9. Verknaden av den «humanitære» krigen

Av

Nr 2a 2008

Mens dei sosiale kostnadane som dei såkalla «overgangslanda» i Europa måtte bere var store, vart resultatet av borgarkrigane og den «humanitære intervensjonen» i Jugoslavia eit totalt tilbakeslag for all menneskeleg utvikling. Jugoslavia gjekk frå å vere eit i overkant av middels inntektsland med 23,8 millionar innbyggarar, rangert som nummer 34 på den nyleg forma Indeksen for Menneskeleg Utvikling (HDI), [112] til å falle heilt ut av slike oversikter. Andre europeiske land der HDI-rangeringa i 1990 var nær Jugoslavia, var Tsjekkoslovakia og Ungarn (litt høgare), og Portugal og Polen (litt lågare). Vi vedgår problemet med mangel på data for dei tidlegare republikkane/uavhengige statane for fleire år etter 1990, og den innebygde risken knytt til å dra samanlikningar mellom dei og andre land som ikkje har vore i krig. Men likevel er det avslørande at i 2004 var Slovenia sitt brutto nasjonalprodukt per innbyggar og HDI-rangering høgare enn for kvar einskild av desse fire europeiske landa (med Tsjekkia på plassen til det oppløyste Tsjekkoslovakia), mens det same målet for Kroatia, Bosnia-Herzegovina og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia låg langt under, dei to sistnemnde særleg langt bak. [113]

Når det gjeld Serbia og Montenegro (som ikkje eksisterer lenger som statar i 2007, og i det Serbia sjølv snart kan måtte tole amputasjonen av Kosovo), trass i at nokre «basiske indikatorar» begynte kome opp for landet i FN sitt utviklingsprogram i 2001, var aldri HDI-rangering estimert, og i årevis var data derifrå plassert i den same underverda som for slike land som Afghanistan, Irak, Nord-Korea, Liberia og Somalia. Denne lagnaden til områda i nordvest- og søraustdelen av det gamle Jugoslavia minner oss om eit avsnitt i Warren Zimmermann si Opphava til ei katastrofe om korleis slovenarane mot slutten av 1980-talet «rett og slett» ignorerte «dei to og tjue millionane jugoslavar som ikkje var slovenarar – i strevet for å skilje seg frå Jugoslavia». Slik Zimmermann vurderer det, «ber slovenarane eit stort ansvar for det blodbadet som følgde i kjølvatnet av lausriving.» [114] Åleine blant deira tidlegare brør i fellesskapet plukka slovenarane fruktene av lausrivinga då dei var modnast, slik at dei stort sett slapp unna borgarkrigane på 1990-talet. I 2006 nytte slovenarane eit per capita nasjonalprodukt som hadde klatra opp til 80 % av gjennomsnittet i EU, [115] fullt EU- og NATO-medlemskap (2004), og kort deretter overgang til euro (2007). Og som den største ironi stiller Slovenia no med troppar i minst 4 av NATO sine krigssonar – Afghanistan, Irak, Bosnia og Kosovo (dvs. innafor Serbia) – og landet har fleire troppar per innbyggar i utlandet på NATO-oppdrag enn noko anna medlemsland i alliansen. [116]

Trass i at Den serbiske republikken og etniske serbarar allment blir verande den utpeikte skurken i standardforteljinga om nedmonteringa av Jugoslavia, talar mange av følgjene av krigen mot den rolla som dei har vorte tillagt. Tabell 1 viser (i kolonne 2) at tidleg i 2005, heile ni år etter Dayton, var Serbia-Montenegro landet som gav asyl for 276.683 flyktningar, meir enn tolv gonger så mange som det nest høgaste, Bosnia-Herzegovina (22.215). Vi ser også at ingen annan tidlegare republikk var vert for noko nemneverdig mengd flyktningar.

