal omorganisering har sia den gongen forandra kvardagen i kommunane. Eit viktig spørsmål er om kvar enkelt omorganisering har begrensa eller utvida speleromet for eventuelle korrupte aktørar.

I norske kommunar har kommunestyret det øvste ansvaret for at kommunen er organisert på ein ryddig måte. Du bør spørje om kommunestyremedlemmane har brukt lærdomen frå Smith-utvalet.

Har dei gjort organiseringa av kommunen enklare og meir gjennomsiktig? Er ansvarsforholda klare?

Har kommunen ein kultur for at dei som har tilsynsplikt, skal ta oppgåva på alvor? Får dei som ønskjer innsyn, sjå det dei ber om?

Innsynsrett for alle

Innsyn er ein rett og ikkje ei plikt. All erfaring viser at det er vanskeleg å avdekke korrupsjon utan tips frå innsida eller frå personar med nær kontakt til etaten eller bedrifta der den korrupte opererer.2

Da Stortinget i 1970 vedtok offentlighetslova, vart innsyn i statlege og kommunale saksdokument ein demokratisk borgarrett.3 Før den tid hadde opposisjonspolitikaren Per Borten (Sp) møtt veggen da han oppfordra Ap-regjeringa til å lovfeste ein slik innsynsrett. Da Borten vart statsminister og fekk makt, følgde han opp dette standpunktet, enda om det var meir enn upopulært i hans eiga regjering. Fordi statsminister Borten sette stillinga si inn på det, måtte justisminister Schweigaard Selmer (H) til slutt utarbeide ei lov ho sjølv var i mot. Alternativet hadde vori regjeringskrise. 4 Lova vart omarbeidd for nokre år sia, og har i dag svært tøyelege unntak.5

Arbeidsmiljølova og mange tariffavtalar har dessutan reglar som gir tillitsvalde rett til innsyn i visse saksforhold hos arbeidsgivaren. Både sløsing og korrupsjon blir lettare oppdaga dersom tilsette, tillitsvalde og andre som bryr seg, lett får innsyn i alt som gjeld pengebruken på eit bygge- eller vedlikehaldsprosjekt. Innsyn for dei som bryr seg, er ubyråkratisk og praktisk talt gratis. God bruk av innsynsretten kan reparere ein del av den skaden politikarar gjer, når dei forsømmer lovfesta tilsynsplikt.

Frå kommunalt til kommersielt

Om vi skal forenkle utan å overdrive, kan vi seie at regjeringane frå slutten av 1980-talet har tatt kvar sine etappar i ei omfattande omdanning av den offentlege sektoren.6 Reformene og endringane bygger i stor grad på ei tilpassing av den marknadsliberale nytenkinga økonomen Milton Friedman7 utvikla frå midten av 1950-talet.

Ein norsk versjon av ideologien bak omdanningsprosessen vart i 1991 formulert i rapporten «Mot bedre vitende? Effektiviseringsmuligheter i offentlig sektor».8

Professor Victor D. Normann var leiar for utvalet som tenkte nytt på oppdrag frå regjeringa til statsminister Jan P. Syse (H). Normann forstod kor viktig ord og begrep er. Han la derfor stor vekt på ideologi. Normann-utvalet laga ein overordna strategi for ein omdanningsprosess som enno ikkje er fullført. Reint språkleg utfordra ikkje Normann den innarbeidde velferdsstatsmodellen. Han lanserte nye ord og uttrykk for å få fleire til å godta at Adecco og andre private bedrifter overtar det som før var offentleg.

Sosialminister Guri Ingebrigtsen (Ap) gav sommaren 2000 full støtte til den ideologiske grunnhaldninga som professor Normann formulerte. Ap-ministeren meinte anbud og konkurranseutsetting i eldreomsorga er greitt, berre kommunen framleis har ansvaret.9 Ho provoserte grunnplanet i sitt eige parti, men fekk ryggstøtte frå partileiinga. 10

Ordet «privatisering» vart eit fyord for moderne borgarlege politikarar. Konkurranseutsetting har betre klang. Professor Normann meinte for tjue år sia at «fristilling» og «fritt brukervalg» var gode ord for å beskrive omdanninga frå kommunalt til kommersielt. Fri rett til å velje høyrest bra ut, i motsetning til byråkratisk dirigering og tvang.

