5. FN, DIFJ og massakren i Srebrenica

Av

2008-02A

FN og DIFJ spela sentrale roller i institusjonaliseringa av massakren i Srebrenica som handlinga og beviset for serbisk kriminalitet og «folkemord» i Bosnia – eit «frykteleg brotsverk», som Kofi Annan sa, og «det verste på europeisk jord etter andre verdskrig.» [64] I midten av juli 1995 var det klart at fleire tusen av Srebrenica sine mannlege innbyggarar hadde kome seg bort og over til område som var kontrollert av bosniske muslimar, nokre av dei til og med heilt til Serbia. Det var også klart at ukjent mange hadde døydd i harde kampar. Påstanden om at 8 000 bosniske muslimar hadde vorte avretta der var grunna i ein alarm frå Raude Kors om at kontoret deira i Tuzla hadde registrert etterlysing av 8 000 bortkomne personar: 5 000 «personar som tilsynelatande flykta ut av enklaven før han fall» pluss 3 000 «personar som var rapportert arrestert av dei bosnisk-serbiske styrkane.» [65] På dette tidspunktet, i midten av september 1995, låg det berre føre få rapportar om det slaget opportunistisk dreping som skjer i ein krig, saman med påstandar om masseavretting. Men i eit påfallande propagandaslag var tusenvis av flyktningar og fallne i kamp glømte, og dei 8 000 vart raskt offer for avretting og folkemord. Og vidare, ulikt andre tilfelle der tidleg overdrivne og spekulative overslag av tal på døde gradvis vart revidert nedover i lyset av harde fakta – slik som med estimata over drepne kosovoalbanarar under NATO sin bombekrig, eller talet på døde ved World Trade Center den 11.9 [66] – har dette opphavlege talet på 8 000 bortkomne, no avrette menn i Srebrenica, aldri vorte revidert ned frå det opphavlege svært problematiske nivået. Det har vorte ståande fast og uforanderleg, trass i at ikkje noko i nærleiken av stadfestande bevis har kome opp.

På den tida i 2001 då den bosnisk-serbiske generalen Radislav Krstic stod for retten med tiltale som omfatta «folkemord», etter seks år med rettslege undersøkingar av gravplassar som kunne ha med Srebrenica å gjere, var det funne restar av 2 028 menneske («konservativt estimert,» i følgje retten). [67] Trass i dette klarte retten å konkludere at det «samla talet» avretta mannlege bosnia-muslimar truleg låg «innafor området 7 000–8000», og at dødsfalla til 7 000–8 000 menn i militær alder i denne spesielle regionen langt aust i Bosnia var del av «eit forsøk på delvis å øydelegge den bosnisk-muslimske folkegruppa.» [68] Krstic var skuldig i«folkemord».

Med denne forskrudde avgjerda, politisk til kjernen, avgjorde retten at «folkemord» kunne og hadde skjedd i ein liten by, trass i at inntrengarane frakta kvinner og born til trygt område i bussar, og retten vedgjekk det usikre rundt kor mange av dei bortkomne som verkeleg var avretta, og kor mange som var drepne i kamp. Reelt gjetta berre retten på at fleirtalet av dei bortkomne var avretta. «Bevis gitt av vitne, som stadfesta ved rettslege og demografiske kjensgjerningar lagt fram av OTP, peikar sterkt på at over 7 000 menneske kom bort som følgje av overtakinga av Srebrenica,» heiter det i ei setning. «Samsvaret mellom alder og kjønn av kroppane som vart tatt opp av gravene i Srebrenica og tilsvarande data for dei sakna personane stør påstanden om at dei fleste av dei bortkomne verkeleg var avretta og gravlagde i massegraver.» [69] Som Michael Mandel skriv: Eit «fleirtal av eit maksimum på 7 000–8 000 ville plassere maksimalt avretta nærmare 4 000» – eller grovt sett halvparten av det vanlege bildet.

«Så, korfor det overdrivne talet?», spør Mandel – og han svarar:
«Fordi retten i grunnen ikkje var interessert i mordtiltalen. Dei var ute etter den store premien til folkemord, ei langt vanskelegare sak, så dess høgare tal på døde, dess betre. Kalkulatoren min fortel meg at retten brukte 33 gonger meir rom i domsavseiinga til å prøve reise folkemordtiltalen enn mordtiltalen, trass i at resultatet for herr Krstic ville ha vorte det same. » [70]