 

Tabell 1: Flyktningar og interntfordrivne personar i det tidlegare Jugoslavia 1. januar 2004*

 

Flyktninger etter opphavsland

Flyktningar etter asylland

Internt fordrivne personer

Sum flyktninger og intent fordrivne etter vertsland

Bosnia-Herzegovina

 229 329

 22 215

 309 240

  331 455

Kroatia

 215 475

 3 663

  7 540

  11 203

Makedonia **

 5 106

 1 004

  —

 1 004

Serbia- Montenegro

 236 999

 279 683

  248 154

  534 837

Slovenia

582

 304

  —

  304

 * Tabellen er sett saman av Nade Merheb m.fl. The State of the World’s Refugees 2006 (New York: Oxford University Press 2006), Vedlegg 2,"Total population of concern to UNHCR, end-2004," 211; Vedlegg 4, "Flyktninger etter asylland," 214-16; og vedlegg 5 "Flyktningar etter opphavsland, 1995-2004" 217-20.

**Gjeld den tidligare jugoslaviske republikken Makedonia.

Og på toppen av det heile var Serbia-Montenegro vertskap for den tredje største mengda flyktningar i heile verda (som prosentdel av eige folketal), like etter Chad som slumpar til å ha grense mot dei tre Darfur-statane i Vest-Sudan. Bosnia-Herzegovina rangerer som den tjuefemte og er vert berre for ein femtedel av Serbia-Montenegro sin prosentdel av flyktningar. [117] Reknar vi med både flyktningar og internt fordrivne (kolonne 2 og 3), ser vi at Serbia-Montenegro var vertskap for 534 837 rotlause personar i sum, 38 prosent meir enn Bosnia-Herzegovina som i vidt omfang blant vestlege kommentatorar blir sett på som det største offeret for «etnisk reinsing»-krigane.

Ein langtidstrend synest også vere klar: Nokre av krisene knytt til flyktningar og internt fordrivne i det tidlegare Jugoslavia vart reversert over tid, mens andre viste seg å bli meir permanente. På Dayton-tidspunktet (desember 1995) hadde 769 753 flykta frå Bosnia og 245 572 frå Kroatia. [118] Ni år seinare var talet på flyktningar frå Bosnia 229 329, ein reduksjon på 70 prosent. Talet for Kroatia var no 215 474, ein reduksjon på berre 12,3 prosent. Det er tydeleg at mange flyktningar har vendt tilbake til Bosnia, men svært få til Kroatia. Det tyder på at nokre «etniske reinsingar» kan vere forankra mykje djupare i Balkan si historie enn andre.

I det mest dramatiske tilfellet skrytte FN sin høgkommisjonær for flyktningar (UN-HCR) av at «Kosovo-krisa» i 1999 «sannsynlegvis skapte den raskaste masseutdrivinga og den raskaste tibakevendinga av flyktningar i moderne historie», då rundt «860 000 etniske kosovoalbanarar flykta eller vart deporterte til nabostatar i løpet av få veker (då NATO sin krig tok til) og deretter kom tilbake like fort seinare det same året.» Men, la høgkommisjonæren til, den «første utdrivings-tilbakevendinga av etniske albanarar (vart) følgd av ei massiv flukt nummer to av 230 000 serbarar og romafolk då krigshellet skifta dramatisk» [119] – og på same vis som for flyktningane som rømde frå Kroatia i 1995, har svært få av desse kome tilbake til Kosovo. På ny tyder dette på at nokre tilfelle av «etnisk reinsing» er meir reversible enn andre. Og i det tidlegare Jugoslavia er dei avgjerande faktorane ikkje berre etnisiteten til offera og gjerningsmennene, men også om utanlandske makter snakkar for dei – og om så er, kva for makter. Er det ikkje litt rart at den eine republikken som blir tillagt å ha organisert dei etnisk reinsings-krigane har lidd den største langvarige flyktningebyrden, og er vertar for det største talet fordrivne personar i det heile?

