Den israelske statens økonomi

Av Mass Soldal Lund

2016-02 Bokomtaler

Peder Martin Lysestøl:
Israel. Bak muren av myter og propaganda
Oslo: Forlaget Manifest, 2016, 256 s.

Under eit besøk i Sør-Afrika i 1998 møtte eg ei eldre, kvit, jødisk kvinne som hadde vore med på å kjempe mot apartheid, og som hadde kjent på nokre konsekvensar av det i form av trugsmål og yrkesforbod. Ho var full av glede for omveltinga landet hennar hadde vore gjennom nokre få år tidlegare. Men at «jødane ikkje kan få ha eit land i fred», det kunne ho ikkje forstå. For meg framstod dette som eit paradoks. Korleis kunne ein person som såg og kjempa mot undertrykkinga i Sør-Afrika når ho sjølv var kvit, vere så blind for det som skjedde i Palestina? Det ein type paradoks ein ofte kan møte på om ein interesserer eller engasjerer seg for Palestina/Israel-konflikten: Kvifor er det så stor vilje til å unnskylde Israel når det samtidig er så lett å sjå all den urettvisa og brutaliteten palestinarane vert utsette for? Ein kvar freistnad på å trengje inn i desse paradoksa må vere velkomen. Det krev ei djupne som det ikkje er mogleg å få gjennom avisartiklar, blogginnlegg eller dei korte, paroleprega artiklane som er vorte typisk for diverse online-magasin. Boka er det rette formatet for dette.

Då eg fekk Israel mellom hendene var det fyrste eg kom til å tenkje på boka Palestinerne – historie og frigjøringskamp, (Forlaget Rødt, 2009, 2. utg. Kan kjøpes som e-bok fra www.marxisme.no. Red.) som same forfattar gav ut i 1973. Tittlen på denne boka, som er vorte ein slags klassikar mellom palestinavener og -aktivistar, er ikkje tilfeldig; i tråd med tidsanda på 1970-talet handlar boka fyrst og fremst om det palestinske folket. Med tanke på tittelen på den nye boka, kunne eg no forvente meg ei bok om den israelske staten? Allereie i føreordet ser det ut til at eg får rett: «Å kjenne palestinernes historie er ikke nok, vi må også forstå staten Israel.» (s. 6)

Korleis kunne denne staten oppstå, ekspandere og overleve? Follow the money, er tilnærminga til (økonomen) Lysestøl. Den økonomiske historia til Israel handlar i stor grad om pengar utanfrå: Frå byrjinga av 1900-talet var strategien oppkjøp av jord i Palestina med pengar frå rike sionistar i Europa. Etter 1948 vart staten finansiert av kapitalen jødiske immigrantar tok med seg, innsamling mellom sionistar elles i verda, støtte frå USA og krigserstatning frå Tyskland – dei fyrste åra var 90 % av investeringane utanlandsk kapital. Seksdagarskrigen i 1967 opna Vestbreidda og Gaza som nye marknader for israelsk eksport, og i etterkant av krigen auka pengestøtta frå USA kraftig. Liberaliseringsbølgja på 1980-talet skylde også over Israel, og saman med optimisme og von om normalisering i kjølvatnet av Oslo-avtalen i 1993 gjorde det Israel i stand til å trekkje til seg investeringar og byggje opp ein sterk teknologisektor ved hjelp av kapital utanfrå. Oslo-avtalen hadde også den verknaden at verdssamfunnet, gjennom Gjevarlandsgruppa, tok over delar av Israels utgifter til okkupasjonen av Vestbreidda og Gaza, og indirekte sponsar israelsk eksportindustri gjennom den negative handelsbalanse dei okkuperte områda har med Israel. Utan desse pengane utanfrå hadde det ikkje vore mogleg å byggje opp Israel som både krigsmaskin og velferdsstat; at det er ei utfordring kan sjåast på store offentlege innsparingar på 2000-talet samtidig som utgiftene til okkupasjon og militære operasjonar har auka og tynga ned statsbudsjetta.

Oppfølgingsspørsmålet etter ein slik gjennomgang vert naturleg nok «Hvem tjener på okkupasjonen?» (s. 135). Dette er den andre typen paradoks ein møter når ein freistar forstå Israel/Palestina-konflikten: Med dei økonomiske, sosiale og menneskelege kostnadane okkupasjonen av Vestbreidda og dei stadige væpna operasjonane i Gaza fører med seg, verkar det openbert at Israel og israelarane ville vere best tente med å finne ei løysing på konflikten. Anten løysinga blir éin stat eller to statar er det ingen grunn til å tru at israelarane ikkje vil kome ut av det med i alle fall ein del av dei økonomiske privilegia i behald, slik som dei kvite i Sør-Afrika gjorde det ved avskaffinga av apartheid. Så kva er det å tene på okkupasjonen? Eksklusiv tilgang på den palestinske eksportmarknaden, billig palestinsk arbeidskraft, tilgang på naturressursar og areal. Ja vel, men vil ikkje dette også vere gjeldande ved ei (realistisk) løysing på konflikten? «Vinnarane» av okkupasjonen er openbert våpen- og tryggingsindustrien som både får omsetjing for produkta sine og eit stort «laboratorium» å teste dei i. Men er omsynet til våpenindustriens profitt tilstrekkeleg til å oppretthalde status quo? Det synest som det må vere også andre kreften i spel enn berre dei økonomiske. Desse er litt vanskeleg å få taket på i Lysestøls økonomiske framstilling; krigar vert reduserte til fotnotar (s. 80) og sionismen er alltid representert ved den «sionistiske eliten».

På trass av dette: Israel gjev ein konsis og lettlesen innføring i Israels økonomiske historie, og høyrer heime i bokhylla til alle palestinaaktivister og -vener og andre som vil skjøne meir av konflikten. For personar med kortare fartstid for å forstå Palestina, kanskje gjerne yngre aktivistar, gjev boka også ei kort og grei innføring i bakgrunnen for og opprettinga av staten Israel. Det at boka gjerne kan stå ved sidan av nokre andre bøker i aktivistens bokhylle, er ikkje noko eigentleg problem. Inga framstelling kan ha med alt, og Lysestøl tek føre seg eit viktig og grunnleggjande område – og eit som ikkje har fått mest merksemd i den norske litteraturen om konflikten. Undertittelen Bak muren av myter og propaganda ymtar om at det skal gå føre seg myteknusing, en kva mytar som vert avliva er vanskeleg å sjå. (Det måtte i så fall vore ein myte om at Israel har klara seg utan hjelp utanfrå, men det er det vel knapt nokon i Noreg som trur på; sjølv kristensionistane er jo opptekne av å hjelpe Israel.) Ein kunne difor seie at boka ikkje lever opp til tittelen, men eg vil velje å snu på det og heller seie at tittelen ikkje lever opp til boka. Ein må ikkje alltid avlive mytar når ein skriv om Israel og Palestina. For meg held det lenge med kunnskap som gjer meg i betre stand til å forstå konflikten og dei ibuande paradoksa.

Mass Soldal Lund