Å løyse opp knuten – levekår, arbeid og verdi – del 3

Av Ursula Huws

2014-02

Hvor skapes verdiene på Internett? I denne siste delen av artikkelen drøfter Ursula Huws skillet mellom produktivt og uproduktivt arbeid.

Dette er del tre av artikkelen Å løse opp knuten – levekår, arbeid og verdi.

Ursula Huws er professor på fagfeltet arbeid og globalisering ved University of Hertfordshire i Hatfield i Storbritannia, og har vore opptatt av dei samfunnsmessige konsekvensane av ny teknologi, mellom anna som redaktør for tidsskriftet Work organisation, labour and globalisation, og gjennom fleire artikler og bøker, som The Making of a Cybertariat sammen med Colin Leys i 2003.
Ei lengre utgave av artikkelen vart trykt i Socialist Register 2014, under tittelen: «The Underpinnings of Class in the Digital Age: Living, Labour and Value».
Artikkelen er omsett av Gunnar Danielsen.

Arbeid

Alle forsøk på å kategorisere ulike former for arbeid må starte med det uvanleg vanskelege spørsmålet om kva arbeid eigentleg er. Ordet i seg sjølv dekkar eit vidt spekter av meiningar frå det fysiske arbeidet med å føde på den eine ytterkanten til formell sysselsetting, eller politisk representasjon for folk som arbeider på den andre.

Om me bruker det på aktivitetar som er eller kan bli betalt med lønn i ein «arbeidsmarknad », då må me ta med ei lang rekke aktivitetar dei fleste menneske utfører utan betaling, medrekna sex, omsorg for barn, matlaging, reingjøring, hagearbeid, song, å få folk til å le, og andre ting som interesserer oss.

Om me går meir subjektivt til verket og prøver utelukke aktivitetar me gjør for eiga glede, då står me framfor det kinkige faktum at same aktivitet kan opplevast som plikt eller glede, alt etter forholda, og dessutan at somme aktivitetar, betalt eller ubetalt, kan vere både tyngande og fornøyelege samtidig. Spebarnet kan for eksempel gi deg eit strålande smil mens du fjernar ei stinkande bleie; den lange og einsame dagen til lastebilsjåføren kan bli avbroten med glimt av svimlande vakre landskap; hardt fysisk arbeid i røft miljø kan skape kameratskap mellom arbeidarane som varmar lenge etter at muskelverken har gitt seg; å løyse eit kinkig problem kan utløyse brå bølgjer med glede, jamvel om problemet ikkje er ditt.

Eit anna aspekt som kan bidra til å skille mellom «arbeid» og «fornøyelsar», er om det blir utført frivillig eller under tvang, styrt av ein annan person eller organisasjon. Igjen blir det som ser ut som eit ukomplisert skille, forunderleg vanskeleg å bruke i praksis. Ein vanske har opphav i korleis slikt som kjønnsroller, pliktoppfatningar og jamvel kastebasert oppdeling av arbeid opp gjennom historia har blitt internalisert og skapt strukturar med makt og tvang som er usynleg for alle partar. Det kan gi tjenestehandlingar ein subjektiv kvalitet som frivillige kjærleikshandlingar, sjølv når objektive analysar peikar mot at dei inneber at ein person utbyttar arbeidet til ein annan. Tvang kan au brukast på ein meir indirekte måte. Ein speleavhengig kan til dømes oppfatte sine tvangshandlingar som eigne beslutningar, utan å sjå det samfunnsmessige presset som tilskyndar dei. Det same kan kanskje seiast om mange av dei aktivitetane folk bruker så mykje på nettet, som nettspel og samhandling med andre på sosiale medier. Det er kanskje ein mistanke om dette sosiale presset som får mange i debatten om digitale media til å insistere på at desse ubetalte aktivitetane er ein slags «gratis» arbeid.27