NATO sin «humanitære» krig kravde ikkje noko mindre skremmande tal på offer. I tillegg til dei kanskje 1,5 millionar fordrivne i løpet av dei tre månadane han vart førd, var dei materielle øydeleggingane omfattande. Serbia-Montenegro hadde alt vorte underlagt omfattande sanksjonar heilt tilbake frå 30. mai 1992 saman med høgst teatralsk fordømming og isolasjon overalt i verda. Den omsynslause bombekampanjen i 1999 drap og såra ikkje berre fleire hundre tusen (inkludert mange kosovoalbanarar [120] ), men når det gjaldt målrettinga, minte det om USA sin strategi gjennom den første Irak-krigen. [121] Han gav alvorlege slag mot den serbiske infrastrukturen (kraftverk, bruer, fabrikkar) og førte til verre økonomiske tider, arbeidsløyse og forureining. Ei gransking etter krigen, utført av FN sitt miljøprogram, identifiserte minst fire «varme flekkar» – i og nær Pancevo, Kragujevac, Novi Sad og Bor der oljeraffineri og petrokjemiske anlegg hadde vorte øydelagde. [122]

Provinsbyane vart særleg hardt råka. «Alle byane våre vart bomba, særleg byane der opposisjonen er størst,» fortalde borgarmeisteren i Nis til Washington Post. «No, korleis forklarer du folka som røysta for demokratisk reform, som samla seg mot Milosevic, korleis forklarer du, vel, at dei vestlege demokratia bomba og drap dykk, og no vil dei ikkje hjelpe til med å gjenreise?» Den same forvirringa vart uttrykt av borgarmeisteren i Pancevo: «NATO måtte forstå kva dei gjorde mot oss fordi desse fabrikkane var bygde av amerikanske og europeiske selskap. Dei kunne ikkje vere uvitande om miljøskadane.» [123] Sjølvsagt forstod NATO. Men vi kjenner ikkje til nokon talsmann for denne «humanitære» krigen som nokon gong har vist den minste forståing for at NATO sitt val av mål hadde null samanheng med den vanskelege situasjonen til kosovoalbanarane – eller at krigen sitt reelle siktemål i aukande omfang var å øydelegge det serbiske samfunnet, å ta over Kosovo, og å tvinge fram regimeendring når jobben var fullført.

Mange gjekk ut frå at slutten på krigen i juni 1999, resolusjonen i Tryggingsrådet og dei fullmaktene rådet gav Sekretariatet til å opprette ei FN-regjering i Kosovo, den raske tilbakevendinga for flyktningane og fjerninga av Milosevic i oktober 2000 skulle bringe økonomisk oppblomstring og demokratisk fornying. Men ikkje noko av dette hendte. Den nyliberalistiske politikken som vart sett ut i livet av den NATO-vennlege regjeringa til statsminister Zoran Djindjic, førde til utvida privatisering og til utanlandsk overtaking av næringseigedomar, oppseiingar, meir alvorleg arbeidsløyse og nesten umerkeleg økonomisk vekst. I 2006 var Serbia sitt nasjonalprodukt framleis berre på 60 % av 1989-nivået, då det låg omtrent på gjennomsnittet for Jugoslavia, og republikken framleis fungerte som del av den integrerte økonomien i Jugoslavia. Serbia sitt per capita nasjonalprodukt i 2006 var berre ein femtedel av Slovenia sitt, og arbeidsløysa var på 31 prosent. [124] Regjeringa er framleis gissel for DIFJ fordi ho ikkje møter kvoten for tiltalde som ho burde ha arrestert og levert over til domstolen, noko som også er eit av hindra for den lova lykka som EU-medlem (og sannsynlegvis eit auka tap av sjølvstende). Den største stemmesamlaren i dette sterkt sundrivne samfunnet er Vojislav Seselj sitt Serbiske Radikale Parti. I januarvala fekk dette nasjonalistpartiet nesten 29 prosent av stemmene, meir enn noko anna i ein kampanje der partiprogramma utmerka seg med enten å vere «pro-vestlege», «pro-EU» eller pro-serbiske. [125]

