Diktaturets bane

Av Anne Alexander

2011-03

Det har vore mange motstridande tolkingar av hendingane i Egypt.
Anne Alexander hevdar at arbeidarklassen er nøkkelkrafta i det egyptiske samfunnet, med makt til drive revolusjonen framover.

Anne Alexander Jefferson School of Law i San Diego, California. Hun er tidligere leder for advokatforeningen National Lawyers Guild.

Nokre få korte veker inn i den egyptiske revolusjonen veks mengda med motstridande merkelappar på han med svimlande fart. I vestlege media blir han framstilt som ein «blome»-revolusjon – eit hjertevarmande døme på ei leiarlaus «folkemakt»-rørsle. Ganske mange forvirra nykonservative tilhengarar i USA ser Hosni Mubaraks fall som ei stadfesting av at George W. Bush hadde rett då han ville tvinge «demokrati » på Midtausten med militærmakt. Militæranalytikarar i Stratfor, og ein god del av dei erfarne journalistane i BBC ser ut til å meine at det er eit gammaldags militærkupp. Andre skrik om at den egyptiske revolusjonen er drive fram av internett eller ein farleg islamistisk konspirasjon.

Denne artikkelen har eit anna perspektiv. Eg hevdar at den egyptiske revolusjonen viser, så kraftfullt som ikkje vist på over eit halvt hundre år i den arabiske verda, at makta til å frigjøre samfunnet nedanifrå ligg hos den organiserte arbeiderklassen.

Streikane som spreidde seg som løpeild over heile Egypt dei siste dagane før Mubarak fall, gjorde brått makta til arbeidarane synleg. Men det var djupare og meir langsiktige prosessar med globale og nasjonale økonomiske endringar som fekk den egyptiske staten til å slå sprekker, og skapte grunnlaget for revolten. Særleg den giftige blandinga av nyliberale reformar som blei fremma av Hosni Mubaraks son Gamal og venner, og etterdønningane av den globale økonomiske krisa, spelte ei sentral rolle i å bryte arbeidarane materielt og ideologisk laus frå regimet.

Den første fasen av revolusjonen – dei 18 dagane med mobilisering i eit omfang som minna om revolusjonane i 1848 eller Russland i februar 1917 – var også eit produkt av Egypts «protestkultur», skapt av eit tiår med kampar mellom staten og folk i gatene. Vestlege journalistar og Barack Obamas rådgivarar må ha blitt overraska over det brå utbrotet med folkeleg sinne mot ein «stabil» alliert, men alle som har følgt med flo og fjøre i protestane sidan 2000 – om Palestina, mot krigen i Irak, for demokrati og konstitusjonelle reformar, for betre lønn og fagforeiningsrettar, og mot polititortur – burde ikkje bli det.

Men analysar av dynamikken i sjølve opprøret syner at 25. januar-revolusjonen var meir enn ei samling ulike politiske og økonomiske krav. Omfanget av mobilisering nedanifrå og presset det førte til på staten, omdanna og styrka sambandet mellom dei økonomiske og politiske kampane. Dei siste dagane Mubarak styrte, tok arbeidarane i bruk si makt mot staten, og det var særleg streikebølga som braut ut 8. februar som til slutt knekte regimet. Det faktum at folket framleis var i gatene då Mubarak vart tvinga frå makta, opnar for ei utvikling vidare i den revolusjonære prosessen, som me allereie har ant i eksplosjonen av streikar i vekene etter diktatorens fall.

Oppbrytinga av staten

Dei unge offiserane som tok makta og kasta monarkiet i 1952, førte Egypt inn i ei statskapitalistisk utvikling. Under leiing av Gamal Abdel Nasser brukte dei statlege ressursar til å bygge opp tungindustri, tok kontroll over Suez-kanalen for å finansiere bygginga av Aswan-dammen, og bygde opp produksjonsapparat for å forsyne den egyptiske marknaden.