Ubetalt arbeid er sjølvsagt ikkje eit nytt fenomen. Men marxistar har bare innimellom brydd seg om det, og sett det som ein slags restar av dei førkapitalistiske samfunnsforholda som lønnsarbeidet seinare utvikla seg frå. Ved sida av drøftingar av slaveriet mellom historikarane, har mesteparten av debatten om ubetalt arbeid inntil nyleg dreidd seg om det som lauseleg kan kallast «reproduktivt arbeid», spesielt blant feministar på 1970-tallet. I desse diskusjonane var hovudspørsmålet om ein kunne seie at ubetalt heimearbeid eller «husarbeid» produserte meirverdi fordi kapitalismen ikkje kunne eksistere utan. Det vart hevda at reproduksjonen av arbeidsstyrken var heilt avhengig av ubetalt arbeid heime, ikkje bare for å oppfostre neste generasjon arbeidarar, men også for å sørge for næring, husstell og den helseomsorgen som må til for at den eksisterande arbeidsstyrken skal vere effektiv på arbeidsmarknaden. I 1976 skreiv Batya Weinbaum og Amy Bridges ein banebrytande artikkel28 der dei hevda at under monopolkapitalismen omfatta ikkje slikt arbeid bare å produsere tjenester heime, men au forbruk av varer produsert i marknaden. Begrepet «forbruksarbeid», der ubetalt arbeid erstattar arbeid som tidlegare var betalt arbeid utført av distribusjonsarbeidarar, er noko eg utvikla vidare seint på 1970-tallet29. Eg hevdar no det er relevant for å forstå nokre av dei nye formene for ubetalt arbeid både på og utanfor nettet.

Bygd på noko av dette arbeidet legg eg her fram ein noko grov typologi over ubetalt arbeid i håp om at det kan vere eit utgangspunkt for ei inndeling som vil gjøre debatten klarare.

Tabell 1 Arbeid-kategorier  
  Betalt arbeid Ubetalt arbeid
Reproduktivt (produktivt for samfunnet/kapitalismen generelt) A

 

Offentlig administrasjon og tjenester (medregna NGOer;) private private tjenesteytingar

B

 

Husarbeid (omsorg for barn, stell av huset osv, medrekna gratis kulturelle aktiviteter)

Direkte produktivt (for inviduelle kapitaliske bedrifter) C

 

Vareproduksjon, medregna distribusjon

D

 

Forbruksarbeid

 

Første kategori er arbeid utført utan bruk av marknaden for å produsere bruksverdiar i heimen, arbeidskategorien i feltet B i tabellen ovanfor. Det er «uproduktivt» i den forstand at det ikkje skaper direkte verdi for kapitalen i form av meirverdi frå direkte arbeid. Men det er «reproduktivt» i den forstand at det er naudsynt for å reprodusere arbeidsstyrken. Det omfattar mange oppgaver kjent frå tradisjonelt familiejordbruk og husarbeid. Om nokon blir tilsett for å gjøre slikt arbeid av den som bruker tjenesten (som hustjenar, barnepassar, vaskehjelp eller gartnar), då er den arbeidaren ein uproduktiv arbeidar etter Marx’ oppfatning. Men om dei er tilsett via ein kapitalistisk mellommann (t.d. kommersiell barnepass, reingjørings- eller gartnarfirma) ender dei i kategorien produktiv arbeidar30 (etter tabellen ovanfor går dei frå A til C). I den grad vedlikehald av psykisk helse og sosiale nettverk for familien er nødvendig for at hushaldsmedlemmene skal overleve, så kan ein inkludere ei rekke ikkje-fysiske aktivitetar i denne kategorien. Mange av desse aktivitetane blir utført på nettet i dag, derfor kan i det minste delar av det som skjer på sosiale media, knyttast til denne kategorien (representert ved feltet B).

Andre kategori ubetalt arbeid er det eg har referert til ovanfor som «forbruksarbeid» (felt D). Det inneber at forbrukaren tar over oppgaver som tidlegare vart utført av betalte arbeidarar som del av distribusjonseller produksjonsprosessen. Ettersom desse oppgavene er nødvendige for varedistribusjonen, og aukar profitten for selskapa som produserer varene gjennom å fjerne arbeidsoppgaver som tidlegare vart betalt, er det sterke argument for å kategorisere dette som «produktivt arbeid», sjølv om det er ubetalt. Men fordi det ikkje skaper inntekt direkte til arbeidaren, må ein sjå det annleis enn betalt arbeid når det gjeld bidrag til livsopphald, eit emne eg kjem attende til seinare. Det er med andre ord «utanfor knuten». Som alt sagt blir stadig meir forbruksarbeid utført på nettet, ettersom internett har opna for mange måtar å sette ut31 arbeid på.

