Eldreomsorg og solidaritet

Av Elisabet Sausjord

2009-01

Då eg byrja i heimesjukepleia i Tromsø kommune i 1991, var det ei positiv bølgje der både administrativ og politisk leiing gjekk ut og med tre løfter til dei eldre: betre heimetenester, meir rehabilitering og eit meir aktivt sosialt liv. Og det var til dømes ein «gullalder» i bygging av eldresentra. Eg gleda meg, og jobben var og har alltid vore spennande!

 

Det tok ikkje lang tid før me fekk sjå at økonomien ikkje stod i forhold til dei løfta som var gitt.

 

 

Elisabet Sausjord er sjukepleiar i Tromsø. Sidsel Stellander, avdelingssjukepleiar i heimetenesta i Tromsø, har bidratt til denne artikkelen.

 


 

 

I 1979 kom det ut eit bok som heiter Pleie utan omsorg av Kari Martinsen og Kari Wærnes. Eg hugsar ein appell i den boka om at me som sjukepleiarar hadde ansvar for å pleie og kjempe for dei svakaste. Denne tanken slapp meg aldri og var ein viktig grunn til at eg valde å arbeide i eldreomsorga – etter 11 år på sjukehus. Eg fekk fort merke at nokon undra seg over valet, og at statusen ikkje var så stor som sjukehusarbeidet. Visjonen var å arbeide for ei solidarisk helseteneste. Dei gamle og sjukaste kan ofte ikkje forsvara seg. Nokon må seie frå på deira vegne. Dette kan vera eit tungt arbeid innan eit av dei minst prestisjefylte områda av medisin og sjukepleia. Men det er nettopp på dette området at det marknadsorienterte helsevesenet vert mest avkledd i sin feilslåtte politikk. Korleis skal me synleggjera dette?

 

No er det slik at eldreomsorga er eit viktig satsingsområde i ein kvar valkamp. Elles er det mest snakk om problema som fylgjer med den veksande gruppa eldre, og det pengesluket det er i kommunehelsetenesta. Kva gjer dette med vårt syn på alderdommen og synet på eldreomsorga? Er me på venstresida påverka av dette synet? Kan det tenkast at me alle er påverka av ungdomsdyrkinga og individualismen i dagens samfunn?

 

Det som slår meg, er at eg ofte møter aktive, tenkande menneske som trur at alt vert annarleis nå dei sjølve vert gamle. Dei trur dei vert sterke og kravstore, og skal drikke vin på sjukeheimen. Mange kjem nok til å få ein strålande alderdom i Noreg, men dei gløymer at om dei vert sjuke og kroppen endrar seg, eller til dømes er kvinner med dårleg pensjon eller lite nettverk, vert dei og sårbare. Kan denne illusjonen vera noko av årsaka til at det er såpass lite organisert engasjement i høve til kutta i velferdstilbodet til dei eldre? Eller er det at dei endringane, som skjer no i kommunehelsetenesta, er så forførerisk pakka inn at det er vanskelege å avsløre som dei angrepa på velferdsstaten som dei i praksis er? Eller er det begge delar?

 

Det er det siste som er tema for denne artikkelen, basert på eigne erfaringar som sjukepleiar i heimetenesta frå byrjinga av 90-talet.

 

Ein kunne gå lenger attende, fordi det også på 80-talet hadde vore kutt i offentleg sektor i høve til stadig nye oppgåver for til dømes kommunane, men eg vil ta for meg dei meir markante endringane dei siste 18–20 åra.

 

Eg har vore sjukepleiar sidan 1980, og i heile mitt yrkesliv har eg kjempa meir eller mindre aktivt mot nedskjeringar i velferdstilbodet. Då eg byrja i heimesjukepleia i Tromsø kommune i 1991, var det ei positiv bølgje der både administrativ og politisk leiing gjekk ut og med tre løfter til dei eldre: betre heimetenester, meir rehabilitering og eit meir aktivt sosialt liv. Og det var til dømes ein «gullalder» i bygging av eldresentra. Eg gleda meg, og jobben var og har alltid vore spennande!

 

Det tok ikkje lang tid før me fekk sjå at økonomien ikkje stod i forhold til dei løfta som var gitt.

 

Første tida konsentrerte eg meg likevel mest om å vera med på å bygge opp det fagleg arbeidet. Lovverket kom tidleg på 90-talet, og me fekk opplæring i å skrive vedtak og ta betre vare på pasientrettane. Eg trur at eg i kvardagen tenkte at dei halvårlege varsla kutta ikkje ville få så store konsekvensar for dei dagleg heilt nødvendig helsearbeidet. Og me vart gode til å argumentere for det fagleg tilbodet. Me likte å ta utfordringar på å bygge ut ei betre og betre heimesjukepleie.