I dei to regionane som ein skulle tru hadde størst gevinst av humanitær intervensjon, har resultatet i den eine (Bosnia) vorte ein feilslått ministat og nykoloni for NATO, administrert av ein «Høg Representant», peika ut av EU, med offisiell arbeidsløyse på rundt 45 prosent og fjerdeparten av folket levande i fattigdom, etnisk splitta i to statsdanningar som berre kan bli haldne på plass med tvang, og med mykje korrupsjon og kriminalitet. [126] I den andre (Kosovo) er resultatet ein feilslått provins og NATO-makt-nykoloni, administrert av ein «Særskild Representant», utpeika av Generalsekretæren i FN, med offisiell arbeidsløyse på grovt sett 50 prosent og massiv organisert kriminalitet, framleis kokande i intens etnisk fiendskap, men framleis okkupert av NATO, og heimplassen til kanskje den største militærbasen USA har i Europa. [127]

I begge desse regionane har det vore utanlandsk styre ovafrå og ned. I namnet til fangetatte innbyggarar har ein falanks av administratorar pressa på folka nyliberalistiske regime utan samråd om det. Hos begge har privatisering og utanlandske investeringar spela eit stor rolle og vorte fremja saman med glødande lovnader og spinkle resultat. Hos begge har privatiseringa vore korrupt og ført til klientforhold, utdjuping av dei uformelle marknadane i krigsåra og institusjonalisering av organisert kriminalitet, framfor alt i Kosovo. Der har vi ein fryktdominert stat «som fell i klørne på organiserte albanske kriminelle bandar,» med «ein raskt veksande handel med ulovleg petroleum, sigarettar og sement. Prostitusjon og narkotika er også populære handelsobjekt innafor den svarte økonomien.» [128] Dei «makroøkonomiske reformene», pådytta av dei ytre styresmaktene har verkeleg klart å «feie unna restane av den tidlegare sosialistiske økonomien og opne (landa) for internasjonale marknader og investeringar,» slik den tidlegare «Høge Representanten» for Bosnia sa det, [129] og med klar vising til begge eksperimenta i nykolonial oppbygging. Men med eit kvart anstendig mål for menneskeleg utvikling og frigjering har desse utafrå påtvinga regima vore historiske feilgrep – for alle andre enn for tjuvane.

USA og Tryggingsrådet, med Russland så langt dissenterande, pressar på for å få til eit kvasi- og Bosnia-likt «sjølvstende» for Kosovo, med eit klart mål om full lausriving frå Serbia. Dette fulle sjølvstendet vil kome når Kosovo til slutt når målet om å bli eit «multietnisk samfunn som styrer seg sjølv demokratisk og med full respekt for styre ved lov», i orda til FN sitt «Omfattande Forslag for Kosovo sin Status». [130] Men under NATO-oppsyn, og etter følgjene av NATO-krigen, har ikkje Kosovo berre vore vitne til ei omfattande etnisk reinsing av ikkje-albanarar, men i mars 2004 vakte eit utbrot av kosovoalbansk vald minne om den tyske Krystallnatta. Dei gjenverande minoritetane i Kosovo er skrekkslagne, albanske dissidentar vågar ikkje snakke ut. [131] Til og med 2005-rapporten til FN frå Kai Eide slo fast at «i det store og heile har tilbakevendingsprosessen stoppa opp», og «like mange eller fleire kosovoserbarar enn dei som kjem tilbake drar frå Kosovo.» [132] No må vi ha sjølvstende for kosovoalbanarane og ikkje noko deling av land mellom serbarar og albanarar. Og i Bosnia må vi halde dei tre fiendtlege nasjonane saman under eit «multietnisk» tak, trass i at det ikkje fungerer, og dei ikkje ønskjer det. Det vilkårlege og irrasjonelle her er hårreisande. Men som visestatsråden for politiske saker forklarte det for Kongressen i april: «Hjørnesteinane til (USA sin) politikk i denne regionen har lenge vore lovnaden om integrasjon av landa på Balkan med NATO og EU.» [133] Og som alltid, så blir det som USA seier, gjort.

