Kva er ALBA?

Av Einar Jetne

2008-03A

Det Bolivariske alternativet for Latin-Amerika og Karibia, ALBA vaks fram som motstykke til Det amerikanske frihandelsområdet, ALCA.

Einar Jetne er med i Rødts internasjonale utvalg og representerer Rødt i fylkestinget i Nordland.

 


 

Den argentinske historikaren Fernando Bossi ser på ALBA som ein moderne reiskap i dei latinamerikanske og karibiske folka sin konfrontasjon med imperialismen. For Bossi er forholdet mellom ALCA og ALBA som forholdet mellom monroisme og bolivarisme.

For Latin-Amerika spela Simón Bolívar same rolla som George Washington spela for USA. Begge var store militære og politiske leiarar i frigjeringskrigar mot kolonimaktene Spania og England. Frigjeringa av dei britiske koloniane i dagens USA fann stad 30 år før frigjeringa av mange spanske koloniar i Sør-Amerika. Bolívar si presidenttid fall saman med den femte presidenten i USA, James Monroe (1817–1825). Mens Bolívar sitt namn med rette kan bli knytt til kampen mot (spansk) imperialisme, kan Monroe sitt namn bli knytt til starten av USA-imperialismen i Latin-Amerika.

I 1822 godkjente Monroe dei søramerikanske republikkane (Bolívar var president i fleire). Året etter kunngjorde Monroe at USA ikkje ville tolerere europeisk innblanding i Amerika (Monroe-doktrinen). Realiteten bak Monroe-doktrinen, «Amerika for amerikanarane», kallar Fernando Bossi «Amerika for nord-amerikanarane», og han legg til at «dette er eit imperialistisk prosjekt for dominans og plyndring».

 

TCP-ALBA
– «Folkets handelstraktater – Det bolivarianske alternativet for Amerika»
– Samarbiedsavtale med mål om sosial, politisk, ideologisk og økonomisk integrasjon i Latin-Amerika
– Underskrevet først av Cuba og Venezuela 2004
– Medlemsland er Cuba, Veneuela, Nicaragua, Bolivia og Dominica
-Alba betyr «morgengry» på spansk

Utviklingsprosjekt

Mens ALCA tener interessene til den multinasjonale kapitalen og siktar på absolutt liberalisering av handel med varer, tenester og investeringar, legg ALBA hovudvekta på kamp mot fattigdom og sosial marginalisering. ALBA siktar på endogen utvikling, basert på indre ressursar og styrke, mens ALCA favoriserer eksogen utvikling, basert på impulsar utafrå.

ALBA er eit historisk prosjekt med røter tilbake til Simón Bolívar, men også til Salvador Allende i Chile, Carlos Fonseca i Nicaragua og ikkje minst til Che Guevara. ALBA har gloriøse forgjengarar, og kjem frå djupet av det opprørske Amerika med røter som gjer det til eit historisk prosjekt. 

ALBA er heroisk

Peruanaren José Carlos Mariátegui skal ha sagt at «revolusjon i denne delen av verda vil vere heroisk, aldri kopi eller avstøyping». «Enten oppfinn vi han, eller så feilar vi», skal andre ha sagt. Forminga av ALBA skjer utan manualar og utan magiske formlar!

ALBA tar utgangspunkt i og stør seg på potensiala i Latin-Amerika og Karibia, eit av dei områda på planeten vår som er rikast på naturressursar, rikdommar som folka svært ofte ikkje har tilgang til: enorme sletteland som høver svært godt til landbruk og fedrift, med uendeleg kapasitet for å produsere
matvarer – samtidig som millionar lir av svolt. I tillegg er regionen rik på energi og mineral: petroleum, gass, kol og elektrisk energi, takka vere enorme vasskraftressursar. Her manglar heller ikkje jarn, koppar, tinn, sink, aluminium, gull, sølv, sement og kalk. Men fråveret av industri og ei uttømmande
avindustrialisering som følgje av iverksettinga av nyliberal politikk, er ei anna side av røynda!

Latin-Amerika har planetens største reservar av drikkevatn, ein ressurs som i dag er strategisk – og som endå meir vil bli det i framtida. Men trass i å ha denne enorme rikdommen, døyr meir enn 30 % av dei 500 000 som kvart år døyr i regionen av årsaker som lett kunne ha vorte unngått. Til dømes døyr dei av barnediaré på grunn av mangel på drikkevatn.

Latin-Amerika er ein av verdas rikaste område på biodiversitet. Samtidig er det den regionen der flest artar blir utrydda som følgje av dei multinasjonale bedriftene sine handlingar.