Denne økonomiske strategien var knytta saman med opprettinga av politiske institusjonar som freista knytte arbeidarane og bøndene til staten. Arbeidarane vart bydd ein sosial kontrakt der dei som motyting for å gi frå seg politisk sjølvstende, skulle få somme fordelar, som subsidierte bustader, utdanning og andre velferdsgode og relativt trygge jobbar. Nasseristisk retorikk idealiserte særleg i sluttfasen arbeidarane for deira bidrag til den nasjonale utviklinga. Men den nasseristiske staten knuste sjølvstendige arbeidarorganisasjonar, og bygde i staden ei offisiell fagforeining som var underordna regjeringa.

Tilhøva som lot Nasser og kollegene hans følge ein slik strategi for økonomisk utvikling, byrja endre seg seint på 1960-tallet då dei herskande klassane i verda byrja leite etter alternativ til statsleia utvikling. Etter at Nasser døydde i 1970, braut etterfølgaren Anwar Sadat med Sovjetunionen, og på slutten av tiåret hadde han underteikna eit nytt partnarskap med USA. Sadat innleia ein politikk med «økonomisk opning» («infitah») for å få lån frå internasjonale finansinstitusjonar.

Dei siste åra under Mubarak blei infitahprosessen følgt opp og utvikla vidare, med innføringa av strukturtilpassingsprogrammet etter Golfkrigen i 1991. Andelen arbeidarar i statleg sektor sank frå 40 prosent i 1981–1982 til 32 prosent i 2004–2005. Men desse talla skjuler ei dramatisk historie med arbeidsløyse, meir utrygge jobbar og øydelegging av store delar av velferdssystemet. Mellom 1998 og 2006 gjekk delen av arbeidarar med arbeidskontrakt ned frå 61,7 prosent til 42 prosent, mens delen med trygdeordningar fall frå 54,1 prosent til 42,3 prosent i same perioden.

Nasser bygde eit politisk system som trass i noko flikking frå Sadat og Mubarak overlevde fleire tiår etter han var død. Sjølv om etterfølgarane hans tillot falske «opposisjons»-parti – så lenge dei var veike og underordna det herskande partiet – så endra dei ikkje på grunnleggande vis det politiske systemet. Fram til revolusjonen i 2011 hadde Egypt klassedelt røysterett, der arbeidarar og bønder røysta på ei gruppe parlamentrepresentantar, og middelklassens «profesjonelle» røysta på ei anna. Slik var ikkje den statskontrollerte fagforeininga bare instrument for kontroll på arbeidsplassen, der ho freista meistre misnøya på vegner av staten, men også ein stor valmaskin som leverte pro-regime røystar i valurnene og fekk ut flokkar av arbeidarar for å hylle Mubarak og vennene hans.

På eit ideologisk nivå overlevde også arven frå nasserismen opphavet sitt med mange tiår. Ein kunne sjå at arbeidarane identifiserte seg med statlege mål, jamvel når klassekampen var som skarpast. Motstand frå arbeidarane eksploderte frå tid til annan – til dømes i Mahalla al-Kubra i 1984, ved jern- og stålverka i Helwan i 1989 og i Kafr al-Dawwar i 1994. Men framfor å legge ned arbeidet og stanse produksjonen, valte dei til vanleg å okkupere arbeidsplassen og jobbe utan lønn – ein gest for å vise at dei i motsetning til leiarane sine framleis var villige til eit felles offer for «nasjonens» skuld.

Reformane frå 1990-tallet og seinare braut opp det nasseristiske systemet på ulike nivå. Privatisering fjerna hundretusenvis av arbeidarar frå statlege industriar og flytta bonusar og arbeidsplassbaserte velferdsgode til bankkontoane til private aksjeeigarar. Fråtatt rolla si som velferdsmellommann for arbeidarane, råtna den statlege fagforeininga innanfrå. Han heldt fram med å mobilisere veljarar til samlingar for det herskande partiet, og trakassere og audmjuke arbeidarar som freista organisere motstand, men i store delar av landet var organisasjonsapparatet eit tomt skal av «papirmedlemmer» og ein handfull sjølvtjenande byråkratar.