Her skal vi minne om president Clinton si fastslåing i april 1999 om at det «vi og våre allierte har kjempa for på Balkan, er prinsippet om eit multietnisk, tolerant og inkluderande demokrati», og «mot ideen om at statar må bli grunnlagt berre på etnisitet.» [134] Det er forståeleg at verken politikarane, medieforståsegpåarane eller intellektuelle som talar for humanitær intervensjon viser tilbake til dette kravet og diskuterer det i det dei evaluerer sjølve krigen, analysane sine av dette tilfellet av humanitær krig, og framtidsutsiktene for Kosovo. Faktisk har dei alle droppa heile bakgrunnen ned i det svarte holet om ein ser bort frå sladderaktige historier om serbiske skurkar og om offerrolla til kosovoalbanarane.

Notar:

111. Se «Excerpt from the National Intelligence Estimate,» Washington Post, 27. september 2006, der seksjonen «Key Judgements» i «Key Judgments» section of «Trends in Global Terrorism: Implications for the United States» er gjengitt.

112. Mahbub ul Haq et. al., Human Development Report 1991 (New York: Oxford University Press, 1991), tabell 1.1, s. 15. Indeksen for menneskelig utvikling for dette året, inkluderte nasjonal inntekt per innbygger, livslengde og kunnskap, dvs. lesedyktighet og lengde på utdanning.

113. Kevin Watkins et. al., Human Development Report 2006 (New York: Palgrave Macmillan, 2006), tabell 1, s. 283–86.

114. Warren Zimmermann, Origins of a Catastrophe (New York: Times Books, 1996), s. 71.

115. G. Schäfer, red., Europe in Figures (Luxembourg: Statistical Office of the European Communities, 2007), tabell 6.1, s. 152.

116. Christopher Condon, «A leap to international visibility», Financial Times, 13. desember 2006. Se også Richard Bernstein, «Slovenia Strides Westward and Does Not Look Back», New York Times, 26. juli 2006 og Christopher Emsden, «With Slovenia, ECB Will Add a Hawk», Wall Street Journal, 13. desember 2006.

117. Nada Merheb et al., The State of the World’s Refugees 2006 (New York: Oxford University Press, 2006), annex 7, s. 224. Disse tallene er basert på antallet flyktninger per 1000 innbyggere i et land pr. 31. desember 2004. Per 1000 innbyggere, hadde Chad 26,7, Serbia og Montenegro 26,3 og Bosnia Hercegovina 5,7. Selv om nyere tall ikke er tilgjengelige, førte trolig oppdelingen av Serbia og Montenegro i 2006 til en økt andel i Serbia, dvs. ved å trekke fra Montenegros befolkning på omtrent 630 000 fra totalen.

118. For tallene fra 1995, se Merheb et. al., The State of the World’s Refugees 2006, annex 5, «Refugee population by origin, 1995–2004,» s. 217–20. Plassbegrensninger forhindrer oss fra å ta med disse tallene I tabellen.

119. «Serbia and Montenegro: Kosovo,» FNs Høykommissær for flyktninger. Se «The Balkans»-nettsiden hos UNHCR, http://www.unhcr.org.

120. Vi viser til de mange bomberaidene mot kosovoalbanske konvoier i april og mai 1999. I den siste av disse (i hvert fall som vi kjenner til) den 13. mai, ble flere titalls personer drept og enda flere skadet. Se Amnesty International, «Collateral Damage» or Unlawful Killings? Violations of the Laws of War by NATO during Operation Allied Force, 6. juni 2000, særlig seksjonene 5.2 og 5.7. For en detaljert beskrivelse av tidligere bomberaid, se Robert Fisk, «Convoy of the Damned,» The Independent, 28. november 1999.

