Ein klassekrigar døyr – Margaret Thatcher 1925–2013

Av

2013-02A


Tom Mills er medredaktør for New Left Project (http://www.newleftproject.org/), ein britisk nettstad som lagar grundige analysar og kommentarar retta til heile venstresida. Han er forskar og doktorgradsstudent ved School of Applied Sciences ved University of Bath der hanforskar på BBCs rolle i industrikonfliktar, og kontraterrorisme.
Artikkelen sto i New Left Project 8. mars 2013. Omsett frå engelsk av Gunnar Danielsen.

Det har vore litt snakk på venstresida om korleis me skulle reagere når denne gamle og svekka kvinna møtte sin skapar. Det er ofte sagt at me ikkje bør feire bortgangen. Ikkje bare fordi det ville vere usmakeleg, men fordi det er idéretninga thatcherismen, ikkje personen Thatcher, som er den verkelege fienden. Det er sjølvsagt sant. Thatcher var ingen intellektuell, og fann ikkje opp det som skulle bli kjent som thatcherismen. Men thatcherismen var heller ikkje ei pakke ubehagelege idéar som ho som gav dei namnet, skreiv ut motvillig. Nyliberalismen var og er eit politisk prosjekt som krev politiske agentar for å oppnå hegemoni. I Storbritannia var det Margaret Thatcher meir enn nokon annan som var ansvarleg for å omskape dei nyliberale draumane til menn som Hayek og Friedman til eit levande politisk mareritt.

Oppveksten

Margaret Hilda Thatcher vart fødd i Grantham, Lincolnshire i Midlands 13. oktober 1925 som nest eldste dotter av Alfred og Beatrice Roberts. Faren som ho beundra sterkt, idealiserte til og med, var lokalpolitikar og lekpredikant som eigde og dreiv ein daglegvarebutikk i byen. Den unge Margaret Thatcher stod ikkje mora nær, og då ho ein gong fekk spørsmål om mora, sa ho bare: «Mor var fantastisk – ho hjelpte far.»

Sjølv om oppveksten var relativt privilegert, var det snautt vanleg kost for den herskande klassen i Storbritannia. Utan tvil styrka nok det dei populistiske instinkta og referansane hennar. Både tilhengarar og motstandarar knyttar Thatchers politikk til dei småborgarlege røttene hennar i småbyen. I 1983 skreiv journalisten Peter Riddell:

Thatcherismen er i røynda eit instinkt, meir ei oppfatning av moralske verdiar og ein måte å leie på, enn ideologi. Thatcherismen er eit uttrykk for fru Thatchers oppvekst i Grantham, bakgrunnen hennar med hardt arbeid og familieansvar, ambisjonar og tilsidesette ønske, plikt og patriotisme.1

Dette nokså romantiske synet på Thatchers politikk delte ho utan tvil sjølv. I The path to power (Vegen til makt) skriv ho:

Ikkje noko gir betre grunnlag for å forstå den frie marknaden enn livet i butikken på hjørnet.

At den «frie marknaden» som Thatcher stod for, i røynda førte til at småbyane vart dominerte av supermarknader og andre mektige konsern, er bare eit av mange eksempel på at retorikken og politikken hennar var skrekkeleg i utakt.

I det verkelege Grantham, motsett den konservative utopien i Thatchers innbilning, vil ho ikkje bli hugsa med glede. I hennar statsministertid vart mange av fabrikkane i byen tvinga til å legge ned, og kolgruvene i nabobyen Nottinghamshire vart stengt. Som Tim Adams meldte for mange år sidan, røysta 85 prosent av lesarane i lokalavisa mot at det blei reist ein bronsestatue av Thatcher, til fordel for ein utrangert dampveivals som ein gong stod i byens største park.

Thatcher drog frå Grantham i 1943 etter å ha fått stipend til Somerville College i Oxford, og kom sjeldan attende. Ho studerte kjemi, og vart president i den konservative studentforeininga. Etter eksamen i 1947 arbeidde ho mange år som forskar, først ved British Xylonite (BX) Plastics, der ho gjekk inn i fagforeininga Association for Scientific Workers. Så gjekk ho til næringsmiddelsselskapet J Lyons & co, der det blir sagt at ho var med og utvikla softisen. Men ifølgje Jon Agar finst det ikkje prov på det.2

I vala i 1950 og 1951, då ho framleis var midt i tjueåra, stod Margaret Roberts som ho då heitte, som konservativ kandidat i Labour-høgborgen Dartford. Det var au året ho møtte og straks etter gifta seg med millionæren og forretningsmannen Denis Thatcher. Den økonomiske ryggdekninga mannen gav var uvurderleg. Ho studerte jus, og sikra seg i tillegg parlamentsplass i valkretsen Finchley i Nord-London. Men som Peter Clarke konstaterer då han melder Vegen til makt, så vedstod ho seg knapt at alle pengane til mannen betydde noko. Ho dvelte heller ved sitt enkle opphav som kjøpmannsdatter, og førestellinga om at ho hadde vunne fram på grunn av hardt arbeid og sjølvdisiplin.