Eitt av måla med omdanningsprosessen er at all tenestetyting – uavhengig om drifta er i kommunal eller privat regi – skal drivast omtrent som ei kommersiell, privat bedrift.

EØS-avtalen (avtalen om det europeiske økonomiske samarbeidsområdet) som Stortinget vedtok11 rett før valet i 1993, har i 17 år vorti brukt som ein motor for å få til slik omdanning. Da avtalen var vedtatt, understreka Jens Stoltenberg heilt korrekt at EØS «vil i praksis si et økonomisk medlemsskap i EF12 med fri flyt av varer, tjenester, arbeidskraft og kapital».13

Konkurranseutsetting har vorti nesten som eit halv-religiøst trylleord i enkelte rådhusmiljø. Rådmenn og ordførarar av den nye tid er for konkurranseutsetting, mellom anna fordi regjeringa er for det, uavhengig av om ho kallar seg raud-grøn eller blå. Skeptiske kommunestyremedlemmar føler seg pressa til å godta det som er billigast,14 fordi Stortinget kvart år gir kommunane lågare inntekter enn det dei treng for å unngå nedskjæringar.

New Public Management – ny offentleg styring – er eit samlebegrep for heile omdanningsprosessen. Det betyr å organisere både bygging, forvaltning og drift av skolar, sjukehus, eldreomsorg og barnehagar etter modell av kommersielle bedrifter.15 Offentleg Privat Samarbeid (OPS) dekker eit avgrensa område. OPS betyr ofte at private firma eig bygningar og leiger dei ut til kommune eller stat på langsiktige avtalar. OPS finst i mange variantar og i dei fleste sektorane: Bygging og vedlikehald av vegar, skolebygg, sjukeheimar og sjukehus for berre å nemne litt. (I kapitel 7 i boka beskriv eg eit OPS-prosjekt nærare. E.F.)

Stortinget skrudde klokka tilbake

Det var eit nytt steg i retning meir gjennomsiktig saksbehandling da Stortinget i 1977 vedtok at visse delar av møta i formannskapet kan vere åpne.16 Det tok femten nye år før Stortinget lovfesta at møta i formannskapet skal vere opne. I løpet av denne perioden kom det første tilbakeslaget med innføringa av byrådsordninga i Oslo frå 1986. Eit samla storting bestemte at møta i byrådet skal vere lukka. Stortinget gav dessutan byrådet rett til å hemmelegstemple saksdokumenta fram til byrådet har gjort vedtak.17 Kvar gong bystyret vedtar å gi byrådet rett til å avgjere saker, betyr det derfor automatisk mindre innsyn og meir lukka saksbehandling.

Overgang frå offentleg drift med samfunnsmessige mål til kommersiell drift med profitt som mål, krev mange endringar.18 Vi har fått nye selskapsformer: Kommunalt føretak (KF), interkommunalt selskap (IKS) og selskap med begrensa ansvar (BA)19 er dei viktigaste.

Kommunalminister Gunnar Berge (Ap) sa i 1996 at

Stat og kommune behøver ikke nødvendigvis selv produsere alle tjenester som finansieres over skatteseddelen, men kan overføre produksjonen til et marked.

Han meinte at kommunalt føretak kunne vere ei egna organisasjonsform «i de tilfeller der kommunen ikke ønsker å gå til det skritt å helt ut overlate produksjonen av en tjeneste til privateide foretak, men heller vil fristille en kommunalt eid virksomhet og gi den status som markedsaktør.»20

Det politiske ansvaret blir utydeleg når ein kommune flyttar visse oppgåver frå ein etat til eit kommunalt føretak (KF). Det åpne kommunestyret skal ikkje lenger behandle enkeltsaker. Styret eller direktøren avgjer det meste, bortsett frå årsbudsjettet.21 I november 1998 vedtok eit samla storting ei kraftig innskrenking av innsynsretten. Ei ny lov slo fast at styremøta i eit kommunalt føretak skal vere lukka, slik det er vanleg i aksjeselskap.22 Lukka styremøte i 241 slike føretak23 betyr i 2011 at interesserte innbyggjarar blir stengde ute frå å følgje med på tusentals saker som før vart behandla i åpne møte i formannskap eller kommunestyre.24

