Eit land i krise

Av Terje Valen

2017-02A

I Frankrike har vi i det siste sett at tradisjonelle parti som Sosialistpartiet har blitt sett på sidelinja, Front National med Marine le Pen har styrka seg, og nye valparti som Emmanuel Macron si rørsle

«På marsj» har dukka opp og vunne val. Kva har skjedd, kva skjer, kva vil skje?1

Terje Valen er pensjonert ungdomsskolelærer, utdannet historiker og har skrevet boka De tjente på krigen. Ledet «Flaktveit Vi Bryr oss» og er leder for Idrettsrådet i Bergen. Skriver bloggen tvalen.no
Desse politiske hendingane kjem etter lang tid med forverring for arbeidsfolk. Nett no er det rundt 3 millionar registrerte arbeidslause, dvs. 9,6 % arbeidsløyse i landet. Den økonomiske veksten i andre kvartal 2017 var berre 0,3 %.

Det er resultatet av ei utvikling som har gått over fleire år. Eg skreiv om dette i 1996 og gav mange opplysningar som kan vere verd å lese i samband med denne artikkelen2. Men no skal vi sjå på nokre hovudtrekk når det gjeld utviklinga av økonomien. Først vekstraten i brutto nasjonalprodukt (BNP) fram til og med ­2. kvar­tal 2017.

Sjå nøye på kurva under som eg vil vise til fleire gongar. Vi ser ein kort spurt på byrjinga av 1950-talet, der veksten var 8,1% for å falle til -0,1 % i 1952. Etter det har vi, med nokre svingingar, hatt aukande vekst frå 1953 til 1974 då han nådde 5,1 % og vekstraten var opp mot 4 % i nokre år. Etter 1982 fekk vi eit nytt fall fram til 1993. I 1992 var han nede i -0,1 %. Så steig han til 1,6 % i 2006. Deretter fall veksten gjennom krisa og var nede i nær -2,0 % i fjerde kvartal 2009. Etter dette kom ei rask stigning til 1,2 % første kvartal 2011. I 2014 hadde han falle til 0,1 % for så å vekse til 0,9 % i 2016. Derifrå fall han til 0,3 % i andre kvartal 2017. Vi ser at veksten var låg i tida før krisa i 2008–09 og blei endå lågare etterpå, mellom 0,6 og 0 %. Vi har med ein økonomi å gjere som er i djup krise.

Etter 1983 vart industrien i Frankrike bygd kraftig ned. Eit stort tal industriføretak forsvann, særleg innan jern, stål, gruvedrift og tekstil, og i bilindustrien var det store omstruktureringar der fabrikkar blei nedlagd og folk oppsagd. Det har fortsett. Mellom 2000 og 2015 har Frankrike gått frå verdas 4. til 11. produsenten av køyretøy.3 Sigarettproduksjon var lenge eit symbol for fransk industri, og den siste sigarettfabrikken, opna i 1882, blei nedlagd i november 2016 for å starte igjen, i Polen.

I Frankrike eigde staten mykje av bank- og forsikringsverksemdene etter store nasjonaliseringar i 1935, 1945 og så seint som i 1983. Frå 1986 blei det sett i gang ein stor privatiseringsbølgje og halvparten av det staten eigde, blei seld. Den delen av reservane som dei offentleg eigde bankane disponerte, fall frå over 85 % i 1984 til under 20 % i 2000.

Veksten ned og fortenestene opp

Til høyre er eit diagram som viser for­­tenestegraden til ikkje-finansielle føre­­­tak og­ eller graden av bruttooverskott4 (skala til høgre) av eigenfinansiering (skala til venstre) rapportert gjennom meirverdirekneskapen.

Teikninga viser at fortenestegraden i dei ikkje-finansielle føretaka rundt 1982 hadde komme ned på eit lågt nivå og eigentleg var raskt på veg vidare nedetter viss ikkje kapitalen fekk betre fortenestevilkår.5 Så steig fortenestegraden fram mot 1989, mens veksten i BNP gjekk ned, og eit nytt fall fortsette gjennom krisa i 2008–09 og ned til slutten av 2014. Det var faretrugande. Då begynte han å stige att.

