Gift med ein annan mann

Av Elisabeth Sausjord

2009-01

Tittelen på denne er artikkelen er også tittelen på ei bok av engelsk-palestinske Ghada Karmi.
Ho fortel om dei to rabbinarane som kom til Palestina i 1897. Dei såg at landet var som ei brur: «vakkert, men alt gift med ein annan mann». Alt då måtte dei stilla spørsmålet: Dersom Israel skulle bli eit land for jødar, kvar skulle folket som alt budde der dra?
I dag – 111 år seinare – er dette enno Israels dilemma

Elisabeth Sausjord er sjukepleiar i Tromsø og medlem av Palestinakomiteen.

 


 

Den israelske historikaren Ilan Pappe har skrive sitt land sin historie frå denne tida i boka The Ethnic Cleansing of Palestine. Han dokumenterer ein krigsforbrytelse, ein nøye planlagt etnisk reinsing av Palestina, systematisk utført av den sionistbevegelsen som staten Israel byggjer på i dag. Det er og var alltid sionistane sitt mål å skape eit land berre for jødar. 750 000 palestinarar vart drivne på flukt, dei fekk knapt med seg anna enn nøkkelen til huset sitt. I dag 60 år seinare lever meir enn 4 millionar flyktningar på Vestbreidda, Gaza, Libanon, Syria, Jordan, Egypt.

Nøkkel til eit hus i Palestina

I 22 år har eg gått inn og ut av dei 60 år gamle palestinske flyktningeleirane i Libanon. Det er no 4. generasjon flyktningar som vert fødde i leirane der. Eg har høyrt på uendeleg mange historier om dei mange krigane i Libanon, og om korleis dei flykta frå sine landsbyar i det Palestina som no heiter Israel. Eg har sett nøklane dei bar med seg, og mange har synt meg de gamle papira som dokumenterer eigedomsretten på husa dei flykta frå. Eg har vore ilag med dei i ulike krigar, og vore vitne til utallege overgrep mot dei rettslause flyktningane. Sist eg møtte leiaren for den palestinske kvinneunionen, sa ho: «Eg trur snart ikkje palestinarane skal få leve et normalt liv!» Men dei kan ikkje gi opp, dei har ingenting å tape.

10. desember i fjor var FN si menneskerettserklæring 60 år. Artikkel 13 omtalar fridomen til å røre seg i sitt eige land, og retten til å kunne reise og kome att til eit kvart land. Den var bakgrunnen for at FN dagen etter, den 11. desember 1948, vedtok den første resolusjonen om dei palestinske flyktningane sin udiskutable menneskerett. Den heiter Resolusjon 194, og stadfestar dei palestinske flyktningane sin rett til å vende attende til sitt heimland. Paragraf 11 seier:

«… dei palestinske flyktningane som ynskjer å vende attende til heimane sine og leve i fred med sine naboar, skal ha lov til det på den tidlegast praktiske dato, og kompensasjon skal betalast for eigedommane til dei som vel å ikkje vende attende …»

Ved å nekte palestinarane denne retten har Israel og deira støttespelarar konstant krenka deira soleklare menneskerett. Retten til å vende heim er så grunnleggande at den vart stadfeste i Magna Carta alt i år 1215.

Legitim kamp

Palestinarane har kjempa for sin rett heilt frå opprettinga av staten Israel i 1948. På 60-talet vart dei organisert gjennom den palestinske frigjeringsrørsla PLO. Dei har kjempa frå eksil (Jordan og Libanon), og dei har kjempa frå dei okkuperte områda (Vestbreidda og Gaza). Me har fått ein rekke fredsavtalar, som ikkje har gitt noko resultat. Det dei for det meste strandar på, er at dei ikkje anerkjenner palestinarane sine grunnleggande nasjonale rettar – og særleg flyktningane sine menneskerettar. Israel prøver å få historia til å handle om 1967, og ikkje om fordrivinga i 1948. Også i Noreg prøver ein å tåkelegge det opphavlege historiske problemet, og snakkar ofte om okkupant og okkupert som to likeverdige partar. Israel er bygd på den sionistiske ideen om å bygge ein stat berre for jødar. Landet har aldri definert grensene sine. I praksis et dei seg meir og meir inn på dei palestinske områda, riv husa deira, hindrar dei å dyrke jorda si, og byggjer ein apartheidmur på Vestbreidda. Slik har dei grundig dokumentert at tostatsløysinga aldri har vore noko reelt alternativ for Israel. Dei held fram med sine brot på menneskerettane og fordrivinga av palestinarane. Samstundes vert forholda i Gaza, verdas største fengsel og Tromsøs vennskapsby Gaza, meir og meir uhaldbare.

Boikott Israel

Israel trur fortsatt på at dei kan bygge ein rein jødisk stat på ruinane av eit anna folk sin tragedie. Tida er overmoden til å legge eit større press på Israel. Den 3. desember gjennomførte Palestinakomiteen ein demonstrasjon utanfor Fylkestinget mot at hurtigbåtane skulle drivast av Veolia som støttar den israelske apartheidpolitikken. I England har boikottarbeidet kome langt, dei jobbar både med forbrukarboikott, kulturell- og akademisk boikott.

Den einaste rettferdige løysinga er at dei palestinske flyktningane får vende attende til heimlandet sitt, og at det vert oppretta ein felles sekulær stat bygd på folkeretten for alle innbyggjarane i området. Dette ser også ut som det mest realistiske på sikt i den politiske situasjonen på bakken i Palestina.

Eg har vakse opp med ei barnetru på menneskerettane. Er dei fortsatt verd denne trua? Eller gjeld dei berre nå det passar den vestlege overmakta? Skal eg og mine palestinske venner i flyktningeleirane snart få oppleva at dei også gjeld det palestinske folket?

(Artikkelen sto i avisa Tromsø og Nordlys før krigen mot Gaza.)