6. Det bosniske«folkemordet» varer ved trass i smertefull revisjonisme frå det indre av det etablerte

Av

Nr 2a 2008

Å skulde kritikarar for «å nekte for» avskyelege hendingar, det er ein populær avleiingsteknikk. Ein annan velprøvd mekanisme er å skulde dei for «revisjonisme». Kvar gong fastslåing av fakta leier nærmare til uønska sanningar, blir det moralske og kjenslebunde bona fides «Holocaust» løfta fram som eit skjold for å avleie. Når ein av dei tilstadeverande forfattarane byrjar å skrive kritisk om rolla som Kambodsja under Raude Khmer spela for «rekonstruksjonen av imperieideologi», vart det klart at å reise tvil om korleis – breitt spreidd og nokre gonger tvilsam – informasjon vart brukt, kunne bli møtt med skulding om å vere «apologetar for Pol Pot» og det som verre var. [78]

For tre tiår sidan vart det argumentert med at «Propagandasystemet har fått plikt til å dra ut alt det kan tene på elendet i Kambodsja. Spørsmålet om kva som er sant, kjem i andre rekke.» [79] Behandlinga av Jugoslavia etter 1991 stadfestar denne kritikken til fulle. Etter at dei rettslege granskarane som følgde NATO inn i Kosovo, grov opp langt færre kroppar enn venta, avviste Michael Ignatieff i det han skreiv i New York Times som «revisjonist» einkvar som på grunnlag av manglande kjensgjerningar konkluderte med at NATO hadde fare med løgn. [80] I staden for å svare kritikarane, vart dei avvist med eit retorisk knep.

Påstandar om at bosniske serbarar eller etniske serbarar allment hadde gjort seg skuldige i brotsverk mot menneskjeætta og folkemord, vart sett fram tidleg og ofte under demonteringa av Jugoslavia. Ein kritisk støttepillar for desse påstandane var talet på sivile bosniske muslimar som ein gjekk ut frå var drepne av serbarar, lagnaden deira vanlegvis skildra på den mest grelle måten. «Folkemordarisk serbisk aggresjon begynte i Kroatia sommaren 1991… (deretter) flytta til Bosnia våren 1992 og skarpt utvida.», skreiv USA sin representant Frank McCloskey (D.-IN) nyttårsaftan 1992. «Serbiske styrkar i Bosnia har drepe mellom 128 000 og 200 000 personar – nesten kvar tiande bosniske muslim.» Då han deltok i samtalar i Genève første veka i 1993, gjentok den bosnisk-muslimske presidenten Alija Izetbegovic talet 200 000 og la til at muslimske kvinner i Bosnia hadde vorte offer for den «mest massive voldtekt i menneskjehistoria.» Då han talte i Washington D.C. kort tid etter, gjentok han på ny talet 200 000. I ytringar til Carnegie-stiftelsen slo han fast at «dei siste ni månadane har meir enn 200 000 menneske vorte drepne i Bosnia-Herzegovina, noko som inneber neste 1 000 per dag.» [81] Innan 48 timar var gått var påstandane til Izetbegovic rapportert av Washington Post, National Public Radio, Associated Press, London-avisa Independent og New York Times.

Tett etter reportasjane sommaren før om serbiske konsentrasjonsleirar og til og med om dødsleirar – og plassert innafor ei journalistisk setting pumpa opp til å tru dei verste skrekkhistorier om serbarar – vart talet 200 000 raskt eit golv som overslag sjeldan kom under, men ofte vart løfta over. (Richard Holbrooke opna Å slutte ein krig med å slå fast at «Mellom 1991 og 1995 var nær på tre hundre tusen menneske drepne i tidlegare Jugoslavia», og han heldt fram med å gjenta talet 300 000 i dagane etter at Milosevic døydde.) Lettlurtkvotienten var svært høg trass i det faktum at talet ikkje var stadfesta og kom frå partiske kjelder som regelmessig feilinformerte i jakt på vestleg interveneringshjelp. Mange journalistar omfamna desinformasjonen. «Det er ikkje noko forsøk her på å vere objektive overfor dei som stod for det etniske blodbadet i Bosnia eller overfor dei som stagga dei,» slo Ed Vulliamy fast i opninga av boka Årstider i Helvete som heldt fram med å finne «ekko» og «politisk resonans» med«Naziprosjektet» over alt der serbarar greip til våpen. I juli 1993, la Vulliamy til, hadde det serbiske prosjektet etterlate seg «hundretusenvis døde muslimar ….» «Serbarane kom, dei slakta og dei erobra mens verda såg på,» slo David Rieff fast i 1995. «Som eg skriv, så er folkemordet nær på fullendt.» [82]

