Høyanger si overleving

Av Einar Rysjedal

Nr 2 2009

Staten kan og må styre Innovasjon Norge – i dette tilfellet hindre at Innovasjon Norge sel patentet på ei teknologisk nyvinning ut av landet til høgastbydande.

 

 

Nyvinninga er ein revolusjonerande ny arbeidsmåte for å lage aluminiumshjul (den såkalla hybridfelgen). Denne nye arbeidsmåten er utvikla på Høyanger-bedrifta Fundo.

 

 

Einar Rysjedal arbeider på Hydro Aluminium Høyanger, og er leiar i Raudt Høyanger, sekr. i FLT-avd. 086 og i LO Ytre Sogn.

 


 

 

Staten kan og må sjølv, eller med tiltak overfor privatkapitalistar, opprette ei ny bedrift i Høyanger som kan setje hybridfelgen i produksjon.

 

Staten kan og må styre Statkraft til å selje ein større del av krafta si til kraftkrevjande industri og til ein pris som gjer at denne industrien kan konkurrere med slik industri i utlandet. Dette krev regulert/redusert krafteksport, og at Statkraft får redusert sin profitt.

 

Staten kan og må styre Hydro både til å byggje ny elektrolysehall i Høyanger som gjer at «vårt» aluminiumsverk, det eldste og minste i landet, kan produsere meir og konkurrere betre enn det i dag teknisk er i stand til.

 

Høyanger si historie, notid og framtid

 

Høyanger har ei interessant politisk historie som kommunistsenteret i Sogn og Fjordane. Det skal eg komme tilbake til ein annan gong – no er det produksjonshistoria det dreiar seg om. Aluminiumsproduksjonen i Høyanger starta i 1918. Årsproduksjonen frå hallane A og B nærma seg 10 000 tonn før andre verdskrigen. Al-verket var eigd og drive av det privateigde selskapet Norsk Aluminium Company (NACo). I 1965 vart hall C ferdig oppstarta, og produksjonen nærma seg 30 000 tonn. I 1967 vart Høyanger-verksemda overteken av statsbedrifta Årdal og Sunndal Verk (ÅSV) som var ein av dei statskapitalistiske verksemdene som Gerhardsen-sosialdemokratane hadde starta etter krigen – m.a. for å imøtegå kommunist-partiet sin propaganda for sosialisme.

 

I slutten av 60-åra vart Høyanger Verk sin eigenproduksjon av aluminiums-råvara oksid nedlagd – m.a. for å overføre kraft til ÅSV sin utvida aluminiumsproduksjon på Sunndalsøra. Krav om kompensasjon for nedlegginga førte til at Høyanger Verk tidleg på 70-talet starta avdelingar for vidareforedling av aluminium – både halvfabrikat og ferdigvare. Det økonomiske grunnlaget for framveksten av vidareforedling var at ÅSV rekna det for profittstrategisk å produsere både råvara aluminium og ferdigvarer av aluminium. På denne tida var det også frå venstresida eit press mot at Norge berre skulle produsere råvarer (i dette tilfellet aluminium).

 

Ferdigvare-bedrifta Fundo, som ÅSV etablerte i 1977, gjekk etter få år over til å verte rein felgprodusent. Fundo fekk statusbil- produsentar som SAAB, Volvo, BMW og Audi som kundar og vann kvalitetsprisar. Bilprodusentane si betaling for kvalitetsfelgane stod likevel aldri i vetig forhold til kor mange arbeidstimar Fundo brukte. Fundo gjekk difor stort sett med økonomisk underskot – bortsett frå dei to–tre første åra etter konkursar og gjeldssanering. I 2001 overtok Høyanger kommune som fleirtalseigar i kompaniskap med det kanadiske selskapet Timminco. Dette gjekk økonomisk bra i fleire år, og talet på tilsette auka til 350. Men våren 2008 snudde det for alvor, og økonomiske underskot melde seg med auka styrke. Det var likevel «finanskrisa» med det påfølgjande dramatiske fallet i bilproduksjonen som tok fullstendig knekken på Fundo som vart slått konkurs i januar.

 

Fundo hadde, parallelt med ein uttrøyttande kamp for å produsere nok tradisjonell felg til å halde skifteretten borte, utvikla ein heilt ny type felg den såkalla todelte felgen (hybrid-felgen). Innovasjon Norge har ved fleire høve støtta Fundo økonomisk for å hindre nedlegging. Innovasjon Norge, som har pant i hybridfelg-patentet og Fundo sin bygningsmasse, prøver no å selje patentet for å dekkje eit krav i konkursbuet på 63 millionar kroner.

 

Det første kravet frå Høyanger for å sikre framtida er difor at staten styrer Innovasjon Norge, og set ein stoppar for salet av patentet på hybridfelgen. Patentet er utvikla i Høyanger, og må brukast til å sikre arbeidsplassane og lokalsamfunnet!

