Beyond the fragments: Feminism and the Making of Socialism (omtale)

Av

2013-03

Sheila Rowbotham, Lynne Segal og Hilary Wainwright:
Beyond the fragments – feminism and the making of socialism
Merlin Press, 2013

Korleis kan ein gå frå lokale initiativ til å bygga ei rørsle for sosialisme? Dette er ein debatt som ikkje sluttar å vera aktuell. Første og andre utgåve av denne boka kom i 1979, og den skapte stor debatt både i Storbritannia og i resten av verda. Artiklar frå boka har dei siste åra blitt spreidd i occupy-rørsla, og forfattarane oppdaga då at det trengtest ei ny revidert utgåve som knytta den over tredve år gamle debatten til dei nye rørslene i dag.

Dei tre forfattarane har felles erfaring frå kvinnerørsla i England, og delvis frå politiske parti på venstresida. Historikaren Sheila Rowbotham har aldri høyrd til noko parti, sosiologen Hilary Wainwright har vore innom Socialist Workers Party, og psykologen Lynne Segal har ein bakgrunn frå eit libertariansk anarkistisk miljø i Australia, og deretter frå ei lita gruppe som kalla seg Big Flame.

Artiklane trekk erfaringar frå arbeidet i dei nye kvinneinitiativa som kom på 60- og 70-talet, og frå arbeidet i og samarbeidet med parti på venstresida, spesielt kommunistpartiet, Socialist Workers Party (tidlegare International Socialists) og Labour. Skildringa av arbeidet i kvinnerørsla er historisk interessant, og erfaringane dei trekk er erfaringar som kom også her i Noreg på same tida. Kvinnekamp er meir enn rein økonomisk klassekamp, det er kamp mot ein patriarkalsk ideologi som også gjennomsyrer arbeidarrørsla. Denne erfaringa leiar til ein kritikk av partia på venstresida og fagrørsla, ein kritikk ein også kan kjenna igjen i arbeidene til blant anna Kjersti Ericsson og Siri Jensen her i Noreg.

Kritikken i boka går i hovudsak på at både leninismen i kommunistpartiet og andre tilsvarande grupper, og den varianten av trotskisme som Socialist Workers Party sto for, er autoritær og tar ikkje opp i seg vanlege folk sine erfaringar. Særlig Sheila Rowbotham leverer ein grundig kritikk av dei autoritære trekka i desse partia. Dette baserer seg på erfaringane frå kvinnerørsla. Den eine delen av kritikken handlar om korleis partia møter kvinnerørsla, gjennom å avskriva delar av rørsla som ei middelklasserørsle og gjennom berre å akseptera økonomiske krav som progressive. Eit komisk eksempel på det er korleis ein kjent aktivist meinte abortrørsla først blei viktig då dei kravde abortar finansiert av staten. Den andre delen av kritikken, som eg synst er mest interessant, er kritikken av kommunistane som ferdig utlærte. Erfaringane forfattarane trekk frå kvinnerørsla på 60- og 70-talet er ei open rørsle der ein utviklar politikk saman ut frå konkrete lokale krav. Ein møtest opent i grupper basert på felles ønske om ei eller anna endring. Når då partiaktivistane kjem inn i dette, blir dei møtt med skepsis, fordi dei blir opplevd som lukka i møtet med dei andre, og at dei først og fremst ønskjer å rekruttera folk, og å styra organisasjonane.

Forfattarane argumenterer for ein annan type organisering, som legg vekt på folk sine eigne erfaringar i staden for at dei berre skal læra seg den riktige ideologien. Ei organisering der alle blir høyrd, i motsetnad til hierarkiet i arbeidarrørsla og dei marxistiske partia.

Det som eg synst er spanande med denne delen av argumentasjonen til forfattarane, er at dei set godt ord på dei erfaringane dei har fått frå kvinneorganiseringa, og korleis dei kjenner dette igjen i annan type organisering som legg vekt på erfaringa til folk. Hilary Wainwright skriv blant anna om korleis det som tidlegare blei oppfatta som sladder, som ho kallar kunnskap ein finn i kjensler, har lagt grunnlaget for utvikling av politikk. Det har ho funne igjen i arbeid i koalisjonar i fagrørsla, at folk sine personlege erfaringar blir tatt på alvor. Her i Noreg oppfattar eg at Trondheimskonferansen, og spesielt Kvinner på Tvers fungerer på denne måten. Alle tre forfattarane legg vekt på at denne måten å tenkja politikk på må vera grunnleggjande for organiseringa.

Ei utfordring er at dei ikkje legg særleg vekt på handlekrafta til denne typen organisering. Dei innrømmer at flat struktur kan skapa uformelle leiarar. Dei skriv også at parti basert på dei sosiale rørslene i stor grad har gått i frø, og har mista sin radikalitet eller ikkje klart møtet med formelle politiske institusjonar. Men dei skriv ikkje så mykje om korleis ein eventuelt kunne ha motvirka dette.

Dei nye kapitla trekker linjene til i dag og nye rørsler som Syriza i Hellas. Hilary Wainwright deler kunnskap frå intervju ho har gjort med aktivistar og leiarar i dette partiet. Her kjem det opp interessante diskusjonar, som korleis handtera motsetnadane som oppstår når eit parti får stor oppslutnad i val. Korleis hindra at parlamentsgruppa får alle dei økonomiske og menneskelege ressursane, og at det daglege parlamentariske arbeidet fortrenger framtidsvisjonane. Wainwright finn at partiet heile tida har lagt vekt på debatt som viktig kjelde til kunnskap, også når det kan stilla dei sårbare for angrep fordi dei verkar splitta. Forfattaren finn også at det finst mange aktivitetssentra i partiet, og at dei er relativt autonome.

Utfordringa til boka er at den leverer ein kritikk av venstresida, og spesielt leninismen og IS-trotskismen, som i dag ikkje er særlig ny. Men boka leverer ikkje så mange alternativ. Sidan boka er så fragmentert, med eit nytt og eit gammalt kapittel til kvar av dei tre forfattarane, så blir det mykje gjentaking av poeng, utan at dei har plass til å gå grundig inn dei konkrete erfaringane og eksempla som underbygger poenga.

Boka set i gong ein del tankar hos lesaren, men kjem ikkje med konkrete forslag i retning av korleis å bygga og få oppslutning om nye organisasjonar og rørsler som både er fleirstemmige, demokratiske, feministiske og handlekraftige. Forfattarane hevdar heller ikkje å ha løysinga. Men som lesar skulle eg likevel ønskja at dei kunne skissera litt meir om kva dei ser på som alternativet i dag.

Denne kritikken er heller ikkje ny. Boka skapa stor debatt då den kom for over tretti år sidan. Den var mellom anna bakgrunn for ein stor konferanse som blei haldt i England, og blei lest med stor interesse over heile verda. Forfattarane skriv i boka at dei blei litt overraska over dette kravet til alternativ løysing og om at alle sine erfaringar burde ha vore med i boka. Dei ønskja å gje den ut for å skapa diskusjon og for at andre skulle skriva om sine eigne erfaringar i debatten som følgde. Eg håpar dette skjer etter nyutgivinga av boka, for debatten om korleis me skal organisera oss for å skapa eit klasselaust samfunn, er ikkje mindre aktuell no enn for tretti år sidan.

Ingrid Baltzersen