Språk og bildebruk tatt frå nazistane sitt forsøk på å utrydde jødane i Europa vart regelmessig brukt om hendingar i Bosnia frå sommaren 1992 og framover, og deretter gjentatt i Kosovo frå tidleg i 1998 av (sjå del 10). I begge rekneskapane vart gjerningsmennene og offera definerte i etnisk-religiøse kategoriar: Serbarar mot «bosniakarar» og «kosovarar». Væpna konfliktar vart omsett til rasistiske pogromar. Siger var ikkje knytt til at fienden overgav seg, men til utrensking av offer-rasen frå serbarane sitt «Lebensraum». Tiltaleserien retta mot Milosevic m.v. for Kroatia, Bosnia og Kosovo illustrerer godt den rolla som nazi-eksemplet spelte for DIFJ, og som vart delt av historikarar og journalistar. Slik ser dei to tiltalane for Bosnia heilt frå innleiinga av på borgarkrigen som ein gigantisk, etnisk-religiøst motivert konspirasjon gjennomført av serbarar mot dei andre folka i Jugoslavia: «Siktemålet til dette samordna kriminelle tiltaket var den valdelege og permanente fjerninga av fleirtalet av ikkje-serbarar, framfor alt av bosniske muslimar og bosniske kroatar, frå store område av republikken Bosnia-Herzegovina ….» [83]

Første og andre punktet i Bosnia-tiltalen mot Milosevic et al. gjaldt «folkemord eller medverking til folkemord,» grunna i at ein gjekk ut i frå det var 200 000 eller fleire døde i ein serie med borgarkrigar. Lågare overslag frå andre med tilgang til etterretning, slike som dei frå den tidlegare UD-tenestemannen George Kenney, som sette totalen til «titusenvis inkludert sivile,» [84] vart ignorert.

Men i konflikt med partilinja gav etterforskarar for den demografiske eininga til DIFJ sitt tiltaleorgan og det Sarajevo-baserte Forskings- og dokumentasjonssenteret uavhengige overslag på krigsrelaterte døde i eit omfang av 100 000 på alle sider. I den første studien utført av Ewa Tabeau og Jakub Bijak fann ein at berre 55 000 døde av i alt 102 622 hadde vore sivile, inkludert 16 000 serbarar. Resten, 47 000, var medlemmer i ulike militære grupper. [85] I arbeidet til den andre instansen som framleis er i gang, leia av den bosnisk-muslimske juristen Mirsad Tokaca, har det samla talet på døde i borgarkrigane i Bosnia vorte estimert til 97 207 på alle sider. Av desse var 57 523 soldatar då dei døde og 39 684 var sivile. [86] Dette er på ingen måte små tal. Men dei er mykje mindre dramatiske enn 200 000 døde (eller fleire) bosniske muslimar, og langt mindre tilfredsstillande viss ein ivrar etter å fremje ei sak som «folkemord», og rettferdiggjere det intense fokuset på denne konflikten samanlikna med andre der dødstala har vore sjusifra. [87] Og trass i at talet på døde sivile bosniske muslimar sannsynlegvis var dobbelt så høge som tala på døde serbarar (eller nær på 31 000) så skjedde nokre av dei muslimske dødsfalla i kamp mellom kroatiske og muslimske styrkar og i kampar mellom muslimske grupper. [88] 16 000 døde sivile serbarar skal ein heller ikkje oversjå. Dette faktumet åleine talar imot partilinja som held serbarane for berre å vere eintydige mordarar og ikkje i større omfang offer. Som vi viser seinare (del 9), overskrid talet på serbarar som har vorte verande bortdrivne av desse konfliktane tilsvarande tal for ei kvar anna etnisk gruppe. Og talet på serbarar som er nekta sjansen til å vende tilbake til område dei vart drivne bort frå, er større enn for rivalane.