Thatcher vart først valt til Underhuset i oktober 1959. Ho hadde sekretærstillingar i regjeringa til Macmillan før ho blei talsperson i undervisningsspørsmål for opposisjonen. I 1970 blei ho undervisningsminister i den ulykksalige Tory-regjeringa til Edward Heath. Det var i denne perioden ho oppheva ordninga med gratis skolemjølk, for å få ned utgiftene til undervisning – og til all tid skulle ho bli håna med regla «Thatcher, Thatcher, Milk Snatcher». (Milk Snatcher = mjølketjuv.)

Edward Heath

Heath og Thatcher kom ikkje godt ut av det med kvarandre, og saman med andre frå den hardbarka høgrefløya i partiet viste ho seinare djup avsky for den forsonlege politikken hans. Etter deira syn hadde Heath starta rett. På eit møte på Selsdon Park Hotel i Surrey i januar 1970 la skyggeregjeringa og rådgivarane hans opp ein reaksjonær politikk som skulle demme opp for bølgene med radikalisme og folkeleg mobilisering som uroa makta i Storbritannia på 60-tallet. Dei gjorde framlegg om ei ny lov mot å gå inn på andres eigedom utan løyve (for å bekjempe aktivistiske og antirasistiske studentrørsler), og nye industrireguleringar som skulle bremse ein stadig meir umedgjørleg arbeidarklasse. Samtidig skulle næringsliv og finans bli avregulert og få skattane kutta. Med ord som kunne vore brukt om thatcherismen, kalla statsminister Harold Wilson frå Labur Selsdon-vedtaka «eit primitivt ønske om å snu 25 års sosial revolusjon» og «eit omsynslaust, kalkulert og overlagt steg mot større ulikska».

Om det var meininga at vedtaka skulle bryte den samstemte etterkrigspolitikken (og det er ikkje heilt klart om det var slik), så mislykkast Heath der Thatcher seinare vann fram. Forsøk på å begrense makta til fagforeiningane, slutta med at regjeringa gjekk på eit audmjukande nederlag mot gruvearbeidarforbundet, og Heaths frimarknadspolitikk vart forlatt då britiske kapitalistar viste liten interesse for å investere i britisk industri. Andre økonomiske tiltak gav like bedrøvelege resultat. Då kontrollen med bankutlån vart fjerna i 1971 (drive fram av bank- og finansnæringa), skapte det ein kortvarig økonomisk opptur, i hovudsak i eigedomsbransjen. Oppgangen kollapsa dramatisk med den internasjonale nedturen og etterfølgande brå veksten i oljeprisen.3 I 1974 vart Heath i praksis tvinga frå makta av ei sjølvsikker arbeidarrørsle etter at han utfordra fagforeiningane med valkampslagordet «Kven styrer landet?» – og tapte.

Heath heldt fram som leiar for dei konservative etter å ha tapt nok ein valkamp mot sin mangeårige rival Harold Wilson. Margaret Thatcher og andre reaksjonære i det konservative partiet lengta etter eit kraftig motåtak på arbeidarrørsla, og byrja no samle seg om Keith Joseph – den tidlegare sosialministeren til Heath, som kort etter det første valnederlaget i 1974 vart omvendt til dei nyliberalistiske dogmene.

Nyliberalismen vart utvikla gjennom fleire tiår av ei gruppe intellektuelle i eliteorganisasjonen Mount Pelerin Society. Den mest kjente av dei var truleg den austerrikske økonomen Friedrich Hayek, som i The Road to Serfdom (Vegen til trelldom) hevda at all statleg innblanding i økonomien ville føre til diktatur. Thatcher las først The Road to Serfdom på universitetet, og etter si Damaskus-oppleving oppmoda Keith Joseph ho til å studere dei andre skriftene til Hayek. (Då ho var valt til leiar, skal Thatcher ha vifta med eit eksemplar av Hayeks The Constitution of Liberty og sagt «det er dette me trur på!»)

I Storbritannia var det The Institute of Economic Affairs (IoEA) som hadde gått i bresjen for Hayeks idear. Ein tenketank finansiert av ein millionær og forretningsmann, og leia av to engasjerte flygebladskribentar, Ralph Harris og Arthur Seldon. Keith Joseph hadde vore i kontakt med begge, og andre nyliberale tenkarar som Alan Walters, økonom og medlem av Mount Pelerin Society, Bill og Shirley Letwin (foreldra til den konservative ministeren Oliver Letwin). Med støtte frå desse høgreorienterte pionerane danna Thatcher og Joseph ein ny tenketank kalla Centre for Policy Studies (CPS) som starta arbeidet med å vinne partiet over til nyliberalismen. Saman med IoEA vart CPS eit samlingspunkt for det nye høgre, og kunne no operere sjølvstendig i og frå det offisielle partiapparatet som framleis stod for den såkalla One Nation-konservatismen ein forbandt med Edward Heath og andre som Chris Patten og James Prior.

Thatcher vart leiar for den harde kjerna av høgreorienterte i det konservative partiet etter ein forunderleg uklok tale av Keith Joseph i oktober 1974, om familien og «siviliserte verdiar». Han snakka om «degenerering » og «moralsk forfall som viste seg i, og forsterka økonomisk nedgang». Sjølvsagt måtte fattige få hjelp, sa han, men – og me høyrer ekkoet av det i dag i talane til Iain Duncan Smith* – «å gjøre dei meir avhengig, er å øydelegge dei moralsk». Keith Josephs fullførte sjølvmordet ved å seie at «likevekta i samfunnet, vår menneskelege beholdning er trua» fordi «ein høg og veksande del av barna blir fødd av mødrer i sosialgruppe 4 og 5 som blir gravide i puberteten».