Seint i 2006 streika rundt 25 000 tekstilarbeidarar ved Misr Spinning and Weaving Company i Mahalla al-Kubra og opna for ei lengre bølge med arbeidarmobilisering. Streikar spreidde seg raskt frå sektor til sektor, og blant somme grupper, særleg hos tekstilarbeidarane ved Mahalla og innkrevarane av eigedomsskatt, fekk dei ein uttalt politisk karakter: Dei kravde rett til å skipe uavhengige fagforeiningar og auka minstelønn. Den omfattande bruken av streik som våpen og ikkje okkupasjonar vitna om skiftet i medvitet til arbeidarane.

Det er viktig å forstå at denne utviklinga ikkje bare er eit resultat av heimlege faktorar, men er tett knytta til globale prosessar. Nyliberale økonomiske reformprogram er tatt i bruk av ulike regime verda over. Brå og sjokkarta hendingar har au spelt ei sentral rolle, særleg veksten i dei internasjonale matprisene dreiv fram arbeidarane sin protest mot auka levekostnader jamvel før starten på den globale økonomiske krisa.

Hol i diktaturets mur

Streikebølga i 2006 braut ut i ein situasjon som alt var endra av folkelege protestar. Sjølv om tallet på folk som deltok var relativt lite samanlikna med 25. januar-revolusjonen, så markerte stemninga i gatene etter den andre palestinske intifadaen seint i 2000 eit dramatisk skifte i det egyptiske politiske landskapet. Det første verkeleg store gjennombrotet kom i 2003, då titusenvis av demonstrantar tok kontrollen på Tahrir-plassen i Kairo i protest mot USAs invasjon i Irak, og slo «eit hol i muren til diktaturet», som ein egyptisk aktivist og sosialist sa den gongen.

Fleire hol dukka opp i diktaturet dei neste få åra. I 2005 starta ein laus allianse av radikale nasseristar, liberale og sosialistar – med støtte frå enkelte element i Den muslimske brorskapen – ei kampanje mot ein ny presidentperiode for Mubarak og forsøka hans på å gi makta over til sonen Gamal. Gateprotestane samla seg om slagordet «Kifaya – Nok!», og byrja å dra med seg stadig fleire unge. I dag er det vanskeleg å huske kva for uvanleg farlege steg det var for små radikale opposisjonsgrupper. Offentleg kryssa dei den «raude streken» som hindra kritikk mot presidenten.

Året som følgte, var det ein dommarrevolt på grunn av regimets openlyse valjuks og forfølging av dei som gjekk mot det. Hundrevis av dommarar i fulle regalia marsjerte gjennom Kairo i protest mot avstraffinga av to reformvennlege medlemmer av kassasjonsretten (tilsvarande høgsterett, oversetters anm.). Kjensla av ein stat i krig med seg sjølv var følbar då opprørspolitiet banka opp dommarar på trappa til klubben deira, og brukte tåregass på lekfolk som støtta kampanja til dommarane.

Auka arbeidarkamp fall saman med ei gjenoppliving av ungdommeleg aktivisme i 2008, og blei den største utfordringa for regimet før revolusjonen i 2011. Ei streikeoppmoding frå tekstilarbeidarane ved Misr Spinning i Mahalla vart følgt av nettverk av unge aktivistar. Ei Facebook-gruppe som støtta Mahalla-arbeidarane og oppmoda til generalstreik i solidaritet, samla rundt 70 000 medlemmer. Den 6. april 2008 blei streiken i Mahalla avbroten av politiet, men åtaket deira på demonstrantar starta eit nesten-opprør i byen. «Facebook-streiken» hadde på si side ført til store demonstrasjonar på dei fleste universiteta og stengte butikkar over heile hovudstaden. Den siste protestbølga før 25. januar kom sommaren 2010, då politimordet på den unge internettaktivisten Khaled Said førte til tusenvis av demonstrantar i heimbyen Alexandria.

Det ville vere etterpåklokskap å teikne ein strak kampkurve oppover frå 2000 til 2011. I røynda var desse protestbølgene for det meste utan samanheng, der eit sett av demonstrasjonar tok slutt eller blei banka bort frå gatene få månader før neste braut ut. Gapet mellom dei økonomiske krava arbeidarane reiste og dei svært politiske krava frå først og fremst middelklasseakademikarar om grunnlovsreformar, fekk enkelte til å hevde at forsøk på å sameine motstandarane var dømt til å mislykkast.