 

Det andre kravet frå Høyanger er at statlege krisemidlar, som er lovde til pga. Fundo-nedlegginga, må brukast til å starte ei ny bedrift med naudsynt utrusting til å setje hybridfelgen i masseproduksjon. Det vil gjere at mange av oppsagte Fundoarbeidarar på nytt kan få selje arbeidskrafta si – og til ein pris som er høgare enn NAV sine dagpengar. Det vil dessutan vere meir meiningsfylt enn lediggangen og det usosiale tilværet arbeidsløyse inneber.

 

Det tredje kravet frå Høyanger er at kraftproduksjonen i Høyanger skal brukast til lokale arbeidsplassar og ikkje til Statkraft si profittmaksimering. Det var aluminiumsverket, først NACo og seinare ÅSV, som bygde ut all vasskraft frå Høyanger-fjella (over 1 milliard kilowattimar = 1 TWh). Etter at Hydro overtok ÅSV i 1986 vart kraftanlegga ein del av Hydro Energi. Pga. heimfall vart anlegga for få år sidan overført til Statkraft. Produksjonsprisen for slik utbygd kraft er kanskje ikkje meir enn 5 øre per kWh, men Statkraft tek stort sett ein pris som er i alle fall tre–fire gonger meir. Statkraft og borgarlege økonomar (inkl. sosialøkonomen Stoltenberg) reknar det for ein EØS-forbode subsidie dersom krafta ikkje vert selt til høgast betalande kunde. Det er tilsyne-latande sjølvmotseiande at det heimfallet som skulle sikre samfunnsinteressene, faktisk undergrev interessene til lokalsamfunna der krafta er produsert. Dette er eit godt døme på at monopolkapitalistane trakkar på interessene til ein annan kapitalist (Hydro), som i dette tilfellet har meir samanfallande interesse med lokalsamfunnet Høyanger enn Statkraft og staten har.

 

Det fjerde kravet frå Høyanger er at Hydro gjennomfører den eine urealiserte delen av statseigde ÅSV sin utbyggingsplan frå slutten av 70-talet, dvs. byggjer og set i drift hall B. Planen gjekk på at dei tre elektrolysehallane (hallane A, B og C) som eksisterte den gongen, skulle rivast for å gje plass til to nye moderne elektrolysehallar. Hall A og B skulle rivast for å gje plass til nye hall A. Seinare skulle hall C rivast for å gje plass til nye hall B. Da ÅSV i 1979 vedtok at hall A skulle byggjast, var det ueinigheit i ÅSV-styret: Utanlandske styremedlemar meinte hall A ville verte ulønsam, men at prosjektet berre blei gjennomført fordi

«hovedaksjonæren som et politisk organ har et særlig ansvar for å skaffe arbeidsplasser på steder hvor det er få alternative muligheter.»(1)

 

Hall A vart starta i oktober1981. ÅSV fekk dårlege økonomiske resultat tidleg i 80-åra, og selskapet måtte tilførast 650 mill. kr i ny eigenkapital frå staten i 1982. Høyanger vart ofra på profittalteret, og hall B vart ikkje bygd.

 

Hydro Aluminium Høyanger er med sin produksjon frå hall A på 60 000 årstonn landet sitt minste aluminiumsverk. Verket vil fort verte ulønsamt dersom ikkje produksjonen blir utvida slik at det vert høgare inntekter å dele faste kostnadar på. Hall C vart slått av i 2006, og tomten til hall B er dermed klar. Hydro er framleis nesten 40 % statseigd. Kva no med «hovedaksjonæren som et politisk organ»? Fagforeiningane og den lokale verksleiinga har i fleire år stått på for bygging av ny hall. Det som ligg nærmast livsteikn frå hovedaksjonæren, er sympatierklæringar frå sentrale personar som Kristin Halvorsen, Liv Signe Navarsete og Roar Flåthen.

 

Den internasjonale aluminiumsindustrien er no i ei djup økonomisk krise. Aluminiumsprisen har falle frå over 3 200 USD per tonn tidleg i 2008 til rundt 1 400 i dag. Det seiest at alle aluminiumsprodusentar taper pengar. Bergens Tidende skreiv for ein månads tid sidan at Hydro Aluminium taper 6 mill. kroner dagen. Det vil gje eit årleg tap på rundt 2 milliardar kroner. Lagera veks trass i at fleire/alle produsentar har redusert produksjonen. Produksjonen ved Sør-Norge Aluminium på Husnes er halvert. Hydro slår av i Tyskland og den eldste hallen på Karmøy. Det er visstnok ikkje teikn til at dette reduserer lagera og hevar prisane. Hydro planlegg likevel å starte gigantverket i Qatar i slutten av året og neste år.

 

Vi kan ikkje godta at «hovedaksjonæren» (staten) velsignar at Hydro startar ein slik trussel mot arbeidsplassane ved norske aluminiumsverk utan å investere i Norge. Vi kan ikkje godta at staten let Hydro Aluminium Høyanger verte ulønsamt pga. mangel på politisk styring og kraftavtalar. Hovudparolane 1. mai og til stortingsvalkampen er allereie klar: Statleg styring og statlege kraftavtalar! Bygg hall B!

 

Note:

 

1. Harald Rinde: Alcan tur-retur. I: Årdal. Verket og bygda 1947-97. Det norske samlaget, Oslo 1997