Det blir ofte framstilt som det journalistar likar å kalle ein «tabbe», men Joseph hadde lenge hatt klassefordommar og idear om rasehygiene. Ein tidlegare tjenestemann i innanriksdepartementet mintest at tilsette her «var klar over at han hadde slike synspunkt, men hadde styrt han klar».4

Joseph blei breitt fordømt for talen, og diskredittert som utfordrar til Tory-leiinga. Thatcher var hans næraste allierte, og steig inn i hans plass med hans fulle støtte. Ho mintest seinare at ho sa til han:

Keith, om du ikkje stiller, vil eg, fordi nokon med våre synspunkt må stille.5

Heath hadde tapt to val på eitt år, så suksessen Thatcher hadde i starten, var ikkje overraskande. Det var meir uventa at oppslutninga ho skaffa seg i den første voteringa, gav ho full siger i andre runde då Heath var ute. Slik, med store dosar flaks, blei Thatcher leiar av det konservative partiet i februar 1975.

Mediarådgivaren hennar var Gordon Reece, tidlegare programskapar i TV. Han starta eit selskap som forsynte næringslivleiarar med videoar og medierådgiving. Merkevaren Thatcher, «politikaren med meiningar», vart gitt ein ny profil av Reece, som overtalte ho til å endre klesstil, kroppshaldning, til og med ta timar i taleteknikk. Som Germaine Greer har konstatert:

Reece starta den lange prosessen som skulle gjøre den pyntelege millionærfrua med den falske, krystallklare aksenten til den likeframme kjøpmannsdattera.

Thatcher sjølv sa seinare:

Gordon var fantastisk. Han sa eg måtte endre hår- og klesstil, og at me måtte gjøre noko med stemmen min. Det var ganske interessant, fordi eg ikkje hadde tenkt over desse tinga før.6

Reece leigde reklamebyrået Saatchi & Saatchi, og leiaren Tim Bell vart au ein nøkkelrådgivar. Saman dirigerte Reece og Bell Thatchers mediaoppvisingar, og – heilt nytt for toryane – dei oppvarta tabloidpressa, med regelmessige møter med Larry Lamb i

The Sun og David English i Daily Mail.7

The Sun, eigd av Rupert Murdoch sidan 1969, var ei tid venstreorientert, men støtta no dei konservative, og trass i at dei tidlegare hadde vore svært kritiske til Thatcher då ho var undervisningsminister, gav dei ho no full støtte. Som James Curran og Colin Leys seier, denne høgreorienteringa var resultat av endringar i eigarkonstellasjonane i media, som frå 60-tallet blei dominert av store selskap, og det snudde trenden mot journalistisk autonomi.8

Sjølv med oppfinnsamme kampanjestrategiar og støtte frå fleirtallet i media, låg toryane bak Labour Party på meiningsmålingane på slutten av den urolege femårsperioden. Thatcher sjølv var langt mindre populær enn statsminister James Callaghan. Det var streikebølgen vinteren 1978–79 – den såkalla misnøyens vinter – som skulle gi Thatcher valsigeren. Hennar allierte i den reaksjonære pressa greip dagen, kalla Callaghan ein sjølvgod leiar for ei regjering som var «gislar» for militante fagorganiserte. I februar 1979 kunne dei konservative glede seg over 18 prosents leiing, og dei endte med å få eit sterkt fleirtall på 43 seter i vala i mai 1979.

Kva slags folk røysta på Thatcher? Sjølv om det var ei markert høgredreiing i 1979, så har denne tendensen blitt grovt overdrive av støttespelarane til Thatcher (som likar sjå hennar reaksjonære revolusjon som ei folkeleg reising mot restriksjonane i den sosialdemokratiske staten, og ikkje eit klasseherredømme ovanfrå). Som alle politiske leiarar hadde ho sjølvsagt støtte frå enkelte på tvers av klassegrensene. Men støtta i arbeidarklassen til dei konservative hadde gått ned i lang tid, og denne nedgangen heldt fram i hennar tid.

Inn i Downing Street

Kjerneveljarane til Thatcher var mobilisert av den økonomiske krisa og framveksten av «New Left», det var dei mest reaksjonære delane av middelklassen – UKIP-veljarane** United Kingdom Independence Party, parti med hovudmål å trekke Storbritannia ut av EU. Fekk 3,1 prosent av røystene ved parlamentsvalet i 2010. ** i dag – med antipati for fagforeiningane og venstresida, med uro for det dei oppfatta som moralsk og økonomisk forfall. Slik var dei mottake-lege for Thatchers nasjonalistiske, autoritære og småborgarlege retorikk. Kanskje viktigast, sjølv om Thatcher var i stand til å mobilisere vesentlege delar av veljarane, så var ikkje støtta eit politisk mandat til nyliberalismen. Thatcher og rådgivarane var alltid nøye med ikkje å presentere sin politiske dagsorden i valkampen. I 1979 valte dei å framstille Thatcher som ein folkeleg figur, og gjekk til åtak på Labour fordi dei ikkje var «økonomisk truverdige». Ironisk nok gjekk Thatcher inn i Downing Street nr 10 med det eit løfte om å skape harmoni og håp i staden for splid og fortviling.