 

Etter kvart forstod eg at det som heiter moderniseringa i offentleg sektor som ramma Kommune-Noreg i kjølvatnet av NPM (New Public Management, se artikkelen til Inger Ljøstad, red.), snart ville få direkte innverknad på mitt arbeid og pleia av dei sjuke.

 

2-nivå-modellen

 

«Konkuranseutsetting og privatisering vil få brukernes støtte hvis de føler at det eksisterende tjenestetilbudet ikke klarer å innfri deres grunnleggende behov, særlig innenfor omsorg og helse.»

(Kosmo-utvalgets rapport, Modernisering av offentlig sektor lokalt, 1999.)

I 2002 innførte Tromsø kommune 2-nivåmodellen. Dei la ned pleie- og omsorgskontoret (pluss skulekontoret og liknande), og delte opp i resultateinheiter. Den samla faglege kompetansen og erfaringa i Tromsø var sa at «barnet som rann ut med badevatnet», og fokus på bedriftsøkonomiske budsjett vart enno sterkare. Ein sjukeheim kunne vera ein resultateinheit, og større og mindre heimetenestedistrikt/-soner kunne vera ein anna. Rådmannen hadde 3 kommunalsjefar i sin stab med ansvar for sin resultateinheiter. Det var to nivå: einheitsleiarar og rådmann. I Tromsø var det ekstra ille då dei fann ut at dei einheitene som stelte med helse, ikkje måtte rapportere til same kommunalsjef. Så då sat einheitsleiarar for skule, teknisk avdeling og helse i felles møte med sine tilfeldige kommunalsjefar. At dei ulike avdelingane innafor heimesjukepleia kom til å utvikle seg med store skilnader over nokre år, vart eit stort problem for byen. Dette vil dei no bøte på med endå verre medisin, men det skal eg komme attende til under avsnittet om bestiller- utførermodellen (BU-modellen).

 

Samtidig var det ingen sentralt i kommunen som kunne ta ansvar for å implementere nasjonale, faglege planar og føringar. Det var ingen politisk og administrativt fagleg styring i kommunen. I Tromsø treng nemleg ikkje politikarane ta stilling til kor nedskjeringane skal svi mest, det skal rådmannen avgjere ilag med einheitsleiarane i pleie- og omsorg.

 

Det store paradigmeskiftet vart understreka med at einheitsleiarane vart bedne om å skrive under på at dei var pliktige til å halde budsjettet innafor sin resultateinheit. Det vart innført ein sterk budsjettdisiplin, og me har fleire gonger høyrt politikarar sagt at om einheitsleiarane ikkje kan halde budsjettet sitt, så får dei gå frå jobben. Dette førte også til at pasientar vart kasteballar, og ingen ville ta ansvar for dei «dyre pasientane» sin resultateinheit! Og me vart ikkje «lønna» for å ta ansvar for å finne den beste løysinga for pasientane. Eg skreiv i eit avisinnlegg:

«Dersom eg skal ta budsjettansvar for min del av heimetenesta, er det ironisk nok best at eg ikkje tek imot svært sjuke pasientar frå somatisk eller psykiatrisk spesialisthelseteneste. Eg kan bruke min faglege tyngde til å overtale dei til å søkje sjukeheimsplass heller enn å gi dei omfattande heimesjukepleie». (01.04.2006)

 

Nokon av oss som likevel tok ansvar for pasientens beste og ofte også for den totale samfunnsøkonomien, fekk «raude tal» i budsjettet til resultateinheita.

Statlege føringar og kvardagen i eldreomsorga

Me opplever sprikande bestillingar. Det er gode planar både nasjonalt og lokalt på eldreomsorgsområdet. Pålegg, lover og forskrifter skal og sikre rettane til dei pleie- og omsorgstrengande. Men når kutta kjem kvart år, skjer det same: Me får krav om reduksjon i form av økonomiske direktiv. Me får ei ramme og beskjed om at me har eit overforbruk, og må sjølve foreslå kutt. Politikarar og rådmann i Tromsø delegerar i praksis alle problema med nedskjeringar til sjuke- og hjelpepleiarar i yttarste ledd.

 

Resultatet er som vanleg at velferdsstaten gjer seg avhengig av ei arbeidskraft som er villig til å strekke seg ekstra langt, for å få endane til å møtast: sjukepleiarar, hjelpepleiarar og andre som kjem pasientane nært innpå livet, og som ikkje har samvit til at dei skal lide unødig. Dårleg betalte omsorgspersonar som trør til når budsjett vert redusert og dilemma vert desentralisert.(1)

 

Underbetalte kvinner i pleie- og omsorgssektoren må ikkje finne seg i å ta denne belastninga på vegne av samfunnet lenger. Me veit at me ikkje må tru på våre lokalpolitikarar når dei omtalar eldreomsorga som ein utgiftspost, me veit at vårt primære ansvar er å utvikle gode og helsefremjande velferdstiltak for våre pasientar. Me veit at sanninga er at me har fått mange fleire oppgåver i kommunehelsetenesta.