Den store nedrevideringa av krigsrelaterte dødsfall i Bosnia kom som eit sjokk på media og kommentatorar som over tid hadde vent seg til å gjenta klisjéløgnene. Berre motstrevande har dei oppblåste tala begynt å vike plass for meir autoritative 100 000. Og sjeldan blir det vedgått at årevis med feilrapportering krev ei fundamental gjennomtenking rundt grunnlaget for det som har vorte rapportert tidlegare.

Aller minst muleg å korrigere av alt har det vi kallar den bosniske folkemordlobbyen vore – eit sett med institusjonar og personar betalt av vestlege regjeringar, partstøttemilliardæren George Soros og dei etablerte NGO-nettverka der medlemmene ser det som si oppgåve å vakte standardhistoriene mot alvorleg utfordring. For lobbyen er DIFJ, ein internasjonal domstol oppretta av FN, den øvste autoriteten når det gjeld spørsmålet om kor vidt serbarar gjorde seg skuldig i «folkemord» i Bosnia. DIFJ blir sett på som ubunde, trass i massive bevis for det motsette. (Sjå del 4 og del 7) Medlemmene av lobbyen bruker regelmessig skuldingane «nekting» og «revisjonisme» for å feie til sides eit kvart spørsmål om partilinja i det dei behandlar skepsis som utoleleg. Mens slike teknikkar har fungert når det gjeld massakren i Srebrenica, er funna til Tabeau og Bijak og til Etterforskings- og dokumentasjonssenteret vanskelegare å avfeie som «revisjonisme», og endå mindre som «nekting». I dette tilfellet har valet vore å halde seg tause, ein utveg som også har vore valet til etablerte media.

For å teste dette gjorde vi eit databasesøk i fjorten ulike engelskspråklege trykte media etter namngiving av dei som hadde utført desse undersøkingane (Ewa Tabeau, Jakub Bijak og Mirsad Tokaca) i samband med dei viktige funna deira. [89] Til enden av mai 2007 hadde det berre vore ei melding nokon stad i medie-universet vårt: Den 13. februar 2006 rapporterte London-avisa Independent at «Mirsad Tokaca, leiaren for Senteret, grunnlagt og finansiert av Noreg, avslutta ei liste på 100 000 borgarar av Bosnia, drepne i krigen.» [90] Trass i den tunge bruken av det tidlegare høge talet på drepne, og dei viktige konklusjonane som desse tidlegare oppgåvene støtta, vart ikkje det nye forskingsarbeidet funne nemneverdig. Til og med då Forskings- og Dokumentasjonssenteret frigjorde det oppdaterte arbeid sitt i juni 2007 i eit dokument kalla Bosnisk Dødsbok, ofra det same mediet i alt berre 251 ord på hendinga, trass i at veteranforskaren Patrick Ball hadde slått fast at informasjonen er «betre enn noko eg har arbeidd med så langt.» [91] Men som når det gjeld all tidlegare nedrevidering, så fortalde dei siste den galne historia.

Etter at Slobodan Milosevic døydde i mars 2006, utførte desse forfattarane ein serie med databasesøk for å finne ut kva slags dødstal som no vart rapportert frå krigane i Bosnia eller frå tidlegare Jugoslavia i det heile. [92] Vi fann at det oppblåste talet 200 000, eller til og med høgare, vart brukt i minst 202 ulike samanhengar (dvs. i nyheitsoppslag, leiarartiklar, oppslag om dødsfall m.v.), og dei nyare etablerte funna berre i 13. I minst 126 ulike oppslag var dødstala rapportert å ha vore 250 000 (99 oppslag i alt) eller 300 000 (27 oppslag). For USA-media isolert var forholdet 76 til 2 i favør av dei høgare tala som var tilbakevist i dei nye studia. Det er eit vitnemål om den djupt rotfesta forteikninga til media at dødstala gitt ut av relativt høgt verdsette offentlege kjelder, no ikkje kunne bli brukt i staden for gamle og høgare tal som skreiv seg frå skruppellause bosnisk-muslimske tenestemenn. Journalistane hatar å forlate tal som har passa forvridingane deira så godt.