Tredje kategori omfattar kreativt arbeid. Her gjorde Marx standpunktet sitt klart: Til dømes var Milton ein uproduktiv arbeidar. I motsetning til dette er skribenten som leverer rutinearbeid til forlaget sitt, ein produktiv arbeidar. Milton laga Paradise Lost slik silkeormen produserer silke, som uttrykk for sin eigen natur. Seinare selde han produktet for 5 pund, og då dreiv han med sal av ein vare. Ein som syng som ein fugl, er ein uproduktiv arbeidar. Om ho sel songen for pengar, er ho for den delen lønnsarbeidar eller sel ein vare. Men same songar, engasjert av ein som vil bruke songen hennar for å gjøre pengar, er ein produktiv arbeidar, fordi ho produserer kapital direkte.32

I den grad det er arbeid som blir utført bare for å gi uttrykk for det ein føler, har lyst til, eller vil, som ubetalt kunstnarleg arbeid, som blogging eller legge ut foto av seg sjølv, musikk eller videoar, går det etter denne oppfatninga rett inn i kategorien Marx kalla «uproduktivt» arbeid. (Som eg heller ville sjå som ubetalt reproduktivt arbeid, produksjon av sosial bruksverdi.) Om produktet av dette arbeidet blir selt etterpå, eller stolen, for å bli grunnlag for ein vare, endrar ikkje det statusen. Det er bare om arbeidaren blir hyra til å utføre arbeidet for lønn, at det blir produktivt arbeid etter Marx’ oppfatning av begrepet – det vil seie at det går frå B til C i tabellen. Som Ross har peika på, svingar mange kunstnarar mellom desse formene:

Skapande menneske har stått framfor slike val sidan 1700-tallet, då starten på kommersielle kulturmarknader baud dei valet om å kare saman til livsopphald saman med blekksmørarane i Popes Grub Street* eller skape seg eit namn hos eit lunefullt publikum.33

Men det faktum at same person utfører begge typar arbeid, opphever ikkje skillet mellom dei. Ein må derfor sjå at kreativt arbeid omfattar fleire ulike område i arbeidsmarknaden34, medrekna sjølvstendig næringsdrivande, lønna tilsette og småprodusentar. Det fører svært ofte til at kreative arbeidarar får ein motsetningsfylt identitet.

Same logikken gjeld i dei omdiskuterte tilfella med «gratis arbeid» som skapte internettet. Store delar av nettet vart utforma av idealistiske programvareutviklarar som gav arbeidskrafta si gratis i den tru at dei skapte eit felles gode for menneska. (Med andre ord produserte dei sosial bruksverdi utan betaling, og var dermed i felt B i tabellen.) Som Marx sa, kan «arbeid med same innhald vere både produktivt og uproduktivt ».35 Sjølv om resultatet av arbeidet deira vart annektert av kapitalen og brukt i nye varer, kan ikkje det opprinnelege ubetalte arbeidet deira vurderast som produktivt i den forstand at det produserer meirverdi for kapitalen under tvang (det er dermed ikkje «inne i knuten»). Verdiane som vart produsert, kan meir passande plasserast i kategorien handel, som eg ovanfor sa også omfattar tjuveri.