Når kommunale oppgåver blir flytta til eit kommunalt aksjeselskap, blir det gjerne enda vanskelegare å få innsyn. Avstanden til kommunestyret blir enda litt større. Direktør og styre i kommunale aksjeselskap føler seg lite bundi av reglar som gjeld i vanleg kommunal saksbehandling. Eit av eksempla er det kommunale busselskapet i Oslo. På grunn av aksjeselskapsforma har direktør og styret sia selskapet vart oppretta meint at dei ikkje ein gong er forplikta til å følgje lov om offentlige anskaffelser. Dei tok seg berre til rette. (Eg kjem nærare inn på dette i kapittel 5 i boka. E.F.)

Tilsyn – tilsynsplikt

Tilsyn er òg eit viktig stikkord i korrupsjonssamanheng. 25 Oslo bystyre har vedtatt at

tilsynsplikten kan ikke begrenses. Bystyret skal se til at virksomheten drives i samsvar med gjeldende regelverk, pålegg, vedtak og inngåtte avtaler.26

Dette høyrest fint ut. Bystyrekomitear og bydelsutval har tilsynsplikt for kvart sitt område. Derfor skal Helse- og sosial komiteen mellom anna føre tilsyn med Omsorgsbygg og med eldreomsorga.

Godt tilsyn er per definisjon konfliktfylt. Det avgjerande er korleis politikarane praktiserer tilsynsplikta. Eg meiner at det utvalet eller den politikaren som skal føre tilsyn med ein etat eller eit føretak, sjølv må undersøke korleis tilstanden er. Ho eller han må personleg ta det på alvor dersom tilsette, leverandørar, tenestemottakarar eller andre varslar om kritikkverdige forhold. Det ligg i korta at det kan vere ubehageleg å ta tilsynsplikta på alvor. Det er lettare å la vere.

Tilsyn er lite verd viss dei som har tilsynsplikt berre stiller spørsmål til direktøren – og så godtar svaret. Den typen tilsyn beskytta den korrupsjonen Thorolf «Langbein» Johannessen organiserte i Vedlikeholdsetaten i Oslo fram til 1988.

Oslo bygningsarbeiderforening tok ansvar

I slike tilfelle kan aktiv bruk av innsynsretten rette opp litt av skaden. Samarbeidet mellom ein entreprenør og to kommunale føretak i Oslo fram til våren 2008 gav eksempel på dette. Byggmester Harald Langemyhr AS hadde store oppdrag på Økern sykehjem og andre kommunale byggeplassar. Verken styremedlemmar i Omsorgsbygg og Undervisningsbygg eller folkevalde med tilsynsplikt oppdaga den alvorlege arbeidsmiljøkriminaliteten. Dei to føretaka hadde for vane å sette bort byggeplasskontrollen til private konsulentar. I nokre tilfelle kan ikkje desse ha gjort så mykje meir enn å stikke innom byggeplasskontoret og sett at HMS-permen var på plass i hylla før dei sende rekning for utført tilsyn.

I denne situasjonen tok Oslo bygningsarbeiderforening ansvar. Tillitsvalde gjorde grundig arbeid. Dei samarbeidde òg med dyktige journalistar. Dette førte til at Arbeidstilsynet, politiet og kommunerevisjonen 29. mai 2008 gjennomførte ein samordna razzia på kontor og byggeplassar hos entreprenøren. Arrestasjonar og dokumentbeslag gav etterforskarane nok å ta fatt i.

Drygt to år seinare tok Oslo politidistrikt så ut tiltale. I retten må entreprenøren svare på ein påstand om bedrageri mot Oslo kommune for 18,4 millionar kroner og brot på arbeidsmiljølova.27 Forsvararen vil nok gjere eit poeng av at han følgde etablert praksis og at kommunen betalte utan å stille spørsmål.