Den thatcheristiske myten som gradvis vart allmenn oppfatning i Storbritannia, er at dei konservative innførte økonomiske reformer, som sjølv om dei var smertefulle og upopulære, gjenoppretta velstanden etter år med Labours økonomiske vanstyre. I røynda hadde Labour stabilisert økonomien med relativt stor suksess. Dei fekk ned den høge inflasjonen dei arva frå Heaths regjering ved ein kombinasjon av budsjettnedskjæringar og tiltak mot lønnsvekst – dei prøvde faktisk å løyse den økonomiske krisa ved å senke levestandarden til dei som støtta dei. Denne politikken kvilte på Labours tilhøve til fagforeiningane, ein politikk som sjølvsagt ikkje var mauleg for Thatcher. I staden vendte regjeringa hennar seg til den moterette monetaristiske teorien, ifølgje den var det «tilgangen på pengar» som var nøkkelen til å kontrollere økonomisk vekst og inflasjon. Leiinga i Labour hadde i ein viss grad alt tatt i bruk «monetaristiske » tiltak i 1976, pressa av IMF, og påverka av Peter Jay, svigerson til James Callaghan. Men Thatcher køyrde no fram ein heller ubehøvla versjon, med karakteristisk glød. Thatchers andre finansminister Nigel Lawson kalte seinare denne politikken «bakstreversk trangsynt monetarisme».

Sant nok var ho aldri i stand til å sette ut i livet den reine monetarismen som dei mest dogmatiske rådgivarane hennar stod for. Dei gjekk for (takka vere nyklassisk økonomi og misoppfatning av pengar og kreditt) å kontrollere pengemengda som tiltak mot inflasjonen. Denne politikken vart stansa av bank- og finansnæringa som heller ville heve renta.9 Og under Thatcher fekk City det City ville ha. Det omfatta slutt på valutakontroll, som blei oppheva nesten med ein gong, noko som vart øydeleggande for evnen til politisk og demokratisk styring av økonomien.

Mens City hadde høgkonjunktur, leid industrien hardt og arbeidsløysa vart dobla. Veksten gjekk ned, inflasjonen steig igjen, og midt i ein alvorleg nedgang kom Geoffrey Howe med budsjettnedskjæringar. Frå nasjonalt perspektiv var politikken like katastrofal som upopulær. Thatcher, som hadde omtalt Labour som «det naturlege arbeidsløysepartiet», og drive valkamp med den kjente valplakaten til Saatchi & Saatchi som viser ein endelaus trygdekø, fekk no arbeidsløysetalla opp i tri millionar. «One Nation»-toryen Ian Gilmour som var med i Thatchers første regjering, konstaterte at Thatcher og hennar nyliberale kameratar «vart skjerma for dei menneskelege kostnadene av politikken sin fordi dei var overraskande ufølsomme, og av ei sterk dogmatisk tru, som rett blei noko svekka.»10 Uansett så visste Thatcher (iallfall på det tidspunktet) når ho måtte gi etter. Etter dei berømte orda frå oktober 1980: «Denne dama snur ikkje», så gjorde ho stille og rolig det i 1981.

Kontroll av pengemengda viste seg langt vanskelegare i praksis enn ideologar som Milton Friedman hadde tenkt seg, og dei første tiltaka frå Thatcher-regjeringa blei avvikla i det stille. Å sjå det som fiasko for thatcherismen er å misoppfatte dama og rørsla ho leia. Thatcherismens interesse for monetarismen var politisk og ikkje akademisk. Peter Jay sa ein gong at å forklare monetarisme for Thatcher, var «som å vise Djengis Khan eit kart over verda». Alan Budd, ein av grunnleggarane av Monetary Policy Committee i Bank of England, meinte at «80-tallspolitikken der ein angreip inflasjonen ved å sette økonomi og offentlege budsjett under press, var eit dekke for å ramme arbeidarane».11

Monetarismen gav ei intellektuell og teknokratisk forklaringsramme for å kutte i offentlege utgifter og undergrave arbeidarrørsla, for ikkje å snakke om å betre vilkåra for finanskapitalen som i realiteten var makta bak Thatcher. Når dei første økonomiske forsøka frå thatcherittane trua med å undergrave desse strategiske måla, vart dei avvikla eller i det minste reviderte.

Thatchers tidlege makro-økonomiske politikk skilte seg markant frå tidlegare politikk, men på mange andre område var ho relativt forsiktig dei første åra ved makta. Det var dels fordi regjeringa framleis hadde med sterke tradisjonelt konservative medlemmer (menn ho kalte «liberale» fordi dei ikkje var samde med ho), men det var au fordi ho trass i krigersk ordbruk var ein dyktig strateg som forstod at om ho provoserte til konfrontasjon med ei samla arbeidarrørsle, då ville ho sannsynlegvis tape. Som ein av dei nære rådgivarane Charles Powell sa:

Fru Thatcher var ein radikalar, men ho har ein pragmatisk radikalar.12

Slik var det då National Coal Board kunngjorde gruvestengingar i februar 1981, planane vart raskt lagt til sides då gruvearbeidarforbundet trua med å streike. Som Nigels Lawson seinare kommenterte:

Thatcher rygga svært, svært raskt, og det var rett den gongen, fordi det ikkje var gjort tiltak av noko slag for å halde ut ein streik.13

Lawson hevdar at Thatcher sa til han då han vart energiminister i 1981: «Nigel, me må ikkje få kolstreik.»