Ei fjerde (men overlappande) form for ubetalt arbeid som oftare blir drøfta, er den omfattande bruken av praktikantar eller «frivillig» arbeid.36 Noko tvetydig plassert mellom utdanning og eigen marknadsføring er det utan tvil nytta svært utbyttande av arbeidskjøparane som direkte erstatning for betalt arbeid. Innimellom er direkte tvang brukt for å tvinge arbeidaren til ubetalt «arbeidstrening», til dømes av statlege arbeidskontor som truar med å trekke arbeidsløysetrygden frå dei som nektar. Men som det ubetalte forbrukararbeidet me alt har drøfta: Mens slikt arbeid klart bidrar med verdi til vareproduksjonen, bidrar det ikkje til å skape inntekt for arbeidaren og må derfor plasserast «utanfor knuten», sjølv om det indirekte produserer verdi for den ubetalte arbeidaren i form av å bli «attraktiv for arbeidsmarknaden». For å forstå tilhøvet mellom ubetalt arbeidskraft og kapitalen er det klart at me må rekne med det tredje tauet i knuten som dannar arbeidsverditeorien: levebrødet eller «livsopphaldet» til arbeidaren.

Livsopphald

Spørsmålet om korleis arbeidaren betaler levekostnadene, er overraskande fråverande frå det meste av debatten om «fritt» digitalt arbeid. Kanskje fordi dei sjølve ofte har trygge akademiske jobbar, forsømmer fleirtallet av desse debattantane å spørje korleis desse entusiastiske arbeidarane som skapte internett ved gratis arbeid faktisk overlevde. Dei som er talerøyr for «Creative Commons»** på nettet, og som alle forfattarar tydeleg bør skjenke arbeidet sitt gratis til, har heller aldri klarlagt korleis desse forfattarane skal betale husleige og fø familien sin. Men arbeidsverditeorien kan ikkje nyttast utan denne informasjonen. For å vite kor stor meirverdi som er skapt og korleis av ei gitt arbeidsmengde, treng me vite reproduksjonskostnaden for arbeidaren, og kor mykje av hans eller hennar arbeidstid som er «nødvendig arbeidstid» for å dekke livsopphaldet. Bare då kan me sjå kor mykje som er att som meirverdi, og byrje formulere vilkår for fordeling av den. Det er sjølvsagt ikkje eit mekanisk reknestykke. Det er fullt mauleg at arbeidarar får mindre enn det som trengst til livsopphald. Kva bryr arbeidskjøparen seg om dei døyr, om det er mange fleire der dei kjem frå? Likeins er det mauleg for velorganiserte grupper av arbeidarar med knappe kunnskapar å slåst over sin eigen vektklasse, og få kapitalen til å betale lønn over eksistensminimum – til og med ei lønn som set dei i stand til å tilsette andre arbeidarar som tjenarar. Like fullt krev kapitalismen som system ifølgje Marx ein arbeidarklasse som er tvinga til å selje arbeidskrafta si for å overleve, på same vis som det krevst kapitalistar som kan tilsette denne arbeidskrafta til å produsere varer som har ein større samla verdi på marknaden enn den totale lønna til arbeidsstyrken som produserte varene. Og det er den direkte erfaringa med å vere tvinga til å kjempe om eigarskapet til arbeidstida med arbeidskjøparen som produserer fremmendgjøringa, som kan føre til klassemedvit. Ein kan derfor ikkje vri seg unna spørsmålet om «nødvendig arbeidstid».

Men sjølv for Marx er dette eit ganske problematisk tema. Ein grunn er at sjølv om arbeidarane normalt går ut i arbeidsmarknaden som enkeltindivid, så går liva deira føre seg i hushaldningar der mange menneske kan bu saman.37 Fordi desse hushaldningane varierer mykje i antall og samansetting, og kor mange som driv betalt arbeid, kan same lønn måtte dekke levekostnadene for eit varierande antall menneske. Marx og Engels drøftar den «naturlege» (sic) arbeidsdelinga i familien, som dei ser på som ei form for «latent slaveri», som til og med kan sjåast som opphavet til all eigedom.38 Frå dette grunnlaget, at kvinner og barn er eigedommen til det mannlege overhovudet i familien, kan dei konkludere med at når kvinner og barn går inn i arbeidsstyrken:

så var kjøp og sal av arbeidskraft tidlegare eit forhold mellom frie personar; no blir barn og mindreårige kjøpt; arbeidaren sel no kone og barn – han blir ein slavehandlar.39