 

Ein ting vart fleire einige om: 2-nivåmodellen fungerar ikkje godt i Tromsø. Det er mellom anna eit problem at einheitene gir ulikt fagleg tilbod. Det me er ueinig om, er kva tiltak som skal bøte på dette.

 

I 2005 prøvde politisk og administrativ leiing å innføre BU-modellen i Tromsø kommune.

Bestiller-utfører-modellen

Bestiller – utfører

«Det første elementet handler om å skille mellom forvaltning og drift. Den enkelte institusjon, det være seg et sykehjem, en
tilrettelagt bolig eller en hjemmehjelpsgruppe, skal betraktes som en selvstendig resultatenhet (bedrift) atskilt fra forvaltningen.

Tanken er så at offentlig finansierte eller subsidierte tjenester skal «kjøpes», ikke av den enkelte tjenestemottaker, men av bestillere fra forvaltningen som opptrer på vegne av befolkningen. Atskillelsen mellom forvaltning og drift, mellom den som bestiller tjenesten og den som utfører tjenesten, er nært forbundet med ideen om kontraktsstyring: Offentlig virksomhet skal styres ved hjelp av kontrakter, ikke ved hjelp av regler.

Man skiller gjerne mellom kontrakter og bestilleroppgaver på et generelt og et individuelt nivå. Bestilleroppgaver på et generelt nivå blir først og fremst forbundet med de oppgaver forvaltningen ivaretar overfor eksterne kontraktparter i forbindelse med konkurranseutsetting. Oppgavene omfatter utarbeidelse av konkurransegrunnlag, vurdering av tilbydere og utforming og oppfølging av kontrakter. På et individuelt nivå omfatter bestilleroppgaver enkeltvedtak om tjenester og oppfølging av disse.

Innenfor eldreomsorgen forbindes disse bestilleroppgavene først og fremst med at behovsbedømming og tildeling av tjenester spesialiseres og skilles fra den daglige driften.» (Sitat fra Mia Vabøs artikkel New Public Management i nordisk eldreomsorg – hva forskes det på? Artikkelen står i Szebehely, M. (red.): Äldreomsorgsforskning i Norden. En kunnskapsöversikt. TemaNord 2005:508. København: Nordisk Ministerråd.

Kvifor har dette blitt innført i så mange kommunar med så lite protestar? Første forsøk kom i Tromsø i 2005. Grunngjevinga den gongen var at det ville vera til det beste for brukarane: ei dør inn, lik hjelp og betre rettsikkerheit for pasientane. Kommunen leigde inn eit konsulentfima, Ressurssenter for Omsorgstenester, Stjørdal (RO). Dei laga ein «undersøkelse» om pleie og omsorg som enda i ein rapport, og ein av anbefalingane var å innføre BU-modellen. I Tromsø jobba fagforeiningane godt og samla mot BU. Fagforbundet bad DeFacto kunnskapssenter om å gå gjennom RO-rapporten. Dei plukka den frå kvarandre, den viste seg å ikkje halde mål forskingsmessig. Samtidig var det avisinnlegg, demonstrasjonar, debattar og fokus på «stoppeklokkeomsorg», og at dette var tilrettelegging for privatisering. Dette var rett før valet, og SV/AP tok ikkje sjansen på å innføre det på det tidspunktet.

 

No er diskusjonen komen opp att i Tromsø. Bakgrunnen er eit vedtak i kommunestyret 2008 om å spare inn 44 millionar på pleie og omsorg. Denne gongen er grunngjevinga endra: Resultateinheitene held ikkje budsjetta sine (ergo tildeler dei for mykje tenester). Dei kjem ikkje i mål med nedstyringane, det vert gitt for mykje hjelp. Me må ha eit bestillerkontor som tildeler mindre, slik at me held budsjetta og kontrollerer at det ikkje vert gitt meir tenester.

 

Dei tilsette vert vurdert som inhabile i å utøve eit fagleg skjønn i høve til å vurdere kva helsehjelp den enkelte pasient treng. Ei klar nedvurdering av kvinneyrka. Sverige har prøvd dette ut i snart 20 år, og mange er no svært kritisk. Til og med fagfolk som var med på tankegangen for mange år sidan, har slått retrett: Der dei trudde dei kunne vera med på å gjera tenesta betre for den gamle, ser dei no at dei er blitt «gatekeepers» for å spare pengar for kommunen. Det dei og ser, er at ein seier frå seg muligheitene for å gi eit individ- og behovstilpassa tilbod. Det skjer ein «klientifisering », dei gamle vert behandla som om dei var støypte i same form. Pleiepersonellet og deira leiarar i utøvande teneste vert umyndiggjort, mindre sjølvstendige og isolert. Dei opplever forverra arbeidsforhold. Byråkratiet veks, transaksjonskostnadene aukar og kommunikasjonsproblema vert større. Dette er berre nokre døme.(2)