Sjølv om Thatcher i utgangspunktet skygga unna konflikt med gruvearbeidarane, gjorde ho hemmelege førebuingar til krig. Då han kom tri år seinare, var ho ikkje bare godt budd, men oppildna av seirane i Falklandskonflikten og valet i 1983. Framgangen i valet, trass i latterlege lite resultat å vise til, er ofte knytta til den første, og Falklandskonflikten hadde utan tvil stor betydning for sjølvtilliten og leiarstatusen hennar. Men sanninga er at ho i 1983 fekk servert Storbritannia på eit fat av ein splitta opposisjon. I mars 1981 braut leiande folk i Labour ut og danna Social Democratic Party (SDP), som så gjekk inn i valallianse med dei liberale. I valet i 1983 fekk denne alliansen 25 prosent av røystene, men på grunn av valordninga fekk dei lite uttelling i form av mandat. Samtidig gjekk oppslutninga om dei konservative noko ned, men dei fekk likevel det største fleirtallet i Underhuset sidan valgskredet til Atlee i 1945. Slik arbeidarpartiregjeringa endra den politiske kursen i Storbritannia etter krigen, ville Thatcher no gjøre det same.

Som Thatchers tidlegare rådgivar John Redwood vedgjekk seinare, hadde dei konservative igjen vore svært vage på kva slags politikk dei ville føre når dei kom til makta.14 Men det var ikkje viktig. For fru Thatcher bad ikkje om politiske mandat, bare mandat til å styre. Den Churchill-liknande haldninga hennar under Falklandskonflikten hadde gitt ho ein smak for krig som skulle bli eit kjenneteikn. Som John Campbell, ein av dei mange biografane, skriv:

Eit av kjenneteikna på Margaret Thatcher som politikar var behovet for fiendar. For å gi næring til aggresjonen som dreiv ho fram, måtte ho finne nye motstandarar heile tida, som kunne bli demoniserte, konfronterte og nedkjempa.15

På toppen av dødslista til Thatcher stod gruvearbeidarforbundet National Union of Mineworkers. Gruvearbeidarane vart kalla «den indre fienden», og det knusande nederlaget dei leid etter månader med bitter kamp, var truleg Thatchers eine store politiske seier. Det var ingen popularitetskonkurranse, og den skaffa ho ikkje nye venner, men denne kampen endra det politiske landskapet i Storbritannia grunnleggande. Som Seumas Milne har antyda, representerte gruvearbeidarforbundet ein alternativ visjon for det britiske samfunnet, basert på fellesskap, solidariet og kollektiv handling, ikkje individualisme og grådigheit.16 Nederlaget deira var derfor ikkje bare ein viktig strategisk seier, men han hadde historisk symbolsk resonans. Thatcher stridslystne lakei Norman Tebbit skreiv seinare at Thatcher «ikkje bare hadde brote ein streik, men ein trolldom».

Etter seieren mot gruvearbeidarane

Etter å ha tatt i bruk heile det statlege tvangsapparatet for å slå ned det mektigaste og mest politiserte fagforbundet i landet, gjekk Thatcher i gang med å konsolidere seieren. Nye lover avgrensa retten til å streike, til å gå streikevakt og til avtalar om obligatorisk medlemskap i fagforeining. Fagforeinings- «reformene» ho sette i verk, styrka eigarsida og svekka makta og sjølvtilliten til arbeidarrørsla. Organisasjonsgrunnlaget for venstre-sida vart ytterlegare underminert av politiske nyskapingar, skremmande vanlege i dag: Mindre lokalstyre og fleire statlege granskings- og utgreiingskomitear, utkontraktering og privatisering av kommunale og offentlege tjenester og foretak. Seint i 1984 selde Thatcher British Telecom, og heldt fram med å selje store delar av offentleg infrastruktur, som British Gas i desember 1986, British Airways i februar 1987, Rolls- Royce mai 1987, British Airport Authority juli 1987, British Steel desember 1988, og dei regionale vassverka desember 1989.

Privatiseringa viste seg svært lønnsame for City of London, og representerte enorme overføringar av rikdom frå offentleg eige til private hender. Dei vart gjennomført med ein forakt for folkemeininga som i stadig større grad kjenneteikna Thatchers styre. Ho er berømt for å ha kalla seg sjølv ein «politikar med meiningar», som i praksis betydde at ho var svært intolerant og full av forakt for all usemje i regjeringa. Denne eineveldige stilen var ikkje bare eit personleg særdrag, det spegla au hennar politiske filosofi – eller kanskje ho vart trekt av det første mot det siste. Nettopp på grunn av si underlege oppfatning av fridom har dei nyliberale alltid hatt djup mistru til demokrati. Då Nigel Lawson såg attende på den politiske arven etter Thatcher, sa han at for hans del er demokrati «langt mindre viktig enn fridom», og at det var nødvendig med ei «sterk regjering» for å verne det siste. Det var nøyaktig det Thatcher sørga for: eit langvarig, valdeleg angrep på det britiske samfunnet på vegner av storkapitalen, i namnet til ei «sterk regjering» og tilslørt med retorikk om nasjonal fornying. Den stridbare politiske stilen hennar skulle til slutt føre ho i undergangen, men det var meining i galskapen hennar. Aggresjonen gjorde at ho kunne sikre seg, konsolidere og forankre avgjørande seirar. Ho forstod at det britiske politiske systemet gav tid til å drive fram ein upopulær nybrottspolitikk, og satsa (korrekt) på at sosialdemokratane ville tilpasse seg og ikkje utfordre dei djupe endringane ho tvinga gjennom.