Fryktregime

Trass i det var siste tiåret til Mubarak avgjørande for at han fall. Det var i desse motsetningsfylte protestane at ein generasjon aktivistar frå ulike politiske tradisjonar – islamistar, nasseristar, liberale og sosialistar – lærte seg politisk organisering. I løpet av desse ti åra skaffa den radikale opposisjonen seg varige erfaringar med å organisere protestar, halde ved like nettverk av aktivistar, og bygge taktiske alliansar på tvers av ulike politiske tradisjonar. Framfor alt fjerna dei kollektivt redsla for politisk engasjement som regimet hadde tvunge på meir enn ein generasjon.

Av alle protestane var det streikebølga som skapte det den polske revolusjonære Rosa Luxemburg kalla «vekselvirkande handling» mellom dei økonomiske og politiske kampane mot regimet. Som Luxemburg konstaterte under 1905-revolusjonen i Russland, kunne ein ikkje forstå samhandlinga mellom økonomisk og politisk kamp som ei enkel lineær utvikling frå økonomiske krav om brød og smør til det politiske spørsmålet om statsmakta. Den vekselvirkande handlinga kunne ein sjå i ein pendelbevegelse mellom politiske og økonomiske kampar, hevda ho, der «fruktbare avleiringar ligg att etter kvar skumbølge med politisk handling, og frå dei spirer det tusen økonomiske kampar». Men når arbeidarane slåst, gav den kollektive krafta og organiseringa deira den daglege kampen ein politisk dimensjon som opna nye horisontar for vidare politisk handling.

Egyptiske arbeidarar tok med makt dei same rettane som andre «politiske» demokratikampanjar var blitt tvungne til å gi slepp på etter press frå staten: forsamlingsretten, retten til å protestere, ytringsfridommen. Streikebølga skapte rom for diskusjon og organisering på tusenvis av arbeidsplassar over heile landet, og førte kampen djupt inn i strukturen i det egyptiske samfunnet.

Etter 25. januar blei prosessar som hadde utvikla seg over eit tiår, brått komprimerte på få dagar: ta frå politiet makta på gata, protestar som direkte utfordra Mubarak, aukande samhandling mellom økonomiske og politiske kampar. Opninga kom med opposisjonelle som greip sjansen, og oppfordra til landsomfattande protestar då Ben Ali vart kasta i Tunisia. Ei Facebook-gruppe oppkalla etter aktivisten som blei drepen av politiet i Alexandria sommaren 2010 – «We are all Khaled Said» – samla hundretusenvis av medlemmer.

Ein allianse av radikale opposisjonelle grupper vart skapt, og samla revolusjonære sosialistar, liberale, demokratiaktivistar, nasseristar, uavhengige fagorganiserte og til slutt Den muslimske brorskapen. Dei samla seg om ein ny taktikk for å bryte politiblokkadar: ei rad ulike samlingspunkt framfor ein sentral marsj eller samlingsstad.

Tidleg 25. januar var det klart at demonstrasjonane var større enn noko Egypt hadde opplevd på årevis – kanskje tiår. Først eit dusin, så hundre, så tusenvis av hol vart slått i diktaturets mur. Titusenvis av menneske strøymde gjennom dei: i Nasr City, Giza og Shubra; in Alexandria, i Mansoura, i Suez, i Assyut.

Dei følgande dagane auka demonstrasjonane på. Fredag 28. januar vart den første store prøva for rørsla. Politiet stengte av bysentra, og styresmaktene stengte mobilog internett. Protestantane brukte moskear som samlingspunkt, og marsjerte for å ta tilbake gatene. Overslag sa hundretusenvis av demonstrantar i gatene då store samlingar av demonstrantar slåst med politiet. Mubarak sparka regjeringa si, trekte tilbake politiet frå dei utbrente politistasjonane, og sendte ut hæren. Folkekomitear dukka opp landet over, til forsvar for heimar og nabolag frå åtak frå bøller, mange av dei mistenkte for å vere politi i sivile klede. Nye demonstrasjonar i helga kulminerte i ein «millionmarsj» tysdag 1. februar, og pressa til slutt fram motvillige konsesjonar frå Mubarak. I ein fjernsynstale sa han at han ikkje ville stille til val igjen, og lova å skrive om delar av grunnlova.