Arbeidarane

Til høyre ser vi utviklinga av arbeidarane sin del av BNP.

Frå 1972 til 1983 vaks den delen som gjekk til arbeidarane. Så fôr han raskt ned til rundt 1990 og litt mindre bratt nedetter til 2008 då han steig att fram til 2012.

Denne utviklinga skapte arbeidsløyse og her skal vi sjå på eit diagram til som viser det.

I grafen til høyre er talet på registrert arbeids­lause den mørkaste skya, det litt lysare partiet viser dei som ikkje er i arbeid, men som ikkje søkjer aktivt etter arbeid, og det lysaste ­partiet er dei som er i arbeid, men som går på deltid og ønskjer å arbeide fulltid og dei som er delvis arbeidslause eller undersysselsette. Talet på arbeidslause og delvis arbeidslause stig frå rundt 2,5 millionar til 4 millionar og rundt 6 millionar og 8 % meir i 2016 enn i 20126. Dette ligg tett opptil det Marx skreiv om arbei­d­s­­løyse under kapitalismen i 1867, altså for nett 150 år sidan.7

Arbeidsløysa i forskjellige grupper er no slik: Kvinner rundt 10 %, menn rundt 10 %, ungdom rundt 25 % og dei med lågare utdanning rundt litt under 20 %. Den store arbeidsløysa, spesielt i dei siste gruppene, gir eit solid grunnlag for ei rekke store problem og skifte i politisk tilknyting.

Dette har ført til denne utviklinga i kjøpekrafta til hushalda.

Stort sett fall veksten i kjøpekrafta i bølgjer i over 20 år fram mot 1984. I 1979–80 var det første gong negativ vekst. Etter dette har kjøpekrafta for hushalda svinga over og under null vekst med lågaste veksten i 1984 og 2012. Frå 1979 til i dag har det reelt sett ikkje vore nokon varig vekst i kjøpekrafta og frå 2007 til 2012 var fallet i vekstraten stort.

Desse nøkkeltala for den økonomiske utvikl­inga i Frankrike fortel oss mykje om bakgrunnen for det som skjer på det politiske feltet. I røynda er det ein øydeleggande dom over det som er blitt kalla nyliberal økonomisk politikk, men det er og ein øydeleggande dom om over det nye EU-prosjektet som kapitalen sette i gong litt før 1985 for å sikre det kapitalistiske systemet og storkapitalen sine profittar.

Den nye økonomiske politikken

For å snu den nedgåande trenden i profittgraden blei det frå byrjinga av 1980-talet sett i verk ein ny økonomisk politikk. I Europa var EU sentral i gjennomføringa av han. Han førte til at avtalen om at arbeidarane skulle ha del i produktivitetsveksten gjennom auke i løner, blei skrota. Utbyttinga auka mykje. Det blei lagt til rette for at dei finanskapitalistiske monopola skulle få høgare kortsiktige fortenester enn det dei kunne få av industriproduksjonen. Industrien vart lagt ned samstundes som vi såg ein liberalisering av finanssystemet med fjerning av kredittgrenser i 1987 og med kontrollen av børsane i 1989. Det kom i samband med skapinga av den felles kapitalmarknaden i EU i same tida. Storleiken på finansmarknadane eksploderte, og i prosent av BNP økte verdien av verdipapir (stort sett aksjar og obligasjonar) frå 90 % i 1990 til 400 % i 2007.

Dei gjekk over frå ein økonomi der gjelda var administrert og kontrollert, til ein økonomi der finansmarknadene var liberalisert. I staden for ein kapitalisme der eigarane var knytt til «sine» føretak fekk vi ein aksjeeigar-kapitalisme der finansieringa gjennom marknaden vart sentral og føretaka si eigenfinansiering vart det sentrale, og kva som skjedde med føretaka og produksjonen deira blei underordna. Gjekk eit føretak dårleg eller konkurs, var det berre å vite dette i tide og flytte aksjekapitalen sin over til noko som gav meir avkastning på han. Dei mange mindre pensjonskassene vart overførd til nokre få store finansinstitusjonar som pensjonsfond, investeringsfond og assuranseselskap som brukte summane frå pensjonistane til spekulasjon.