Mykje er sagt om den ideologiske krafta i Thatchers politiske visjon, men i røynda freista ho ikkje å overtyde folk om at «there is no alternative». Ho tvinga folk til aksept ved å angripe det samfunnsmessige grunnlaget for kollektive handlingar og idear, og kastrerte dei institusjonane som kunne gjøre det mauleg å skape eller jamvel sjå for seg alternativ. Som marxistane ho forakta, trudde Thatcher at det i siste instans er dei materielle vilkåra som skaper det politiske medvitet, og ho freista derfor få i stand institusjonelle endringar som ville føre til ideologisk nyorientering. I eit intervju med Sunday Times i mai 1981 seier ho derfor kjenslekaldt: «Økonomien er metoden, målet er å endre hjerte og sjel.» Som Kevin Birch skriv representerte dei politiske nyskapingane i hennar styringstid ei djuptgåande endring mot ein politikk for å heve formue, ikkje inntekt. Det håpte thatcherittane ville binde folk materielt og ideologisk til det kapitalistiske systemet, og skape det dei etter Harold Macmillan likte å kalle eit «sjølveigardemokrati».

Om Thatchers verkelege mål var å endre hjerte og sjel på britane, då mislykkast ho. Meiningsmålingar viser klart at nyliberal politikk var påfallande upopulær i Thatchers tid, og at folket heldt hardnakka fast på den gamle sosialdemokratiske samfunnskontrakten. I 1990 sa sosiologen Stephen Hill at «eit resultat av 80-tallet er at underordna grupper framleis i stor grad har radikale, egalitære og opposisjonelle idear».17 Det er lenge sidan Ivor Crewe knuste oppfatninga om at Thatcher skapte vesentlege haldningsendringar i samfunnet18, mens den tidlegare konservative ministeren Ian Gilmour medgir at «i Thatcher-tida blei folkemeininga verande i sentrum, og om ho endra seg, gjekk ho til venstre.»

Det får vere som det vil, men Thatcher let ikkje det politiske prosjektet sitt bli avspora fordi om ho ikkje klarte vinne folkets hjerte og sjel. Hegemoni treng ikkje bygge på samtykke frå folket, og uansett kva Thatcher måtte ha ønska var det aldri nødvendig å vinne oss for nyliberale idear – bare nøytralisere all reell motstand. Som Colin Leyes konstaterte:

Ein ideologi treng ikkje å vere elska for å ha hegemoni, bare vere utan seriøse rivalar.19

Thatcher klarte å slå alle seriøse rivalar, men ho var aldri elska, og det visste ho. I mars 1990, utan mot til å ta fatt på ein ny valkamp, og med utsikt til nasjonal revolt mot koppskatten ** «Poll tax», koppskatt (etter tysk kopf = hovud), ein skatt som blir betalt med likt beløp per person. **, sa ho til Woodrow Wyatt, rådgivaren:

Det er meg dei ikkje liker. Slik har det alltid vore.20

På den tida gjekk ho for å vere uhelbredeleg forstokka, og ei stadig tyngre bør for sine allierte. Edwina Currie kommenterte seinare: Ho var hovudhinderet då me skulle konsolidere revolusjonen.21

Det er noko ynkeleg over Thatchers endelege undergang og fall, den skremmande kvinna vart endeleg avsett av sine patetiske, kua kameratar. Sjølv om ho aldri lot seg røre av det offera hennar måtte lide, kom tårane då ho tenkte på sin eigen vanskjebne. Dei erkekonservative støttespelarane hennar var likeins knuste. Andrew Marr hugsar eit medlem av Tory-gruppa No Turning Back (som omfatta Liam Fox, Francis Maude, Michael Portillo og Iain Duncan Smith) som braut ut i gråt då meldinga kom om at ho trekte seg. Men under patosen låg det ei skjult sanning om Thatcher og thatcherismen. Bak opprøret mot leiarskapen hennar låg ei motseiing som heile tida hadde trua med å undergrave den mektige alliansen ho leia. John Campbell skriv at:

sjølv om ho i teorien forkasta at det fanst klassar … så kriga ho heile tida utan stans for sin eigen klasse.</bq>

Campbell definerer den som «lågare og midlare middelklasse», det Thatcher refererte til som «slike folk eg vaks opp med».22 Men i realiteten var det ikkje små næringsdrivande, men store multinasjonale selskap, og særleg finanssektoren som drog fordel av den reaksjonære revolusjonen hennar – og det var deira interesser ho tjente heilt konsekvent.