I det tjueførste hundreåret, der kvinner utgjør nær halvparten av arbeidsstyrken i dei fleste utvikla land og bare ein minoritet er økonomisk inaktive, strekk ikkje ei slik forklaring til. Kvar enkelt tilsett arbeidar må behandlast som eit eige individ med eigne levekostnader å dekke. Men det faktum at folk bur saman med andre arbeidarar, kan bety at «nødvendig arbeidstid» må dekke ein del og ikkje heile livsopphaldet for enkeltindividet, eller med andre ord at slikt som «familielønn» er overflødig i dei fleste tilfelle. Ei rekke andre faktorar har også komme til og gjort det vanskeleg å finne enkelt samsvar mellom det ein person tjener og kva det kostar å overleve, i det minste når denne personen bur saman med, eller har ansvar for, andre økonomisk. Slike kompliserande faktorar omfattar samfunnsmessige overføringar i form av pensjon, trygdeordningar eller skattefrådrag; overføringar mellom generasjonane innanfor familien, pengesendingar frå folk som jobbar i utlandet, og former for subsidiar for enkelte (eller ressurstapping av andre). Trass i slike svært reelle vanskar med reknestykket, er det likevel fullt mauleg å analysere inntekta til eit gitt individ i eit gitt hushald og komme opp med eit overslag over korleis denne inntekta blir skapt. Når det gjeld «fritt arbeid» på internettet, er det truleg at mange ulike inntektskjelder er involvert. Noko av dette arbeidet kan bli utført av folk som er økonomisk avhengige av foreldra sine, noko av folk som lever på pensjon eller andre velferdsordningar, noko kan bli gjort av folk med fast lønn og nok fritid til å blogge, sørfe på nettet eller skrive bidrag for Wikipedia. Noko kan bli gjort av folk (som frilansjournalistar, konsulentar, eller akademikarar) med jobbar som krev at dei marknadsfører seg sjølve. Og andre kan få midlar frå utleige, spel, avkasting frå handel, kriminalitet eller andre aktivitetar. Men det er klart at dei ikkje kunne drive med desse ubetalte aktivitetane utan noko slags subsidiar annanstads frå. Korleis kunne dei elles ete? Når dei forsømmer å organisere seg på produksjonspunktet, gir dei frå seg sitt sterkaste våpen: makta til å trekke tilbake arbeidskrafta si der det gjør mest direkte vondt for kapitalen.

Konklusjon

Me lever i eit samfunn der kapitalen er svært konsentrert, der det meste av vareproduksjonen blir utført av selskap som får skjebnen sin styrt av finansielle investorar. Varene dei produserer, materielle eller immaterielle, blir gjort tilgjengelege for oss i ein global marknad, levert gjennom komplekse verdikjeder der vårt eige ubetalte arbeid i stadig større grad er blanda inn. For mange av oss har informasjons- og kommunikasjonsteknologi påverka skillet i tid og rom mellom arbeid og privatliv i den grad at grensene er håplaust blanda saman, og dei færraste forhold er urørt av teknologi. I ein slik situasjon, er ikkje slike grenser som blir trekt i artikkelen her latterleg pirk? Bør me ikkje akseptere at me alle på ein eller annan måte er del av ein svær udifferensiert arbeidsstyrke som produserer udifferensierte verdiar for ein udifferensiert kapitalistklasse?

Eg hevdar nei. Kapitalismen er eit samfunnsmessig forhold der arbeidarane speler spesifikke roller i produksjonen av spesifikke varer. Dette forholdet er heilt avgjort avhengig av samtykke frå arbeidarane. Om me ikkje forstår dette forholdet med sine spesifikke sider, kan me ikkje finne dei kritiske punkta i produksjons- og distribusjonsprosessen der arbeidarane kan bruke makta si med ein viss effekt. Og kan me ikkje finne dei, forstår ikkje arbeidarane makta dei har til å samtykke eller ikkje til den spesifikke avtalen dei blir bydd. Det hindrar dei i å reforhandle vilkåra i avtalen – det einaste dei kan gjøre for å forbetre situasjonen sin. Heller ikkje kan me utan denne kunnskapen sjå kva for grupper som har felles interesser, korleis desse felles interessene kan bli gjensidig synlege, eller korleis arbeidet deira kan vere knytt saman.

