7. Rettssaka mot Milosevic

Av

2008-02A

Den fire år lange rettssaka mot Slobodan Milosevic var kulmineringa på DIFJ si teneste i NATO sitt Balkan-program. Ho var lagt opp for å vise verda gjennom ein detaljert prosedyre som førte fram mot dommen over den serbiske toppleiaren – den første statsleiaren i moderne tid var tiltalt, gripen og prøvd på denne måten – at «historisk dom og skam ventar det folket som brotsverka deira vart gjort i namnet til», slik statsråd Lawrence Eagleburger uttrykte det i 1992. [95] Som med DIFJ i det heile, gjekk ein ut i frå at denne rettssaka skulle «hjelpe til å forme korleis noverande og framtidige generasjonar skulle sjå på krigar og spesielt på Serbia si rolle i desse,» slik advokatane for denne typen «internasjonal rettferd» ved «Human Rights Watch» klart forstår det. [96] Dette kravde innramming av tiltalar rundt serbarane sitt eineansvar for krigar som daterte seg bakover til sommaren 1991, då Slovenia og Kroatia erklærte sjølvstende – og med NATO si krenking av FN-traktaten i 1999 rettferdiggjort på eit moralsk grunnlag som blir påstått å kunne bli sett over traktaten sine restriksjonar på bruk av makt.

Men DIFJ sitt overfall på Milosevic starta klønet med ein hastig forma tiltale for Kosovo i mai 1999, klart utforma for å kome eit PR-behov i møte ved å fjerne blikket frå NATO si bombing av sivile installasjonar – noko som var ei krenking av internasjonal lov. Eit anna problematisk rettsleg steg var kidnappinga av Milosevic og sendinga av han til Haag i juni 2001 i strid med avgjerda til den jugoslaviske grunnlovsretten. Ein gjekk vidare på kompromiss med rettferd gjennom den for seine utvidinga av tiltalen etter at Milosevic var fengsla, først til å omfatte Kroatia (8. oktober 2001) og til slutt Bosnia (2. november 2001). [97] Den siste av desse var særleg viktig for DIFJ sidan han gjorde det muleg å reise tiltalen om «folkemord» mot han for første gong. Det ser ut som om dette var ei følgje av retten sin dom mot Radislav Krstic for «folkemord» i Srebrenica-saka tre månader tidlegare, og aktoratet si vurdering av at sikting for«folkemord» ikkje ville stå seg på bakgrunn av hendingar i Kosovo åleine, der overslaga over døde i den 78 dagar lange bombekrigen hadde falle frå NATO sin påstand om 500 000 døde albanarar til godt under det endelege, men framleis oppblåste overslaget på 11 000. [98] I tillegg fanst no det problemet at NATO kunne vere ansvarleg for like mange døde i Kosovo som den serbiske hæren, noko som ville reise spørsmålet om korfor Milosevic og ikkje Clinton og Blair skulle bli taua inn. Dette kunne bli omgått ved å knyte Milosevic til falne i Kroatia og i Bosnia, også om det skulle vere forelda, og framleis med behov for å samle bevis – men dette var rutine i eit rettssystem der tiltale ofte kom først, mens ein håpa finne bevis seinare.

Også før kidnappinga og med endra tiltale i løpet av rettssaka vart framdrifta dekt av ei vedvarande hamring frå tiltalemakta ved DIFJ og andre tenestmenn med offentlege klager mot mannen som stod for retten, ein pågåande demoniseringsprosess med det målet å bygge opp støtte for DIFJ og operasjonane til denne domstolen, noko som ikkje kan vere i samsvar med rettferdig prøving for ein domstol. Men det var i samsvar med det politiske siktemålet med domstolen, med den kjensgjerninga at det å finne Milosevic skuldig var bygd inn i DIFJ då domstolen vart skapt. Som John Laughland peikar på, så er DIFJ ein «rettsinstans» der «heile filosofien og strukturen er tiltale.» Det er derfor dommarane der gradvis aksepterer ein straum av domsavgjerder som er øydeleggande for forsvaret og for det å gjere rettferdig prøving muleg – inkludert det å tillate rykte som bevis, hemmelege vitne og lukka rettsmøte (dei to siste kategoriane tatt i bruk når det gjeld 40 % av vitneprova i saka mot Milosevic). DIFJ tillet til og med ein anke og prøving på ny av ein frifunnen saksøkt – «med andre ord kan DIFJ fengsle ein person som domstolen nettopp har funne ikkje skuldig.» [99]