121. Som Washington Post rapporterte om i 1999, var valget av mål i den første Irak-krigen, rettet mot å «svekke det irakiske samfunnet som sådan.» «De verste sivile lidelsene var ikke et resultat av bomber som gikk feil, men av presisjonsvåpen som traff akkurat der de skulle – kraftverk, oljeraffinerier og transportnettverk.» Eller med ordene til en anonym kilde som «spilte en sentral rolle i luftangrepet» er såkalt »strategisk bombing … rettet mot ’alt det som gjør en stat i stand til å greie seg selv.’»Barton Gellman, «Allied Air War Struck Broadly in Iraq; Officials Acknowledge Strategy Went Beyond Purely Military Targets», Washington Post, 23. juni 1991.

122. Pekka Haavisto et. al., The Kosovo Conflict (Balkans Task Force, UN Environment Program: oktober 1999), særlig s. 29-61.

123. William Booth, «Milosevic Foes Appeal to West To Help Serbia», Washington Post, 6. juli 1999, Chris Hedges, «Serbian Town Bombed by NATO Fears Effects of Toxic Chemicals», New York Times, 14. juli 1999.

124. See «Background Note: Serbia,» Bureau of European and Eurasian Affairs, U.S. Department of State, oktober 2006, se også «Serbia» i CIA’s World Factbook 2007.

125. David Vujanovic, «Ultra-nationalist win clouds Serbia’s future», Agence France Presse, 22. januar 2007, Beth Kampschror, «Serb elections complicate Kosovo issue», Christian Science Monitor, 23. januar 2007 og Dusan Stojanovic, «Serbian Radical Party Riding High», Associated Press, 24. januar 2007.

126. Se «Background Note: Bosnia,» Bureau of European and Eurasian Affairs, U.S. Department of State, februar 2007, se også «Bosnia and Herzegovina» i World Factbook 2007, Central Intelligence Agency.

127. Michael Pugh, «Crime and Capitalism in Kosovo’s Transformation», i Tonny Brems Knudsen og Carsten Bagge Laustsen, red., Kosovo between War and Peace (New York: Routledge, 2006).

128. Tom Walker, «Rampage of the mafia may delay Kosovo independence», Sunday Times, 9. april 2006, Bojan Pancevski, «Report damns West’s record in reviving Kosovo», Daily Telegraph, 19. mars 2007 og Svante E. Cornell og Michael Jonsson, «Creating a state of denial», International Herald Tribune, 23. mars 2007.

129. Paddy Ashdown, «BiH Open for Investments», Office of the High Representative for Bosnia-Herzegovina, 9. desember 2003. Ashdown uttalte dette under en konferanse i London beregnet på å trekke utenlandske investorer til Bosnia.

130. Comprehensive Proposal for the Kosovo Status Settlement (S/2007/168/Add.1), 26. mars 2007, General Principles, artikkel 1.1.

131. Se f.eks. Christian Brunner, «The Situation of Internally Displaced Persons in Serbia and Montenegro», ICRC, mai 2005, «IDPs from Kosovo,» Global IDP Project, Norwegian Refugee Council, 22. September 2005 og «Position on the Continued International Protection Needs of Individuals from Kosovo,» UNHCR, juni 2006.

132. Kai Eide, A comprehensive review of the developments in Kosovo (S/2005/635), 7. oktober 2005, art. 52, art. 54.

133. R. Nicholas Burns, «The Outlook for the Independence of Kosovo», U.S. Department of State, 17. april 2007.

134. Bill Clinton, «Remarks by the President to the American Society of Newspaper Editors», Federal Documents Clearing House, 15. april 1999.