Svært mykje av den franske industrien blei dessutan kjøpt opp av anglo-saksiske interesser. I 2009 hadde utanlandske eigarar 42,3 % av aksjane i dei børsnoterte selskapa og sto for meir enn 70 % av transaksjonane. Det høge talet transaksjonar viser at mykje av plasseringane var kortsiktige.

Det samla resultatet er at Frankrike er blitt utarma som industrinasjon, den nyliberale EU-politikken for å skape meir profitt til føretaka har ført til at dei har saga over den greina dei sitt på.

Og det franske landbruket har gått frå krise til krise og ser ikkje ut til å komme ut av den tilstanden.

Vi må understreke at den økonomiske politikken har vore felles for det dei tradisjonelle «høgre-» og «venstre-» partia som har hatt presidentar og fleirtal i nasjonalforsamlinga.

Den økonomiske politikken under François Hollande 2012–2017

François Hollande stilte til val med 60 forslag8 om å få fart på økonomien att og sørge for at folk fekk det betre (Arbeidsplassar, bustader, økonomisk politikk, sikkerheit.). Slagorda var «Endringa – det er no» og «Eg vil få Frankrike på fote att». Slik minte han både om Obama og Trump i retorikken sin. 9

Her er nokre av dei viktigaste punkta hans.

  • Det første punktet var å få fart på produksjonen, skaffe fleire arbeidsplassar og auka vekst. Det skulle han klare ved å endre politikken til den førre presidenten, Nicolas Sarkozy («høgre»), og ved det rekna han med at veksten skulle komme opp på 2 til 2,5 % i siste del av perioden. Det var ønsketenking, og dermed fall også alle dei andre programpunkta hans, blant anna meir pengar til velferd.

  • Han ville betre tilhøva for bøndene, men det enda opp i vidare utvikling av jordbrukskrisa.10

  • Han ville sørge for at bankane tente til vekst i økonomien. Det gjekk ikkje.

  • Han ville reformere EU, men enda opp med å sette ut i livet sparetiltak for å komme Maastricht-kriteria i møte ved mellom anna å få ned budsjettunderskottet. Folk meinte at det tok rotta på den korte oppgangen i 2010 og 2011 etter krisa i 2008/09. I EU-systemet er det ikkje mogleg å devaluere valutaen, og då kan ikkje landa ta tiltak for å utlikne vekstforskjellar på ein måte som er mindre negative for arbeidsfolk enn det som må skje innan Maastricht-kriteria11.

  • Han ville kjempe mot arbeidsløyse,og det kunne jo heller ikkje gå bra, til tross for enkelte mindre tiltak.

  • Grunnlaget for alle løfta var at den økonomiske veksten skulle opp mot 2,4 %. Det var eit luftslott, og botnen fall ut av alt han hadde lova når det galdt betre økonomiske vilkår for folket.

Dei tre gruelege lovene

Vi må og trekke fram tre av dei lovene om økonomien som blei vedtatt under Hollande frå Parti Socialiste, DNA sitt systerparti, og som vekte raseri blant arbeidarane.

29.12.2012 kom lova om «Skattekreditt for konkurransekraft og arbeidsplasser»12 som skjerma føretak frå skatt og velta utgiftene over på alle andre gjennom ei miljøavgift og auke i meirverdiskatten.

6.8.2015 vedtok dei «Lova om vekst og aktivitet kalla «Macron-lova» som er eit monster på 195 paragrafar som rører borti store delar av det franske samfunnet, og er kalla det hardaste nyliberale angrepet på arbeidsfolk nokon sinne. Martine Boulard i Le Monde diplomatique, skreiv i april 2015 om denne lova. Her samanfattar ho lova slik:

«Vi må fjerne alt som hindrar at dei rikaste blir rikare og som hindrar aksjonærane si makt over føretaka».13

«Lova rører borti alt: liberalisering av bussrutene, auke i nattarbeid, grenser for arbeidarane sine representantar i konfliktråd, svekking av arbeidsmiljølover, privatisering av forsvarsindustrien og flyplassane, oppretting av filialar av universitetssjukehus, svekking av miljønormer …».