Entreprenøren som hevdar han er heilt uskyldig, kunne fortsette så lenge, fordi dei som hadde tilsynsplikt, såg vekk eller var opptatt med andre ting. Hadde politiet hatt bevis for at nokon av dei svikta mot betaling eller etter avtale, hadde det vorti snakk om straffbar korrupsjon. Denne saka er eit eksempel på at forsømming av tilsynsplikta var innarbeidd rutine. Ingen har hittil vorti straffa for å forsømme seg på den måten. I rettsleg samanheng er dette derfor berre ei bedragerisak som retten enno ikkje har tatt standpunkt til.

Saka har fått brei offentleg omtale, med namnet til entreprenøren i alle kanalar. Det vart «Langemyhr-saka» i media, ikkje «Omsorgsbygg-saka». Entreprenøren utnytta systemsvikten og fortener kritikk. Kanskje blir han òg dømt. Dei som forsømde tilsynsplikta si, har hittil gått fri.

Har dei korrupte fått større spelerom?

Dei kommunale omorganiseringane kan ha gjort det lettare eller vanskelegare å lykkast med korrupte handlingar. Sentrale spørsmål for å vurdere resultatet er:

  • Har det vorti meir åpen eller meir lukka saksbehandling?
  • Blir tilsynet i praksis gjennomført på ein betre eller dårlegare måte?
  • Har det vorti lettare eller vanskelegare å få innsyn?

Det som blir kalla ny offentleg styring (New Public Management), betyr ikkje i seg sjølv at det blir meir korrupsjon. Men det betyr fleire område med lukka saksbehandling. Ei årsak er at så mykje meir enn før skal ut på anbud og kontrakt.

Å føre effektivt tilsyn med ein anbudsprosess er vanskeleg. Det krev både tid og sakkunnskap. Folkevalde utøver sjeldan eit konkret tilsyn med korleis saker blir behandla og avgjort i kommunale føretak, aksjeselskap og interkommunale selskap.

Konkurranseutsetting gir i tillegg mindre innsyn i den daglege drifta fordi offentleglova ikkje omfattar dei private drivarselskapa.

Summen av mange organisasjonsendringar i kommunesektoren har skapt nye og til dels betre vilkår for dei som vil berike seg sjølv eller andre gjennom uryddig eller korrupt handlemåte. I løpet av dei siste tjue åra har det – for å bruke Smith-utvalet sine ord – vorti meir av «organisasjons- og beslutningssystemer » som legg forholda «til rette for korrupsjon og lignende forhold».

Stortingsvedtaket i 1998 om lukka styremøte i kommunale føretak var eit langt steg i feil retning. I det neste kapittelet skal vi derfor sjå korleis opprettinga av to av dei store kommunale føretaka i Oslo endra korrupsjonsrisikoen.

Noter:

  1. Side 192 i Innstilling II frå Smith-utvalet.
  2. Både private granskarar og politifolk eg har snakka med opp gjennom åra, er samde på dette punktet.
  3. Stortinget vedtok Lov om offentlighet i forvaltningen i 1970. Lova tok til å gjelde 1. juli 1971.
  4. Per Borten, som døydde i 2005, var statsminister frå 1965 til 1971. Han fortalde meg om detaljane i denne saka ein gong han var på besøk i Stortinget midt på 1990-talet. Da justisminister Schweigaard Selmer i eit regjeringsmøte konkluderte med at ho ikkje ville ha ei slik lov, sa statsminister Borten i frå at han ville bruke den grunnlovsfesta retten sin til å få ein dissens nedskrivi i regjeringsprotokollen. Det hadde ein statsminister aldri før gjort, og det ville ført til regjeringas avgang. For å unngå regjeringskrise vart saka utsett, og justisministeren måtte bøye av. Schweigaard Selmer gjekk av før lova kom til Stortinget.
  5. Stortinget vedtok den noverande offentleglova i 2006. Ho tok til å gjelde 1. januar 2009.
  6. NOU 1989:5 En bedre organisert stat drøfta nye måtar å organisere offentleg sektor på.
  7. Milton Friedmans Statens rolle i utdanninga (The Role of Government in Education) vart trykt første gong i 1955. Sju år seinare følgde han opp med Kapitalisme og frihet (Capitalism and Freedom). Hans eige syn 50 år seinare finn du her: http://www.opinionjournal.com/editorial/feature. html?id=110006796.
  8. NOU 1991:28 Mot bedre vitende? Effektiviseringsmuligheter i offentlig sektor. Professor Victor D. Normann ved Handelshøyskolen i Bergen var leiar for utvalet.
  9. Dagsavisen utfordra sosialminister Guri Ingebrigtsen i den første Stoltenberg-regjeringa slik i eit intervju 24. juli 2000: «Så du vil ikke advare mot at man setter bestemor ut på anbud? Ingebrigtsen: Jeg er opptatt av at bestemor får de beste tjenestene. Ikke av hvem som yter dem, sier Ingebrigtsen. Det vi aldri må gi fra oss, er at det offentlige har ansvaret, presiserer sosialministeren.»
  10. NTB skreiv 14. august 2000 slik om korleis programkomiteen i Ap stilte seg til kommersielle aktørar i helse- og omsorg: «Programutkastet tar ikke avstand fra privatisering av offentlige tjenester, men fremhever at det må være plass til både frivillige og kommersielle aktører. Det er dermed på linje med sosialminister Guri Ingebrigtsen som har åpnet for konkurranseutsetting og anbud på helsetjenester. ’Slik kan det private bidra til et mer variert tilbud, løse velferdsoppgaver og stimulere den offentlige sektor’, står det å lese i programutkastet. Unntaket er skole og utdanning, som skal skjermes mot private.»
  11. Stortinget vedtok EØS-avtalen med 119 mot 36 røyster 29. april 1993. Det var to røyster meir enn Grunnlovas krav om tre firedels fleirtal. Ved ei tilsvarande avstemming 21. oktober 1993, det vil seie etter stortingsvalet, var røystetala 111 mot 40, det vil seie to mindre enn tre firedels fleirtal. Dette er nærare omtala på sidene 42–45 i Stopp tjuven! – en redningsaksjon for velferdsstaten (Rødt!, 2005).
  12. Dei europeiske fellesskapa, i dag: Europaunionen (EU ).
  13. Intervju i Aftenposten 28. august 1993.
  14. Private selskap kan drive ei bussrute eller ein sjukeheim billegare enn ein kommune. Ein av grunnane er at private selskap vanlegvis har pensjonsordning som er dårlegare for dei tilsette enn den kommunale pensjonsordninga. For underordna yrkesgrupper er løna dessutan i dei fleste tilfella lågare i eit privat selskap etter konkurranseutsetting, samanlikna med kommunal tariffløn før konkurranseutsetting.
  15. Ny offentlig styring blir oppsummert slik i eit vedtak frå Trondheimskonferansen 28.–30. januar 2011: «’New public management’ (NPM), eller ’ny offentlig styring’ på norsk, er en samlebetegnelse for endringer i styringen av offentlig sektor. New public management innebærer at offentlig sektor blir styrt og målt etter markedsliberalistiske prinsipper med en oppsplitting av virksomheter i mindre enheter og delegering av styringsfullmakter til virksomhetsledere. Dette innebærer mindre makt til de folkevalgte politikerne, og økt bruk av styringspraksis fra privat sektor.» 