Undertrykt kultur

Latin-Amerika og Karibia har ein tusenår gammal kultur som systematisk har vore undertrykt av den elitistiske og utanlandskdyrkande kulturen. Fremjing av kulturane til urfolka, deira forhold til naturen og til heilskap, må raskt bli inkorporert i dei latinamerikanske og karibiske samfunna, i kampen for å betre det menneskeleg samveret og livet i harmoni med omgivnaden. Mangfaldet og originaliteten er fundamentet til ein frodig latinamerikansk og karibisk kultur som fram til no har vore både kidnappa og prøvd glømt. Naturressursar, ein tusenår gammal kultur og ei heroisk kamphistorie er dei viktigaste hovudrikdommane som stør opp under forminga av ALBA.

ALBA stør seg på antikapitalistiske verdiar: utveksling, samarbeid, solidaritet og respekt for landa sin suverenitet.

– Utveksling: Eksempel kan vere avtalar mellom Argentina og Venezuela. Argentina produserer matvarer som Venezuela treng i dag, og Venezuela har drivstoff som Argentina manglar.

– Samarbeid: Petroleumsavtalar mellom Brasil og Venezuela med sikte på gjensidig teknisk hjelp ut frå at Brasil har spesialisert seg på petroleumsutvinning til havs og Venezuela til lands.

– Solidaritet: Dei karibiske landa manglar hydrokarbonar, men Venezuela er rik på petroleum, og utan å sjå på det som gåve, sel Venezuela drivstoff til desse landa til «rettferdige prisar».

ALBA siktar på integrasjon som ikkje veks ut av det merkantile

Det første som må bli gjort innafor dei nye forsøka på integrasjon, er å bryte med den kapitalistiske logikken, luksus- og vinningslogikken, konkurranse- og vekstlogikken. ALBA bør vekse ut frå integrasjonen, og framfor alt frå det politiske og det sosiale. Dette føreset folkeleg mobilisering.

På det sosiale området må ressursar tilført utafrå og bli kombinert med folkeleg mobilisering: alfabetiseringskampanjar, vaksinasjonskampanjar, medisinsk oppfølging, nett av folkeuniversitet, kunst- og fagverkstader, nett av media som kan sikre alternativ kommunikasjon, fagforeiningssentralar, småbrukarorganisasjonar, nettverk til forsvar av naturressursane osv.

Landbruk er meir enn ein sektor som produserer varer 

Jordbruk er «ein levemåte». Det er grunnlaget for kulturelle system, det er ein måte å verne territoria på, det definerer ulike forhold til naturen, og har direkte med mattryggleik og matsuverenitet å gjere. Eksportlandbruk og mattryggingsjordbruk konkurrerer om jord, og ein stor del av fattigdommen og marginaliseringa finn ein nettopp hos befolkninga i randsonene mot det kommersielle landbruket. Mens ALCA legg til rette for å sikre eksportlandbruket, siktar ALBA på å sikre matsuvereniteten.

ALBA må også utvikle seg som politisk reiskap i kampen for folkestyre mot liberaliseringa, avreguleringa og privatiseringa av tenestene – og i fattige land gjeld dette dei fleste formene for tenester som vi oppfattar som offentlege tenester.

Ideen bak er 200 år gammal, men ALBA er nytt

Oppstarten var avtalen mellom president Hugo Chávez og Fidel Castro, offentleggjort 15. desember 2004. Avtalen har 13 artiklar der dei to siste spesifiserer ytingane til kvart land i høve til det andre. Cuba sin styrke og ytingar finn vi innafor helsetenester, undervisning og sport, mens Venezuela
sin styrke og ytingar er på energisektoren. Turisme, biodiversitet og telekommunikasjonar blant anna er også tema.

Eit år etter at avtalen var underteikna, vart Evo Morales president i Bolivia, og i april 2006 slutta Bolivia seg til ALBA. 11. januar 2007 kom turen til Nicaragua med Daniel Ortega som president. I januar 2008 fekk ALBA sitt første engelsktalande da medlem i det den karibiske øyrepublikken Dominica, med ca 75 000 innbyggarar, med 35 år gamle Roosevelt Skerritt som statsministeren, slutta seg til. 30 juli 2008 annonserte president Manuell Zelaya at Honduras sluttar seg til ALBA.

 

Er ein «snøball» i ferd med å vekse i varme Latin-Amerika?

Mens ALCA i Amerika og EU i Europa er skreddarsydde for å sikre kapitalen fridom «heime» (fri flyt av varer, tenester, arbeidskraft og investeringar) og styrke på verdsmarknaden, er ALBA skreddarsydd for å sikre integrasjon, rom for solidaritet der dei med styrke på eit område kan og skal hjelpe fram (men slett ikkje konkurrere ut) dei som er svakare.