Lova blei vedtatt av regjeringa utan avstemming i parlamentet ut frå artikkel 49.3 i grunnlova som seier at en kan bruke ein slik framgangsmåte.14

Den 8.8.2016 vedtok dei «Lova med omsyn på arbeid, modernisering og sosial dialog og sikring av dei profesjonelle sine karrierestigar kalla «El Khomri-lova»» etter arbeidsministeren, som gjer det lettare å sparke arbeidarar for å styrke konkurransekrafta, og som førte til store demonstrasjonar og blei vedtatt på same måte. Klassekampen hadde eit oppslag om dette.15

Alle desse lovene gav fordelar til kapitalen og nye byrder for arbeidarane. Dette og meir til førte endeleg til at Parti Socialiste sine veljarar avslørte partiet sitt som arbeidarfiendtleg og flykta frå det.

EU sin innverknad på økonomien

I 2002 blei det slutt på franske franc saman med deutsche mark, og euroen kom i staden. Det tydde at den gamle metoden med devaluering ikkje kunne fungere mellom desse valutaene lenger. Då Tyskland sett i verk kraftige reduksjonar av produksjonskostnadane ved lønesenkingar og flytting av lite produktive føretak, vann dei marknader frå dei andre medlemmene i EU, og då blei og Frankrike ramma. Ein grunn til den svakare veksten i Frankrike har vore at dei har hatt eit godt system for sosiale ytingar. Det er ikkje konkurransedyktig i den nye EU-økonomien eller i globaliseringa si tidsalder. Denne erfaringa med EU og euro har franske arbeidarar merka seg. Men endå meir har avindustrialisering og nedleggingar og samanslåing av føretak ført til store forverringar og vanskar for arbeidsfolk. Alt dette har og blitt knytt til EU-systemet.

Eit anna eksempel er at etter krisa i 2008–2009 fekk franskmennene økonomien ganske raskt på beina igjen. Men etter eit par år måtte dei rette seg etter dei grensene som EU sette for underskuddott på statsbudsjettet osv., og det kvelte oppgangen slik at det blei fleire år med låg vekst og høgare arbeidsløyse. Alle kommentatorar er samde om denne verknaden av EU, slik at den negative haldninga til EU er heilt ut forståeleg også ut frå dette. Dei kandidatane som viser skepsis og motstand mot EU, får støtte frå mange som blei og blir ramma av unionen sin politikk.

Arbeidarklassen på jakt etter eit alternativ

Den djupe krisa i økonomien og dei stadig vanskelegare forholda for vanlege arbeidsfolk i Frankrike har ført til at det store Parti Socialiste er blitt avslørt som eit parti dei ikkje kan bruke for å få det betre. I denne situasjonen har dei begynt å jakte på alternativ. Først ser dei etter politikarar og parti som kritiserer den tilstanden dei har hamna i og lover å gjere det betre. Slikt medfører at dei stemmer på parti som Front National, som peikar på innvandrar og islamistar som hovudfiende og dermed vender merksemda bort frå storkapitalen sjølv, og til at dei sluttar opp om nye sosialdemokratiske kandidatar som på overflata trer fram som gode alternativ, men som sjølvsagt alle, om dei kjem i posisjon, vil søke legitimitet hos den kapitalistklassen som herskar og la valløftene sine fare, slik Trump for så vidt er eit godt eksempel på i USA og Syriza i Hellas.

I Norge kan sosialdemokratiet overleve fordi vi ikkje har nokon djup og varig økonomisk krise enno, sjølv om partiet var den hardaste pådrivaren for å få gjennomført den nyliberale EU-politikken på 1990-talet og framleis står for same linje, med bastant motstand mot å seie opp EØS-avtalen. Det gjekk ikkje lenger for sosialdemokratiet i Frankrike, og vitjar krisa også oss, vil DNA gå same vegen.

Den reelle statsmakta

I følgje Marx sin teori om samfunnet sit ikkje nasjonalforsamlingane og regjeringane med den reelle makta i statane. Makta i heile samfunnet har dei som eig og kontrollerer produksjonsmidla/kapitalen. Dei har makt i høve til kor mykje kapital dei har eigarskap til og kontroll med. Alle tiltak er grunnleggande sett lagt opp for at det kapitalistiske systemet skal haldast oppe og vare ved og fungere best mogleg. Kjempar du for å oppheve det kapitalistisk systemet og får oppslutnad om tanken, blir du fort erklært som ein samfunnsfiende og utsett for særskild handsaming med overvaking osb.