  16. Stortinget vedtok 15. mars 1977 ei «Midlertidig lov om åpne møter i visse kommunale og fylkeskommunale organer …», som gav kommunestyret høve til å vedta at delar av møta i formannskapet kunne vere åpne. Det kunne berre gjelde dei sakene der formannskapet gjorde vedtak. Den delen av møta der formannskapet laga innstilling til kommunestyret, skulle framleis vere lukka. I 1987 vart lova erstatta av ein ny § 31 c i kommunelova, som gav kommunestyret høve til å vedta at formannskaps- og utvalsmøta skal vere åpne. I 1992 vart prosessen fullført med ei ny kommunelov som seier at alle møta er åpne, viss det ikkje blir gjort særskilt vedtak om at ei sak skal behandlast i lukka møte.
  17. «Dokumenter utarbeidet av kommunaldirektøren til kommunerådet [det vil seie byrådet] anses som utarbeidet for den interne saksbehandling i forhold til reglene i offentlighetsloven og forvaltningsloven.» § 2 i Midlertidig lov om forsøk med særlige administrasjonsordninger i kommuner. Lov av 21. juni 1985. Denne setninga var ikkje med i lovframlegget frå regjeringa, men vart utan grunngiving føydd til under behandlinga i kommunalkomiteen i Stortinget. Stortinget vedtok dette utan at ein einaste representant kommenterte denne innskrenkinga av innsynsretten.
  18. «Før det eventuelt foretas en bred vurdering av privatisering av kommunale tjenester generelt, vil det være av stor verdi å ha mer rettslige spørsmål om adgang til selskapsorganisering av kommunal virksomhet utredet, slik at dette kan tjene som basis for bredere politiske hensiktsmessighetsvurderinger.» Frå kommunalminister Berges grunngiving da regjeringa 11. desember 1992 vedtok å opprette kommuneselskapsutvalet. Sitert frå gjengiving i NOU 1995:17.
  19. Posten Norge AS er i dag eit statseigd kommersielt AS med 36 dotterselskap. Stortinget vedtok i 1996 å omdanna Postverket til Posten Norge BA. Berre Sp og Rødt stemte i mot. Neste ledd var omdanning til aksjeselskap, som Stortinget vedtok samrøystes i juni 2002. Da var ikkje Rødt representert i Stortinget.
  20. Foredrag av kommunalminister Gunnar Berge på Vårkonferansen 1996 arrangert av Studieselskapet for kommunal planlegging, 29. mars 1996.
  21. Kommunestyret kan vedta vedtekter som seier at visse typar saker skal godkjennast av kommunestyret.
  22. Innst. O. nr. 14 (1998-99) vart behandla i Odelstinget 23. november 1998. Alle partia røysta for at styremøta i kommunale føretak skal vere lukka.
  23. Føretaksregisteret i Brønnøysund opplyste 25. januar 2011 at det per desember 2010 var 230 kommunale føretak, 11 fylkeskommunale føretak og dessutan 239 interkommunale selskap (IKS). Spørsmålet om åpne eller lukka styremøte er ikkje nemnt i Lov om interkommunale selskap.
  24. Lovreglane om kommunale føretak (KF) står i kapitel 11 i kommunelova. Kommunestyret vedtar i kvart tilfelle vedtekter.
  25. Både kommunelova, mellom anna i §§ 20, 76 og 77 og kommunale reglement og forskrifter gir klare beskjedar om at tilsynsplikta er omfattande. Begrepet korrupsjon blir naturleg nok ikkje brukt. Tilsynet skal sikre at kommunen «drives i samsvar med lover, forskrifter og overordnede instrukser, og at den er gjenstand for betryggende kontroll» (§ 20, punkt 2 i kommunelova).
  26. Punkt 6 i bystyrereglementet i Oslo seier dette om bystyrets tilsynsoppgaver: «Bystyret plikter å legge opp sitt arbeid slik at det løpende tilsynet utføres forsvarlig. Bystyrets tilsynsplikt omfatter alle sider ved kommunens virksomhet, herunder virksomhet utøvet som fylkeskommune. Tilsynsplikten kan ikke begrenses. Bystyret skal se til at virksomheten drives i samsvar med gjeldende regelverk, pålegg, vedtak og inngåtte avtaler. Bystyret har det overordnede tilsyn med at de beslutninger bystyret vedtar blir iverksatt i samsvar med vedtakene og formelle bestemmelser. Bystyret kan forlange enhver sak lagt fram for seg til orientering eller avgjørelse. Kontrollutvalget og revisjonen har det løpende utøvende tilsynet med virksomheten, herunder å undersøke påstander om feil og misligheter. Når de underordnede organers tilsynsplikt ikke skjøttes tilfredsstillende, har bystyret, eller bystyrets organer på bystyrets vegne, rett og plikt til å treffe de tiltak som anses nødvendig. Dersom det påvises uheldige forhold, har bystyret plikt til å pålegge byrådet eller andre ansvarlige politiske organer å rette opp disse.»
  27. Tiltalen mot Byggmester Harald Langemyhr AS og eigaren er datert 19. juli 2010. Oslo tingrett har sett av 14 veker hausten 2011. Aktor vil ha saka opp tidlegare fordi han er redd lang ventetid skal gi Langemyhr strafferabatt.