Thatcher appellerte til ei rad reaksjonære impulsar som utvikla seg under krisa som ulma frå 1970-tallet. Med suksess smelta ho dei saman til ein vagt samanhengande politisk ideologi. Det er godt kjend at ho (som Rupert Murdoch) prøvde å samle massestøtte til storkapitalen ved å framstille marknaden som ei demokratiserande kraft. Men først og fremst var dei ei moralsk kraft for ho. Samd med Keith Joseph hevda ho at statleg innblanding ikkje bare hadde hemma den britiske økonomien, men forderva britane moralsk. Som leiar for nye høgre fusjonerte ho nyliberalismen med moralistisk og reaksjonær «middelklasse- England»-politikk. Dei hardhjerta interessene til kapitalen vart knytta saman med dei trangsynte ideane til kjerneveljarane til toryane – på same vis som Thatcher var dei forbitra på den liberale og forsonlege makteliten i etterkrigstida, den ettergivande og overbærande tilpassinga til krava frå dei lågaste i samfunnet.

Europa

Den økonomiske eliten og den lågare middelklassen hadde felles interesse av å undergrave makta til fagforeiningane, bygge ned velferdsstaten og kutte skattane. Men i visse spørsmål skilte dei lag, og nøkkelspørsmålet var Europa. Eit fleirtall av storkapitalistane var for europeisk integrasjon, det blei kraftig motarbeidd av små næringsdrivande og den fremmendfiendtlege tory-basen. Det må seiast at Thatcher sjølv ikkje var Powellnasjonalist. Ho stemte for å gå inn i EEC i 1970, og som leiar for opposisjonen støtta ho ja-sida ved folkerøystinga i 1975. I 1986 gav ho full støtte til Single European Act, som opna europeiske marknader for britiske selskap.23 Men ho var sterkt imot overnasjonale europeiske institusjonar, kanskje ut frå ektefølt nasjonalisme, eller kanskje fordi ho frykta at dei politiske seirane hennar kunne bli utvatna av europeiske statar som framleis hadde sine sosialdemokratiske drag.

Thatcher openhjertige motstand mot Europa mot slutten av regjeringstida førte ho i konflikt med tunge medlemmer i regjeringa, som Nigel Lawson og Geoffrey Howe. Dei var meir pålitelege representantar for dei samfunnskreftene som dominerte Storbritannia etter at Thatcher sleppte dei laus. Lawson gjekk ut av regjeringa i 1989, og Howe eitt år seinare. Howe heldt ein berykta tale i Underhuset, med Lawson ved si side, der han fordømte Thatchers europapolitikk og sa:

Kva slags visjon gir det næringslivet vårt, som driv forretningar der kvar dag, for finansnæringa vår som freistar gjøre London til pengehovudstaden i Europa…?</bq>

Slik Robin Ramsay har forklart, var ikkje Thatcher sjølv særleg glad i finansnæringa, men gjennom det tidlege «monetaristiske eksperimentet» hadde ho lært at City of London var ei «interessegruppe» ho ikkje kunne klå seg på.24 Mange år etter då dei politiske representantane for City forlangte at ho måtte gjøre «det endelege offeret»25, viste ho ikkje noko av den trassen som hadde kjenneteikna ho som regjeringssjef.

Innimellom blir det hevda at Thatcher etter mange år ved makta «mista grepet» eller vart rusa av makta. Men den autoriserte biografen Charles Moore, som intervjua ho straks etter fallet, seier ho var prega av «ulykkeleg skjebnetru». Då ho ikkje klarte sikre seg endeleg seier mot Michael Heseltine som ufordra leiaren, mista ho støtta frå regjeringa, og gjekk motvillig med på å trekke seg. Kenneth Baker som var formann i det konservative partiet sa til media:

Endå ein gong har Margaret Thatcher sett interessene til landet og partiet framfor sine eigne.</bq>

Trass i Bakers teatralske prat, Thatcher takla ikkje nederlaget med stil. Ho var såra fordi ho vart tvinga til å gå, og kritiserte ofte den nye partileiinga, særleg for Europa-politikken, som ho med tida meinte var ein slags «sosialistisk» trussel. Ho samla ei gruppe skribentar for å skrive memoarane sine. Der gjekk ho til bitre åtak på tidlegare kameratar – framfor alle Geoffrey Howe, han vart skulda for «raseri og forræderi». Som Tony Blair mange år seinare drog ho på signingsturar, og reiste ei tid verda rundt og heldt høgt betalte talar og menga seg med dei rike og mektige. Ho hadde au ei lukrativ rolle som lobbyist for tobakksgiganten Philip Morris Inc. Dei var vertskap for 70-årsdagen hennar som kosta 1 million dollar.

Gradvis, ettersom ho vart fjernare frå makta, så vart fysisk og mental helse svekka. Charles Moore skriv:

Tida, og maulegens etterverknaden av så mange kvilelause arbeidsår, sløva tankane til lady Thatcher. Seint på 90-tallet vart det gradvis tydeleg at korttidsminnet hennar svikta. … Ved tusenårsskiftet hadde ho mista sin lidenskaplege og detaljerte interesse for det som skjedde i samtida.