Alle dei ulike formene for ubetalt arbeid som er omtalt, påverkar betalt arbeid og opnar for potensielle spenningar og kløyvingar i arbeidarklassen. Praktikantar som arbeider utan lønn for å bli attraktive på arbeidsmarknaden, underminerer forhandlingsposisjonen til dei betalte arbeidarane i same jobb. Å utføre ubetalt forbruksarbeid rammar tjenestearbeidarane ved å redusere arbeidsmengda og intensivere arbeidet gjennom taylorisering og nye standardiseringsformer som forverrar arbeidsvilkåra. Å skrive Wikipedia-oppslag, blogge eller legge ut videoklipp eller foto gratis på nettet truar levebrødet til journalistar, forskarar eller andre kreative arbeidarar som manglar lønn frå akademia eller andre kjelder, og må lite på sitt kreative arbeid for å skaffe seg ein inntekt. I mange tilfelle har dei same folka desse betalte og ubetalte rollene i ulike stillingar. Endå meir vanleg er at ulike medlemmer av same hushaldning kan gjøre dette. Å sjå på ubetalte arbeidarar som streikebrytarar som undergrev betalte arbeidarar, er sjølvsagt overforenkla. Då ser ein bort frå dei tvingande krava som driv fram slik oppførsel, og den breiare røyndommen at alle blir utbytta, men i ulik form. Men ein analyse som sidestiller felles utbytting med ei lik rolle i meirverdiskapinga, og slår saman alle desse ulike posisjonane til ein felles identitet som «masse» gjør det uråd å identifisere produksjonspunktet, punktet der arbeidarane har makt til å utfordre kapitalen: knuten.

Kjedsommeleg som det kan vere å avdekke dei komplekse globale verdikjedene og få plassert arbeidsprosessane våre i forhold til dei, så ser det for meg ut som ei nødvendig oppgåve om me skal forstå korleis dette systemet kan bli endra, og byrje å sjå for oss maulege alternativ.

 

* Popes Grub Street: Tidleg på 1800-tallet var Grub Street ved fattigstrøka i London samlingsstad for folk som freista livnære seg ved å skrive, trykke og selje «dusinlitteratur». Livet her er framstilt i boka Dunciad av Alexander Pope. Grub Street har seinare blitt brukt nedsettande om kiosklitteratur. (Wikipedia.)

** Creative Commons: («Skapande allmenningar») er ein organisasjon som har laga eit sett med ulike opphavsretttypar med same namn – frå at teksten, fotoet etc. er fritt tilgjengeleg, til at det er visse avgrensingar. (Wikipedia.)

Notar:

  1. Hardt, M. og A. Negri (2004) Multitude: War and Democracy in the Age of Empire, New York: Penguin.
  2. Standing, G. (2011) Precariat: the New Dangerous Class, London and New York: Bloomsbury.
  3. Hardt, M. og A. Negri, A. Op cit
  4. Terranova, T. (2000) ‘Free Labor: Producing Culture for the Digital Economy’, Social Text,18 (2): 33–58
  5. Sjå til dømes: Andrejevic, M. (2009) ‘Exploiting YouTube: Contradictions of user-generated labour’, i P. Snickers & P. Vonderau (red.), The YouTube Reader. Stockholm: National Library of Sweden; Arvidsson, A. and E. Colleoni (2012) ‘Value in Informational Capitalism and on the Internet’, The Information Society, 28 (3): 135–150; Banks, J. & S. Humphreys (2008) ‘The Labor of User Co-creators’, Convergence, 14 (4): 401–418; Fuchs, C. (2010) ‘Labor in Informational Capitalism and on the Internet’, The Information Society, 26: 179–196; Fuchs, C. (2012) ‘With or Without Marx? With or Without Capitalism? A Rejoinder to Adam Arvidsson and Eleanor Colleoni’, TripleC 10 (2): 633–645; Hesmondhalgh D. (2011) ‘User-generated content, free labour and the cultural industries’, Ephemera, 10 (3/4): 267–284; Ross. A. (2012) ‘On the digital labour question’ in T. Scholz (ed) The Internet as Playground and Factory, New York, Routledge; Scholz, T. (2012) The Internet as Playground and Factory, New York, Routledge; Terranova, T. (2012) ‘Free Labor,’ in T. Scholz (red) The Internet as Playground and Factory, New York, Routledge.
  6. Kücklich, J. (2005) ‘Precarious Playbour: Modders and the Digital Games Industry’, The Fibreculture Journal, Issue 5.
  7. Alvin Toffler skapte dette begrepet i 1980 i boka The Third Wave, Bantam Books. Det er seinare tatt i bruk av mange andre marxistiske skribentar, som Christian Fuchs og Ed Corner.
  8. Banks, J. og Humphreys. S. (2008) ‘The Labour of User Co-creators’, Convergence, Vol 14 No 4: 401–418, bruker eit uttrykk avleia frå Prahalad, C.K & Ramaswamy, V. (2000) ‘Co-Opting Customer Competence’, Harvard Business Review, Januar/februar.
  9. Huws, U. (2012) ‘Crisis as Capitalist Opportunity: The new accumulation through public service commodification’, Socialist Register:64–84.
  10. Huws, U. (1979) ‘Domestic technology: liberator or enslaver?’, brukt igjen i Huws, U. (2003) The Making of a Cybertariat: virtual work in a real world, New York, Monthly Review Press: 35–41.
  11. Huws, U. (1999) ‘Material World: the myth of the weightless economy’, Socialist Register: 29–56.
  12. Smythe, D. W. (1977) ‘Communications: blindspot of Western Marxism’, Canadian Journal of Political and Social Theory, 1 (3): 1–27.
  13. Fuchs, C. (2012) ‘Dallas Smythe Today – The Audience Commodity, the Digital Labour Debate, Marxist Political Economy and Critical Theory. Prolegomena to a Digital Labour Theory of Value’, Triple C, 10(2): 692–740.
  14. Smythe, D. W. (1981) ‘On the audience commodity and its work’, i M.G. Duncan og D.M. Kellner (red.), Media and Cultural Studies, Malden, MA: Blackwell: 233.
  15. Hearn, A. (2010) ‘Structuring feeling: Web 2.0, online ranking and rating, and the digital “reputation “economy’, Ephemera, 10 (3/4):421–438
  16. Morini, C. og Fumagalli, A. (2010), ‘Life put to work: Towards a life theory of value’, Ephemera, 10 (3/4):234–252
  17. Marx, K. (1867) Kapitalen, kapittel 1. Henta 21.01.2013 på nettet: http://www.marxists.org/archive/marx/works/1867-c1/commodity.htm
  18. Huws, U. (2003) The Making of a Cybertariat: virtual work in a real world, New York: Monthly Review Press: 17
  19. Dette punktet er framstilt litt annleis i ei drøfting av skillet mellom produktivt og uproduktivt arbeid av Marx i Kapitalen (kapittel 4) henta på nettet 21.01.2013 frå http://www.marxists.org/archive/marx/works/1863/theories-surplus-value/ch04.htm
  20. Unntatt i spesielle tilfelle, som når arbeidarar blir betalt for å gå på Facebook og klikke “like” på kommersielle nettsider etter “betal-per-klikk”- modellen. Men her er dei ikkje betalte av Facebook, men av selskapa på dei kommersielle sidene som vil selje varer. Meir nøyaktig bør ein derfor sjå desse arbeidarane som ein del av verdikjeden til desse selskapa.