Klargjering for privatisering

Me skal ikkje privatisera sjølv om me innfører bestillerkontor, seier dei raud-grøne i Tromsø når me diskuterer BU-modellen med dei. Og dei leitar etter andre namn på kontoret: tildelingskontor og servicekontor – for å dekke til intensjonen. Privatiseringa har kome langt, og alle høgrebyråd og høgreregjeringar kjem til nøkkelferdige hus no. Sjå berre på Oslo:

«Kirkens Bymisjon ser på tjenester til hjemmeboende som grunnleggende velferd for befolkningen. For oss er det viktig at denne tjenesten fordeles rettferdig, og at det ikke er den enkeltes evne til å etterspørre eller betale for tjenesten som er avgjørende.Vår beslutning om ikke lenger å være hjemmetjenesteleverandør er begrunnet i frykten for å måtte utføre tjenester som ligger under et akseptabelt minimumsnivå. Vi ønsker ikke å medvirke til en hjemmetjeneste som i praksis bygges ned, der hjemmeboende eldre og andre ikke får den hjelpen de trenger. I tillegg er vår erfaring at det ikke er mulig å levere de tjenester som forutsettes til den pris som er fastsatt, uten å måtte selge tilleggstjenester i betydelig grad. En slik utvikling verken kan eller vil Kirkens Bymisjon gi sin tilslutning til.» (Avdelingsdirektør Anne Marie Johansen og konstituert generalsekretær Johannes Heggland, Kirkens Bymisjon i Oslo, 2007.)

 

Pleie utan omsorg

Kva skjer med oss i eit slikt system og kva skjer med den gode omsorga?

«Me er avhengige av kvarandre.
Menneske pleier sine sjuke og svake fordi det menneskelege samfunnet ikkje er mogeleg utan slike vilkårslause forpliktelsar.» Gøran Rosenberg

«God omsorg utøves der den kritiske sans og dømmekraften får
gode vekstvilkår og fritt spillerom.»
Generalsekretær Sturla J. Stålsett i Kirkens bymisjon (4)

«Om ein skal ta omsorg på alvor kan ein ikkje la vera å vera samfunnskritisk.» Kari Martinsen sjukepleiar og filosof.

Begrepsbruk?
«Dei svake» eller «utsette grupper» – dei som fell utanfor i det marknadsliberalistiske samfunn

«Hjelpepleieren kom hjem til en bruker mandag morgen. Han hadde hatt magesjau hele helga. Hjelpepleieren ringte bestillingskontoret, og sa hun trengte tid til å vaske både mannen og sengetøyet. På bestillings-kontoret møtte hun liten forståelse for at behovet for ekstra tid hos brukeren var prekært. Men hun tok seg tid til å skifte sengetøy, og ble siden irettesatt for det.»

 

BU-systemet er eit verktøy for nedskjeringar og kontroll av dei tilsette, og skal passe på at det ikkje vert gitt «for mykje» hjelp. Og det er nødvendig for å gjennomføre privatisering.

 

Me må halde fram med å avdekke strukturar som påverkar våre sjansar og muligheiter til å skape god pleie, omsorg og behandling, og som øydelegg vårt velferdstilbod innanfrå. Dei kan skada våre relasjonar mellom pasient og helsearbeidar, me vert gradvis påverka og flyttar grenser til det umenneskelege.

 

I staden for å gi helsetenester og velferdsgode endar me med å tildele tenester etter eit lovverk der ein leitar etter minstestandarder og måtar å spare pengar på, og ikkje etter den gode helsehjelpa. Så kan dei som er sterkast, kjempe for betre tenester med lova i hand eller kjøpe seg ekstra tenester. Medan dei som har dårlegare råd, eller har nok med å vera sjuke og skrøpelege, må ta til takke med det dei får.

 

Denne kampen handlar konkret både om våre felles velferdsgode og arbeidsforholda til kvinnene i eldreomsorga, og bør få mykje meir merksemd i eit parti som Raudt.

Notar:

1. Halvard Vike, Maktas samvittighet, Gyldendal akademisk, 2007).

2. Artikkel og foredrag på demensdagane i Oslo desember 2005 av Lennarth Johansson, programansvarlig for oppfølging og vurdering av eldreomsorgen, Sosialstyrelsen, Sverige. Demens nr 1, 2006.

3. Karin Svendsen, Fagbladet 06.02.20 om bydel Nordstrand i Oslo.

4. www.bymisjon.no/templates/Page____21567.aspx