I eit anna sjokkerande tilfelle, under ei gjesteopptreden på PBS sitt Charlie Rose Show i juni 2007, slo DIFJ sin sjefsaktor Carla Del Ponte fast at «meir enn 300 000 sivile hadde døydd som følgje av krigane i Kroatia, Bosnia og Kosovo,» dødsfall som ho tilskreiv Slobodan Milosevic ansvaret for. Som ein vidareforteljar av standardhistoria, og som sentral forkjempar for Vesten sin intervensjon i tidlegare Jugoslavia, kan Del Ponte drive intellektuelt mord både her og anne andre stader. (For merknadane hennes om NATO sin manglande kjennskap til noko som helst tilfelle av krigsbrotsverk knytt til bombekrigen i 1999, sjå del 4.) I staden for å erkjenne den djupt politiske naturen til Del Ponte si stilling og stille ho til ansvar for slike merkelege påstandar, introduserte Rose ho som ein «kvilelaus forfølgjar av rettferd» og behandla ho med krypande respekt. [93]

Vi finn det interessant at i Vesten har ein million eller fleire døde irakarar frå sanksjonane mot «masseøydeleggingsvåpen» og dei fleire hundre tusen døde irakarar i kjølvatnet av USA sin invasjon i 2003 aldri vorte presentert som «folkemord» eller hendingar som «vi ikkje må gløyme,» og dei fortener ikkje indignasjonen til Ed Vulliamy, David Rieff, Samantha Power og tonegivande media. Utdrivinga av 250 000 serbarar frå Kroatia og drapa på fleire tusen av dei fortener ikkje ein gong å bli kalla «etnisk reinsing», og langt mindre folkemord. Dei fleire hundre tusen serbarane som vart drepne av den Uavhengige staten Kroatia sitt Ustasja-regime ved Jasenovac og i andre fangeleirar under den andre verdskrigen – nokre overslag går opp i 600 000 [94] – og dei 16 000 sivile serbarane som vart drepne i Bosnia i 1992–95, har effektivt kome bort, mens dei 31 000 drepne sivile muslimane i dei seinare åra er løfta opp til verdsklassestatus som offer for folkemord. Kort fortalt, dette er ord som berre skal bli brukt når ein skal omtale brotsverka til USA sine fiendar, med høveleg merksemd og indignasjon lagt til.

Notar:

78. Noam Chomsky og Edward S. Herman; After the Cataclysm (Boston; South End Press, 1979), særleg 135–294; og Edward S. Herman og Noam Chomsky, Manufacturing Consent, andre utgåve. (New York: Pantheon Books, 2002), særleg 260–96. Sjå også Edward S. Hernan, «Pol Pot, Faurisson, og fritaksprosessen», i Carlos P. Otero, Noam Chomsky, Critical Assessments, vol. 3, Anthropology (New York: Routledge, 1994), 598–615.

79. Chomsky og Herman, After the Cataclysm, 292.

80. Michael Ignatieff, «Counting Bodies in Kosovo», New York Times, 21. November 1999.

81. USA sin representant Frank McCloskey, «USA stansar fascisme og folkemord», Christian Science Monitor, 31. desember 1992; John A. Callcott, «Fem dagars pause i fredssamtalane for Bosnia-Herzegovina», UPI 4. januar 1993; «Den bosniske presidenten Alija Izetbegovic sine merknader til Carnegie-hjelpa», Federal News Service, 8. januar 2993.

82. Ed Vulliamy, Seasons in Hell (New York: St. Martin’s Press, 1994), xi; 43; Rieff, Slaughterhouse, 17.

83. Carla Del Ponte, Prosecutor of the Tribunal against Slobodan Milosevic (IT-01-51-1), DIFJ, 22. November 2001, §§ 5–9.

