Araberne (omtale)

Av Ingrid Baltzersen

2011-04 Bokomtaler

Eugene Rogan:
Araberne
– historien om det arabiske folk
Gyldendal, 2011

Kvifor okkuperte Frankrike Algerie i 1830? Var det fordi franskmennene ikkje kunne betala gjelda si til Algerie, og at dei samtidig ønska seg kontroll over den osmanske provinsen? Eller var det fordi den algeriske deyen hadde daska til den franske konsulen med ein flugesmekkar, og dermed fornærma fransk stoltheit?

Rogan har skrive eit omfattande verk om  historia til arabarane. På berre litt over seks hundre sider dekkjer han dei viktigaste hendingane i regionen dei siste fem hundre åra. Rogan skildrar drivkreftene i historia, både økonomisk og materiell utvikling og personar som driv fram historiske endringar. Dei økonomiske kreftene er like levande forklart som daskinga med fluesmekkar, og for å få det fulle bildet bør begge med. Særeigne måtar å tenkja på eller organisera seg på blir skildra og forklart. Det osmanske riket baserte seg på ein type føydalisme der dei som styrte lokalt, ikkje arva posisjonen sin. Dette var effektivt for eit ekspanderande imperium, og til forskjell frå den europeiske føydalismen skapa det ikkje eit adelskap som konkurrerte i makt med sultanen. Men det skapa etter kvart konflikt med lokalbefolkninga, fordi dei styrande kom utanifrå, og ikkje hadde nokon lojalitet til dei dei styrte over. Særeigen måte å fordela makt og jord på gir bakgrunn for å forstå politisk utvikling fram til i dag. Kolonihistoria er godt dekka, og er eit viktig bakteppe for opprøra som foregår i Midtausten no. Rogan skildrar korleis dei oppadstigande sjølvstendige regima var dei første til å falla under europearane si makt. I eit forsøk på å frigjera seg frå osmansk styre, og å bygga opp moderne samfunn, endte både Egypt og Tunisia opp med å gå konkurs, og på den måten havna under europeisk administrasjon. Drømmen om å få europeisk modernitet, saman med islamsk eller arabisk kultur og moral, endte med å bli utbytta av dei ein forsøkte å etterlikna. Og forsøket på å fri seg frå kolonimaktene tok lang tid, og krevde mykje blod. Ein del av dei regima som blei til då landa fridde seg frå utanlandsk styring, er dei som fell no. Og mange av dei rørslene som blei bygd opp i opposisjon til kolonistyringa, pregar fortsatt politikken i regionen, anten det er islamisme, arabisk nasjonalisme eller Palestina-spørsmålet sin sentrale rolle. Mange av oss følgjer med på det som skjer i Midtausten, og har lese ein del om regionen frå før. Eg vil likevel påstå at dei fleste av oss kan få mykje ut av å lesa Araberne, anten ein knapt har fått med seg meir enn det som blir nevnt på Dagsrevyen, eller ein har fulgt regionen i mange år. Kombinasjonen av å vera lettlest, full av interessante detaljar og samtidig overordna og analytisk har blitt ei god og viktig bok å lesa.

Ingrid Baltzersen