Rettssaka gjekk vidare, mens domstolen framleis samla «bevis». Dei fleste bevisa vart skaffa fram av sneisevis av påståtte vitne til påståtte brotsverk, største delen var rykte, og nesten ingen av dei var knytt til avgjerder fatta av Milosevic eller knytt til noko som skil handlingane hans frå slikt som kunne bli sagt mot Izetbegovic, Tudjman eller Bill Clinton. Laughland viser svært overtydande at den uvanlege lengda på rettssaka på ingen måte hang saman med oppførselen til Milosevic, ein falsk påstand gjentatt mange gonger i dei store media. Lengda var grunna i det faktum at dette var ei politisk rettssak som i grunnen kravde omfattande bevis, og rettsforfølginga, kjempande for å gjere ei utpønska sak sannsynleg, dreiv ho fram i eit forsøk på å gjere godt for mangelen på eitkvart bevis som støtta tiltalane deira ved hjelp av volumet på irrelevante vitne som kunne prove lidingar under borgarkrigane. [100]

Eit nøkkelpunkt i rettsforfølginga var den forelda siktinga for at Milosevic var innblanda i eit «felles kriminell prosjekt» (FKP) saman med serbarar i Kroatia og Bosnia med siktemålet å kvitte seg med ikkje-serbarar med makt på vegen fram mot eit Stor-Serbia. Dette FKP finst ikkje i tidlegare lover eller i statuttane til DIFJ. Det var improvisert for å kunne tillate funn av skuld overalt og til ei kvar tid. Du er del i eit FKP viss du gjer noko dårleg saman med nokre andre, eller går til angrep på dei same saman med nokon som gjer noko dårleg. Med dette felles siktemålet treng du ikkje ein gong vite om kva nokon andre gjer for å bli del i eit FKP. Laughland har ein øydeleggande analyse av denne merkverdige elastiske doktrinen, og slår fast at Milosevic sannsynlegvis hadde vorte dømt på grunnlag av doktrinen sitt grip alle – eller grip nokon – oppblåsbart. [101] Sjølvsagt passar det mykje betre dei sameinte Clinton-, Blair- og NATO-prosjekta i Jugoslavia, eller kroatane si USA-støtta etniske reinsing av serbarar frå Krajina i august 1995. Men det er ingen som kan tvinge eit FKP mot dei, mens vi har DIFJ til å ta vare på USA og NATO sine mål.

På den eine sida vann Milosevic rettssaka på ein selvstendig/traust (substantive) måte. I sigeren sin vart han hjelpt av det faktum at dette var ei politisk utstillingsrettssak. Saka mot han var til å le av og mykje svakare enn saker som kunne ha vorte reist mot Clinton, Blair, Tudjman eller Izetbegovic. Saka var frykteleg feiladministrert, og trass i eit dystert rettslokale og media forvridd mot han, var Milosevic i stand til å avdekke mykje av det sårbare som lever vidare i den massive databasen til DIFJ. Korleis vil den noverande generasjonen sjå på ei rettssak som ikkje har vorte forma av dei?

På den andre sida så drap ikkje berre DIFJ Milosevic, [102] men med hjelp frå vestlege media og intellektuelle kom den substantive sigeren bort og vart ikkje rekna med, mens demoniseringa og påstandane om kampen hans for å skape eit «Stor-Serbia» blir ståande.

Notar:

95. Elaine Sciolino, «U.S. Names Figures It Wants Charged with War Crimes», New York Times, 17. desember 1992.

96. Sara Dareshori, Weighing the Evidence, Human Rights Watch, desember 2006, s. 5.

97. Da Milosevic 28. juni 2001, ble han overført til Scheveningen-fengselet I Haag, var den eneste tiltalen mot ham den opprinnelige fra Kosovo (22. mai 1999).

98. Anklagen om «folkemord» er til stede både i den opprinnelige og utvidede anklagen mot Milosevic når det gjelder Bosnia, men ikke i noen av de tre anklagene når det gjelder Kosovo eller noen av de tre anklagene når det gjelder Kroatia.

99. John Laughland, Travesty (Ann Arbor, Mi: Pluto Press, 2007), s. 97 og videre. Se også Mandel, How America Gets Away With Murder, kap. 4–5, s. 117–75, Johnstone, Fools’ Crusade, s. 91–109 og Hans Köchler, Global Justice or Global Revenge? International Criminal Justice at the Crossroads (New York: Springer-Wien, 2003), annex 1, s. 353–56.

100. Laughland, Travesty, kap. 5–6, s. 88–124.

101. Laughland, Travesty, s. 110–24. Se også David Chandler, The ‘Butcher of the Balkans’? (University of Westminster, UK, 2006), http://www.davidchandler.org. Dette siste arbeidet ble utarbeidet på forespørsel fra Milosevic’ forsvarere, men, siden Milosevic døde, ble det aldri formelt lagt frem.

102. Laughland, Travesty, s. 203–04.