  21. Arvidsson A og Colleoni, E. (2012) ‘Value in Informational Capitalism and on the Internet’, The Information Society, 28 (3): 135–150.
  22. Eg har drøfta begrepet “forretningsfunksjon” (business function) og forholdet til marxistisk analyse skriftleg mange gonger. Sjå til dømes Huws, U. (2006) ‘The restructuring of global value chains and the creation of a cybertariat’ i May, Christopher (red.) Global Corporate Power: (Re) integrating companies into International Political Economy (International Political Economy Yearbook volume 15), Lynne Rienner Publishers: 65–84, and Huws, U. (2007) ‘The emergence of EMERGENCE: the challenge of designing research on the new international division of labour’, Work Organisation, Labour and Globalisation, 1 (2):20–35.
  23. Kittur et al (2013), ‘The Future of Crowd Work’. Henta 18.03.2013 frå http://hci.stanford.edu/publications/2013/CrowdWork/futureofcrowdwork-cscw2013.pdf
  24. Holts, K. (2013) ‘ Towards a Taxonomy of Virtual Work’, Hertfordshire Business School Working Paper.
  25. Marx, K, Grundrisse. Henta 20.01.2013 frå: file:///Z:/ARTICLES/Economic%20Manuscripts%20%20Grundrisse%20%20p%20501%20-%20p%20550%20transport%20to%20market%20belongs%20in%20production.htm. Ein må merke seg at ei slik tolking av sitatet er omtvista. Marx blir ofte oppfatta som at han gjør særleg unntak for transportarbeidarar. (Kanskje fordi dei var ei gruppe med sterkt organiseringspotensiale – eit potensiale som vart meir enn realisert på 1900-tallet då transportarbeidarane spelte ei nøkkelrolle i aksjonane innanfor industrien.) Etter mitt syn kan argumentasjonen hans nyttast på andre former for arbeid som bidrar til å få varer fram til marknaden, mange av dei kunne ein ikkje sjå for seg på den tida han skreiv.
  26. Terranova, T. (2000) ‘Free Labor: Producing Culture for the Digital Economy’, Social Text,18 (2): 33–58
  27. Weinbaum, B. og Bridges, A. (1976) ‘The other side of the paycheck: monopoly capital and the structure of consumption’, Monthly Review, 28 (3).
  28. Sjå for eksempel Huws (1982) ‘Domestic Technology: liberator or enslaver?’ in Scarlet Women, No 14, trykt igjen i Huws (2003) The making of a cybertariat: virtual work in a real world, New York: Monthly Review Press: 35–41.
  29. Sjå Marx, K. Economic Manuscripts, kapittel 4, henta 20.01.2013 frå: file:///Z:/ARTICLES/Economic%20Manuscripts%20%20Theories%20of%20SurplusValue,%20Chapter%204%20productive%20and%20unprod.htm
  30. Eg bruker begrepet “sette ut” (externalising) her for vise til måten arbeidsgivarar aukar produktiviteten til dei betalte tilsette ved å overføre somme eller alle oppgavene deira til ubetalte oppgaver utført av ubetalte forbrukarar som sjølvbetjening – enten ved bruk maskiner som minibankar eller sjølvbetjening på supermarknaden, eller på nettet med å bestille billettar, legge inn skatteopplysningar eller varebestilling.
  31. Marx, K. Economic Manuscripts, kapittel 2. Henta 20.01.2013 frå: file:///Z:/ARTICLES/Economic%20Manuscripts%20%20Chapter%202%20%20Results%20of%20the%20Direct%20Production%20Process%20%28productive%20&%20unproductive%20labour%29.htm
  32. Ross. A. (2012) ‘In search of the lost paycheck’ i T. Scholz (red) The Internet as Playground and Factory, New York, Routledge: 15.
  33. Eg har dissekert dette grundigare i Huws (2010) ‘Expression and expropriation: the dialectics of autonomy and control in creative work’, Ephemera 10(3/4): 504–521
  34. Ross, ibid.
  35. Sjå til dømes Perlin, R. (2011) Intern Nation: how to earn nothing and learn little in the Brave New Economy, London: Verso.
  36. Eg har skrive meir utfyllande om dette i Huws, U. (2012) ‘The reproduction of difference: gender and the global division of labour’, Work Organisation, Labour and Globalisation 6 (1):1-10
  37. Marx, K. (1845) ‘Division of Labour and Forms of Property – Tribal, Ancient, Feudal’ in Part 1, A, German Ideology. Henta 01.02 2012 frå: http://www.marxists.org/archive/marx/works/1845/german-ideology/ch01a.htm#5a3.'
  38. Engels, F. (1877) On Marx’s Capital, Moscow: Progress Publishers (Engelsk utgave 1956):89.