På det tidspunktet var Thatchers variant av råbarka høgrepolitikk like trangsynt og antikvert som dama sjølv. Det var ein talande augneblink i 1997 då British Airways avdekka nye logoar på flya sine, som erstatta nasjonalfargane frå Union Jack. For opne fjernsynskamera dekka Thatcher over den nye logoen med lommetørkledet og sa:

Me flyr med det britiske flagget, ikkje det forskrekkelege dere puttar på halevingane. </bq>

Kanskje var det dårleg design. BA bytta ut logoen seinare. Men seansen illustrerte kor tydeleg Thatcher var ute av takt med krava til den kapitalistiske eliten som ho hadde jobba så intenst for å forsvare og støtte. Storkapitalen er lunefull, og hadde på det tidspunktet alt en masse hoppa over til New Labour, som såg ut til å vere langt betre i stand til konsolidere det som var vunne gjennom Thatchers grusomme krig, enn det splitta partiet ho etterlot seg. Hennar krigerske og splittande politikk var ikkje lenger nyttig, og heller ikkje dama sjølv. Ei av dei siste politiske handlingane hennar var å forsvare Augusto Pinochet offentleg. Den avdanka chilenske diktatoren fengsla og torturerte over 40 000 politiske motstandarar gjennom sine sju år ved makta.

Etter ei rekke mindre slag i 2002 nekta legane ho å halde offentlege talar, og helsa hennar vart stadig dårlegare i åra etterpå. Tapet av fysiske og mentale evner vart hovudfokus i den merkeleg upolitiske kinofilmen The Iron Lady. Filmen fekk kritikk frå høgresida av toryane, som ville hugse Thatcher på sitt meste potente og stridbare. På eit vis har dei rett. Det er også slik me bør hugse ho, meiner eg. Ikkje for det ho blei då sansane svikta, men for det ho var på høgda av makta: ein forkjempar for ulikskap, ein venn av diktatorar og våpenhandlarar, ein forsvarar av makt og privilegium, og ei svøpe for dei fattige og sårbare. Ein ekte blå klassekrigar.

 * Iain Duncan Smith: Skotte, Tory-leiar 2001–2003. Han er leiar for Centre for Social Justice, ei gruppe som er uavhengig av det konservative partiet.

** UKIP: United Kingdom Independence Party, parti med hovudmål å trekke Storbritannia ut av EU. Fekk 3,1 prosent av røystene ved parlamentsvalet i 2010.

Notar:

  1. Bob Jessop et al, Thatcherism: A Tale of Two Nations (Polity Press, 1988) p. 4.
  2. Jon Agar, ‘Thatcher, Scientist’, Notes and Records of the Royal Society, Vol.65, No.3, 20. september 2011, 215-232. http://rsnr.royalsocietypublishing.org/content/65/3/215.full
  3. ‘Back to the future: the 1970s reconsidered’, Lobster, Winter 1998, Issue 34.
  4. John Welshman, From transmitted deprivation to social exclusion: policy, poverty and parenting (The Policy Press, 2007) p.62.
  5. John Campbell, Margaret Thatcher Volume Two: The Iron Lady (Random House, 2011) p.72.
  6. Thatcher: The Path to Power—and Beyond, BBC1, 12. juni 1995.
  7. Mark Hollingsworth, The Ultimate Spin Doctor: the Life and Fast Times of Tim Bell (1997) p.70
  8. James Curran og Colin Leys, ‘Media and the Decline of Liberal Corporatism in Britain’, i James Curran og Myung- Jin Park (red.), De-Westernizing Media Studies (London: Routledge, 2000) pp. 221-36.
  9. Robin Ramsay, ‘Mrs Thatcher, North Sea oil and the hegemony of the City’, Lobster, Issue 27: 1994.
  10. Ian Gilmour, Dancing with Dogma (Simon & Schuster, 1992) p.60.
  11. David Harvey, A Brief History of Neoliberalism p.59.
  12. Tory! Tory! Tory! The Exercise of Power, sendt på BBC4 11. august 2007, kl 1340.
  13. Ibid.
  14. Ibid.
  15. John Campbell, Margaret Thatcher Volume Two: The Iron Lady (Random House, 2011) p.351.
  16. Seumas Milne, The Enemy Within: The Secret War Against the Miners (London: Verso, 1994) p.ix.
  17. Stephen Hill, ‘Britain: The Dominant Ideology Thesis after a decade’, i Nicholas Abercrombie, Stephen Hill og Bryan S. Turner (red.), Dominant Ideologies (London: Unwin Hyman, 1990) p.6.
  18. Ivor Crewe, ‘Values: The Crusade that Failed’, i Dennis Kavanagh og Anthony Seldon (red.), The Thatcher Effect (Oxford University Press, 1989) pp. 239-50.
  19. Colin Leys, ‘Still a question of hegemony’, New Left Review, 181, p.127.
  20. John Campbell, Margaret Thatcher Volume Two: The Iron Lady (Random House, 2011) p.674.
  21. Tory! Tory! Tory! The Exercise of Power, sendt på BBC4 11. august 2007, kl 1340.
  22. John Campbell, Margaret Thatcher Volume Two: The Iron Lady (Random House, 2011) p.352.
  23. Andrew Gamble, ‘Europe and America’, i Ben Jackson og Robert Saunders (red.), Making Thatcher’s Britain (Oxford University Press, 2012) p.219.
  24. Robin Ramsay, ‘Mrs Thatcher, North Sea oil and the hegemony of the City’, Lobster, Issue 27: 1994.
  25. Tory! Tory! Tory! The Exercise of Power, sendt på BBC4 11. august 2007, kl 1340.