Kjernen i makta til staten sjølv ligg hos dei som disponerer staten sine valdsmiddel, i første hand dei militære styrkane og politiet, dernest domsvesenet med fengslar. Under dette kjem det leiande statlege byråkratiet, og så nedst på stigen dei folkevalde organa.

Under vanlege, rolege tilhøve klarar valsystemet å handtere interessene til dei dominerande delane av kapitalklassen. Under krisetilhøve kan kapitalen sine representantar gripe meir direkte inn i sakene for å sikre makta si. Då Sosialistpartiet i Frankrike ikkje lenger var i stand til å ta vare på interessene til dei leiande delane av kapitalistane gjennom valprosessen, så kom dei sjølv fram på scena og lage eit medieshow for ein kandidat dei kunne stole på, slik at interessene deira blir best mogleg ivaretatt under det parlamentariske demokratiske systemet. Viss dette heller ikkje nyttar, kan dei knytte til seg kandidatar som kan nyttast til å opprette eit meir despotisk styre. Slik krisa utviklar seg, er ikkje dette utenkeleg, og grunnlaget blir lagt gjennom stadig meir overvaking, væpning av politi, utvikling av system for auka kontroll av folk og fe osb. Og ikkje minst gjennom å skape katastrofestemning. Her kan terror­ismen brukast som eit middel saman med skaping av og demonisering av fiendar.

I Norge hadde vi under 2. verdskrigen ein situasjon der vi fekk sjå korleis den hegemoniske kapitalen organiserte eit illegalt styre i landet gjennom «Kretsen» og «Koordinasjonskomiteen». Dette har eg skrive om i Materialisten 2/1979 og 2/1980. Emmanuel Macron som kandidat er eit eksempel på at representantar for den herskande klassen direkte grip inn i valprosessen for fremme kandidatar og for å sette i gang eit stort mediejippo for å sikre dei siger.16

Referanser:

  1. Grunnlaget for denne teksten med grafar, meir detaljar og tilvising til kjelder finn du på http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Frankrike%20no.pdf
  2. Sjå http://www.akp.no/rfane/1996/02/terje-valen.php3 og http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/fraoppr.htm
  3. Organisation Internationale des Constructeurs Automobiles, Steigan.no 06.11.16
  4. For forklaring på omgrepet meirverdi sjå her: http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Meirverdi%20definert.htm
  5. Sjå http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/finans3.htm
  6. L’économie française 2017, Collection Repères, La Découverte, side 121–122.
  7. Sjå Das Kapital, bind 1, kapittel 23, Den kapitalistiske akkumulasjonens allmenne lov.
  8. Sjå http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Francois%20Hollande%20sitt%20valprogram%202012.htm
  9. Sjå franske aviser frå 26.12.2012, til dømes Libération og Le Monde.
  10. http://www.lemonde.fr/economie-francaise/article/2016/08/11/la-france-traverse-une-grave-crise-agricole_4981317_1656968.html
  11. Sjå https://no.wikipedia.org/wiki/Konvergenskriterier
  12. CICE-Crédit d’impôt pour la compétitivité et l’emploi (Skattekreditt for å fremme konkurransekraft og sysselsetjing.) Ordninga tyder at føretak får skattefråtrekk og at det blir dekka av auka meirverdiavgift og miljøskatt på alle. For dei som vil sette seg nøyare inn i dette på engelsk, sjå http://www.lexology.com/library/detail.aspx?g=b7a204d0-6a99-407a-8020-667fe1e668d7
  13. Sjå https://www.monde-diplomatique.fr/2015/04/BULARD/52833
  14. Sjå http://www.lemonde.fr/les-decodeurs/article/2016/05/10/qu-est-ce-que-l-article-49-3_4916730_4355770.html
  15. Sjå http://www.klassekampen.no/article/20160514/ARTICLE/160519979
  16. Sjå http://steigan.no/2017/04/26/hvem-er-emmanuel-macron-og-hvem-star-bak-ham/