Srebrenica-massakren fann stad månaden før «Operasjon Storm», Kroatia sitt øydeleggande angrep og etniske reinsinga av rundt 250 000 serbarar frå Krajina, med over 1 000 drepne sivile, inkludert over 500 kvinner og born – ingen kvinner og born vart bussa til sikre stader av inntrengarane, slik dei vart i Srebrenica – og meir enn 2 000 var sakna. [71] Det er truleg at fleire sivile vart drepne i denne operasjonen enn då Srebrenica fall, men dette vart gjeve overflatisk dekking i vestlege media, og aldri sett på som ei tilfelle av «folkemord». Tvert i mot, det raske og ubøyelege fokuset på lagnaden til menn i Srebrenica la til rette for den USA-samtykka og støtta reinsingsoperasjonen. Cees Wiebes gjenfortel ei hending i august 1995 der (FN sine militære observatørar) i Zagreb organiserte ein pressekonferanse om storskala brot på menneskerettar utført av bosnisk-kroatar under den nyleg fullførte Operasjon Storm (gjennomført med støtte frå USA). Rommet var fullt av journalistar og det heile var i ferd med å starte opp då ein representant for USA sin ambassade i Zagreb plutseleg kom inn og annonserte at ein pressekonferanse var i ferd med å starte ved ambassaden, der det ville bli frigitt informasjon om flyfoto av mulege massegraver nær Srebrenica. Straks var rommet tømt.» [72]

Madeleine Albright si orientering til Tryggingsrådet hadde den same bortleiings-effekten. Den ettermiddagen då Rådet kom saman for å fatte resolusjonar om både Kroatia og Bosnia, minte Albright Rådet om ikkje å «gløyme tragedien og krenkingane tidlegare i Bosnia mot dei austlege enklavane Srebrenica og Zepa … det omfanget av lidingar som dei førde til … (så) mange som 13 000 menn, kvinner og born … jaga frå heimane sine …» [73] Ho brukte faktisk uttrykket «vi må ikkje glømme» fem ulike gonger i innlegget sitt – kvar gong idet ho viste til Srebrenica og Zepa og dei bosniske serbarane. Dei «døde var ikkje drepne i kampens heite, dei var ikkje drepne i sjølvforsvar, og dei var ikkje drepne ved uhell,» insisterte Albright, «dei var systematisk slakta på ordre frå den serbiske leiarskapen.» Dette er i beste fall ei halv sanning sidan det er opplagt at eit ukjent tal, men mange, vart drepne i kamp. Og vidare, så var dei drepne i Krajina ikkje drepne i kampens heite, i sjølvforsvar eller ved uhell, og det er klare bevis for den kroatiske leiarskapen si rolle i desse drapa og i utdrivinga av mange fleire enn «13 000 menn, kvinner og born frå heimane deira» med støtte frå USA.

I august 2005 erklærte regjeringa i Kroatia tiårsjubileet for Operasjon Storm for å vere ein «Sigers- og takkedag for Heimlandet.» [74] Det innebar at Kroatia offisielt feira den største etniske reinsinga i Europa etter andre verdskrig. Srebrenica var behandla heller ulikt dette: I Bosnia samla toppfolk frå vestlege statar og FN seg på tiårsdagen for massakren i Srebrenica seg ved det nye Srebrenica-minnesmerket ved Potocari for å minnest og «vise respekt for offera for eit frykteleg brotsverk – det verste på europeisk jord etter andre verdskrig» (Kofi Annan). [75] Kan de tenkje dykk Vesten sitt svar viss Serbia hadde erklært tiårsdagen for Srebrenica ein«Sigers- og takkedag for Heimlandet»? Men ingen i Vesten festa seg ved den kroatiske erklæringa, slik årlege feiringar av Operasjon Storm gjennom tidlegare år hadde passert unemnd.

Asymmetrien i korleis Srebrenica-massakren og Operasjon Storm har vorte nedfelt i det vestlege bildet, er slåande. Srebrenica er regulært skildra som den «verste avskyelege hendinga i Europa etter andre verdskrig» – ei formulering som har vorte rutine. Når det gjeld Operasjon Storm, viste den serbiske statsministeren Vojislav Kostunica ved ein seremoni i Beograd i august 2005 på tiårsdagen til «operasjonen» som den «største etniske reinsinga etter andre verdskrig», og ingen har ytra påstand om noko større påtvinga folkeflytting under Balkan-krigane.

Då tiårsjubilea for begge hendingane kom og gjekk i 2005, refererte dei engelskspråklege trykkemedia og etermedia til Srebrenica som den verste avskyelege hendinga (eller den største massakren) i Europa etter andre verdskrig hundrevis av gonger, mens dei same media formidla omtale av Operasjon Storm som den største utdrivinga, flyttinga eller etniske reinsinga i Europa etter andre verdskrig alt i alt femten gonger, av dei berre to gonger på trykk, og ingen av desse i USA eller Storbritannia. [76] Srebrenica er nesten aldri nemnd utan at det blir definert som Europas verste massakre etter andre verdskrig, mens Operasjon Storm praktisk talt aldri blir omtalt som Europas største etniske reinsing etter krigen. Endå ein gong: Tendensiøs politisk framstilling av verdige og uverdige offer styrer merksemd og indignasjon.