84. George Kenney, «The Bosnian Calculation», New York Times Magazine, 23. april 1995.

85. Ewa Tabeau og Jakub Bijak, «War-related Deaths in the 1992-1995 Armed Conflicts in Bosnia and Herzegovina,» European Journal of Population 21, (June 2005): 187–2 15; her 209; og note 12, 213.Tallene er hentet på følgende måte: Tabeau og Bijak anslår at 16 700 serbiske sivile dødsfall under krigen i Bosnia er den beste gjetningen (se note 12, s. 213). Hvis vi tar dette som et grovt anslag i et vanskelig terreng, kan vi videre anslå grovt bosniske muslimske sivile dødsfall ved å ta Tabeua og Bijaks totale bosniske sivile dødsfall på 55 261 og trekke fra 16 700 serbere og 8 294 kroater og «andre» sivile dødsfall, noe som gjør at det totale antallet muslimske sivile dødsfall ligger på 31 000. Tallene på kroater og andre, er regnet ut ved å ta utgangspunkt i andelen disse utgjør av de totale dødsfallene hos Tabeau og Bijaks som de benytter seg av i en alternativ utregning (se deres tabell 5, s. 204) Det bør påpekes at Tabeau og Bijak arbeidet for DIFJ og avla vitnemål for forfølgelsene i rettsaken mot Milosevic, slik at de, hvis de har noen fordommer, neppe gjør serbiske dødsfall høyere enn de er. Til sist bør vi også peke på at Milan Bogdanic, en av lederne for Instituttet for Savnede Personer i Bosnia og Hercegovina, har gitt rapport om funn av 3 251 levninger i hele 63 «massegraver» med serbere, noe som ikke har vakt noen som helst interesse i vestlige medier (se «Serb officials say mass grave discovered in northwestern Bosnia,» BBC Worldwide Monitoring, 21. februar 2006).

86. Se Mirsad Tokaca et. al., «Status of Database by Centers,» Research and Documentation Center, http://www.idc.org. Se også Nidzara Ahmetasevic, «Bosnia’s Book of the Dead,» Balkan Investigative Reporting Network, 21. juni 2007; og Christian Jennings, «Book of Dead names nearly 100,000 victims,» The Scotsman, 22. juni 2007.

87. Se, f.eks. B. Coghlan et. al., «Mortality in the Democratic Republic of Congo,» The Lancet (s. 367), 7. januar 2006, s. 44–51. Selv om den er over tre år gammel, konkluderer denne studien med at «omlag 3,9 millioner personer allerede har dødd som resultat av denne konflikten mellom august 1998 og april 2004.»

88. Se Brendan O’Shea, Crisis at Bihac (Gloucestershire, U.K.: Sutton Publishing, 1998).

89. De databasene som ble brukt, er Factiva og Nexis. De mediene som ble undersøkt var dagsavisene Boston Globe, Financial Times, The Guardian/Observer, The Independent, New York Times, The Times (London), Toronto Globe and Mail, USA Today, Wall Street Journal og Washington Post, og ukemagasinene The Economist, Maclean’s og Newsweek. Alle mediene ble undersøkt for perioden frem til 31. mai 2007.

90. Vesna Peric Zimonjic, «Five years on, Milosevic is still in the dock», The Independent, 13. februar 2006.

91. Aida Cerkez-Robinson, «Research shows many estimates of Bosnian war death toll were severely inflated,» Associated Press, 21. Juni 2007. The Financial Times brukte 77 ord på RDCs reviderte tall, New York Times 102 og Guardian Weekly 72.

92. Se Edward S. Herman og David Peterson, «Milosevic’s Death in the Propaganda System,» i Peter Phillips, red., Censored 2007 (New York: Seven Stories Press, 2006), s. 380þ88. De databasene som ble brukt, er Factiva og Nexis. De mediene som ble undersøkt besto av et stort antall engelskspråklige kilder som hentet informasjon fra ulike nyhetsbyråer (inkludert AFP, AP, DPA, Reuters og mange andre), europeiske, kanadiske og amerikanske trykte medier, TV og radio, og medier fra andre regioner (f.eks. Australia, men ikke bare), og omfattet elleve dager fra og med Milosevic’ død 11. mars 2006.

93. «A Discussion With Carla Del Ponte,» The Charlie Rose Show, 20. juni 2007.

94. I følge The Encyclopedia of the Holocaust, «Omlag 600 000 personer ble drept ved Jasenovac, først og fremst serbere, jøder, roma og motstandere av Ustasja-regimet» (s. 740). Israel Gutman, red. (Jerusalem: Jerusalem Publishing House, 1990), vol. 2, s. 739–40.