Regimet slo attende onsdag 2. februar, ved å mobilisere sivilkledde bandittar til åtak på demonstrantane i Alexandria og Kairo. Demonstrantar på Tahrir-plassen møtte eit overraskingsåtak med rader av angriparar med stein, knivar og Molotovcocktails, ridande på hestar og kamelar som normalt frakta turistar rundt pyramidane. I to dagar raste slaget om plassen fram og tilbake, men til slutt fekk demonstrantane overtaket. Hundretusenvis marsjerte fredagen etter, som vart kalla «Avreisedagen». Samtidig jakta regimet desperat på potensielle «dialog»-partnarar. Enkelte av opposisjonsgruppene, medrekna Den muslimske brorskapen, sendte representantar for å møte Omar Suleiman, Mubaraks nyutnemnde visepresident og tidlegare etterretningssjef. Delar av den herskande klassen, figurar som forretningsmennene Ahmed Bahgat og Naguib Sairis, byrja opent å støtte enkelte av krava til demonstrantane, mens dei freista å posisjonere seg til ei politisk rolle i den venta «overgangsperioden».

Titusenvis heldt framleis stand på gatene, og trass i valdeleg retorikk frå talspersonar for styresmaktene og innleigde reportarar byrja det komme nye folk. Familiar med små barn blanda seg med massene på Tahrir-plassen, og eit ungt par gifta seg der søndag ettermiddag.

Streikar

Det var tysdag 8. februar at maktbalansen endra seg igjen – denne gongen avgjort mot Mubarak. Ei bølge av streikar spreidde seg frå nokre få arbeidsplassar – arbeidarane i Suez-kanalen, telekom-arbeidarane i Cairo og stålarbeidarane på Helwan var blant dei første – og vaks i styrke då han skylte over Egypt. Den 9. februar anslo Det egyptiske senteret for sosiale og økonomiske rettar talet på streikande arbeidarar til 300 000 i 15 guvernement. Alt frå sjukehusteknikarar og sementarbeidarar til posttilsette og tekstilarbeidarar okkuperte og stengte, og skapte ei potent blanding av økonomiske krav og støtte til revolusjonen.

Delegasjonar av streikande arbeidarar slutta seg no til massene på Tahrir-plassen, på utsida av presidentpalasset og radio- og fjernsynsbygninga ved Nilen. Midt oppe i surrande rykte om at han ville trekke seg, kom Mubarak med ei siste erklæring på fjernsynet torsdag 10. februar, men han nekta gå av. Ein kunne sjå små grupper av offiserar frå hæren snakke med folk på Tahrir-plassen. Ein offiser ringte Al Jazeera for å trekke seg direkte på lufta, og kunngjorde at han hadde slutta seg til «folkets revolusjon». Mens hærleiinga hadde timelange møter bak lukka dører, voks mengda igjen. Kairo var på randa av eit endeleg opprør.

Den statlege overbygninga braut endeleg saman 11. februar. Den øvste hærleiinga tok makta og fjerna Mubarak frå embetet.

Tri nøkkelhendingar utmerkar seg i historia om 25. januar-revolusjonen.

Først: Den atten dagar lange konfrontasjonen vart mykje forma av den same dynamikken som protestane siste tiåret, men gjekk djupare og over eit mykje kortare tidsrom. Dei protesterande tok nøkkelområde i dei store byane, spesielt Tahrirplassen, og gjorde dei til strategiske våpen for den revolusjonære rørsla. Tahrir-plassen med sjølvorganiserte tryggingskomitear, søppelbarrikadar, frivillig helsepersonell og reinhaldsarbeidarar, lydsystem, telt og parolar, blei frigjorte område – likt hundrevis av okkuperte fabrikkar dei siste fem åra. Det vart ein plass å diskutere, men også eit organisasjonssenter aktivistane drog ut frå, for å få fabrikkar, kontor og nabolag med på revolusjonen.