Eit anna poeng som det er verdt å merke seg, er at Operasjon Storm på mange måtar var ei tilbakevending til typen krig som den andre verdskrigen si etniske reinsing og massedrap, då den aksemaktskapte uavhengige staten Kroatia (1941–45), leia av den kroatiske fascistiske Ustasja-leiaren Ante Pavelic, slakta serbarar i hundretusental (saman med mange jødar og sigøynarar), mens mange også døydde i kamp eller flykta. Som Nebjsa Malic har peika på, trass i at det tok eit halvt hundreår før talet på serbarar var gjenreist etter desimeringa under krigen, var den ny uavhengige Republikken Kroatia i stand til å gjennomføre ein ny serie desimeringsoperasjonar med kritisk USA-hjelp i åra 1992–95, noko som kulminerte med Operasjon Storm. «Tudjman gjorde Pavelic sin draum om å bli kvitt serbarane i Kroatia til realitet.» skriv Malic. «Det synest som om alt er eit spørsmål om val av allierte.» [77] Og det heile er avhengig av roa og det de facto samarbeidet om humanitære intervensjonar og det internasjonale samfunnet.

64. Kofi A. Annan, «May we all learn and act on the lessons of Srebrenica» (SG/SM/9993), 11. juli 2005.

65. Sjå «Former Yugoslavia: Srebrenica: help for families still awaiting news», ICRC News, 13. september 1995, www.icrc.org; «8 000 manglar, truleg døde, i fallen enclave», AFP, 14. september 1995; «8 000 sakna muslimar», Associated Press, 14. september 1995; «8 000 muslimar sakna», New York Times, 15. september 1995 trykker opp igjen AP-rapporten. Sjå også innleiinga til «Bosnia and Herzegovina», Annual Report 1995, ICRC, 31. mai 1996, § 16, www.icrc.org.

66. På topp nådde estimata over talet på døde i World Trade Center i New York så høgt som 6 886; men dette vart til slutt redusert til 2 749. Sjå Ula Ilnytzky, «Rapport reduserer døde ved trade center med tre til 2 749», Assosiated Press, 23. januar 2004.

67. Dommar Almiro Rodrigues, dom i Prosecutor v. Radislav Krstic (IT-98-33-T) DIFJ, 2. august 2001, § 73. Vi føyer her til at estimatet på 2.028 var grunna i oppgraving av heile eller delar av tjuetre gravplassar med tilknyting til Srebrenica gjennom året 2001. Vi trur at det finst minst endå tjue «kjente» lokalitetar som vil bli gravne opp, trass i at desse truleg er mindre «lovande». Sjå Dean Manning, Vitneforklaring,Prosecutor v. Slobodan Milosevic (IT-02-54-T) 24. november 2003, §§ 27–29.

68. Dom i Prosecutor v. Radislav Krstic, § 84; § 598.

69. Dom i Prosecutor v. Radislav Krstic, § 82.

70. Mandel,How America Gets Away With Murder, 156.

71. Sjå f.eks. «Melding i samband med årsdagen for serbarar som lir som følgje av den kroatiske hæren sin aggresjon mot serbiske Krajina i august 95», på nettsida til Veritas dokumentasjonsinformasjonssenter (sist nådd 23. juni 2007), www.veritas.org.vu. Veritas rapporterer 1 883 etniske serbarar drepne under Operasjon Storm mot slutten av august 1995. Ved tiårsseremonien i Beograd estimerte ulike grupper overlevande representantar for tidlegare Krajina-serbarar at så mange som 2 627 serbarar hadde gått tapt i Krajina mellom 1991 og 1995. Sjå «Patriarch Pavle held minneteneste for serbiske offer for operasjon Oluja», 4. august 2005, www.srbija.sr.gov.vu.

72. Wiebes,Intelligence and the War in Bosnia 1992–1995, 337.

73. «The situation in the Republic of Bosnia and Herzegovina» (S/PV.3564), Tryggingsrådet i FN, 10. august 1995, 6.

74. «Serbia, Kroatia markerer tiårsdagen for utdrivinga av Krajina-serbarane», RIA Novosti, 6. august; «’Oluja’ for ti år sidan – serbarar sørgjer mens kroatar feirar», Deutsche Presse-Agentur, 4. august 2005; og Zoran Radosavljevic, «Kroatar feirar hæren sin siger i 1995 i hån mot serbarane», Reuter, 5. august 2005.

75. Kofi A. Annan, «Måtte vi alle lære og handle på bakgrunn av lærdommane frå Srebrenica» (SG/SM/9993), FN sin generalsekretær, 11. juli 2005.

76. Vi grunna desse funna på søk i tre databasar: Factiva («All Sources»), NewsBank («North America»), og Nexis («Major Papers», «Magazines and Journals», og «Wire Services»). Søkeparametrane våre var «Srebrenica» og «world war» for perioden 1.–31. juli 2005; og «Operation Storm» og «world war» for perioden 1.–31. august 2005. Merk at påpeikinga vår er svært konservativ. Ulikskapen i media si behandling av Srebrenica og Operation storm er reelt større enn det «dusinvis av gonger» og «15 gonger» viser.

77. Nebojsa Malic, «Remember the Storm», AntiWar.com, 4. august 2005 www.antiwar.com.