Forsvaret av denne staden kvilte ikkje bare på tyngda av den store menneskemassen, men også på politisk organisering. Ungdomsaktivistane til Den muslimske brorskapen spela til dømes ei sentral rolle i å beskytte torget mot åtak frå bandittane til regjeringa og ved kontrollpunkta i utkanten. Likevel dominerte ikkje Brorskapen området på innsida, men var prega av sine eigne motsetningar – balansert mellom unge medlemmer som identifiserte seg med den breie revolusjonære rørsla, og leiarskapens ønske om å inngå ein avtale med staten. Den balansen heldt ikkje bare gatene opne for protest, men skapte au eit rom der den revolusjonære venstresida trass i at dei var få, nådde nye tilhørarar, og vann nye rekruttar.

For det andre, om revolusjonen bare hadde heldt seg på gatene, sjølv i så stort omfang som etter 25. januar, er det uvisst om det ville vore nok til at staten braut saman ovanfrå. Som i kampane for demokrati og reform siste tiåret gjorde ikkje alliansen av ulike sosiale og politiske grupper gjennombrot før revolusjonen gjekk frå det politiske til det sosiale området, gjekk frå gatene inn på arbeidsplassane, og oppildna arbeidarane til kollektiv handling, og smelte sine eigne krav saman med dei til den breie rørsla. Dessutan var det slik at sprekkene i regimets politiske og sosiale kontrollmaskineri som gjorde denne prosessen mauleg, ikkje dukka opp 25. januar. Dei hadde opphav i den langsiktige verknaden av nyliberale strukturreformar i den nasseristiske staten.

Endeleg er det spørsmålet om militæret si rolle. Essensen er at masserørsla nedanfrå oppnådde å tvinge ein del av statsapparatet – den øvste hærleiinga – til å skjære bort den kreftsvulsten Mubarak var blitt, for å redde staten som eit heile. Det er heilt klart ikkje det same som at masserørsla grip makta på eigne vegner. Heller ikkje har hæren gått i oppløysing verken vertikalt – med synleg splittelse mellom rivaliserande offiserar – eller horisontalt, langs klasseliner som den russiske hæren i 1917. Likevel vil det vere feil å sjå fjerninga av Mubarak bare som eit statskupp, eller undervurdere vanskane militærleiinga vil stå framfor, om dei freistar demobilisere den revolusjonære rørsla med makt. Stoda er fundamentalt annleis enn i 1952, då ei lita gruppe yngre offiserar handla etter at masseprotestane midlertidig var utbrende. Gatene var tomme då Nasser leia styrkane sine for å ta palasset, radiostasjonen og militærforlegningane. Her igjen blir vendinga mot den sosiale kampen avgjørande. I februar 2011 hadde revolusjonen allereie nådd arbeidsplassane før miltæret handla. I 1952 trua ein tekstilarbeidarstreik i Kafr al-Dawwar det nye militærregimet, og vart knust av hæren. Ei veke etter Mubaraks fall var hundrevis av arbeidsplassar i streik, medrekna giganten Mahalla tekstilfabrikk med 24 000 arbeidarar.

Om det skal bli reelle endringar for millionane i Egypt og ikkje bare millionærar som Naguib Sawiris og Ahmed Bahgat, då må revolusjonen gå endå djupare. Organiserte arbeidarar er blitt ei kraft i å utvikle den revolusjonære rørsla, og dei har medvite brukt si kollektive samfunnsmessige makt for å oppnå det første målet til rørsla: å fjerne Mubarak. På bare 18 dagar har egyptiske arbeidarar komme lenger på vegen til frigjøring av menneska enn deira foreldrar og besteforeldrar makta eit heilt liv. Men det er framleis mykje å gjøre: sparke lakeiane til det herskande partiet ut av alle arbeidsplassar og nabolag, bygge uavhengige fagforeiningar, og framfor alt skape nye demokratiske institusjonar der arbeidarane kan byrje agere som, i det minste ein kime til, alternative senter til statsmakta.

(Artikkelen er oversatt av Gunnar Danielsen, og utgis på norsk med tillatelse fra forfatteren.)